Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

NOU 2018: 11

Ny fjellov

Til innhaldsliste

1 Virkesrett i Nord-Trøndelag

Vedlegget er skrive av utvalssekretariatet og blir lagt ved utan drøfting i utvalet

Innleiing

Virkesretten i Nord-Trøndelag har frå 1600-talet hatt ei anna utvikling enn i resten av landet. Virkesretten var då heimla i Norske Lov 3-12-6. Frå eldre tid hadde bygdene sjølv ordna bruksrettshavarane sin hogst seg i mellom eller dei fekk gjort dette på bygdetinga.

I løpet av 1600-talet endra dette seg. Det kan ha vore fleire grunnar til dette. For det første fekk skogen auka økonomisk verdi. Som følge av dette fekk kongen ei interesse i å få økonomisk utbytte frå allmenningane, både ved drift og ved sal av allmenningane. Dermed var det interessant for riksstyret å redusere bruksrettshavarane sitt uttak av virke. For det andre klarte ikkje lenger bruksrettshavarane å ordne hogstspørsmål sjølv. Reform av bygdetinga på 1600-talet kan ha medverka til dette.

I staden begynte bøndene å gå til futen for å avgjere spørsmål om bruk av allmenningen. Futen gav først eit vitnesagn. Over tid endra dette seg til at futen skreiv ut løyve, og så bygselsbrev. Bruken av allmenningen var ikkje lenger gratis, no kom praksisen at futen kravde bygsel og årleg bygselsum.

I 1739 vart den første offentlege skogadministrasjonen i Noreg oppretta – Generalforstamtet.1 Amtet bygde på idear frå Tyskland om berekraftig skogbruk, og vart oppretta for å forhindre øydelegging av skogane. Generalforstamtet innførte ein avgift for hogst – rekognisjon – frå 1741 for geistlege og andre benefiserte skogar og allmenningar. Alt virke som vart hogge i allmenningane skulle seljast mot rekognisjon. Futen skulle krevje inn denne avgifta. Ordninga med rekognisjon vart først oppheva ved skattelova 1. juli 1816.

Praksisen med løyve, utvising og rekognisjon førde etter kvart til uklarleik om det fanst virkesrett i statsskogane i Nord-Trøndelag, og kven som eventuelt hadde slik rett. Bønder som hogg utan løyve og rekognisjon kunne bli straffa. I ein slik straffesak mot bønder som hadde hogge i Frosta allmenning tok Høgsterett opp om bøndene hadde rett til å hogge. I dom i Rt-1838-505 sa Høgsterett at:

«De om Almindinger liggende Bygders Ret til Hugst i samme uden Udviisning og Betaling har fuldkommen Hjemmel i Lovgivningen, og der gives ingen specielle Grunde til at gjøre en Undtagelse frå Regelen med Hensyn til Frostens Alminding.»

Høgsterett viste også til at virkesretten som var basert på bruk frå gammal tid ikkje kunne opphevast av sentralforvaltninga:

«… saa er der og i Sagen et efter Omstændighederne antageligt Vidnebeviis for, at Hugsten i Almindingen har fundet Sted fra gammel Tid af, uden at man har vidst af enten Udviising eller Betaling. Denne i Loven hjemlede og factisk virkeligen benyttede Rettighed sto det ikkje i Rentekammerets, Fogdens eller nogen Andens Magt at berøve Almuen mod dens Samtykke, …»

Trass i at bøndene hadde fått dom på at de etter NL 3-12-6 hadde rett til virke til husbehov, og at staten ikkje kunne nekte bøndene hogst utan utvising og rekognisjon, heldt praksisen fram i Nord-Trøndelag, bortsett frå i Frosta allmenning.2

Frå midten av 1800-talet vart det stor merksemd om tilstanden i dei norske skogane. Det var særleg skogane i allmenningane som var overutnytta på denne tida, fordi hogsten der ikkje hadde vore regulert. I 1857 vart Lov 12. oktober 1857 indeholdende Bestemmelser om Almindingsskove vedteken. Seks år seinare kom Lov 22. juni 1863 om Skovvæsenet, som inneheldt meir omfattande føresegner om statsallmenningar og bygdeallmenningar. 3 Begge lovene hadde krav om at ein måtte få utvist tømmer for å kunne hogge i allmenningane, og heimel for å innskrenke bruksrettshavarane sine rettar dersom det var nødvendig av omsyn til skogen.

