NOU 2020: 14

Ny barnelov — Til barnets beste

Til innholdsfortegnelse

20 Lovforslag

Lov om barn og foreldre (barnelova)

Del I Innleiande føresegner

Kapittel 1 Grunnleggjande rettar for barn

§ 1-1 Det beste for barnet

I alle avgjerder og handlingar etter denne lova skal eit grunnleggjande omsyn vere kva som er best for barnet. Lova skal medverke til at barn og unge blir møtte med kjærleik og respekt og får ein trygg oppvekst.

§ 1-2 Barnet sin rett til medverknad

Barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, har rett til medverknad i alt som vedkjem dei etter denne lova. Barn skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og skal få ytre meiningane sine fritt. Det skal leggjast vekt på meiningane deira i samsvar med alder og modning.

§ 1-3 Barnet sin rett til omsorg, utvikling og vern mot vald

Barn har rett til omsorg og skal få så gode utviklingsvilkår som mogleg.

Barn har rett til vern mot vald, overgrep og anna omsynslaus åtferd. Dei skal ikkje utsetjast for noko som dei kan ta fysisk eller psykisk skade av, verken i oppsedinga eller i andre samanhengar.

§ 1-4 Barnet sin rett til familieliv

Barn har rett til respekt for familielivet sitt.

Barn skal sikrast kontakt med begge foreldra så langt det er til det beste for barnet.

Del II Foreldreskap og slektskap

Kapittel 2 Kven som er foreldra til eit barn

§ 2-1 Foreldreskap til eit barn

Kven som er foreldre til eit barn, skal fastsetjast etter denne lova eller etter lov om adopsjon.

Eit barn kan ikkje ha fleire enn to foreldre.

Domstolar og styringsorgan kan berre prøve foreldreskapen til eit barn i saker etter denne lova.

Departementet peikar ut kven som er foreldreskapsmyndigheit etter denne lova.

§ 2-2 Morskap

Den som har født barnet, er mor til barnet.

Morskap kan ikkje overførast gjennom avtale om å føde eit barn for ein annan person.

§ 2-3 Foreldreskap etter assistert befruktning

Ein som samtykkjer til assistert befruktning av ein ektefelle eller sambuar, blir far eller medmor til barnet. Dette gjeld berre når befruktninga har skjedd innanfor godkjent helsestell og identiteten til sædgjevaren er kjend. Berre personar over 18 år kan vere foreldre etter denne føresegna.

Ein avliden ektefelle eller avliden sambuar til mora blir far til barnet dersom barnet er blitt til ved assistert befruktning etter bioteknologiloven § 2-17.

Departementet kan gje forskrift om fastsetjing av foreldreskap etter assistert befruktning.

§ 2-4 Farskap etter ekteskap

Dersom mora var gift med ein mann då barnet vart født, er mannen far til barnet.

Første leddet gjeld ikkje dersom ektefellane var separerte etter løyve eller dom då barnet vart født.

Ein avliden ektefelle skal reknast som far dersom unnfanginga kan ha skjedd før dødsfallet.

§ 2-5 Farskap etter erklæring

I tilfelle der foreldreskap ikkje følgjer av reglane i §§ 2-3 eller 2-4, kan ein mann bli far dersom han erklærer farskap under svangerskapet eller seinare. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har nemnt som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa.

Farskap skal erklærast skriftleg, anten digitalt til foreldreskapsmyndigheita eller ved personleg frammøte for styresmaktene. Farskap kan òg erklærast ved returnering av eit skjema frå foreldreskapsmyndigheita, jf. § 3-5 tredje leddet. Dersom den som vil vere far etter denne føresegna, er under 18 år, må dei som har foreldreansvaret for han,​ òg skrive under på erklæringa.

Når nokon erklærer farskap i samsvar med denne føresegna, skal foreldreskapsmyndigheita melde frå om det til folkeregistermyndigheita.

Dersom eit barn er født i utlandet og opplysningane i saka ikkje gjev godt grunnlag for å slå fast farskapen, kan myndigheita be om eigna prøvemateriale frå barnet og frå den som vil erklære seg som far, i desse tilfella:

  • a) når barnet, mora eller ein som vil erklære seg som far, ikkje kan dokumentere identiteten sin

  • b) når det er grunn til å tru at nokon har gjeve urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet.

Når ein som vil erklære seg som far, seier nei til ein DNA-analyse etter fjerde leddet, eller når ein DNA-analyse etter fjerde leddet viser at han ikkje er far til barnet, kan ikkje ei erklæring om farskap godkjennast.

Departementet kan gje forskrift om framgangsmåten for farskapserklæring etter første til tredje leddet. Departementet kan òg gje forskrift om gjennomføring av reglane i fjerde og femte leddet.

§ 2-6 Endring av foreldreskap når ein annan person erklærer farskap

Farskap eller medmorskap kan endrast med ei erklæring om farskap etter § 2-5 frå ein som meiner å vere far, når både mora og den andre som har vore rekna som forelder, samtykkjer til at foreldreskapen skal endrast. Foreldreskapen kan berre endrast når foreldreskapsmyndigheita etter ein DNA-analyse har slått fast at den som vil erklære farskap, er biologisk forelder til barnet. Dersom barnet har fylt 18 år, kan foreldreskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.

§ 2-7 Barnet sin rett til kunnskap om den biologiske faren

Frå barnet fyller 18 år, har det rett til å få greie på kven som er den biologiske faren, jf. andre leddet.​ Opplysningane om biologisk foreldreskap endrar ikkje den juridiske foreldreskapen.

Dersom nokon som har fylt 18 år, trur at ein viss person kan vere far deira, kan dei krevje at foreldreskapsmyndigheita gjev han pålegg om å levere ei eigna prøve til DNA-analyse etter § 3-5, og dei har rett til å få vite resultatet av analysen. Dersom eit slikt pålegg ikkje blir følgt, kan retten gjere vedtak etter § 4-7 andre leddet.

Departementet kan gje forskrift om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

Kapittel 3 Administrativ fastsetjing og klarlegging av foreldreskap

§ 3-1 Plikt til å gje fødselsmelding

Når eit barn er født, har lege eller jordmor plikt til å gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal det stå kven som er foreldra til barnet, eller kven mora har nemnt som forelder til barnet. I meldinga skal det òg stå om foreldra lever saman.

Når barnet er født utan lege eller jordmor til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

Fødselsmelding skal òg gjevast når barnet er dødfødt.

I tilfelle der farskap eller medmorskap enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast til både folkeregistermyndigheita, foreldreskapsmyndigheita og bidragsmyndigheita. Når eit barn er blitt til ved assistert befruktning utført på ei einsleg kvinne etter føresegnene i bioteknologiloven, skal fødselsmeldinga likevel berre sendast til folkeregistermyndigheita.

Departementet kan gje forskrift om melding av fødslar.

§ 3-2 Det offentlege sitt ansvar for fastsetjing av foreldreskap

Når det ikkje er fastsett eller kjent kven som er foreldra til barnet, eller når ein utanlandsk foreldreskap ikkje blir lagd til grunn etter § 15-5, skal foreldreskapsmyndigheita få fastsett eller klarlagt kven som er foreldra etter reglane i denne lova.

Departementet kan gje forskrift om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

§ 3-3 Klarlegging av morskap

Dersom foreldreskapsmyndigheita får greie på at det ikkje er klarlagt i samsvar med reglane i denne lova kven som er mor til eit barn, skal folkeregistermyndigheita finne ut kven som har født barnet.

Departementet kan gje forskrift om gjennomføring av reglane i denne paragrafen.

§ 3-4 Fastsetjing av kven som er far eller medmor til barnet

Når foreldreskapsmyndigheita får fødselsmelding etter § 3-1 fjerde leddet fordi det ikkje er fastsett farskap eller medmorskap, skal ho handsame saka vidare.

