M-55/1993 - Føresegner for landbruksstyra

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet

R-364 (20.09.1993)

Rundskriv
M-55/1993
R-364

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 999993 50041 DIV

September 1995

Til

fylkeslandbruksstyra og fylkesmennene

Føresegner for fylkeslandbruksstyra

Landbruksdepartementet gjev med dette nye føresegner for fylkeslandbruksstyra. Føresegnene trer i kraft straks. Foresegnene er langt på veg dei same som føresegnene for fylkeslandbruksstyra og landbruksnemndene av 2. januar 1989.

Arbeidsoppgavene til fylkeslandbruksstyra er ikkje konkret nemnde i føresegna. Dei vil som tidlegare følgje av lov, ulike foresegner (inkl. føresegner om delegasjon) og vedtak gjort av overordna styresmakt. Styret vil ha eit særskilt ansvar for å sikre arealressursane i landbruket. Ein viser i samband med dette til at fylkeslandbruksstyra og i framtida vil vera sentrale organ i saker etter jordlova, skogbrukslova og konsesjonslova, lovverk som i hovudsak er arealressurslover. På bakgrunn av høyringsfråsegnene har departementet kome til at det bør gå fram av føresegna at styra og kan gje råd om utforminga av landbrukspolitikken. Ein har og lagt til grunn at fylkeslandbruksstyra kan tilleggjast myndigheit som klageinstans utan at dette går fram av arbeidsoppgavene etter § 2.

Fram til i dag har fylkeslandbruksstyra hatt innsigelsesmyndigheit til planar som er utarbeidd etter Plan- og bygningslova, medan fylkesmannen har hatt ei meglarrolle i slike saker. Med den vekta det i føresegna er lagt på fylkeslandbruksstyra sitt ansvar for å sikre arealressursane, er styra og i framtida tillagt innsigelsesmyndigheita. Departementet ser ikkje dette som nokon særleg annleis situasjon enn den som har vore tidlegare. Ein gjer likevel merksam på at det bør opprettast rutinar som sikrar ei samordna sakshandsaming mellom fylkesmannen og fylkeslandbruksstyra på dette området.

I føresegna er det lagt til grunn at det er fylkesmannen som har administrativ myndigheit og som formelt legg fram sakene i styret. Fylkesmannen har rett til å vere til stades under møta. Føresetnaden er at fylkesmannen skal overlate desse funksjonane til Staten sin landbruksdirektør i fylket med rett til å gje myndigheit til andre i landbruksavdelinga. Fylkesmannen eller annan tenestemann har og rett til å vere til stades i møte der det ikkje vert teken avgjerd. Fylkeslandbruksstyra har fram til i dag i utstrakt grad interndelegert avgjerdsmyndigheita si til fylkeslandbrukskontora. Dette er etter departementet sitt syn naudsynt for å få til ei effektiv og smidig sakshandsaming. Ein legg difor til grunn at avgjerdsmyndigheita også framover i dei fleste sakene som i lov eller foresegn vert tillagt fylkeslandbruksstyra vert lagt vidare til fylkesmannen. I samband med dette vil ein minne om at det med den nye organiseringa med tilknytning mellom fylkeslandbruksstyre og fylkesmenn er hensiktsmessig å fatte eit vedtak om at den myndigheit som var lagt til fylkeslandbrukskontoret no vert lagt til fylkesmannen.

Føresegna er supplert med enkelte reglar som har karakter av sakshandsaming. Ein viser til endringane i §§ 3 og 6.

Tilføyinga i § 6 tek sikte på jordsøkjarar, t.d. naboar som ynskjer at staten skal bruke forkjøpsrett.

I dei nye føresegnene § 3 vert det åpna for å halde fjernmøte etter reglane i kommunelova. Når det gjeld spørsmålet om åpne møte, er det som tidlegare opp til styra sjølve å ta stilling til dette. Reglane i kommunelova gjeld ikkje.

Nye relevante saksopplysninger som nokon av styremedlemer får eller sit inne med må skrivast ned til bruk for fylkeslandbruksstyret. Det er serleg nye faktiske opplysningar ein her har hatt for auge.

Det er stort sett berre gjort redaksjonelle endringar nar det gjeld reglane om møteleiing, vedtak og innkalling av partar. Elles vil ein vise til forvaltninga si generelle plikt til å opplyse saka så godt at det er forsvarleg å treffe vedtak.

Føresegnene vert tatt inn i Norsk Lovtidend.

Kopi av dette rundskrivet og av dei nye foresegnene er sendt til fylkeskommunane og kommunane.