Forskjellen mellom Nord-Trøndelag og resten av Sør-Noreg var no at i Nord-Trøndelag meinte staten at bøndene måtte få løyve for å ha rett til å hogge i allmenningen, mens dei i Sør-Noreg berre måtte ha utvising. Staten meinte også at den kunne nekte bønder med tilstrekkeleg heimskog løyve. Det vart også gjort gjeldande at bøndene i Nord-Trøndelag ikkje hadde nokon rett til trevirke etter lova. Ein slik rett kunne dei berre ha hevda dersom dei kunne bevise at dei i alders tid hadde hogge fritt i allmenningen utan innblanding frå amt eller fut. Dette var naturleg nok vanskeleg, ettersom amt eller fut i praksis hadde administrert hogsten i lang tid. I resten av Sør-Noreg anerkjende staten virkesretten, men bøndene med virkesrett måtte likevel få utvising etter lovene som regulerte skogen i allmenningane.

I Nord-Trøndelag var det også strid om grensene for statsallmenningane. Ved kgl. res. 6. juni 1861 vart Kommissionen til Undersøgelse m.v. af Alminingsforholdene i Nordre Throndhjems Amt nedsett.4 Kommisjonen skulle klarlegge både grensene for allmenningane og kartlegge bruksrettane der. Trass i namnet, var kommisjonen sitt verkeområde Størdal og Værdal futedømme. Ved kgl. res. 14. mai 1864 vart verkeområdet utvida til å også omfatte Inderøens futedømme. Kommisjonen hadde to oppgåver. Den skulle både undersøke rettsforholda og pådømme brot på lova, som til dømes ulovleg hogst. Kommisjonen slo fast at berre hogst som var nødvendig for setrer og slåttar i allmenningen var lov. For all anna hogst måtte ein ha løyve, få utvising og betale rekognisjon. Dei fleste av bygdene aksepterte dette. I St.meld. nr. 19 (1958) vedlegg 2 s. 23 syner ein til resultatet av arbeidet i kommisjonen slik:

«Av frykt for forfølgning er det trolig at bøndene har hatt lett for å gi avkall på rettigheter eller erkjenne manglende rett hvor de i virkeligheten mente at de frå gammel tid hadde et rettskrav.»

Også Fjeldlovkomiteen synte i si innstilling frå 1916 til forholda i Nord-Trøndelag:

«I almenningerne i nordre Trondhjems amt har det hos setereiere og slaatteberettigede været tvunget til at la sig tilbygsle sine rettigheter, og dette under vilkaar, der ligger utenfor, hvad retsforholdet i sig selv tilsiger, og det er komiteen bekjendt, at dette har medvirket til, at seterbruket delvis er nedlagt.» 5

På 1900-talet endra forholda seg. I dom i Rt-1914-629 (Volhaug) måtte Høgsterett avgjere om bruksretten til ein gardbrukar var ein særrett som kunne regulerast og innskrenkast av offentlege føresegner, eller om det var ein allmenningsrett etter lova. Høgsterett slo fast at bøndene hadde vanleg allmenningsrett og seterrett etter Norske Lov. Med denne dommen, som anerkjende bøndene sin allmenningsrett i Volhaug statsallmenning, begynte oppfatninga av allmenningsforholda i Nord-Trøndelag å snu.6

Nordre Trondhjems amtsting bad i 1913 om ei oppklaring av allmenningsforholda i Nord-Trøndelag. Fjeldlovkomiteen hadde som del av sitt mandat å greie ut seterretten i Nord-Trøndelag, men virkesretten låg utanfor mandatet til komiteen. I si innstilling kom komiteen med nokre merknader til spørsmålet om statsskogar og allmenningar i Nord-Trøndelag var «statsallmenningar».7

