Meld. St. 13 (2023–2024)

Bustadmeldinga— Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Figur 1.1 

Figur 1.1

Kjelde: Utdrag frå diktet «Nr. 13» av Rudolf Nilsen (På gjensyn, 1926)

«Heime er kvar mann herre»

Håvamål

1.1 Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk i heile landet

Regjeringa vil at alle skal kunne bu godt og trygt. Heimen vår er noko av det viktigaste vi har. Vi har ulike bustadbehov og bustadpreferansar, men felles for oss alle er at vi treng ein stad som vernar oss mot vêr og vind, som gir tryggleik og moglegheit for kvile, eit privatliv og eit sosialt liv. Dei fleste av oss har behov for å høyre til i eit nærmiljø, og kvar og korleis vi bur, er òg ein viktig del av identiteten for mange.

Å skaffe seg ein bustad er først og fremst noko kvar og ein har ansvaret for sjølv. Gjennom bustadpolitikken skal vi leggje til rette for velfungerande bustadmarknader, slik at terskelen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad ikkje blir for høg. Vi treng ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad, skal få den hjelpa dei treng. Regjeringa er særleg oppteken av at barn og unge bur i ein god bustad i eit trygt bumiljø. Gjennom bustadpolitikken kan vi bidra til å redusere og jamne ut sosiale og geografiske forskjellar og samtidig leggje til rette for at bustadmarknaden gir minst mogleg miljø- og klimabelastning.

Målet med bustadpolitikken er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet.

1.2 Bustadpolitikken blir viktigare framover

Dei aller fleste bur godt og trygt i Noreg i dag, og regjeringa meiner at den norske bustadmodellen er vellukka på fleire område. Fire av fem bur i ein bustad dei eig. Bustadene er i hovudsak romslege, velhaldne og av god kvalitet. Fleirtalet av befolkninga er òg nøgde med bustaden sin. I internasjonal samanheng bur vi spreidd, og i mange område er det lite press i bustadmarknaden. Dei fleste har tilgang til uteområde anten i tilknyting til bustaden eller i nærområdet, og mange bur i gangavstand til rekreasjonsområde og naturterreng. Fram til inngangen av 2022 var det ei positiv utvikling i den bustadsosiale politikken. Færre blei vanskelegstilte på bustadmarknaden, og talet på bustadlause var historisk lågt.

Samtidig er det utfordringar på bustadmarknaden, og den siste tida har gitt ein meir krevjande bustadsituasjon for mange. Bustadbygginga har gått kraftig ned, og presset i leigemarknaden er høgt fleire stader i landet. Det har blitt dyrare å bu, og stigande kostnader har gjort buutgiftene meir krevjande å handtere for mange. I tider med auka kostnader og høge prisar er det personar med låge inntekter som blir hardast ramma.

Det er grunn til å tru at denne situasjonen gjer at fleire innbyggjarar treng hjelp frå kommunane for å handtere bustadsituasjonen, anten det er hjelp til å betene høge buutgifter eller til å skaffe seg ein eigna bustad. I den same perioden har kommunane busett eit rekordhøgt tal på flyktningar frå Ukraina. Kommunar melder om at mangel på bustader gjer at dei bustadsosiale utfordringane blir større, og at dei har større utfordringar med å busetje flyktningar.

Det er òg utviklingstrekk i samfunnet vårt som bustadpolitikken i større grad må vere med på å løyse i åra framover. Dei sosiale og geografiske forskjellane aukar, vi blir stadig fleire eldre som treng ein eigna bustad, og vi har store klima- og energiutfordringar.

Befolkningsvekst, demografiske endringar og flyttemønster gjer at vi vil trenge stadig fleire bustader. Utfordringane i bustadmarknaden varierer i ulike delar av landet. I og rundt dei største byane er bustadprisane høge. Fleire slit med å få kjøpt eller leigd ein eigna bustad, fleire bur trongt, og det er større utfordringar med opphoping av dårlege buforhold og levekår. Ein stor del av befolkningsauken vil kome i tettbygde strøk og i område som allereie er bygde ut. Det gjer at vi må få bygd nok bustader og samtidig ta omsyn til kvalitet og gode lokalsamfunn.

Bustadmarknadene i distrikta er ofte prega av eit einsidig tilbod av einebustader, låg omsetjingstakt, få nye bustader og lite fornying av bustadene.1 Bustadprisane er låge og prisveksten svak. I mange distriktskommunar ligg mykje av bustadmassen utanfor tettstadane, ofte med lang reiseavstand til servicefunksjonar. Slike bustadmarknader gjer det òg vanskeleg å velje eigna bustad etter livssituasjon eller livsfase. Regjeringa meiner det er uheldig om svake bustadmarknader med få tilgjengelege bustader til sals eller leige hindrar folk i å etablere seg i distrikta, særleg om den lokale arbeidsmarknaden er god.

