Høring - Endringar i offentleglova m.m. –innsyn i elektroniske kalendrar og regjeringsdokument m.m.
Høring | Dato: 04.07.2018 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet har no sendt på høyring eit framlegg til endringar i offentleglova, sivilombodsmannslova og arkivforskrifta. Framlegga gjeld eit generelt høve til unntak frå innsyn for innføringar i elektroniske kalendrar, avklaring av innsynsretten for Sivilombodsmannen og andre i regjeringsdokument og enkelte tilknytte dokument og ei føresegn om utsett innsyn for dokument som gjeld saker for EOS-utvalet.