Holaker-komiteen vart nemnd opp 17. september 1920 og la fram si innstilling 9. april 1923.8 Komiteen skulle «fremkomme med forslag angående almuens rett i de umatrikulerte statsskoger i Nord-Trøndelag fylke». Denne komiteen skulle heller ikkje behandle spørsmålet om virkesrett. Komiteen slo fast at dei umatrikulerte statsskogane måtte sjåast som andre statsallmenningar.9

Landbruksdepartementet fremja i St.prp. nr. 69 (1925), på bakgrunn av innstillinga frå Holaker-komiteen, forslag om at statsskogane i Nord-Trøndelag var statsallmenningar, men gjekk ikkje inn på spørsmålet om virkesrett.

Stortinget fatta 11. mars 1926 følgande vedtak:

«Stortinget samtykker i, at det offentlige anerkjenner de såkalte umatrikulerte statsskoger i Nord-Trøndelag fylke som statsallmenninger, for så vidt bygdenes bruksrettigheter til beite, seter, slått, mose og torvtak, samt fiske, jakt og fangst angår, samt at det offentlige frafaller avgiften av bortbygslede setrer og slåtter (fjellenger) fra det tidspunkt Landbruksdepartementet bestemmer.»

Spørsmålet om virkesrett var oppe i debatten i Stortinget, men ein meinte det måtte løysast for kvar allmenning, då forholda kunne vere forskjellige. Stortinget understreka at spørsmålet om hogstrett måtte få ei snarleg løysing.10

Ved kgl. res. 16. juni 1933 vart det nemnd opp ein Overordentlig Allmenningsdomstol i Nord-Trøndelag. Domstolen skulle dømme i dei saker som var reist «angående almuens påståtte hugstrett i statens skoger i Nord-Trøndelag».11 Domstolen dømde i tre saker i Bruås og Rauå, i Leksdal i Verdal12 og i Sellifjell i Stod13. Dommen i Bruås/Rauå vart anka til Høgsterett. I dom i Rt-1935-876 fant Høgsterett, ut frå omstenda, nok bevis for at bygdefolket hadde hogge i allmenningen frå alders tid. Høgsterett slo fast at:

«Naar staten ved sine disposisjoner gjennem det lange tidsforløp har bidratt til den opstaatte uklarhet har man vanskelig nogen annen vei at gaa enn at undersøke hvad de lokale forhold naturlig synes at tilsi. Det maa mest mulig avverges at den langvareige hindring i at utøve almenningsretten som efter min opfatning skyldtes misforstaaelse frå forvaltningens side skal lede til rettstap. Og dernest mener jeg at de oplysninger som man har, ganske sterkt tyder paa at man er paa den riktige side naar saksøkerne tilkjennes hugstrett.»

Det vart gjennomført fleire rettsprosessar utover 1930- og 1940-talet om allmenningsrett i Nord-Trøndelag.14

I dom i Rt-1952-51 (Ogndal) tok Høgsterett stilling til virkesrett i tre statsallmenningar. Høgsterett fant at dei 11 gardbrukarane saka gjaldt, hadde hogstrett etter NL-3-12-6 i Sellifjell, Roktdal og Kjesbu statsallmenningar i Ogndal.

I ei sak for Inderøy heradsrett i 1954 fekk ein del eigedommar i Mosvik tilkjent virkesrett i Sliper/Høyfoss statsallmenning.15

Rt-1956-984 gjaldt Indal allmenning, der nokre gardar allereie hadde virkesrett. Gardar i same bygdelag kravde at dei også fekk virkesrett. Høgsterett la til grunn at det er bruksutøvinga frå gammal tid ein skal legge vekt på, og at sjølv om desse gardane høyrde til det same bygdelaget som dei som hadde virkesrett, kunne dei ikkje dokumentere bruksutøving frå gammal tid. Høgsterett tok avgjerd om at dei gardane som hadde stilt krav ikkje fekk virkesrett i Indal statsallmenning.

