Høyringsbrev

Høyring - tilpassing av dagpengereglane til ny trygdeforordning rfo 883/2004

Arbeidsdepartementet sender på høyring forslag til nytt kapittel i forskrift 16. september 1998 nr. 890 om dagpengar under arbeidsløyse, jf. vedlagte høyringsnotat og utkast til forskrift.

Den nye trygdeforordninga, rfo. 883/2004, erstattar den gjeldande trygdeforordninga, rfo. 1408/71. Dette gjer det nødvendig å revidere forskrift 4. desember 1992 nr. 884 om dagpenger under arbeidsløshet ved tilpassing av EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EØF) nr. 1408/71 kap. 6) og EFTA-konvensjonen vedlegg K artikkel 21, jf. tillegg 2. Forordning 883/2004 medførar ikkje vesentlege endringar for dagpengeområdet, og er i hovudsak ein kodifisering av gjeldande praksis frå EU-domstolen.

Høyringsnotatet og utkast til forskrift er og lagt ut på www.regjeringa.no/ad.
Vi ber om eventuelle merknader til forslaget innan 4. mai 2012. Alle høyringssvar vil bli lagt ut på departementet sine nettsider.


Med hilsen
Rune Solberg (e.f.)
ekspedisjonssjef 

Henriette Munkebye
avdelingsdirektør