Å leggje til rette for at arbeidstakarar kan flytte dit det finst attraktive jobbar, er sentralt for å bidra til effektiv ressursutnytting i samfunnet og vidare velstandsvekst. Geografisk mobilitet er òg ein føresetnad for at kommunale tenesteytarar skal lukkast i å tiltrekkje seg kvalifisert arbeidskraft. Tilgang på eigna bustader og ein velfungerande bustadmarknad kan vere avgjerande for om folk kan etablere seg og bli buande, men òg for om dei kan flytte vidare om dei ønskjer eller treng det.

1.3 Fire innsatsområde

I denne meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken.

Fleire skal få høve til å eige eigen bustad

Ein grunnmur i den norske bustadpolitikken er å leggje til rette for at dei fleste eig sin eigen bustad. Det har bidrege til at bustadmassen er velhalden, og det å eige bustad gir for dei fleste ein handterleg bustadøkonomi og ein føreseieleg busituasjon. Å eige bustaden sin sjølv gjer det òg mogleg å spare i bustaden på lengre sikt. Variasjon i bustadstorleik, bustadtypar, disposisjonsform og lokalisering kan samtidig bidra til ein bustadmasse tilpassa dei ulike livssituasjonane og livsfasane til hushalda.

Regjeringa vil at eigarlinja skal liggje fast, og at fleire skal få høve til å eige sin eigen bustad. Terskelen for å eige eigen bustad har blitt særleg høg for husstandar med låge inntekter, og etableringsutfordringane varierer mellom ulike delar av landet. I enkelte grupper av befolkninga er eigardelen òg låg. Blant vaksne personar med utviklingshemming er det berre ein av fire som bur i ein bustad dei eig. Det trengst derfor tiltak som gir fleire høve til å eige eigen bustad, både i byane og i distrikta.

For personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar, er startlån ei viktig ordning. Husbanken låner ut midlar til kommunane, som så blir tildelt av kommunane etter behovsprøving. Startlånet skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. I 2023 formidla kommunane 7 830 startlån, og sidan ordninga kom i 2003, har startlån gått til om lag 143 000 husstandar. Startlån har hjelpt mange frå leige til eige og gitt dei høve til å få dei fordelane det kan ha å eige bustad. Startlån går til alle typar husstandar, men husstandar med barn er prioriterte innanfor ordninga. I 2023 var 61 prosent av mottakarane barnefamiliar.

Startlånet fungerer i all hovudsak godt, og nesten alle kommunar tilbyr ordninga. Ho har likevel potensial til å bli nytta meir enn i dag. Derfor har regjeringa sørgt for å auke låneramma til Husbanken mykje, og ein stor del av aukinga går til startlån. Kommunane har eit større handlingsrom innanfor ordninga enn det dei nyttar i dag. Målgruppa for startlån er i hovudsak dei med langvarige bustadfinansieringsproblem. Det vil seie at målgruppa rommar fleire enn dei som er å rekne som vanskelegstilte på bustadmarknaden. Regjeringa vil tydeleggjere handlingsrommet i ordninga og foreslå endringar i regelverket som gjer ordninga meir treffsikker, både i distrikt og i pressområde. Det skal tydeleggjerast at kommunane blant anna kan gi startlån til unge med liten eigenkapital, som over lang tid ikkje har høve til å spare opp tilstrekkeleg eigenkapital sjølve. Kommunar kan òg gi startlån når bustadsituasjonen hindrar ein i å etablere eller halde oppe eit arbeidsforhold eller hindrar utvikling av lokalt næringsliv.

Situasjonen både i Oslo, andre pressområde og i distrikta tilseier at vi må gjere meir for at fleire kan eige bustad, og regjeringa har fleire forslag. Regjeringa vil blant anna opne for forsøk med startlånet, òg for unge og førstegongsetablerarar. Forsøket skal bidra til at fleire får kjøpt seg ein stad å bu tidlegare enn dei elles ville ha gjort. Basert på erfaringane med forsøket, vil regjeringa vurdere ei permanent endring som gjer at fleire kan få startlån.

I tillegg vil regjeringa leggje betre til rette for private aktørar som dei seinare åra har byrja å tilby leige-til-eige-modellar og andre bustadkjøpsmodellar. Dette er tilbod om bustadfinansiering som kan bidra til at ein forbrukar blir bustadeigar på litt sikt. Tilboda inneber at forbrukaren kan inngå kontrakt med ein tilbydar om leige eller deleige, med ein opsjon på å kunne kjøpe (heile) bustaden fram i tid. Ei målgruppe for desse modellane er bustadkjøparar som har låne-beteningsevne, men som ikkje har tilstrekkeleg eigenkapital til å få finansiert bustadkjøp ved eit ordinært bustadlån. Regjeringa sende våren 2023 på høyring eit forslag om å gjere endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova for å leggje betre til rette for bruk av bustadkjøpsmodellar og for å styrkje forbrukaromsynet i slike modellar. Regjeringa tek sikte på å følgje det opp og leggje fram ein stortingsproposisjon i 2024.