Utvalet for almenningsspørsmål

I 1955 nemnde Landbruksdepartementet opp eit rådgjevande Utval for almenningsspørsmål i Trøndelag.16 Utvalet hadde tre oppgåver. Utvalet skulle både analysere gjeldande rett for å kunne dømme om rettsgrunnlaget for dei krav om allmenningsrett som vart reist, gjennomgå materialet krava bygde på og supplere dei, og kome med framlegg til Landbruksdepartementet om korleis staten skulle stille seg til dei enkelte krava.

Landbruksdepartementet orienterte Stortinget i to omgangar om arbeidet til Utvalet for almenningsspørsmål.

St.meld. nr. 19 (1958)

I St.meld. nr. 19 (1958) syner departementet til utvalet si utgreiing av gjeldande rett og til dei fire første utgreiingane.

Utvalet gjorde greie for at krava kunne delast inn i to grupper. Den første gruppa er der det har vore sett fram krav om at alle i ei bygd utan vidare har virkesrett i statsallmenningen i bygda. Slike krav bygde på ein allmenningsrettsleg teori av advokat Schiefloe. Etter hans syn var det bygdene som eigde allmenningane frå gammal tid, og i kraft av denne retten måtte alle gardane i bygda utan vidare ha virkesrett i allmenningen.17 Ein kan samanfatte teoriane slik:18

  • «1. Det er ikke Kongen – staten – som er almenningseier. Det er bøndene som frå gammel tid har eiet almenningene.

  • 2. Hele bygden (herredet) var og er berettiget.

  • 3. Bevis for gammel bruk etter [NL]3-12-6 er ikke nødvendig.»

Advokat Schiefloe hadde varsla ei eiga prøvesak der han ville prosedere sitt syn for domstolane for å avklare rettstilstanden. Dette rakk han ikkje før han døde i 1962.

Både St.meld. nr. 19 (1958) og St.meld. nr. 48 (1965–66) nemner advokat Schiefloe sitt syn. I St.meld. nr. 48 (1965–66) s. 8 er det synt til at Schiefloe sine teoriar er tilbakevist i dom i Rt-1956-984 (Indal) 19 og dom i Rt-1963-1263 (Vinstra). I Vinstra-dommen drøftar Høgsterett Schiefloe sitt syn på s. 1274 flg. I dommen konkluderer retten med at staten eig statsallmenningane, og ikkje bøndene, slik Schiefloe meinte.

Grunnlaget for dei generelle krava om virkesrett for ei bygd har dermed ikkje støtte i praksis frå Høgsterett. St.meld. nr. 19 (1958) la dette til grunn.20

Den andre gruppa gjeld «spesielle krav fra bestemte gårder om hugstrett i bestemte almenninger». Desse krava vart behandla av utvalet. Og utvalet greidde totalt ut 29 ulike krav i Nord- og Sør-Trøndelag. I 11 saker anbefalte utvalet minneleg godkjenning av krava, i 16 saker vart staten råda frå å anerkjenne krava. I to saker anbefalte utvalet å delvis anerkjenne krava. 21

I behandlinga av denne meldinga fekk utvalet mandat til å arbeide vidare med nye krav.

St.meld. nr. 48 (1965-66)

I St.meld. nr. 48 (1965–66) gjer departementet på nytt greie for arbeidet i utvalet, og legg ved oversikt over dei 29 utgreiingane og resultatet frå dei. Landbruksdepartementet tok forslaget frå utvalet til følge i alle dei 29 sakene.

I ei av sakene (Lilleallmenningen i Skogn) fremja utvalet forslag om at staten gav opp retten til Lilleallmenningen. Dette vart gjennomført ved lov av 29. april 1959.

I ei anna sak, Gauldal statsallmenning i Ålen, vart det reist sak før stortingsmeldinga var fremja, og saka var då under førebuing. Departementet viser også til at det har vore protestar mot vedtak av å godkjenne framsette krav. Dette gjaldt i særleg grad i Reinsjø statsallmenning i Skogn, men det vart ikkje reist sak på det tidspunktet.