Dersom mora har nemnt ein som kan vere far til barnet, skal foreldreskapsmyndigheita melde frå til den som er nemnd som far.

Dersom ein som er nemnd som far, ikkje erklærer farskap etter § 2-5, eller dersom mora ikkje har nemnt nokon som far, kan foreldreskapsmyndigheita krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring.

Dersom barnet er blitt til ved assistert befruktning og det ikkje er fastsett foreldreskap etter § 2-3, skal foreldreskapsmyndigheita undersøkje saka. Dersom foreldreskapsmyndigheita kjem til at vilkåra i § 2-3 er oppfylte, skal foreldreskapsmyndigheita melde foreldreskapen til folkeregisteret.

§ 3-5 Innhenting av DNA-prøver i saker om farskap

I saker om farskap kan foreldreskapsmyndigheita gje pålegg om at barnet, mora og den eller dei som kan vere far til barnet, skal gje frå seg eigna prøver til DNA-analyse. I særlege høve kan den som kan vere far, bli pålagd å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født.

Dersom nokon ikkje rettar seg etter eit pålegg etter første leddet, kan retten ta avgjerd etter § 4-7 andre leddet.

Den som analysen peikar ut som far, skal oppmodast av foreldreskapsmyndigheita til å erklære farskap etter § 2-5.

Departementet kan gje forskrift om prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap og annan slektskap.

§ 3-6 Bortlegging av sak om foreldreskap

Når det ikkje er råd å klarleggje identiteten til mora i samsvar med § 3-3, må foreldreskapsmyndigheita leggje bort saka.

Når det ikkje er råd å fastsetje farskapen eller medmorskapen i samsvar med §§ 3-4 eller 3-5, kan foreldreskapsmyndigheita leggje bort saka dersom mora samtykkjer til det.

I ei foreldreskapssak der det kan vere mogleg å få fastslått foreldreskapen med DNA-analyse, kan foreldreskapsmyndigheita leggje bort saka berre dersom det er sterke grunnar til det.

Når ei sak er lagd bort etter første til tredje leddet, kan foreldreskapsmyndigheita opne sak for å klarleggje eller fastsetje foreldreskapen seinare, dersom det kjem fram nye opplysningar.

Dersom foreldreskapsmyndigheita legg bort saka etter første til tredje leddet, kan barnet, den som er registrert som forelder til barnet, eller ein som meiner å vere forelder til barnet, sjølv reise sak om foreldreskapen for retten.

§ 3-7 Når saka går til retten

Dersom foreldreskap ikkje blir klarlagd eller fastsett etter §§ 3-3 til 3-5 og saka ikkje er lagd bort etter § 3-6, skal foreldreskapsmyndigheita reise sak om kven som er forelder til barnet.

Dersom ei rettssak endar utan at foreldreskapen blir fastsett, kan foreldreskapsmyndigheita sende ny stemning til tingretten når nye opplysningar tyder på at ein som ikkje før har vore part i saka, kan vere forelder til barnet.

Kapittel 4 Rettargang i saker om foreldreskap

§ 4-1 Kva slags saker kapittelet gjeld

Føresegnene i dette kapittelet gjeld når det ikkje er fastsett foreldreskap for barnet, og når foreldreskap er fastsett og det er reist sak med påstand om at nokon andre er forelder til barnet.

§ 4-2 Tilhøvet til andre reglar om rettargang

Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter dette kapittelet, når ikkje noko anna følgjer av reglane her.

§ 4-3 Kva for domstol saka høyrer under

Saka skal reisast der barnet har heimting på den tida saka blir reist.​ Dersom barnet ikkje lever, eller dersom det bur utanfor riket, skal saka reisast der den saksøkte har heimting.

Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar om barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

§ 4-4 Partane i saka

I saker etter dette kapittelet er både barnet, kvar person som blir rekna som forelder til barnet, og kvar person som kan bli forelder til barnet, part i saka.

Dersom nokon som kan vere forelder til barnet, er død, skal dødsbuet eller arvingane til vedkomande gjerast til part.

Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka, kan vere forelder, skal retten ved prosesskriv gjere vedkomande til saksøkt.

Når stemnemål skal forkynnast etter domstolloven § 181, skal namnet på andre partar enn den som forkynninga gjeld for, ikkje gjerast kjent.

§ 4-5 Førebels verje for mindreårige barn

Dersom ei sak etter dette kapittelet skal handsamast ved hovudforhandling og barnet saka gjeld, er mindreårig, skal retten nemne opp ei førebels verje som tek hand om interessene til barnet i samband med saka.

Retten skal òg nemne opp ei førebels verje når eit mindreårig barn vil reise sak om endring av foreldreskap.

§ 4-6 Vilkår og fristar for å reise sak om endring av farskap eller medmorskap

Eit barn kan alltid reise sak om endring av farskap eller medmorskap. Er barnet mindreårig, blir saka reist av ei førebels verje.​ Har barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet.​ Når særlege grunnar taler for det, kan foreldreskapsmyndigheita​ reise saka.​

Kvar av foreldra kan reise foreldreskapssak etter å ha lagt fram opplysningar som tyder på at nokon andre enn den som er rekna som far eller medmor, kan vere forelder til barnet. Ein må reise saka innan eitt år etter at ein fekk kjennskap til opplysningane, men dersom ein fekk kjennskap til dei før barnet vart født, har ein likevel frist fram til barnet fyller eitt år. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak er oppfylte, og kan i orskurd gjere unntak frå fristen når særlege grunnar taler for det.

Ein som meiner å vere forelder til barnet, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om foreldreskapen etter å ha lagt fram opplysningar som tyder på foreldreskap. Retten kan i orskurd forlengje fristen når særlege grunnar taler for det. Reglane i andre leddet andre og tredje punktumet gjeld på tilsvarande måte.

§ 4-7 Prøvetaking og DNA-analyse

I saker om farskap kan retten gje alle partane i saka pålegg om å møte hos lege for å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Retten kan òg gje eit slikt pålegg til ein mann som ikkje er part, dersom det er grunn til å tru at han kan vere far, men berre når han først har fått sagt si meining. Kommunelegen peikar ut ein lege som har plikt til å ta dei prøvene som trengst.

Dersom nokon lèt vere å rette seg etter pålegg etter første leddet om å kome til prøvetaking og DNA-analyse, anten sjølv eller med barn dei bur saman med, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lege for prøvetaking.

Dersom ein som kan vere far til barnet, er død eller utilgjengeleg av andre grunnar, kan retten som prov i ei sak om farskap hente inn og bruke prøver som er tekne av vedkomande før, eller hente inn anna biologisk materiale. Retten kan gjere dette berre når det ikkje er i strid med andre lover. Departementet kan gje forskrift om innhenting og bruk av slikt materiale.

§ 4-8 Korleis retten skal vurdere bevis i foreldreskapssak

Dersom nokon blir utpeika som far etter DNA-analyse, skal det seiast dom for at han er far.

Er det utført assistert befruktning​ på mora med samtykke frå ektefellen eller sambuaren, skal det seiast dom for at ektefellen eller sambuaren er forelder, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er blitt til ved assistert befruktning.

Ein som er sædgjevar etter bioteknologiloven, kan ikkje dømast til far, med mindre han er ektefelle eller sambuar til mora.

§ 4-9 Dom utan hovudforhandling

Retten kan seie dom utan hovudforhandling i saker om farskap når resultatet av ein DNA-analyse anten peikar ut eller utelukkar nokon som far til barnet. Partane skal likevel få høve til å uttale seg om kor langt vilkåra for slik dom er oppfylte.

§ 4-10 Heving av saka

Retten kan heve saka i orskurd i desse tilfella:

  • a) når nokon erklærer farskap i samsvar med § 2-5

  • b) når ein som det er reist sak mot, bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje foreldreskapen.