Gjelda til norske hushald har lenge auka raskare enn inntektene deira og er på eit høgt nivå samanlikna med tilsvarande gjeld i andre land. Den høge gjelda gjer hushalda utsette for bortfall av inntekt, fall i bustadprisar og kraftige rentestigningar. Ho gjer òg norsk økonomi meir sårbar for finansiell uro. For å bidra til ei meir berekraftig utvikling i gjelda til hushalda har Finansdepartementet sidan 2015 sett rammer for utlånspraksisen til bankane. Utlånsforskrifta bidreg til å avgrense gjeldsopptaket til hushalda og dempar dermed kjøpekrafta på bustadmarknaden. Det bidreg isolert sett til lågare bustadprisvekst og kan leggje til rette for at fleire over tid kan kome seg inn på bustadmarknaden. Utlånsforskrifta gjeld fram til 31. desember 2024. Finanstilsynet skal innan 23. august 2024 gi råd til Finansdepartementet om innrettinga av utlånsforskrifta etter 31. desember 2024.

Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg

Nær ein million av den norske befolkninga leiger bustaden dei bur i, og mange av dei som leiger, er nøgde med leigeforholdet sitt. Leigemarknaden er ein fleksibel marknad der bustader raskt blir trekte ut og inn, og det gir eit variert tilbod av bustader. Den rekordstore busetjinga av flyktningar frå Ukraina dei siste åra har vist oss fordelane denne fleksibiliteten gir. Samtidig opplever mange som leiger, at det er vanskeleg å skaffe seg ein eigna bustad. Det kan vere dyrt, det kan vere usikkert kor lenge dei kan behalde bustaden, og dei kan måtte flytte utan at dei ønskjer det.

Regjeringa meiner leigemarknaden har fått for lite merksemd gjennom mange år. I denne meldinga har regjeringa derfor valt å gi ein utdjupande omtale av kva vi veit om leigemarknaden, kva rammer og verkemiddel vi har, og kva som skal til for å gjere det tryggare og meir føreseieleg å leige og leige ut.

Regjeringa legg fram ein fornya leigemarknadspolitikk og foreslår fire mål for leigemarknaden: 1) trygge leigeforhold, 2) eit tilstrekkeleg tilbod av utleigebustader, 3) solid kunnskap om leigemarknaden og 4) ein berekraftig kommunal utleigesektor.

Trygge leigeforhold inneber at det skal vere føreseieleg både å leige og å leige ut bustad. For å kunne skape ein heim treng leigarar ein eigna bustad med ein føreseieleg leigeperiode, der dei kan vere med og påverke avgjerder som blir tekne om bustaden og bumiljøet. Regjeringa gjer fleire grep for å bidra til trygge leigeforhold: fornyar husleigelova, forbetrar bustøtta og reduserer talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval. Gjennom samarbeid med aktørane på marknaden vil regjeringa bidra til å redusere diskriminering og auke kunnskapen om rettar og plikter blant leigarar og utleigarar.

Eit tilstrekkeleg tilbod av utleigebustader er ein føresetnad for gode og stabile buforhold og for å halde bukostnadene nede for dei som leiger. Eit godt bustadtilbod i heile landet bidreg òg til å sikre mobilitet i arbeidsmarknaden. Det høge presset på leigemarknaden gjer at det er behov for å auke tilgangen på utleigebustader fleire stader i landet. Regjeringa har gjennom boligdugnaden.no lagt til rette for at fleire private leiger ut. Låneramma til Husbanken er utvida slik at fleire utleigeprosjekt kan få lån, og regjeringa vil foreslå å endre ordninga for husbanklån til utleigebustader slik at ho blir meir treffsikker. Regjeringa bidreg òg til at det blir bygd fleire rimelege studentbustader.

Solid kunnskap om leigemarknaden er viktig for å sikre betre forståing av korleis leigemarknaden fungerer samla sett, for å vurdere moglege tiltak, for at vi skal kunne sjå ulike verkemiddel i samanheng, og for at kommunane skal kunne leggje til rette for gode og velfungerande leigemarknader lokalt. Regjeringa vil satse på forsking for å skaffe meir kunnskap om leigemarknaden og leigeprisar, og har gitt forskingssenteret BOVEL i oppgåve å ha leigemarknaden som eit av sine satsingsområde. Regjeringa vil òg gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden.

Ein berekraftig kommunal utleigesektor handlar om å ha ein utleigesektor som er tilpassa dei ulike behova til bebuarane. Dei fleste kommunane har ein eigen utleigesektor, både med bustader dei sjølve eig, og med bustader dei leiger av andre. Mange kommunar melder om at dei ikkje har nok bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden, og heller ikkje alltid dei rette bustadene. Det kan òg vere utfordringar med dårlege bumiljø. Dette er eit kommunalt ansvar, men regjeringa er oppteken av å støtte kommunane i dette arbeidet. Kobo er eit nytt fagsystem som er utvikla av Husbanken, KS og ei rekkje kommunar. Kobo blir no rulla ut til alle kommunar som ønskjer å ta det i bruk. Systemet gjer det lettare å søkje om, tildele og administrere kommunale utleigebustader og følgje opp bebuarar. Det gir gevinstar for alle partar. Regjeringa vil òg invitere kommunesektoren til eit samarbeid om korleis vi kan vidareutvikle den kommunale bustadsektoren.

Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng

Regjeringa vil at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Bustadtilbodet påverkar lokalsamfunn, arbeidsmarknad, energibruk og miljø, og det har innverknad på sosiale og geografiske forskjellar.

Dei fleste bustadene vi skal bu i, er allereie bygde. Gjennom å ta vare på og oppgradere bustadene sørgjer bustadeigarar og bebuarar for at knappe ressursar blir utnytta, og at bustadene blir tilpassa dagens behov og utfordringar når det gjeld både klima og miljø, demografisk utvikling og energibruk. Fortetting i utbygde område, og gjenbruk og transformasjon av eksisterande bygg, kan redusere miljøbelastninga og bidra til særprega bumiljø og varierte bustadtilbod.

Regjeringa vil at offentlege verkemiddel skal leggje til rette for framtidsretta oppgradering av eksisterande bustader og bygg, slik at dei i større grad er tilpassa ei aldrande befolkning, og at dei er energieffektive. Regjeringa vil blant anna fornye lån til oppgradering frå Husbanken og vurdere om bygningsregelverket i større grad kan leggje til rette for tiltak i eksisterande bygg. Regjeringa vil òg setje i verk det varsla eldrebustadprogrammet, og tiltak for å gjere eksisterande bustader betre eigna for eldre er ein viktig del av programmet. Det er ikkje minst viktig i område der det blir bygd få nye bustader, og der det bur mange eldre.

Bygging av nye bustader skal supplere det eksisterande bustadtilbodet slik at vi samla sett har dei bustadene vi treng. I mange delar av landet er det behov for å byggje fleire bustader for å møte veksten i talet på hushald. Det er viktig at det blir bygd bustader på stader og med kvalitetar som bidreg til gode og mangfaldige bumiljø, og at folk har valmoglegheiter på bustadmarknaden og kan flytte dit det finst attraktive jobbar. Miljøbelastninga frå bygging og bruk av bustader skal vere så låg som mogleg.

Dei ulike omsyna kan gjere bustadbygging komplisert, tidkrevjande og risikofylt. Det gjeld ikkje minst i område der bygginga skal skje gjennom fortetting og transformasjon av eksisterande bygde område. Det er likevel mogleg og nødvendig å redusere tidsbruk og kostnader. Enklare reglar og fleire digitale løysingar kan gjere prosessane kortare og meir føreseielege, og redusere kostnadene ved plan- og byggjesaksbehandling både hos utbyggjarar og kommunar. Regjeringa ser behov for forenklingstiltak i alle ledd av plan- og byggjesaksprosessen. Regjeringa vil derfor leggje fram ei satsing på forenklingstiltak som kan gjere at fleire gode bustadprosjekt kan bli enklare og billigare å realisere. Satsinga inneber digitalisering av plan- og byggjesaksprosessane, i tillegg til digital tilrettelegging og forenkling av regelverket slik at det skal bli enklare å bruke. Tiltaka skal bidra til meir effektive og føreseielege plan- og byggjesaksprosesser og betre rammevilkår for bustadbygging i både byar og distrikt.

Regjeringa vil samtidig gi kommunane betre føresetnader for å ta ei aktiv bustadpolitisk rolle. Kommunane treng verktøy og kompetanse som gjer at dei kan leggje rammer for ei bustadutvikling i tråd med samfunnets behov. Regjeringa vil sørgje for eit betre grunnlag for å vurdere det lokale, regionale og nasjonale bustadbehovet, både gjennom å leggje betre til rette for at fylkeskommunane kan støtte opp om arbeidet i kommunane og ved å vurdere om Husbanken skal få ei større rolle i å støtte kommunane i deira bustadplanlegging. Regjeringa vil sende på høyring eit lovforslag som gir kommunane høve til å stille krav om bustadsamansetjinga i nye byggjeprosjekt, slik som burettslag, utleigebustader og bustadkjøpsmodellar.

For å betre tilgangen på eigna bustader i distriktskommunar har regjeringa styrkt det distriktretta arbeidet til Husbanken. Regjeringa vurderer å gjere endringar i innretninga av låneordningane til Husbanken og korleis dei kan medverke til fleire eigna bustader i distrikta. Regjeringa vil òg vurdere ytterlegare verkemiddel, blant anna tilskot til bustadbygging i distrikta og tiltak for å redusere tapsrisikoen ved bygging. Betre oversikt over tomme bustader skal bidra til at ein større del av bustadmassen blir teken i bruk.

