Høyring – ny lov om statsføretak

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) sender med dette på høyring forslag til ny lov om statsføretak.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 04.03.2024

Vår ref.: 23/5872

Dagens statsføretakslov har ikkje vore heilskapleg gjennomgått og modernisert sidan ho vart vedteken i 1991. På bakgrunn av eit relativt stort behov for å gjere endringar, meiner departementet at moderniseringa av lova best kan gjerast ved å erstatte dagens lov med ei ny lov. Formålet med lovforslaget er å sørgje for at lova legg gode og tidsmessige rammer for verksemda til statsføretaka, og at lova er i tråd med utviklinga innan selskapslovgjevinga elles.

Statsforetakslova byggjer i stor utstrekning  på aksjelova, men er ikkje oppdatert tilsvarande dei endringane som er gjort i aksjelova. Styrings- og organisasjonsmønsteret i statsføretaka er eksempelvis basert på ein tilnærma lik modell som aksjeselskapa. KDD meiner at denne hovudstrukturen bør førast vidare, men foreslår fleire justeringar i tråd med endringane i aksjelova. Departementet har lagt vekt på at lova skal vere mest mogleg fleksibel og enkel lov for brukarane av lova. Fordi statsføretak kun kan ha staten som eigar, kan lova utformast som ei enklare lov enn aksjelova.

Departementet foreslår vidare  at den nye statsføretakslova skal ha ei føremålsføresegn, at lova skal vere kjønnsnøytral og teknologinøytral og at den vidarefører sentrale føresegner som er særeigne for statsføretaka.

I arbeidet med høyringsnotatet har KDD innhenta ei fagleg utgreiing frå Advokatfirmaet BAHR for å få ein heilskapleg gjennomgang av behovet for modernisering av lova. Utgreiinga følgjer som eit vedlegg til høyringsnotatet.

Høyringsfristen er 4. mars 2024.

Vi ber om at høyringsinstansane vurderer om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar e.l.

Departementet ber om at utsegn blir knytt til dei ulike føresegna i høyringsnotatet. Departementet ynskjer innspel til heile høyringsnotatet, og særskilt til dei føresegnene som departementet har utheva i høyringsnotatet. 

 

For å gje høyringssvar gå til høyringa på regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringssvar ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringssvar er offentlege etter offentleglova og vil publiserast på nettsidene våre.

Med hilsen

 

 

Asgeir Fløtre (e.f.)

avdelingsdirektør

 

 

Mitra Zarabi

rådgiver

 

Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikke håndskrevne signaturer

 




Vedlegg: Modernisering av lov om statsforetak – Utredning fra Advokatfirmaet BAHR

Departementene
Brønnøysundregistrene
DFØ
Domstolene i Norge
Finanstilsynet
Regelrådet
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Skatteetaten
Språkrådet
Statistisk sentralbyrå
Økokrim
Bane NOR SF
Enova SF
Gassnova SF
Helsenett SF
Siva – Selskapet for industrivekst SF
Statkraft SF
Statnett SF
Statskog SF
Handelshøyskolen BI
Nord universitet
Norges Handelshøyskole
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
UiT Norges arktiske universitet
Akademikerne
Advokatforeningen
Revisorforeningen
Finans Norge
Finansforbundet
LO
Norsk Kapitalforvalterforening
Norsk Venturekapitalforening
Næringslivets hovedorganisasjon
Regnskap Norge
Skatterevisorenes Forening
SMB Norge
Spekter
Virke
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Advokatfirma DLA Piper Norway DA
Advokatfirmaet BAHR AS
Advokatfirmaet CLP DA
Advokatfirmaet Føyen AS
Advokatfirmaet Grette AS
Advokatfirmaet Hjort DA
Advokatfirmaet Haavind AS
Advokatfirmaet Pricewaterhousecoopers AS
Advokatfirmaet Schjødt AS
Advokatfirmaet Selmer AS
Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig AS
Advokatfirmaet Thommessen AS
Advokatfirmaet Wiersholm AS
Advokatfirmaet Østgård DA
AGP Advokater AS
Arntzen De Besche Advokatfirma AS
Kvale Advokatfirma DA
Mitchell & Co Advokatfirma DA Garmann
SANDS Advokatfirma DA
Wikborg Rein Advokatfirma AS
Aabø-Evensen & Co Advokatfirma AS