§ 4-11 Utvida rettskraft

Ein rettskraftig dom i ei sak etter dette kapittelet gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle samanhengar der foreldreskapen har noko å seie.

§ 4-12 Særreglar om ankesaker

Alle partane i saka på første rettssteget held fram med å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 4-9, er likevel part berre når retten eller nokon av dei andre partane dreg vedkomande inn i saka. Dersom opplysningar som kjem fram i ankesaka, tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka, kan vere forelder, skal retten anten gjere vedkomande til part ved prosesskriv eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.

§ 4-13 Særreglar om gjenopning

I saker om farskap der det ikkje har lege føre ein DNA-analyse, kan det krevjast at ei rettskraftig avgjerd skal takast opp att til ny prøving utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Dersom nokon krev at saka skal takast opp att, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse etter reglane i § 4-7.

I saker om farskap der det har lege føre ein DNA-analyse, og i saker om annan foreldreskap, gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre leddet for å krevje at saka skal takast opp att.

§ 4-14 Kostnaden med saka

Staten ber den kostnaden som retten har med saker etter dette kapittelet, medrekna kostnaden med å få tak i opplysningar som retten meiner trengst.

Kapittel 5 Rettargang i andre slektskapssaker enn foreldreskapssaker

§ 5-1 Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar

Reglane i dette kapittelet gjeld sak for domstolane om slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn foreldreskap.

I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.

Reglane i domstolloven og tvisteloven​ gjeld så langt ikkje noko anna er sagt.

§ 5-2 Kven som kan vere part i slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.

For å vareta offentlege interesser har arbeids- og velferdsetaten​ rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Retten skal gje melding til arbeids- og velferdsetaten om at ei sak er reist, og skal òg gje slik melding dersom nokon av partane ikkje møter.

Dersom nokon som påstår å vere lenger ute i slekt, har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og til å anke eller krevje gjenopning av saka.

Døyr ein part før dom er sagd, kan dei næraste slektningane av den avlidne i rett opp- eller nedstigande line halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagd, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar som dommen rører ved interessene til, anke eller krevje at saka blir teken opp att.

§ 5-3 Stillinga til verja

Verja​ kan ikkje reise slektskapssak for ein person under verjemål som har fylt 15 år, utan samtykke frå personen, med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke fører med seg.​

§ 5-4 Utvida rettskraft

Ein rettskraftig​ dom i ei slektskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle samanhengar der slektskapen har noko å seie.

Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lenger ute i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingane hans eller hennar dersom vedkomande er gått inn i saka eller er varsla om ho.

Det same gjeld for den som sjølv krev å vere den som slektskapssaka gjeld.

§ 5-5 Gjenopning

Fristen etter tvisteloven § 31-6 andre leddet for å krevje at saka blir teken opp att, gjeld ikkje i slektskapssaker.

Del III Foreldreansvar, fast bustad og samvær

Kapittel 6 Foreldreansvaret

§ 6-1 Kven som har foreldreansvaret

Dersom foreldra er gifte eller sambuarar når eit barn blir født, har dei foreldreansvaret for barnet saman.

Dersom foreldra ikkje er gifte eller sambuarar når eit barn blir født, har den som fødde barnet, foreldreansvaret aleine. Foreldra kan likevel avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman, eller at den andre forelderen skal ha foreldreansvaret aleine.

Foreldre som separerer eller skil seg eller flytter frå kvarandre, har framleis sams foreldreansvar, men dei kan avtale at den eine skal ha foreldreansvaret aleine.

Er foreldra usamde om foreldreansvar etter denne paragrafen, må retten ta avgjerd. Retten kan gje éin av foreldra foreldreansvaret aleine berre dersom det er særlege grunnar for det.

§ 6-2 Foreldreansvar etter dødsfall

Dersom foreldra har foreldreansvaret saman og den eine døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande forelderen er sikta eller tiltalt for forsettleg drap på den andre forelderen, skal retten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 12-3.

Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje når den attlevande er sikta, tiltalt eller dømd for forsettleg drap på den andre forelderen.

Den attlevande forelderen og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i § 12-1.

§ 6-3 Melding om foreldreansvar til folkeregistermyndigheita

Når foreldra inngår avtale om foreldreansvaret etter denne lova, skal dei melde avtalen til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meld til folkeregistermyndigheita, er ikkje gyldig.

Retten skal melde ei norsk avgjerd om foreldreansvaret til folkeregistermyndigheita.

Dersom foreldreskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse her i landet eller melder til folkeregistermyndigheita at dei bur saman her, skal folkeregistermyndigheita registrere at foreldra har foreldreansvaret saman.

§ 6-4 Omsorgsplikta som følgjer med foreldreansvaret

For dei som har foreldreansvaret, skal omsynet til kva som er best for barnet, kome i første rekkje.

Dei som har foreldreansvaret, skal gje barnet omsorg, kjærleik og ei oppseding med respekt for eigenverdet til barnet. Verken i oppsedinga eller i andre samanhengar skal dei utsetje barnet for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av.

§ 6-5 Avgjerder som høyrer til foreldreansvaret

Foreldre med foreldreansvar har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som sjølvråderetten og retten til medverknad for barnet set.

Foreldre som har sams foreldreansvar, skal ta avgjerdene saman. Når ein forelder har foreldreansvaret aleine og det er avtalt eller fastsett samvær, skal forelderen som har foreldreansvar, gje den andre forelderen høve til å uttale seg før det blir teke avgjerder som vil gjere det vesentleg vanskelegare å utøve samværsretten.

For retten til å ta avgjerder for barnet i økonomiske saker gjeld reglane i vergemålsloven.

Ein avtale om ekteskap som foreldre eller andre gjer på vegner av barnet, er ikkje bindande.

§ 6-6 Foreldra si plikt til å oppfylle barnet sin sjølvråderett og rett til medverknad

Foreldra skal høyre på kva barnet har å seie, før dei tek avgjerder som gjeld barnet. Dei skal leggje vekt på kva barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er.

Foreldra skal gje barnet gradvis større sjølvråderett med alderen og fram til det fyller 18 år eller får sjølvråderett etter særskilde føresegner.

§ 6-7 Barnet sin rett til personvern og vern om privatlivet

Når foreldre samtykkjer til deling av personopplysningar på vegner av eit barn, skal dei alltid ta omsyn til den retten barnet har til personvern og vern om privatlivet.

Eit barn som har fylt 13 år, vel sjølv om det skal samtykkje til deling av personopplysningar. Dersom det gjeld personopplysningar av eit av dei slaga som er nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10, må barnet ha fylt 18 år for å kunne samtykkje sjølv.

Alle barn kan nekte foreldra å samtykkje til deling av personopplysningar.

§ 6-8 Medlemskap i foreiningar

Eit barn som har fylt 12 år, avgjer sjølv spørsmål om å melde seg inn eller ut av foreiningar. Ingen barn skal meldast inn i ei foreining mot sin vilje.

§ 6-9 Flytting

Den eller dei som har foreldreansvaret, kan ta avgjerd om at barnet skal flytte. Når foreldra har sams foreldreansvar, kan barnet berre flytte dersom begge samtykkjer til det.

Eit barn som har fylt 12 år, kan ikkje flytte utan ein forelder som har foreldreansvar, om ikkje barnet sjølv samtykkjer til det.

Dersom det er reist sak om foreldreansvaret, kan barnet ikkje flytte før saka er avgjord.

Dersom ein av foreldra vil flytte og det er gjort avtale eller teke avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga.

Flytting tyder i denne lova at barnet flyttar ut av landet eller til ein annan bustad innanlands som forlengjer reisevegen mellom bustadene til foreldra vesentleg.

§ 6-10 Utanlandsferd med barnet

Den eller dei som har foreldreansvaret, kan ta avgjerd om at barnet skal reise ut av landet. Når foreldra har sams foreldreansvar, krevst det samtykke frå begge.

