Høyring – forslag til forordning om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring Europakommisjonens forslag COM (2023) 355 til ei ny forordning om kamp mot forseinka betaling i handelshøve. Forslaget til forordning gir reglar som skal forbetre betalingsdisiplinen i handelstransaksjonar gjennom førebyggjande og avskrekkande tiltak, og dessutan handhevings- og klagemekanismar. Forslaget har til føremål å verne føretak og konkurranseevna deira mot dei negative verknadene av betalingsforseinkingar og sikre ein velfungerande indre marknad. Dette gjeld særleg for små og mellomstore verksemder.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 11.04.2024