M-85/1994 - Produksjonstillegg i jordbruket - søknadsomgangen 10.01. 1995

(20.12.1994)

Rundskriv
M-85/1994

Saksnr. 1994/11417

20.12.1994

Til

Fylkesmenn, landbruksavdelingen, Kommunen, landbruksforvaltningen

Produksjonstillegg i jordbruket - søknadsomgangen 10.01. 1995

I samband med søknad om produksjonstillegg 10.01.1994 vil ein gjere merksam på nokre endringar.

Søknadsskjemaet

Brukar som er deltakar i samdrift (søkjartype 4), må også føre på det kunstige fødselsnummeret til samdrifta på sin eventuelle søknad for husdyrhald utanom samdrifta.

Feltet for sau er inndelt i tre kodar.

I kode 130 skal ein som tidlegare, føre opp avlsdyr - dvs, både vaksne og

I kode 131 skal ein føre opp dyr (vaksne og lam) som ikkje går inn i avlen, men som minst skal førast fram til 1. mars.

I kode 132 skal ein føre opp dyr (vaksne og lam) som skal slaktast utover vinteren, før 1. mars. Det kan her vere tale om lam som ikkje er slaktemodne før 31.12.

Ein kan her merke seg at fristen 1. mars ikkje gjeld avlsdyr, d.v.s. at ein godtek ein normal avgang i løpet av vinteren.

Det er foreteke mindre redaksjonelle og språklege endringar i forhold til søknadsomgangen 10.08.1994.

§ 2, pkt. 1 Bruk

Her har ein skifta ut nemninga bruk med landbrukseigedom. Grunngjevinga er å få same nemning av eigedom i forskrifta som i Landbruksregisteret. Samstundes har ein endra defisjonen i forskrifta slik at den er i samsvar med definisjonen av landbrukseigedom i Landbruksregisteret.

Kravet om minsteareal og hus er fløtt til § 3.

Nemninga bruk er skifta ut med landbrukseigedom også elles i generell forskrift..

§ 2, pkt. 3 Jordbruksareal

- Gjødsla beite - økologisk drift
Her har ein gjort unntak for gjødsling kvart år for brukarar som driv økologisk. Det er her eit krav at den økologiske drifta på eigedomen er godkjent.

§ 10 Dispensasjon

Her er Fylkesmannen gitt kompetanse til å dispensere frå kravet til landbrukseigedom i § 2, pkt. 1, om at alt ein person eig i ei kommune skal vere ein landbrukseigedom.

Endringa frå bruk til landbrukseigedom skal ikkje endre på dagens praksis. Det ein her tenkjer på er tilskotseiningar som i dag er på same eigarhand, men som har krav på kvart sitt tilskot. Men det skal heller ikkje bli lettare å splitte opp landbrukseigedomar enn det har vore. Ein skal ikkje ved bortforpakting av deler av ein landbrukseigedom kunne opprette fleire tilskotseiningar.

§ 2, pkt. 3 Samdrift

Når ein talar om samdrift tenkjer ein først og fremst på samdrift i mjølkeproduksjonen. Med samdrift har ein meint «samdrift i mjølkeproduksjonen». Dette har ein no sagt klarare i forskrifta. Dette er igrunn ikkje nokon realitetsendring, men ei presisering av kva som kan koma inn under samdrift.

Forskrift om årsverktillegg for husdyrproduksjon

I forskrift om årsverktillegg for husdyr er det også gjort ein del språklege og redaksjonelle endringar utan at realiteten er endra.

Nemninga bruk er skifta ut med landbrukseigedom også i forskrift om årsverktillegg.

Fristar i samband med søknadsomgangen 10.01 .95

  • 31.12.94 Registreringstidspunkt for produksjonstillegg og avløysarrefusjon.
  • 10.01.95 Søknadsfrist for produksjonstillegg.
  • 25.01.95 Frist for å sende inn søknadsskjema frå kommunen til fylkesmannen.
  • 27.01.95 Tidlegaste tidspunkt for å sende ut kontrollskjema til kommunen.
  • 01.02.95 Kontrollstart.
  • 15.02.95 Siste frist for innsending av kontrollskjema til NIT.
  • 21.02.95 Siste frist for mnnsending av diskettar med søknadsdata frå fylkesmannen til NIT.
  • 01.03.95 Siste frist for utsending av feillister frå NIT til kommunen.
  • 15.03.95 Siste frist for å sende retta søknadsskjema og kontrollskjema til NIT for ny registrering.

Kontroll skal utførast hjå alle søkiarane der kontrollskjemaet er utfylt på førehand. Før enn ein reiser ut på kontroll bør ein kontrollere om vedkomande har søkt om produksjonstillegg. Viser det seg at vedkomande ikkje har søkt skal det ikkje foretakast kontroll. Brukarar som ikkje har søkt om produksjonstillegg, men som blir kontrollert og registrert i systemet, fører med seg en god del ekstra arbeid.

For søkjarar der det blir gjennomført kontroll, blir kontrollskjemaet lagt til grunn for utrekning av produksjonstillegg i staden for søknaden. Det er difor viktig at kontrollskjemaet blir fullstendig og korrekt utfylt.

Kontrollskjemaet er utfylt på førehand for ca. 5 % av søkjarmassen. -

På kontrollskjemaene skal ikkje utbetalingsmåte, gironummer eller søkjar 2 fyllast ut.

Sjå elles rettleiinga i handboka på side 56 ff.

Med hilsen

Martin Holtung

   
   

Aase Storhaug

Saksbehandlar: 1.konsulent Ola Arne Ellestad