Når foreldra har sams foreldreansvar, kan den eine ta med eller sende barnet på kortare utanlandsferder utan samtykke frå den andre forelderen med foreldreansvar.

Etter krav frå ein forelder som ikkje har foreldreansvar, kan retten avgjere i orskurd at vedkomande kan reise utanlands med barnet når alt tyder på at barnet vil kome attende. Avgjerda kan gjelde ei enkelt reise eller allment, og kan også takast i ein foreldretvist for retten eller i sak om flytting. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.

Eit barn som har fylt 12 år, kan ikkje reise utanlands utan ein forelder som har foreldreansvar, om ikkje barnet sjølv samtykkjer til det.

§ 6-11 Forbod mot utanlandsferd med barnet

Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd dersom det er fare for at barnet ikkje kjem attende. Forbodet kan gjelde ei einskild reise eller allment. Forbodet kan setjast i sak for seg, i foreldretvist for retten og i sak om flytting. Retten kan setje førebels forbod mot utreise fram til saka er endeleg avgjord.

Dersom det er fare for at barnet ikkje kjem attende, kan politiet setje førebels forbod mot utreise fram til retten tek avgjerd i saka. Det kan ikkje klagast på slike avgjerder om førebels utreiseforbod.

Set retten eller politiet forbod mot utreise, skal passet til barnet trekkjast attende eller barnet førast ut av passet til den som vil reise frå landet.

§ 6-12 Rett til opplysningar om barnet

Foreldre som har foreldreansvar, har rett til opplysningar om barnet når dei ber om det, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra.

Foreldre utan foreldreansvar har rett til opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Dersom det kan vere til skade for barnet at desse foreldra får opplysningane i hende, kan ein nekte å gje dei vidare. Ein forelder som ikkje har foreldreansvar, har òg rett til å få opplysningar om barnet frå den andre forelderen når han eller ho ber om det.

Foreldre kan klage til statsforvaltaren dersom dei får avslag på krav om opplysningar etter første leddet første punktumet og andre leddet første og andre punktumet. Reglane i forvaltningsloven kapittel VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private.

I særlege høve kan statsforvalteren avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape retten til opplysningar etter denne paragrafen. Departementet er klageinstans for avgjerda til statsforvalteren.

Kapittel 7 Fast bustad

§ 7-1 Kvar barnet skal bu fast

Foreldre som ikkje bur saman, kan avtale at barnet skal bu fast hos begge eller hos ein av dei. Barnet kan berre bu fast hos foreldre med foreldreansvar.

Er foreldra usamde, avgjer retten om barnet skal bu fast hos begge eller hos ein av dei.

§ 7-2 Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med

Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur fast saman med, tek dei viktigaste avgjerdene som gjeld dagleglivet til og omsorga for barnet, til dømes om barnet skal gå i barnehage, og kva fritidsaktivitetar det skal vere med på.

Kapittel 8 Samvær

§ 8-1 Barnet og foreldra sin rett til samvær

Barnet og den forelderen som barnet ikkje bur fast saman med, har rett til samvær med kvarandre.

Dersom samvær ikkje er til det beste for barnet, skal det ikkje vere noko samvær.

§ 8-2 Omsorgsplikt og avgjerder som høyrer til samværet

Den som har samvær med barnet, skal gje barnet omsorg, kjærleik og ei oppseding med respekt for eigenverdet til barnet.

Den som har samvær med barnet, har rett og plikt til å ta avgjerder som gjeld omsorga for barnet under samværet.

Føresegna i § 6-6 gjeld på tilsvarande måte for den som har samvær med barnet.

§ 8-3 Omfanget av samværet med barnet

Foreldra avtaler seg imellom kor mykje samvær det skal vere mellom barnet og foreldra. Er foreldra usamde, avgjer retten om det skal vere samvær, og i så fall kor mykje.

§ 8-4 Vilkår for samvær

I avtale eller avgjerd om samvær kan det setjast vilkår for samværet, til dømes at det skal vere privat tilsyn under samværet eller tiltak for ruskontroll. Dersom retten set som vilkår at det skal førast privat tilsyn, kan retten peike ut ein tilsynsperson eller be foreldra gjere det. Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene med dei tiltaka som er sette som vilkår for samvær etter denne føresegna. Retten kan i særlege høve fastsetje ei anna fordeling av kostnadene.

§ 8-5 Samvær med støttande eller tryggjande tilsyn

Dersom omsynet til barnet taler for det, kan retten i særlege høve gje pålegg om støttande tilsyn eller tryggjande tilsyn under samværet.

Støttande tilsyn går ut på at barnet eller samværsforelderen får støtte eller rettleiing under samværet.

Tryggjande tilsyn går ut på at foreldre og barn i tillegg til støtte og rettleiing har tilsyn under heile samværet. Tryggjande tilsyn skal nyttast når det er naudsynt for å tryggje den fysiske og psykiske helsa til barnet.

Tilsyn kan påleggjast i ein dom eller i ei førebels avgjerd etter § 11-9 eller i rettens avgjerd etter eit rettsforlik. I pålegget skal vilkåra for samværet fastsetjast, mellom anna timetalet og varigheita. Retten kan gje pålegg om tilsyn under samvær etter denne paragrafen for opp til tre år. Pålegg om tilsyn i meir enn eitt år skal grunngjevast særskilt.

Det offentlege dekkjer kostnadene med tilsyn etter denne paragrafen.

Departementet kan gje forskrift om samvær med støttande eller tryggjande tilsyn.

§ 8-6 Ansvaret for gjennomføring av samvær

Begge foreldra har ansvar for at samværsretten blir oppfylt.

Foreldra skal gje kvarandre melding i rimeleg tid om noko kjem i vegen for det avtalte samværet.

§ 8-7 Samvær ved kontaktforbod eller besøksforbod

Den som har forbod mot kontakt med eit barn etter straffeloven § 57 eller straffeprosessloven § 222 a, kan ikkje ha samvær med barnet etter avtale eller avgjerd etter denne lova. Dette gjeld likevel ikkje om forbodet etter nærare føresegner gjev høve til det.

§ 8-8 Reisekostnader ved samvær med foreldra

Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter kor stor inntekt dei har, dersom dei ikkje blir samde om noko anna. Dette gjeld reisekostnadene til barnet og foreldra sine naudsynte reisekostnader med å følgje barnet til og frå samværet. Det gjeld òg dei naudsynte reisekostnadene og bukostnadene til samværsforelderen etter samvær der barnet bur.

Dersom foreldra ikkje blir samde om korleis kostnadene skal delast, kan kvar av dei reise sak for retten. Dersom begge vil, kan dei i staden be statsforvaltaren om å avgjere spørsmålet. Departementet er klageinstans for vedtaket til statsforvaltaren. Vedtaket til statsforvaltaren eller departementet er tvangsgrunnlag for utlegg.

Ei anna deling av reisekostnadene enn den som følgjer av første leddet, kan fastsetjast berre dersom det er særleg grunn til det.

Når begge foreldra ber om det, kan statsforvaltaren fastsetje at ein skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.

§ 8-9 Samværsrett for andre enn foreldra

Når den eine av foreldra eller begge er døde, eller ein av dei er nekta samvær i dom, kan slektningane til barnet krevje at retten fastset om det skal vere samvær mellom dei og barnet, og i så fall kor mykje samvær.

I andre særlege høve kan sysken eller personar som har ein nær omsorgsrelasjon til barnet, krevje at retten fastset om det skal vere samvær mellom dei og barnet, og i så fall kor mykje samvær.

Når samvær er fastsett ved avgjerd etter første eller andre leddet, ber den som barnet har samvær med, kostnadene sjølv. Retten eller statsforvaltaren kan ta avgjerd om ei anna deling dersom det er særleg grunn til det.

