Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 30 (2018–2019)

Samhandling for betre sjøtryggleik

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I november 2016 blei Meld. St. 35 (2015–2016) På rett kurs – Forebyggende sjøsikkerhet og beredskap mot akutt forurensning behandla i Stortinget. Stortinget gjorde i Innst. 72 S (2016–2017) slikt vedtak: «Stortinget ber regjeringa om å utarbeide ei stortingsmelding om betre samhandling mellom alle aktørane når det gjeld førebyggande sjøtryggleik og kystberedskap. Meldinga skal også omhandla ulykker knytt til bruk av fritidsbåt.»

I denne meldinga vil regjeringa ta for seg tryggleiken til sjøs både for nærings- og fritidsfartøy og beskrive samhandlinga mellom relevante offentlege og private aktørar. I meldinga gir regjeringa ei overordna beskriving av regelverk og utviklingstrekk knytt til tryggleik til sjøs for nærings- og fritidsflåten, og ein særskild gjennomgang av sjøtryggleiken i nordområda.

Eit høgt sjøtryggleiksnivå er avhengig av god samhandling mellom offentlege styresmakter, organisasjonar og enkeltindivid. I dag er det mange aktørar som arbeider mot eit felles mål om trygg ferdsel på sjøen både for nærings- og fritidsfartøy. Sentrale departement i så måte er Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet med tilknytte verksemder. Vidare har ulike organisasjonar, foreiningar og stiftingar viktige oppgåver knytte til sjøtryggleiken, deriblant Redningsselskapet.

I arbeidet med meldinga har det vore halde eitt innspelsmøte med arbeidsgivar- og arbeidstakarsida og ulike interesseorganisasjonar. Departementet har vidare fått skriftlege innspel frå ei rekkje aktørar.

I Meld. St. 35 (2015–2016) På rett kurs går det fram at ein sentral del av det arbeidet regjeringa gjer for å leggje til rette for sjøtransport, er å bidra til eit høgt tryggleiksnivå og ein rein kyst gjennom førebyggjande tiltak og beredskap mot akutt forureining. Meldinga fokuserte på utvikling av nasjonal infrastruktur og tenester av betydning for ein trygg seglas langs norskekysten og ein god beredskap mot akutt forureining. I meldinga blei det trekt ei grense mot spørsmål knytte til fritidsfartøy, og ein viste til at Stortinget i 2015 behandla spørsmål om tryggleik ved bruk av fritidsfartøy i Prop. 51 L (2014–2015).

Arbeidet med meldinga om samhandling for betre sjøtryggleik har ikkje avdekt eit behov for endringar i ansvarsfordelinga mellom departementa eller endringar i samvirkemodellen. Det sentrale er at samhandlinga fungerer godt, slik at ressursane blir effektivt utnytta. Gjennomgangen har ikkje avdekt vesentlege manglar i samhandlinga mellom offentlege og private aktørar, men medverka til ytterlegare bevisstgjering om at god samhandling er eit viktig premiss for å halde oppe eit høgt tryggleiksnivå i norske farvatn.

Kystverket, med bistand frå DNV GL, utarbeidde i 2015 ein sjøtryggleiksanalyse med prognosar for skipstrafikken fram mot 2040 og analysar av ulykkesstatistikk, årsaker til ulykker, sannsyn for ulykker og vurdering av effekten av ulike førebyggjande tiltak. Analysen er omtalt i Meld. St. 35 (2015–2016) På rett kurs. Det er ikkje gjennomført nokon ny sjøtryggleiksanalyse i samband med arbeidet med denne stortingsmeldinga. Sjøtryggleiksanalysen omfatta ikkje fritidsfartøy.

I denne meldinga vil regjeringa gjere greie for dei ulike aktørane og deira roller ved ulykker med fritidsbåt. På fritidsbåtområdet blei det i 2017 i regi av Kongelig Norsk Båtforbund gjennomført ei båtlivsundersøking. Undersøkinga, som blei presentert i 2018, gir eit godt bilete av det norske fritidsbåtlivet og korleis det har utvikla seg sidan den førre undersøkinga i 2012. Vidare har Statens havarikommisjon for transport (SHT) gjennomført ei omfattande kartlegging av ulykker med fritidsfartøy i Noreg i 2018 og innhenta historiske data om ulykker i perioden 2008–2017. Formålet med kartlegginga har vore å etablere eit meir omfattande faktagrunnlag når det gjeld omfanget av ulykker med fritidsbåtar og omstenda rundt dei enn det vi har i dag. Regjeringa vurderer det slik at både båtlivsundersøkinga og SHT-kartlegginga inneber at det ikkje har vore behov for ein eigen sjøtryggleiksanalyse på fritidsbåtområdet per i dag.

Meldinga går i hovudsak gjennom sentralt regelverk på ansvarsområdet til Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa skal leggje fram ei ny stortingsmelding om nordområda hausten 2020. I 2020 vil regjeringa òg leggje fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik.

Til toppen
Til forsida av dokumentet