Regjeringa reviderer dei statlege planretningslinjene for areal og mobilitet. Retningslinjene skal i større grad bli eit godt verktøy for å sikre ei samordna og berekraftig bustad-, areal- og transportplanlegging, noko som òg inkluderer å leggje til rette for tilstrekkeleg og variert bustadbygging. Regjeringa vil at kommunane skal ha handlingsrom til å kunne bestemme kvar nye bustader skal bli bygde ut frå lokale føresetnader. I distriktsområde med lågt utbyggingspress, lågt folketal og/eller negativ befolkningsutvikling skal retningslinjene særleg bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn. I regionar med større byar der det er høgt utbyggingspress, skal retningslinjene særleg bidra til effektiv arealbruk gjennom samordning av utbyggingsmønster og transportsystem.

Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad

Bustad er – saman med arbeid, utdanning og helse – det viktigaste for velferda til folk. Alle bu, og med rett hjelp kan alle bu.

Det er likevel ikkje alle som får dekt bustadbehova sine. Dei bur kanskje i ein ueigna bustad eller eit ueigna bumiljø, dei står i fare for å miste bustaden sin, eller dei har ikkje ein fast stad å bu. Den bustadsosiale politikken skal førebyggje at folk får bustadproblem, og hjelpe dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Vanskelegstilte på bustadmarknaden er ikkje ei bestemd gruppe i samfunnet, men har til felles at dei ikkje sjølve klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad. Årsaka kan vere økonomisk, sosial, helse- og omsorgsmessig eller meir samansett. For dei fleste er situasjonen mellombels, og dei får forholdsvis raskt betra busituasjonen sin med eller utan hjelp frå det offentlege. Andre har behov for meir samansett og varig hjelp.

Regjeringa legg til grunn at ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk bidreg til at fleire kan klare seg sjølve på bustadmarknaden. Samtidig ser regjeringa at verkemiddel innanfor rammene av bustadpolitikken ikkje alltid strekk til, og at staten òg på ulike måtar må støtte opp om det bustadsosiale arbeidet i kommunane. For å førebyggje og motarbeide bustadløyse må ein sjå bustad og tenester i samanheng – noko som krev innsats frå fleire sektorar og forvaltningsnivå. Ein auke i bustadløysa krev ein forsterka innsats på feltet.

Regjeringa har som mål at ingen skal vere bustadlause, og konkretiserer det gjennom to delmål:

  • Bustadlause skal raskt få tilbod om ein varig bustad. Barn og unge er prioriterte

  • Ingen skal bli bustadlaus etter lauslating frå fengsel, etter utskriving frå institusjon, etter opphald på krisesenter eller etter tiltak i barnevernet

1.4 Rolla til det offentlege – å styrkje rolla til kommunane og gjenreise og fornye Husbanken

Det bustadpolitiske arbeidet i kommunane er omfattande. Dei skal ha kapasitet og kompetanse til å drive heilskapleg bustadplanlegging og leggje til rette for at det blir bygd nok bustader. Det krev at dei ser bustadplanlegging i samanheng med behova blant innbyggjarane og i samfunnet.

Kommunane kan bidra til at marknaden fungerer, gjennom oppdaterte planar for bustadforsyning, gjennom oppdaterte arealplanar og gjennom utbyggingsavtalar og investeringar i sosial infrastruktur som kan sikre at planane blir gjennomførte. Kommunane er òg ein bustadsosial aktør ettersom dei skal hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden, noko som er gjort tydeleg i ny lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Regjeringa er oppteken av at kommunane har dei føresetnadene og rammevilkåra dei treng for å kunne ta ei aktiv bustadpolitisk rolle ut frå lokale forhold, prioriteringar og nasjonale mål. Kommunane må føre ein heilskapleg bustadpolitikk som tek omsyn til heile befolkninga. Dei treng ein stat som støttar dei i arbeidet. Det gjeld i distrikta så vel som i pressområda. Mange kommunar opplever at dei har eit omfattande ansvar og eit stort handlingsrom, men at det kan vere krevjande å utnytte rommet og handtere målkonfliktar. Husbanken kjenner dei lokale bustadmarknadene, og har lang tradisjon for å støtte opp om kommunane sitt arbeid. Særleg gjennom låneforvalting har Husbanken verdifull innsikt i korleis kommunane kan samarbeide med utbyggjarar og utleigarar. Husbanken er ein viktig støttespelar for kommunane i det bustadpolitiske arbeidet.

Regjeringa vil gjenreise og fornye Husbanken. I dei seinare åra har ei sentral oppgåve for Husbanken vore å hjelpe kommunane i arbeidet med vanskelegstilte på bustadmarknaden. Vanskelegstilte på bustadmarknaden skal framleis vere førsteprioriteten til Husbanken, men i tillegg vil regjeringa at Husbanken skal støtte opp om det heilskaplege bustadpolitiske arbeidet i kommunane. For distriktskommunar kan det handle om korleis ein kan utvikle nye samarbeidsformer og gjere forsøk med nye verkemiddel for å auke tilgangen på eigna bustader. For kommunar der det er press i bustadmarknaden, kan det handle om korleis ein kan fremje mangfald og inkludering i nye byggjeprosjekt. Regjeringa vil òg gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden.