Del IV Handsaming av foreldretvistar m.m.

Kapittel 9 Innleiande føresegner

§ 9-1 Det beste for barnet

Avgjerder i og handsaming av foreldretvistar og tvistar om flytting med barnet, skal først og fremst rette seg etter kva som er best for barnet.

§ 9-2 Dei særlege pliktene til advokatar

Advokatar som har saker etter kapitla 10 til 13, skal vurdere om partane kan kome fram til ei avtaleløysing. Advokaten skal opplyse foreldra om dei ulike verkemidla som kan nyttast for å kome fram til ei avtaleløysing.

§ 9-3 Teieplikt for meklaren, den sakkunnige og advokaten eller representanten til barnet

Den som meklar etter denne lova, har teieplikt om det som kjem fram om personlege tilhøve i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld på tilsvarande måte. Teieplikta er ikkje til hinder for at meklaren kan gje retten opplysningar som nemnde i § 11-6 andre leddet.

Ein sakkunnig som gjer teneste etter denne lova, har teieplikt​ om det som kjem fram om personlege tilhøve i samband med oppdraget. Teieplikta er ikkje til hinder for at den sakkunnige kan gje retten opplysningar som er mottekne i samband med oppdraget og har noko å seie for det. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld på tilsvarande måte.

Ein advokat eller annan representant for barnet som gjer teneste etter § 11-12, har teieplikt​ om det som kjem fram om personlege tilhøve i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta dersom advokaten eller representanten til barnet krev det.

Kapittel 10 Foreldresamtale og mekling

§ 10-1 Foreldresamtale

Ved samlivsbrot skal foreldre med sams barn under 16 år møte til foreldresamtale på familievernkontor. Føremålet med foreldresamtalen er at foreldra skal leggje grunnlaget for samarbeidet etter brotet og bli samde om avtalar som gjeld barnet.

Etter ein time med foreldresamtale skal det skrivast ut attest. Attesten er gyldig i seks månader.

§ 10-2 Mekling

Dersom foreldra etter foreldresamtalen ikkje er samde om avtalar som gjeld barnet, skal dei få tilbod om mekling på familievernkontor eller hos annan godkjend meklar, jf. ekteskapsloven § 26.

Føremålet med meklinga er å få foreldra til å gjere ein skriftleg avtale om foreldreansvaret, om fast bustad for barnet og om samvær, og å få dei til å bli samde når den eine vil flytte med barnet. Foreldre som inngår avtale, kan be statsforvaltaren om å ta avgjerd om tvangskraft for avtalen, jf. § 13-1.

Foreldre med sams barn under 16 år må møte til mekling i seks timar før dei kan reise sak om spørsmål som er nemnde i andre leddet. Dei har likevel ikkje plikt til å mekle dersom tvingande grunnar gjer seg gjeldande.

Til meklinga skal foreldra møte personleg og til same tid. Dersom sterke grunnar taler for det, kan den som meklar, avgjere at foreldra skal møte kvar for seg.

Etter seks timars mekling mellom partane skal det skrivast ut meklingsattest. Foreldra kan få tilbod om mekling i ytterlegare tre timar dersom meklaren finn at dette kan føre til at partane kan kome fram til ein avtale. Meklingsattest skal òg skrivast ut dersom partane blir fritekne frå meklingsplikt etter tredje leddet. Meklingsattesten er gyldig i seks månader.

Departementet kan gje forskrifter om mekling.

§ 10-3 Barnet sin rett til medverknad i saker som er til mekling

Foreldra skal sørgje for at barnet får ytre meiningane sine fritt gjennom heile saksgangen, og skal leggje vekt på meiningene til barnet etter alder og modning.

Barnet har rett til ein eigen samtale med meklar utan samtykke frå dei med foreldreansvar. Meklaren skal tilby barnet ein slik samtale. Meklaren skal opplyse barnet om at referatet frå samtalen blir oversendt til retten dersom ein av foreldra reiser sak. Meklar kan i særlege høve la vere å oversende heile eller delar av referatet av omsyn til barnet.

Dersom eit barn ønskjer endringar i ein avtale eller ei avgjerd, kan barnet be om at familieverntenesta kallar inn foreldra til foreldresamtale. Familieverntenesta kan påleggje foreldra å møte til ny samtale når omsynet til barnet krev det.

Kapittel 11 Handsaming av foreldretvistar m.m. i retten

§ 11-1 Tilhøvet til andre reglar om sakshandsaminga

Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter dette kapittelet, når ikkje noko anna følgjer av reglane her.

§ 11-2 Kva ein kan reise sak om

Kvar av foreldra kan reise sak for retten i foreldretvistar.

Foreldretvist tyder i denne lova usemje om eit eller fleire av desse spørsmåla:

  • a) kven som skal ha foreldreansvar

  • b) kvar barnet skal bu fast

  • c) om det skal vere samvær, kor mykje og på kva vilkår.

Ein forelder kan òg reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ein avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lèt seg oppspore.

Sak om flytting som nemnd i § 6-9 femte leddet kan reisast av forelder med foreldreansvar eller av forelder som samstundes reiser sak om foreldreansvar.

Andre enn foreldra til barnet kan reise sak om samvær etter § 8-9. Føresegnene i kapittelet her gjeld så langt dei høver for saker om samværsrett med andre enn foreldra, likevel slik at dei som vil reise sak, kan gjere det etter å ha møtt foreldra til mekling, jf. § 10-2, i ein time.

§ 11-3 Vilkår for å reise sak

Det er eit vilkår for å reise sak etter § 11-2 at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest. Ein forelder kan likevel reise sak utan meklingsattest dersom den andre forelderen er dømd for alvorleg vald mot eller overgrep mot barna sine etter straffeloven eller er overført til tvunge psykisk helsevern eller idømd tvungen omsorg på grunn av slike handlingar. Departementet kan gje forskrift om kva som skal reknast som alvorleg vald eller overgrep.

§ 11-4 Kva for domstol saka høyrer under

Ei sak etter § 11-2 skal reisast der barnet har heimting på den tida saka blir reist.​ Dersom saka gjeld sysken som ikkje har same heimting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har heimting. Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar om barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

§ 11-5 Korleis ein reiser sak

I stemnemålet skal det stå kva foreldra og barna heiter, kva adresse dei har, og kva usemja gjeld. Det skal òg stå ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og påstanden til saksøkjaren. Meklingsattest​ skal leggjast ved. Ein kan nytte eit skjema for forenkla stemning.

Retten skal forkynne​ stemnemålet for den saksøkte. I tilsvaret skal den saksøkte gjere greie for kva tvistepunkt det er usemje om, og greie kort ut om korleis han eller ho ser på saka. Tilsvaret må òg innehalde påstanden frå den saksøkte.​ Ein kan nytte eit skjema for forenkla tilsvar.

§ 11-6 Kva høve retten har til å hente inn informasjon

Retten kan be om nærare utgreiing av saka frå partane dersom det trengst for å få saka godt nok opplyst.

Retten kan hente inn eit skriftleg notat frå meklaren som har mekla etter § 10-2. Notatet skal innehalde informasjon om kva partane er usamde om, ei vurdering av om saka er eigna for vidare mekling, og eit referat frå eventuell samtale med barnet, jf. § 10-3 andre leddet.

Retten bør hente inn fråsegner frå barnevernet og sosialtenesta der det trengst. Teieplikta etter barnevernloven § 6-7 er ikkje til hinder for at barnevernstenesta kan gje opplysningar til domstolen i foreldretvistar.

§ 11-7 Plikt til å høyre barnet (alternativ 1)

Retten har plikt til å sørgje for at barn over seks år og yngre barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og høve til å seie fritt kva dei meiner. Det skal leggjast vekt på meiningane deira i samsvar med alder og modning.

