Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

M-17/1997 - Endring av forskrift om tilskott til organisert beitebruk

R-552 (18.04.1997)

Rundskriv
M-17/1997
R-552

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1996/03600

15. april 1997

Fylkesmannen, landbruksavdelingen alle fylker, Fylkesveterinærene, Kommunene, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk sau- og geitalslag, Statens Dyrehelsetilsyn

Endring av forskrift om tilskott til organisert beitebruk

Vedlagt oversendast Forskrift om tilskott til Organisert beitebruk fastsett av Landbruksdepartementet 15.04.97. Formålet med forskrifta er å legga forholda til rette for god utnytting av utmarksbeita og redusera tap av beitedyr.

Nærare om endringane:

§ 2 Avgrensing

Der er presisert at forskrifta gjeld berre sau, geit og storfe som beiter i utmarka og ikkje mjølkande kyr og geiter eller andre dyr som heile sommaren beiter på innmark som følge av forebyggande tiltak mot rovviltskader og/eller sjukdommar.

§ 4 Utval i fylka

Der er lagt til at fylkesmannen skal senda årsrapport med samla oversikt over bruken av dei samla midlane stilt til disposisjon for fylket.

§6 Godkjenning av lag, registrering, informasjonsplikt

Nye lag og nyorganiseringar skal frå no ha godkjenning av fylkesmannen i det fylket største delen av beitet ligg og fylkesmannen skal bestemme i kva kommune godkjente lag skal registrerast i. Når laget beiter i fleire fylker er det opp til fylkesmennene å bli einige om i kva fylke og kommune laget skal registreres i. Som hovedsak skal registreringskommune vere beitekommunen. Småfeeining er endra slik at sau, lam, geit og kje tel 1 småfeeining og storfe 10 småfeeingingar. Dette betyr at det kan godkjennast lag med noko færre dyr enn før.

Det er lagt opp til rutinemessig kontakt mellom fylkesmannen og fylkesveterinæren i samband med godkjenning eller omorganisering av lag. Beitelag i fleire kommunar blir vidare pålagt kvart år før beiteslipp å informera både fylkesmannen, fylkesveterinæren og beitekommunane om tal beitedyr, eigarar og beiteområde innanfor beitekommunen. Dersom det er beitedyr frå andre fylker i laget skal fylkesmannen og fylkesveterinæren kvart år før beiteslepp informerast.

§.7 Tilskott pr. dyr:

Det er eit vilkår for å få tilskott gjennom ordninga at meldingar som blir krevd i § 6 er sendt.

§, 8 Tilskott til investeringer mm.

Formålet med investeringsmidlane er i større grad konkretisert. Søknaden skal heretter sendast til kommunen der tiltaket skal settast i verk. Kommunen sender søknaden og sin vurdering av investeringa vidare til fylkesmannen i det fylket laget er registrert.

Det er eit vilkår for tilskott etter § § 7 og 8 at laget driv innanfor dei lover og forskrifter som gjeld for jordbruksdrift.

Med hilsen

Martin Holtung

Kjell Nyhus

Saksbeh.: Per Finset




Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: [email protected]
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55