Husbanken skal framleis vere ein finansieringsbank som kjenner dei lokale bustadmarknadene og aktørane som byggjer og utbetrar bustader, samtidig som fagrolla for bustadpolitikk blir vidareutvikla. Husbanken har òg ei viktig finansiell beredskapsrolle i nedgangstider. Når regjeringa no foreslår nye innsatsområde og prioriteringar for bustadpolitikken, må desse reflekterast i samfunnsoppdraget til Husbanken. Regjeringa foreslår derfor at det nye samfunnsoppdraget til Husbankens skal vere å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid.

1.5 Tiltaka til regjeringa

1.5.1 Innsatsområde 1: Fleire skal få høve til å eige eigen bustad

For at fleire skal få høve til å eige eigen bustad, vil regjeringa:

  • prioritere startlån som det viktigaste bustadpolitiske verkemiddelet for å hjelpe fleire til å kunne eige eigen bustad

  • innføre ein mellombels forsøksheimel i regelverket for startlånet. Kommunane og Husbanken kan teste ut modellar for at fleire, blant andre unge og førstegongsetablerarar, skal kunne eige eigen bustad. Basert på erfaringane med forsøket, vil regjeringa vurdere ei permanent endring som gjer at fleire kan få startlån.

  • foreslå endringar i regelverket for å gjere tydeleg kva handlingsrom som ligg i startlånsordninga, både for bruk i distrikta og for bruk i pressområde

  • foreslå lovendringar i burettslagslova og eigarseksjonslova som legg betre til rette for bustadkjøpsmodellar

  • vurdere korleis utlånsforskrifta har fungert med høgare renter, korleis den regionale differensieringa har fungert, og korleis større og mindre bankar, låntakarar og andre aktørar har tilpassa seg reglane

  • gjere startlånsordninga betre kjende i distriktskommunar og blant eldre med låg inntekt for at fleire eldre skal kunne flytte inn i meir eigna bustader

  • auke bruken av verkemidla til Husbanken, slik at fleire personar med utviklingshemming kan eige eigen bustad

1.5.2 Innsatsområde 2: Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg

For å bidra til ein trygg og føreseieleg leigemarknad vil regjeringa fornye leigemarknadspolitikken. Til dette formålet lanserer regjeringa fire mål med tilhøyrande tiltak:

Trygge leigeforhold

  • fornye husleigelova

  • sikre leigarar og utleigarar betre informasjon om rettar og plikter

  • bidra til auka bebuarmedverknad på leigemarknaden

  • vidareutvikle og forenkle bustøtta

Eit tilstrekkeleg tilbod av eigna utleigebustader

  • stimulere til at fleire leiger ut delar av bustaden sin eller andre bustader dei disponerer, gjennom blant anna boligdugnaden.no

  • foreslå forskriftsendringar når det gjeld ordninga for husbanklån til utleigebustader, og vurdere å utvide ordninga slik at Husbanken kan gi lån til utbetring av utleigebustader

  • auke bruken av tilvisingsavtalar, så kommunane får tilgang til fleire eigna utleigebustader

  • bidra til raskare busetjing av flyktningar gjennom mellombelse føresegn i plan- og bygningslova og husleigelova

  • sikre fleire trygge og rimelege studentbustader

  • støtte kommunane i arbeidet med å føre tilsyn med at etablering av hyblar eller bueiningar i eksisterande bygg er søkt om og lovlege

Solid kunnskap om leigemarknaden

  • satse på forsking på leigemarknaden

  • betre statistikk over leigeprisar

Ein berekraftig kommunal utleigesektor

  • tilby alle kommunar digital støtte for forvaltning og drift av kommunale bustader

  • invitere til eit samarbeid med kommunesektoren om den kommunale utleigesektoren og om korleis ein kan sørgje for at han er velfungerande og berekraftig

1.5.3 Innsatsområde 3: Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng

For å ta betre vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng, har regjeringa følgjande tiltak:

Utnytte bustadmassen

  • vurdere korleis bygningsregelverket i større grad kan leggje til rette for at tiltak i eksisterande bygningsmasse kan gjennomførast

  • fornye Husbankens lån til oppgradering av bustader

  • få betre oversikt over tomme bustader

Tilpasse bustadmassen til ei aldrande befolkning

  • gjennomføre eit eldrebustadprogram

  • gi kommunane betre rettleiing i å planleggje for bustader til eldre

  • fornye ordninga for lån til livsløpsbustader, blant anna med mål om å bidra til fleire eigna bustader til eldre

  • leggje til rette for at det blir bygd fleire servicebustader og andre aldersvenlege bustader

