Høyringssvar frå Landslaget for lokalaviser

Dato: 07.08.2023

Uttale frå Landslaget for lokalaviser (LLA) til

Forslag til endring av lov om fritak for meirverdiavgift for elektroniske medier

Dykkar ref: 22/6345

Landslaget for lokalaviser (LLA) er interesseorganisasjon for over 110 lokalaviser landet rundt.

LLA arbeider med rammevilkår frå spørsmål knytt til ytringsfridom, til innsyn og pressestøtte. LLA satsar tungt å hjelpe lokalavisene med digital satsing og innovasjon knytt til dette.

Vurdering og konklusjon

Utviding av mva. fritaket i 2016 til også å gjelde digital brukarbetaling har vore ein stor suksess for mediene, innbyggarane og samfunnet. Det har vore heilt sentralt for at norske medier er på verdenstoppen i digital publisering. Fritaket har vore avgjerande for at mediene har kunne kompensere nedgang i annonseinntekter med brukarbetaling og slik oppretthalde den samfunnsviktige journalistikken. Dette er ikkje minst viktig for mangfaldet av lokalaviser landet rundt.

Digital innovasjon er ein føresetnad spesielt for kunne nå fram til unge mediebrukarar. Då må ikkje skattepolitikken vere til hinder for at mediene skal lukkast med å nå yngre generasjonar.

Det handlar om å ta vare på den største styrken til det norske samfunnet; at vi har tillit til samfunnsinstitusjonane, både offentlege og frivillige organisasjonar. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, og i alle delar av samfunnet og som er med på å skape eit gjennomsiktleg samfunn, kjem tillitssamfunnet gradvis til å forvitre. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten.

Dette er og bakgrunnen for at Grunnlova § 100 (6) stiller krav til statens investering i den demokratiske infrastrukturen.

Medias rammevilkår er avgjerande for at desse kan utføre sitt viktige samfunnsoppdrag til beste for innbyggarane og samfunnet. Innbyggarane vil at meir av journalistikken blir levert digitalt, dei ønskjer nye innhaldsformer, det er ønskje om meir levande bilde. Den teknologiske utviklinga vil garantert by på nye format, og i større tempo enn før. Rammevilkåra må difor vere prinsipielle og plattformnøytrale. Målet må vere at journalistikken når fram på den plattform og i det format brukaren ønskjer og som media klarer å levere på.

I statsbudsjettet for 2023 vart mva.fritaket i mval.§6-2 avvikla, mykje på grunn av uheldige tilpassingar og utnytting av fritaket for distribusjon av anna enn norsk journalistikk.

LLA har forståing for at det er nødvendig å gjere avgrensingar for å hindre utnytting avc mva.fritaket, men meiner at dette er fullt muleg utan at det skal gå ut over norsk journalistikk.

Djupast sett er moms på journalistikk eit angrep på ytringsfridom og demokrati. Det vil svekke medienes innovasjon og dermed føresetnad for å løyse samfunnsoppdraget i ei krevjande framtid der både teknologi, konkurranse frå tech-giganter, brukarvanar og betalingsvilje- og evne er mellom store utfordringar for mediene.

Prinsippet om fritak for avgift på journalistikk må vere ein av grunnplankane i mediepolitikken.

Det digitale avgiftsfritaket frå 2016 er eit godt grunnlag for avgrensing. Fritaket må gjelde dei tenester som skal vernast, samtidig som ein unngår at fritaket blir utnytta av reine distributørar eller andre aktørar. Det kan sikrast ved å knyte kriteriene for å bli omfatta av fritaket til medieansvarsloven.

Medieansvarsloven § 2:

«Loven gjelder for medier som driver regelmessig journalistisk produksjon og publisering av nyheter, aktualitetsstoff, samfunnsdebatt eller annet innhold av allmenn interesse. Loven gjelder ikke for medier som har markedsføring som hovedformål.»

Å knyte fritaket for merverdiavgift til medieansvarsloven vil også bidra til konsistens i medielovgivinga. Nettopp medieansvarsloven er i stadig større grad referanse for kva medier som skal omfattast av ulike ordningar. (jfr. NRs uttale)

Måten dette kan gjerast på reint praktisk er å bytte ut skjønnsmessige og svært usikre kriterier i regjeringas forslag til ny § 6-1 i meirverdiavgiftslov, med ein tekst som konkret viser til medieansvarsloven. (Jfr. uttalen frå MBL).

I staden for å svekke norske mediers journalistiske kraft må Finansdepartementet derimot straks starte arbeid med å utgreie skattlegging av dei internasjonale teknologigigantane. Desse tar i dag den største delen av dei digitale annonseinntektene, betaler minimalt i skatt og svekker slik den journalistiske styrken til dei norske, redaktørstyrte mediene. Dette er særs alvorleg med sikte på ei framtid utan papiraviser.

LLA viser ellers til høyringsuttalar frå Mediebedriftene Landsforening, Norsk Redaktørforening og Norsk journalistlag.

Husnes/Kviteseid 7.august 2023

Landslaget for lokalaviser

Tomas Bruvik Øystein Øygarden

generalsekretær styreleiar

Vedlegg