Det går fram av rapporten frå utvalet at utvalet har vurdert om staten har anledning til å inngå forlik i allmenningssakar. Utvalet la til grunn, med støtte i ei uttale frå Justisdepartementet (1955), at departementet ikkje kan anerkjenne krav om hogstrett i statsallmenningane med mindre dei kan anerkjennast etter gjeldande rett. Eit forlik som staten inngår er ikkje bindande for bruksrettshavarar som meiner at forliket er eit inngrep i deira rettar. Dersom staten hadde anerkjent slike krav, ville bruksrettshavarane kunne gått til domstolane. Utvalet har, for å ta omsyn til dette, lagt synet til allmenningsstyra til grunn. Dersom allmenningsstyra har setje seg mot nye krav, har ein ikkje tilrådd å anerkjenne krava.22

Det har i fleire saker vore protestar frå tidlegare anerkjende virkesrettshavarar. Utvalet slår fast at rettsleg sett er det ikkje forskjell på om nye krav går utover eksisterande virkesrett eller ikkje. På den annan side, seier utvalet, må det offentlege vere varsam med å anerkjenne krav om hogstrett dersom nokon som allereie har slik rett vil li skade.

I Innst. S nr. 161 (1965–66)23 viser Skog-, vassdrags- og industrikomiteen til at Landbruksdepartementet og Direktoratet for statens skoger har følgt forslaga frå utvalet, og uttalar:

«det ser i det hele ut til, at det er håp om at en ved hjelp av utvalget har oppnådd stort sett å få løsninger på mange vanskelige hogstrettskrav i Trøndelag».

Status for virkesrett i statsallmenningane i Nord-Trøndelag

Av dei 73 statsallmenningane i Nord-Trøndelag, har 31 virkesrett for ein eller fleire eigedommar. Ein av desse statsallmenningane er oppførte med virkesrett i registeret til Statskog trass i at det i dei ovannemnde prosessane ikkje har vore godkjent krav.24

42 statsallmenningar står oppførte utan virkesrett. Av desse har det vore reist og avvist krav i 10 statsallmenningar. Det er dermed 32 statsallmenningar der det ikkje har vore ein prosess i Den Overordentlige Allmenningsdomstol, Utvalget for almenningsspørsmål eller vanlege domstolar, og der det dermed ikkje har vore anerkjent virkesrett for nokon eigedommar i dag.

Det er normalt domstolane som avgjer krav om virkesrett. Dette gjeld både statsallmenningane der det allereie er virkesrettshavarar og statsallmenningane utan virkesrettshavarar.

Det har vore behandla fire saker der gardbrukarar har kravd virkesrett i forvaltninga i perioden 2004–2016, men ingen av desse krava vart tekne til følge.25

I dom frå Den Overordentlige Allmenningsdomstol i Leksdal-saken i 1937 kom det fram at spørsmål om virkesrett no skal avgjerast «efter de same rettsregler og bevisligheter som elles i landet.»26 Dette er også lagt til grunn i St.meld. nr. 19 (1958) s. 30. Det betyr at ein må gjere ei konkret vurdering i kvar enkeltsak av om ei bygd eller ein eigedom har virkesrett. Både Den Overordentlige Allmenningsdomstol og Utvalget for almenningsspørsmål i Trøndelag behandla sakene ut frå ei slik konkret vurdering.

Normalt er det nødvendig med bevis for gammal bruk for bygda for å vinne fram.27 Ut frå situasjonen som har vore i Nord-Trøndelag har domstolane lempa noko på beviskravet. I dom i Rt-1935–876 (Bruås og Rauå) synte Høgsterett til at ein «efter omstendighetene [må]anta at bevis for saadan gammel bruk foreligger».

I dom i Rt-1952-51 (Ogndal) har Høgsterett lagt til grunn at:

«På grunn av de særlige forhold i Nord-Trøndelag kan det … ikke stilles strenge krav til bevis for bruksutøvelse i almenningene.»