Meir energieffektive bustader

  • gi tilskot til energitiltak i kommunale bustader

  • satse på meir effektiv energibruk og eit meir fleksibelt energisystem

  • greie ut moglege endringar i byggteknisk forskrift og byggjesaksforskrifta som kan leggje til rette for energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon i nye og eksisterande bygg

  • vidareutvikle arbeidet med å informere om energieffektivisering i bygg

  • foreslå forskriftsendringar som gjer energimerkeordninga meir relevant for eksisterande bygg, og leggje til rette for at energimerkeordninga kan samspele betre med andre verkemiddel

  • innføre krav om måling og fakturering av varme og fjernkjøling og greie ut krav om individuell måling og fakturering av varme og kjøling i bygg med felles anlegg

Enklare og billigare plan- og byggjesaksprosessar

  • digitalisere plan- og byggjesaksprosessane

  • foreslå ei satsing på ei rekkje forenklingstiltak for å gjere plan- og byggjesaksprosessane raskare

  • redusere talet på mangelfulle byggjesøknader gjennom å greie ut tiltak for å stille klarare krav til dokumentasjon og gi tydelegare reglar for tidsfristar i byggjesaksbehandlinga i kommunane

  • gjere byggteknisk forskrift meir digital og lettare å bruke

  • undersøkje korleis bruk av kunstig intelligens og ny teknologi kan bidra til å effektivisere plan- og byggjesaksbehandling

Samordna og kunnskapsbasert bustadutvikling

  • vurdere rettleiing til kommunane om utrekning av arealreserven til bustadformål

  • revidere dei statlege planretningslinjene for areal og mobilitet

  • vurdere korleis bustadmarknadsomsyn blir varetekne i samband med planlegging av transportløysingar i dag, og om det er behov for eit forbetra kunnskaps- eller metodegrunnlag

  • kartleggje bruk av motsegn i plansaker

  • utgreie tiltak som gjer at areal avsett til bustad, raskare blir bygd ut

Effektive og gode rammer for fortetting og transformasjon

  • arbeide vidare med nye reglar i plan- og bygningslovgivninga for grunneigarfinansiering av infrastruktur

  • vurdere lov- og forskriftsendringar i plan- og bygningslovgivinga om opparbeidingsplikt og refusjon

  • vurdere tiltak for redusert tidsbruk i plansaker

  • styrkje kunnskap og rettleiing om bruk av plan- og bygningslova for å sikre meir effektiv utnytting av utbygde areal og eksisterande bygg

  • utvikle kunnskapen og styrkje rettleiinga om moglegheiter for å planleggje for sambruk, fleirbruk og deling i bygg og uteområde

Styrkje bustadtilbodet i distrikta

  • foreslå endringar i innretninga av låneordningane til Husbanken og korleis dei kan medverke til fleire eigna bustader i distrikta

  • gi Husbanken ei utvida rådgivingsrolle i bygdevekstavtalane som støttar kommunane i planleggings- og gjennomføringsfasen av bustadprosjekt

  • vurdere ytterlegare verkemiddel, blant anna tilskot til bustadbygging i distrikta og tiltak for å redusere tapsrisikoen ved bygging

Klima- og miljøvenleg bygging

  • vurdere korleis krav i byggteknisk forskrift kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert, inkludert kva kostnadsverknader moglege forskriftskrav vil medføre

  • fornye kriteria for lån til miljøvenlege bustader

  • bidra til at det blir effektivt å innhente kunnskapsgrunnlag i planprosessar, gjennom digitale og kartbaserte verktøy

Sikkerheit mot naturpåkjenningar

  • vurdere krava til sikkerheit mot naturpåkjenningar i byggteknisk forskrift

  • vurdere å fastsetje ei forskrift om risiko- og sårbarheitsanalyse ved utarbeiding av planar for utbygging

  • vurdere å opne for at organisatoriske sikringstiltak kan oppfylle krava til sikkerheit mot naturpåkjenningar etter byggteknisk forskrift

1.5.4 Innsatsområde 4: Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad

For at personar som ikkje sjølve klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad, skal få ein god og trygg busituasjon, vil regjeringa føre vidare og konkretisere målet om at ingen skal vere bustadlause, gjennom to delmål:

  1. Bustadlause skal raskt få tilbod om varig bustad. Barn og unge skal prioriterast

  2. Ingen skal bli bustadlaus etter lauslating frå fengsel, etter utskriving frå institusjon, etter opphald på krisesenter eller etter tiltak i barnevernet

Regjeringa vil

  • gi kommunane fagleg støtte gjennom Husbanken, slik at dei kan følgje opp ansvaret sitt etter den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet

  • tilby alle kommunar å bruke Kobo – digitalt system for kommunale bustader og bustadsosialt arbeid

  • jobbe for eit betre bu- og tenestetilbod til personar med langvarige og samansette behov jf. Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033)

  • stimulere til at fleire kommunar set inn eigna tiltak for å hjelpe ungdom i barnevernet, og sårbare unge elles, med å etablere seg i eigen bustad

