I-5/2001 Lov om sosiale tjenester m.v. Satsar for fylkeskommunen sin rett til refusjon ved opphald i institusjonar for rusmiddelmisbrukarar

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Sosial- og helsedepartementet

Rundskriv I-5/2001

Lov om sosiale tenester m.v. Satsar for fylkeskommunen sin rett til refusjon ved opphald i institusjonar for rusmiddelmisbrukarar

  1. Kommunen sin refusjon til fylkeskommunen for opphald i institusjon for omsorg eller behandling av rusmiddelmisbrukarar

Etter § 11-4 i sosialtenestelova skal den kommunen som har søkt om inntak for ein person i institusjon for omsorg for og behandling av rusmiddelmisbrukarar, yte delvis refusjon for kostnadene ved opphaldet til fylkeskommunen, etter forskrifter gjevne av Kongen. Etter § 9-5 i forskrifta fastsett Sosial- og helsedepartementet kvart år refusjonssatsen i samband med statsbudsjettet.

For 2001 har Sosial- og helsedepartementet fastsett den kommunale refusjonssatsen til kr 11 500,- for månaden.

  1. Fylkeskommunen sin refusjon frå annen fylkeskommune

Etter § 11-5 i sosialtenestelova skal fylkeskommunen betale for kjøp av gjestepasientplassar i andre fylkeskommunar etter forskrifter gjevne av Kongen.

Etter § 10-6 i forskrifta skal Sosial- og helsedepartementet kvart år i samband med statsbudsjettet fastsette den normerte gjestepasientsatsen.

For 2001 har Sosial- og helsedepartementet fastsett den normerte gjestepasientsatsen til kr 1 500,- for døgnet.

Oslo, 02.01.2001

Ellen Seip e.f., ekspedisjonssjef
Kari Grette, underdirektør

Til:
Fylkeskommunane
Kommunane
Fylkesmennene
Fylkeslegane
Trygdekontora