Med hilsen

For landbruksministeren
Per Harald Grue

Kåre Selvik




Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55

Vedlegg

Føresegner for fylkeslandbruksstyra

(fastsette av Landbruksdepartementet 20. september 1993 i medhald av S 8 i lov 18. mars 1955 om tilskiping av jordbruk (jordlova), jf. kgl. resolusjon 12. desember 1980)

§ 1 (organisasjon)

Fylkeslandbruksstyra er statlege organ under Landbruksdepartementet.

§ 2 (arbeidsoppgåver)

Fylkeslandbruksstyra har eit særleg ansvar for sikring av landbruket sine arealressursar. Dei kan gje råd om utforminga av landbrukspolitikken.

Oppgåvene vert nærare fastsett i lover, føresegner og i vedtak gjort av overordna styresmakt.

Arbeidet skal gjerast i samsvar med dei retningslinene overordna styresmakt fastset. Arbeidet skal samordnast med samfunnsplanlegginga og forvaltninga elles.

§ 3 (møter og synfaringar m.v.)

Fylkeslandbruksstyret kan berre treffa vedtak i møte. I samråd med leiaren kan fylkesmannen kalla inn til møter og synfaringar når det er turvande eller når minst tre medlemer krev det. Det kan gjerast vedtak om at eit utval av medlemene eller nokon frå fylkesmannen skal møta opp på synfaringar og i møte med andre organ.

Møtene kan haldast som fjernmøter etter reglane i lov om kommunane (1. 25. sept. 1992 nr. 107) S 30 nr. 2.

Seinast ei veke før møtet skal sakliste og saksutgreiing med framlegg til vedtak sendast ut til medlemene.

Saker utanom saklista kan handsamast dersom minst tre av medlemene er samde om det og det ligg føre saksutgreiing som fastsett i § 7.

Fylkesmannen kan etter samråd med leiaren av fylkeslandbruksstyret fastsetje at administrasjonen skal ta synfaring i ei sak.

Dersom eit medlem av fylkeslandbruksstyret har fått særkunnskap om ei sak skal han gje underretning om dette til fylkesmannen. Nye saksopplysningar som kan ha noko å seia for resultatet i saka skal skrivast ned for bruk i styret.

Medlemene må gje varsel til fylkesmannen snarast råd dersom dei er ugilde eller ikkje kan møta, slik at varamedlem kan kallast inn.

§ 4 (møteleiing m.v.)

Er ikkje leiaren eller nestleiaren tilstades vert møteleiaren vald blant medlemmene elles. Står røystene likt gjeld regelen i S 35 i kommunelova.

For alle møter skal det førast møtebok.

§ 5 (vedtak)

Vedtak vert gjort med fleirtal av dei røyster som vert gjevne. Står røystene likt, avgjer leiaren si røyst.

Fylkeslandbruksstyra er vedtaksføre når minst fire av dei sju medlemene er tilstades.

Medlemene har plikt til å rlysta. Det skal gå fram av møteboka kor mange som har røysta for dei ulike framlegga.

§ 6 (innkalling av partar)

Dersom fylkeslandbruksstyret vil kalle inn partane i ei sak, skal dette gjerast skriftleg og til vanleg minst to veker føreåt .

I innkallinga skal det seiast kva saka gjeld. Er det fleire partar i saka, skal dei kallast inn til same tid.

Skal det haldast synfaring, skal partane og andre med særskilt interesse i saka varslast med rimeleg frist om tid og stad.

§ 7 (forebuing av saker for fylkeslandbruksstyret)

Handsaminga i fylkeslandbruksstyra skal gjerast på grunnlag av saksutgreiing og framlegg til vedtak frå fylkesmannen. Fylkesmannen har rett til å leggja fram saker, og han må gje saksutgreiing og koma med framlegg til vedtak der styra av eige tiltak gjer vedtak om at ei sak skal fremjast.

Der det ikkje er fastsett anna føresegn skal saker som gjeld lokale tilhøve leggjast fram for kommunen før fylkeslandbruksstyret gjer vedtak i saka.

Fylkesmannen og dei han vel har rett til å vera til stades under møta. Dei som møter kan ta med seg den eller dei tilsette som har med slike saker å gjera. Dei tilsette har elles plikt til å vera med i møta dersom dei vert bedne om det.

§ 8 (avgjerdsrett m.v. til fylkesmannen)

Der det ikkje er grunn til anna, skal fylkeslandbruksstyra gje fylkesmannen fullmakt til å ta avgjerd og gje fråsegn i saker der det er gjeve løyve til det.

§ 9 (ikraftsetjing)

Desse føresegnene trer i kraft straks.

Føresegner for fylkeslandbruksstyra og landbruksnemndene fastsett av Landbruksdepartementet 2. januar 1989 vert samstundes sett ut av kraft for fylkeslandbruksstyra sin del.