  • forsterke arbeidet med å redusere økonomiske og sosiale forskjellar, og vil leggje fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet i 2025

1.5.5 Rolla til det offentlege

For å styrkje rolla til kommunane vil regjeringa

  • styrkje kunnskapsgrunnlaget kommunane treng for bustadplanlegging og tilstrekkeleg bustadbygging, og kompetansen deira på feltet

  • styrkje kunnskapsgrunnlaget fylkeskommunane treng for å gjennomføre regionale bustadbehovsanalysar, og leggje betre til rette for at fylkeskommunane kan støtte opp om arbeidet i kommunane

  • sende på høyring lovforslag som skal gi kommunane større høve til å styre bustadsamansetjinga

  • leggje til rette for at kommunane kan styrkje det bustadsosiale arbeidet sitt

For å gjenreise og fornye Husbanken vil regjeringa

  • gi Husbanken eit nytt samfunnsoppdrag om å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid

  • gi Husbanken ei utvida nasjonal kunnskapsrolle

  • forsterke og vidareutvikle Husbanken si rolle som fagleg støttespelar gjennom å gi råd, rettleiing og opplæring til kommunane

  • gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden

1.6 Strukturen i meldinga

Meldinga er delt inn i åtte kapittel. Kapittel 1 samanfattar målet til regjeringa og gir retning for bustadpolitikken framover. Kapittel 2 gir ei overordna framstilling av norsk bustadpolitikk historisk og i eit internasjonalt perspektiv, og beskriv roller og ansvar i bustadpolitikken. Kapittel 3, 4, 5 og 6 omhandlar dei fire innsatsområda regjeringa har for bustadpolitikken. Kvart kapittel består av fire delar. Kapitla startar med ei punktvis oppsummering av tiltaka til regjeringa. Deretter kjem ein beskrivande faktadel, som blir følgd av ein omtale av rammer og verkemiddel som er relevante for innsatsområdet. I del fire gir regjeringa sine vurderingar av utfordringar innanfor innsatsområdet og beskriv korleis ho vil møte desse. Kapittel 7 omhandlar det offentlege si rolle i bustadpolitikken. Det beskriv kva rolle kommunane og Husbanken har i dag, og kva rolle regjeringa foreslår at dei skal ha framover. Kapittel 8 omtaler og vurderer økonomiske og administrative konsekvensar av tiltaka til regjeringa.

1.7 Involvering og innspel i meldingsarbeidet

I arbeidet med å utarbeide stortingsmeldinga har regjeringa invitert til innspelsmøte og nettverksmøte med aktørar innanfor byggjenæringa, aktørar på leigemarknaden, organisasjonar og brukarar innanfor det bustadsosiale området og med eit utval kommunar. På innspelsmøta gjorde aktørane greie for kva dei meiner er sentrale utfordringar, og kva dei vurderer som moglege tiltak og løysingar. Fleire av aktørane følgde opp møta med skriftlege innspel i etterkant. Kommunal- og distriktsdepartementet har fått ei rekkje innspel og grunnlag til meldinga frå dei underliggjande etatene på feltet: Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleietvistutvalget. Regjeringa har hatt dialog med og/eller fått innspel frå blant anna:

Aleneforeldreforeningen, Boligprodusentene, Boligoppropet, Blåkors, Byggenæringens landsforening (BNL), Eiendom Norge, Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA), Finn.no, Forbrukerrådet, Frelsesarmeen, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), Huseierne, Kirkens Bymisjon, Kommunale Boligadministrasjoners landsråd (KBL), KS Storbynettverk, Leieboerforeningen, LO Norge, Nasjonalt brukarråd for den sosiale bustadpolitikken, Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF), Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL), Norsk Eiendom, Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU), Norsk studentorganisasjon (NSO), OBOS, RIO – en landsdekkende brukerorganisasjon på rusfeltet, Røde Kors, Samskipnadsrådet, Selvaag, Steinar Moe Eiendom, Tøyen Boligbyggelag, Utleiemegleren i tillegg til innspel frå ein rekkje kommunar.

1.8 Avgrensingar

I meldinga legg regjeringa fram sin heilskaplege bustadpolitikk. Regjeringa sitt mål er at folk skal kunne bu i en eigna bustad i heile landet. Målet støttast opp gjennom fire innsatsområde og konkrete tiltak. Tiltaka er avgrensa til fastlands Noreg og omfattar ikkje bustadpolitikken på Svalbard. Bustadpolitikken heng nær saman med fleire andre politikkområde som til dømes finans- og skattepolitikken. Skattelegging av bustad blir omtalt i meldinga der det er relevant, men regjeringa foreslår ikkje endringar i skattepolitikken.

Fotnotar

1.

Sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå deler kommunane inn i seks klassar etter kor sentrale dei er. Generell omtale av ‘distrikt’ i meldinga gjeld kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 (dei minst sentrale kommunane).

Til forsida