Dommaren kan snakke med barnet aleine eller saman med ein sakkunnig eller ein annan eigna person, eller nemne opp ein sakkunnig eller ein annan eigna person til å snakke med barnet.

Det skal stå i rettsavgjerda korleis retten har oppfylt barnet sin rett til å bli høyrt, og korleis retten har teke omsyn til kva barnet meinte.

I saker der barnet har ytra meiningar, skal dommaren eller den dommaren peikar ut, orientere barnet om utfallet av saka og om korleis retten har teke omsyn til kva barnet meinte.

Staten ber kostnadene med tiltaka etter denne paragrafen. Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

§ 11-7 Plikt til å høyre barnet (alternativ 2)

Retten har plikt til å sørgje for at barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og høve til å seie fritt kva dei meiner. Det skal leggjast vekt på meiningane deira i samsvar med alder og modning.

Dommaren kan snakke med barnet aleine eller saman med ein sakkunnig eller ein annan eigna person, eller nemne opp ein sakkunnig eller ein annan eigna person til å snakke med barnet.

Det skal stå i rettsavgjerda korleis retten har oppfylt barnet sin rett til å bli høyrt, og kor mykje omsyn retten har teke til kva barnet meinte.

I saker der barnet har ytra meiningar, skal dommaren eller den dommaren peikar ut, orientere barnet om utfallet av saka og om korleis retten har teke omsyn til kva barnet meinte.

Staten ber kostnadene med tiltaka etter denne paragrafen. Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

§ 11-8 Dei særlege pliktene til dommarar

Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogleg.

Dommaren skal på kvart steg i saka vurdere om ein kan få til forlik mellom partane, og skal leggje til rette for det.

§ 11-9 Førebels avgjerd

Dersom ein av partane krev det, kan retten ta førebels avgjerd i foreldretvistar og i tvistar om flytting med barnet.​ Ei førebels avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar taler for det. Etter krav frå ein part skal retten alltid ta førebels avgjerd når det er fare for at barnet kan bli utsett for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av.

Dersom ein av partane krev det, kan retten i ei førebels avgjerd forby den andre parten å kome til huset der barnet bur, eller til nokon eigedom der barnet måtte vere.​ Dersom det ikkje trengst ei avgjerd straks, skal den parten som kan bli ilagd forbod, om mogleg få høve til å uttale seg for retten.

Når ei førebels avgjerd er teken før ei sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise sak. Retten kan forlengje fristen. Er det ikkje reist sak innan fristen, fell den førebels avgjerda bort.

Førebels avgjerder blir tekne i orskurd.​ Det er ikkje naudsynt med munnleg forhandling på førehand. Så sant det er mogleg, skal krav om førebels avgjerder avgjerast innan fire veker.

§ 11-10 Saksstyring og plan for den vidare sakshandsaminga

Retten skal styre saksførebuinga aktivt og planfast for å få til ei rask, prosessøkonomisk og forsvarleg handsaming til beste for barnet.

Så snart det er gjeve tilsvar etter § 11-5, skal retten planleggje handsaminga av saka etter drøfting med partane, fastsetje fristar og ta naudsynte avgjerder. Retten skal fastsetje tid for hovudforhandling, jf. § 11-11 første leddet. Retten skal òg klarleggje

  • a) kva partane er usamde om

  • b) om utanrettsleg mekling er prøvd, og kor mange timar partane har mekla

  • c) kva informasjon retten skal hente inn, jf. § 11-6

  • d) korleis retten skal høyre barnet, jf. § 11-7, og om retten skal nemne opp advokat for barnet, jf. § 11-12

  • e) om det er naudsynt å nemne opp sakkunnig, jf. § 11-13

  • f) om det er særlege tilhøve i saka.

Retten kan òg avgjere at nokre av tiltaka i § 11-11 andre og tredje leddet skal prøvast ut før det blir halde hovudforhandling, eller at retten skal gje dom utan hovudforhandling, jf. § 11-11 fjerde leddet.

Drøftinga med partane etter andre leddet skal skje i rettsmøte, som kan vere eit fjernmøte. Dersom det trengst av omsyn til framdrifta i saka, eller drøfting i rettsmøte openbert ikkje er naudsynt, kan retten be om skriftleg fråsegn frå partane eller få den naudsynte avklaringa på anna vis.

§ 11-11 Saksgangen for retten

Når saka er ført inn for retten, er hovudregelen at saka skal avgjerast i hovudforhandling utan førebuande møte.

Der det verkar tenleg, kan retten vise partane tilbake til mekling i familievernet, eller vise partane til rettsmekling, jf. tvisteloven § 8-3.

Dersom det er særlege grunnar til det, kan retten kalle inn partane til førebuande møte. I førebuande møte kan retten mekle mellom partane, der saka er eigna for det. I førebuande møte kan retten òg gje partane høve til å prøve ut ein førebels avtale for ei viss tid og, dersom det er naudsynt, nemne opp ein eigna person for å rettleie foreldra i den fastsette prøvetida.

Retten kan gje dom utan hovudforhandling så framt partane samtykkjer til det og retten ser det som forsvarleg.

Staten ber kostnadene med tiltaka som er nemnde i andre og tredje leddet.

Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

§ 11-12 Advokat eller annan representant for barnet

Dersom omsynet til barnet taler for det, kan retten nemne opp ein advokat eller ein annan person som kan vere representant for barnet. Representanten skal ta vare på interessene til barnet i samband med saka, snakke med barnet og gje informasjon og støtte.

Representanten skal få saksdokumenta og kan skriftleg eller i rettsmøte kome med framlegg om korleis sakshandsaminga kan leggjast opp til beste for barnet. Retten avgjer om og kor lenge representanten skal vere til stades i rettsmøta. I rettsmøte kan representanten stille spørsmål til partar og vitne.

Staten ber kostnadene med tiltaka etter denne paragrafen. Dersom det skal nemnast opp ein advokat for barnet, har barnet rett til fri sakførsel utan behovsprøving, jf. rettshjelpsloven § 16 første leddet nr. 6.

Ei avgjerd etter paragrafen her kan ikkje ankast.

§ 11-13 Bruk av sakkunnig

Retten kan nemne opp ein sakkunnig som kan uttale seg om spørsmål som saka reiser, når det trengst for å opplyse saka. Når det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding, skal retten alltid vurdere å nemne opp ein sakkunnig. Retten kan nemne opp meir enn éin sakkunnig dersom saka krev det, jf. tvisteloven § 25-3 første leddet.

Retten kan nemne opp ein sakkunnig til å vere med i førebuande møte, jf. § 11-11 tredje leddet. Retten kan òg be den sakkunnige ha samtalar med barna og foreldra, rettleie foreldra i ei prøvetid og gjere undersøkingar for å klarleggje tilhøva i saka. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg. Retten sine avgjerder etter dette leddet kan ikkje ankast.

Departementet kan gje forskrift om utforminga av mandata til dei sakkunnige og utgreiingane deira.

Staten ber kostnadene med tiltaka etter denne føresegna. Ein sakkunnig som blir oppnemnd etter denne føresegna, skal få godtgjersle etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v.

§ 11-14 Barnesakkunnig kommisjon

Retten kan berre leggje til grunn ei sakkunnig utgreiing som har vore vurdert av Barnesakkunnig kommisjon etter denne føresegna. Kommisjonen skal vurdere kvaliteten på utgreiingane frå dei sakkunnige.

Kommisjonen skal vurdere utgreiingar frå sakkunnige som er oppnemnde av retten etter § 11-13 første leddet, og utgreiingar frå sakkunnige som parten har engasjert.

Ein sakkunnig som er oppnemnd av retten etter § 11-13 første leddet, skal sende utgreiinga si til kommisjonen med kopi til retten. Er den sakkunnige engasjert av ein part, skal parten sende inn utgreiinga på same måten. Kommisjonen skal sende vurderinga si til retten og den sakkunnige.