Staten viser også til dette i St.meld. nr. 19 (1958) s. 30:

«Den administrative praksis som var innført … har ikke skapt noen rettstilstand. Men den har utvilsomt medført at det nå kan være vanskeligere for eventuelle kravstillere å føre bevis for tidligere bruk. Derfor har domstolene … gitt uttrykk for at man nå ikke kan være streng med hensyn til kravet om bevis.

Når det er godtgjort at administrasjonen ved en feilaktig oppfatning har besværliggjort eller nektet utnyttelse av gamle rettigheter, og domstolene så skal rette opp dette forhold, er det nærliggende å tro at domstolene vil la seg nøye med mindre bevis enn man ville kreve i landet ellers.»

Det er vidare synt til at det er nødvendig å supplere dokumentbevis med andre moment. Her er det nemnd vurdering av lokale forhold, kor sannsynleg det er at gardbrukarane har utøvd virkesrett og om det var rimeleg, naturleg, praktisk og formålstenleg for dei konkrete gardbrukarane å ta virke i allmenningen (geografisk-topografiske forhold).28

Utvalget for almenningsspørsmål i Nord-Trøndelag var merksam på bevisspørsmålet og har supplert med andre moment, som nemnde over, i sine utgreiingar. 29

Fotnotar

1.

Torgeir Fryjordet, Generalforstamtet 1739–1946.

2.

Referert i Sverre Dragsten sitt foredrag for Samerettsutvalget I i 1987.

3.

Både lov om Almindingsskove og lov om Skovvæsenet var i kraft fram til lov om skogsdrift i statsallmenning og lov om bygdeallmenningar trådte i kraft 1.1.1993.

4.

Falkanger, Allmenningsrett, 2009 s. 152. Kommisjonen avslutta sin verksemd i november 1865.

5.

Fjeldlovkomiteen si innstilling av 1916 s. 34.

6.

St.meld. nr. 19 (1958) s. 25.

7.

Fjeldlovkomiteen si innstilling av 1916, s. 43–44 og s. 83–85.

8.

Referert i St.meld. nr. 19 (1958) s. 23 flg.

9.

Referert i St.meld. nr. 19 (1958) s. 24.

10.

Referert i St.meld. nr. 19 (1958) s. 25.

11.

Referert i St.meld. nr. 19 (1958) s. 26.

12.

Dom 4. juni 1937.

13.

Dom 28. april 1938.

14.

Sjå Falkanger, Allmenningsrett 1009, s. 153–154.

15.

RG-1954-756.

16.

Utvalet sin rapport er lagt ved St.meld. nr. 19 (1958) som vedlegg 1.

17.

Schiefloe Kritiske bemerkninger til norsk almenningsrett 1952, Hovedlinjer i norsk almenningsrett» 1955.

18.

Rt-1963-1263 (sitat frå s. 1274). Det var også en fjerde teori, men alt i 1958 hadde denne berre historisk betydning, og er derfor ikkje teken med her.

19.

Schiefloe prosederte denne saken.

20.

St.meld. nr. 19 (1958) s. 1.

21.

Oversikt over saker og konklusjon finnast i St.meld. nr. 48 (1965–66) s. 4–5.

22.

St.meld. nr. 48 (1965–66) s. 3.

23.

Innst. S nr. 161 (1965–66).

24.

Ørndal statsallmenning.

25.

Saker 200403716, 200504032, 200904601 og 201101104. Den siste saken gjaldt Vigden og Elgvadfoss statsallmenningar i Nord-Trøndelag.

26.

Dom 4. juni 1937. Se også Falkanger, Allmenningsrett, 2009 s. 154.

27.

St.meld. nr. 19 (1958) s. 13-15 drøfter kvifor det er nødvendig med bevis for bruk frå gammal tid.

28.

St.meld. nr. 19 (1958) s. 30.

29.

St.meld. nr. 48 (1965–66) s. 6.

Til toppen
Til forsida av dokumentet