Innvandring og innvandrarar 2014-2015

IMO-rapport frå Noreg

Rapport frå Noreg til OECD.

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, "Immigration and Immigrants 2014-2015 – IMO Report for Norway", er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2014 og i nokon grad 2015. Rapporten er utarbeidd hausten 2015 av Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og UDI og inneheld tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap offentleg ordskifte og haldningar. I tillegg er det ei oversikt over nokre relevante, nye publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon.

Last ned rapporten Immigration and Immigrants 2014-2015 – IMO Report for Norway (PDF)