Departementet nemner opp medlemmene i kommisjonen og kan gje forskrift om korleis kommisjonen skal vere organisert, kva oppgåver han skal ha, og korleis han skal handsame sakene.

§ 11-15 Handsaming av personopplysningar i Barnesakkunnig kommisjon

Personopplysningsloven gjeld for Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen kan handsame personopplysningar, irekna personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det må til for å utføre oppgåver etter § 11-14 eller forskrift etter § 11-14 fjerde leddet.

Departementet kan gje forskrift om korleis Barnesakkunnig kommisjon skal handsame personopplysningar etter denne lova.

§ 11-16 Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvar, flytting, bustad eller samvær

Foreldra kan endre avtalar og avgjerder om foreldreansvaret, om flytting med barnet, om kven barnet skal bu hos fast, og om samværsretten.​

Blir foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 11-2. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan endrast berre når tilhøva har endra seg på ein måte som verkar inn på kva som er best for barnet. Ei førebels avgjerd etter § 11-9 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.

Dersom det er klårt at det ikkje har skjedd endringar som verkar inn på kva som er best for barnet, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

§ 11-17 Forskrift om godtgjersle

Departementet kan gje forskrift om godtgjersle til nokon som gjer teneste etter dette kapittelet.

Kapittel 12 Rettargang i saker om foreldreansvar m.m. etter dødsfall

§ 12-1 Kven som kan krevje foreldreansvaret etter dødsfall

Den attlevande kan alltid reise sak med krav om å få foreldreansvaret.

Andre kan reise sak med krav om å få del i foreldreansvaret eller om å få foreldreansvaret aleine dersom den attlevande som får foreldreansvaret etter § 6-3, ikkje budde saman med barnet då den andre forelderen døydde. Fristen for å reise sak er seks månader etter dødsfallet, og retten kan ta førebels avgjerd etter § 11-9.

Andre kan òg reise sak med krav om å få del i foreldreansvaret eller om å få foreldreansvaret aleine dersom den attlevande er sikta, tiltalt eller dømd for forsettleg drap på den andre forelderen. Fristen for å reise sak er seks månader etter at siktinga eller tiltalen er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig.

§ 12-2 Retten si avgjerd i saker om foreldreansvar etter dødsfall

Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar.

Når fleire får foreldreansvar, skal retten òg ta avgjerd om kven barnet skal bu fast saman med. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande.

Retten skal gje melding til den kommunale barnevernstenesta og statsforvaltaren dersom ingen har vendt seg til retten etter § 12-3 første leddet, eller dersom avgjerda fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barnevernstenesta skal plassere og følgje opp barnet etter reglane i barnevernloven.

Reglane om sakshandsaming i kapittel 11 gjeld så langt dei høver.

§ 12-3 Retten si plikt til å ta avgjerd om foreldreansvar etter dødsfall

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvar når han får melding etter skifteloven § 12 a om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn. Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur.

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta førebels avgjerd om foreldreansvaret når han får melding om at den attlevande er sikta eller tiltalt for forsettleg drap på den andre forelderen, og den attlevande har eller krev å få foreldreansvaret. Retten tek avgjerda i orskurd.​ Det er ikkje naudsynt med munnleg forhandling på førehand. Dersom ei førebels avgjerd fører til at ingen har foreldreansvaret, skal retten gje melding som nemnd i § 12-2 tredje leddet.

Så lenge ei førebels avgjerd om å ta foreldreansvaret frå den attlevande gjeld, skal den attlevande ikkje bu fast saman med barnet eller ha samvær med det.

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald avgjere kven som skal ha foreldreansvaret når det er teke ei førebels avgjerd og ingen har reist sak etter § 12-1. Dette gjeld ikkje dersom det etter andre leddet er teke avgjerd om at ingen skal ha foreldreansvaret, og det er gjeve melding som nemnd i § 12-2 tredje leddet.

Reglane i § 12-2 gjeld så langt dei høver for saker etter denne paragrafen.

§ 12-4 Endring av avgjerd om foreldreansvar m.m. etter dødsfall

Den attlevande forelderen kan reise sak​ for retten med krav om endring av avgjerd etter §§ 12-2 og 12-3. Ei avgjerd skal endrast berre når tilhøva har endra seg på ein måte som verkar inn på kva som er best for barnet. Andre kan på same vilkår reise sak om endring av ei førebels avgjerd etter § 12-3 andre leddet. Ei sak om endring etter tredje punktumet skal reisast for den domstolen som tok den førebels avgjerda.

Dersom det er klårt at det ikkje har skjedd endringar som verkar inn på kva som er best for barnet, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

Kapittel 13 Tvangskraft for avtalar og tvangsfullføring

§ 13-1 Vedtak om tvangskraft for avtalar

Når begge foreldra ber om det, kan statsforvaltaren vedta at ein skriftleg avtale om fast bustad og samvær​ skal få tvangskraft. Berre ein avtale som rettar seg etter kva som er best for barnet, kan få tvangskraft. Der det trengst, skal statsforvaltaren hente inn fråsegn frå sakkunnige, barnevernstenesta eller sosialtenesta.

Eit vilkår for å leggje saka fram for statsforvaltaren etter første leddet er at foreldra kan leggje fram ein gyldig attest etter foreldresamtale.​

Saka må leggjast fram for statsforvaltaren i det fylket der barnet bur på den tida saka blir reist.

Eit vedtak av statsforvaltaren etter denne paragrafen er særleg tvangsgrunnlag.

§ 13-2 Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan han nemne opp ein sakkunnig, ein godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta​ som kan mekle mellom eller ha samtalar med foreldra. Føremålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktene sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget.

Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget. Fristen skal normalt setjast til to veker etter oppnemninga. Fristen kan forlengjast om retten meiner at det er mogleg å finne ei frivillig løysing mellom foreldra dersom meklinga eller samtalane held fram.

Den som har fått oppdrag etter første leddet, skal innan fristen levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er sette i verk, og om andre omstende som kan ha noko vesentleg å seie for saka.

I saker om tvangsfullføring gjeld § 11-13 første leddet på tilsvarande måte.

§ 13-3 Tvangsfullføring av avtalar og avgjerder i foreldretvistar

Når avtalar med tvangskraft, jf. § 13-1, og avgjerder om samværsretten og fast bustad for barnet skal tvangsfullførast, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven​ kapittel 13. Ei førebels avgjerd etter § 11-9 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.​

Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for retten der den saksøkte har heimting.​ Reglane i § 4-3 andre leddet gjeld på tilsvarande måte.

Ein avtale eller ei avgjerd skal ikkje tvangsfullførast dersom det er umogleg, til dømes når det er fare for at barnet kan bli utsett for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av, eller når barnet set seg imot tvangsfullføring og har sterke grunnar til å gjere det.

Retten har plikt til å høyre barnet i saker om tvangsfullføring, jf. § 11-7.

§ 13-4 Korleis avgjerder og avtalar med tvangskraft kan tvangsfullførast

Avgjerder og avtalar med tvangskraft om kvar barnet skal bu fast, kan tvangsfullførast med henting av barnet eller med tvangsbot. Retten kan òg avgjere at ein eigna person skal vere til stades når ei avgjerd om fast bustad skal fullførast. Staten ber kostnadene med at ein eigna person skal vere til stades.

Avgjerder og avtalar med tvangskraft om samværsrett kan tvangsfullførast med tvangsbot. Retten kan òg avgjere at ein eigna person skal vere til stades når samværet tek til, men ikkje for meir enn tre samvær. Staten ber kostnadene med at ein eigna person skal vere til stades. Retten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong ein forelder ikkje oppfyller samværsretten. Retten skal avgjere kor lenge tvangsbota står.

For å leggje til rette for gjennomføring av fastsett samvær kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda i tilfelle der det er føremålstenleg, til dømes endre tida for henting og levering av barnet.

Den som har kravd tvangsfullføring, må be skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral​ om å krevje inn tvangsbota. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Dersom den som har retten etter lova, lèt det gå lenger tid med inndrivinga, kjem inga ny bot til før den bota som er forfallen til betaling, er betalt, eller det er teke utlegg for bota.

Del V Forsørgingsplikt

Kapittel 14 Forsørgingsplikt

§ 14-1 Foreldra si plikt til å forsørgje barnet

Foreldra har plikt til å forsørgje barnet etter evne, når barnet sjølv ikkje har midlar til det.

Reglane om forsørgingsplikta til foreldra etter dette kapittelet gjeld på tilsvarande måte for dei som får foreldreansvaret for barnet når begge foreldra er døde.​

Barnebidrag som er fastsette etter denne lova, fell bort frå det tidspunktet bidrag kan fastsetjast etter barnevernloven § 9-2.

§ 14-2 Barnebidrag

Foreldre som ikkje bur saman med barnet, skal betale barnebidrag til forsørging av barnet. Foreldre som bur saman med barnet, kan òg påleggjast å betale barnebidrag.

Barnebidraget skal reknast som midlar som høyrer til barnet. Foreldra kan ikkje gje avkall på den retten barnet har etter denne paragrafen. Når ikkje noko anna er fastsett, skal barnebidraget betalast på forskot for kvar månad til den forelderen som har krav på barnebidraget. Bidraget skal betalast frå og med den kalendermånaden då kravet oppstår, og ut den kalendermånaden då vilkåra for bidrag fell bort.

§ 14-3 Særbidrag

Foreldra kan påleggjast å yte særbidrag til særlege utlegg så lenge forsørgingsplikta varer, så sant utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det faste barnebidraget skal dekkje. Krav om særbidrag må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på.

Departementet kan gje forskrift om særbidrag.

§ 14-4 Kor lenge forsørgingsplikta varer

Plikta foreldra har etter §§ 14-1 til 14-3, varer til barnet er 18 år​, når ikkje noko anna er avtalt eller fastsett etter paragrafen her.

Dersom barnet vil halde fram med vidaregåande opplæring etter at det har fylt 18 år,​skal bidrag vidareførast utan søknad når barnet fyller 18 år, og skal betalast til og med den månaden då barnet fullfører vidaregåande opplæring, men likevel ikkje lenger enn fram til barnet fyller 20 år. Vil barnet etter fylte 20 år halde fram med vidaregåande opplæring, kan det krevje bidrag for den tida skulegangen varer ved. Det skal fastsetjast ei tidsgrense for krav på bidrag etter denne regelen.

Barnet sjølv gjer avtale eller er part i sak om bidrag etter andre leddet. Bidraget skal utbetalast til barnet.

§ 14-5 Korleis barnebidrag blir fastsett

Foreldra kan gjere avtale om barnebidrag til barnet.

Dersom foreldra ikkje gjer avtale, kan kvar av dei krevje at bidragsmyndigheita tek avgjerd om bidraget. Departementet peikar ut kven som er bidragsmyndigheit etter denne lova.

Dersom foreldra ikkje bur saman når barnet blir født, og dei ikkje har gjort avtale om bidraget, skal bidragsmyndigheita av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet.

Dersom den bidragspliktige får forsørgjartillegg frå Forsvaret i samband med førstegongstenesta eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan bidragsmyndigheita av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet for den tida då eit slikt tillegg blir utbetalt.

Foreldra har plikt til å opplyse bidragsmyndigheita om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt som kan ha noko å seie for fastsetjinga av barnebidraget. For å fastsetje bidraget kan bidragsmyndigheita utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgjevarar, skatteetaten, arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller forvaltar formueverdiar. For å fastsetje bidrag etter at barnet har fylt 18 år, kan bidragsmyndigheita utan omsyn til teieplikta krevje at ein utdanningsinstitusjon opplyser om skulegangen til barnet, mellom anna om han er i gang, er avslutta eller skal halde fram, og om den faglege progresjonen.

Departementet kan gje forskrift om gebyr for offentleg fastsetjing av barnebidrag.

§ 14-6 Offentleg utmåling av barnebidrag

Bidragsmyndigheita skal måle ut bidraget slik at underhaldskostnadene blir fastsette etter barnet sin alder. Underhaldskostnadene blir delte mellom foreldra etter kor stor inntekt dei har. Bidraget skal likevel ikkje setjast høgare enn at bidragspliktige har att fastsette midlar til å forsørgje seg sjølv (bidragsevnevurderinga). Når den bidragspliktige ikkje bur med barnet, skal bidraget som hovudregel reduserast for samvær som er fastsett etter avtale eller avgjerd. Når barnet bur fast hos begge foreldra, skal bidraget målast ut etter kor mykje barnet bur hos kvar av foreldra.

Bidragsmyndigheita skal av eige tiltak regulere bidraget når barnet kjem i ei ny aldersgruppe, om ikkje noko anna er fastsett i forskrift etter tredje leddet.

Departementet kan gje forskrift om utmåling av barnebidrag etter denne lova.

§ 14-7 Fastsetjing av barnebidrag for tid som har gått

Det kan fastsetjast bidrag for tid som har gått, men likevel ikkje for tid som ligg lenger attende enn tre år føre den dagen kravet blir framsett for bidragsmyndigheita. Skal det fastsetjast bidrag for meir enn eitt år føre, er det eit vilkår at parten som krev det, har hatt ein særleg grunn til å setje fram kravet så seint.

§ 14-8 Indeksregulering av barnebidrag

Alle faste barnebidrag skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje noko anna er fastsett i avgjerda eller avtalen.

Indeksreguleringa gjeld òg for det beløpet som er fastsett etter forskotteringsloven § 5 første leddet,​ med mindre Stortinget gjer vedtak om noko anna.

Reguleringa er knytt til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Bidraga skal regulerast kvart år ut frå endringa i konsumprisindeksen. Kvar regulering gjeld berre for bidragsterminar som forfell i juni eller seinare.

Bidraga skal regulerast med den prosentsatsen som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Bidragssummen blir avrunda til næraste heile ti kroner.

Bidragsmyndigheita reknar om bidrag som skal krevjast inn etter bidragsinnkrevingsloven.

Departementet kan gje forskrifter om gjennomføring og utfylling av reglane i paragrafen her.

§ 14-9 Endring av avtale eller avgjerd om barnebidrag

Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om barnebidrag.

Foreldra kan krevje at bidragsmyndigheita tek avgjerd om endring i avtalt eller fastsett barnebidrag. Ei slik endring kan berre gjerast om det har gått minst eitt år sidan bidraget vart avtalt, fastsett eller sist endra, eller dersom det er tale om ei endring på meir enn 15 prosent frå det avtalte eller fastsette bidraget. Departementet kan gje forskrift om endringar i fastsett barnebidrag.

Eit bidrag som er eller skulle ha vore betalt då kravet om endring vart framsett, kan endrast eller ettergjevast dersom sterke grunnar taler for det. Departementet kan gje forskrift om ettergjeving av bidragsgjeld. Reglane i § 14-7 andre punktumet gjeld på tilsvarande måte.

Blir det teke avgjerd om å setje ned bidrag som alt skulle vore betalt, skal private og offentlege krav i bidraget for perioden som endringa gjeld, fastsetjast på nytt under omsyn til den nye bidragssatsen.

Reglane i § 14-5 fjerde leddet om at bidragsmyndigheita kan fastsetje barnebidrag av eige tiltak, gjeld på tilsvarande måte ved endring av bidrag.

I saker om endring av bidrag etter denne paragrafen kan bidragsmyndigheita gå utanfor det partane set fram påstand om.

§ 14-10 Samla fastsetjing når den bidragspliktige har fleire barn

I tilfelle der bidragspliktige med fleire barn ikkje har full bidragsevne eller samla bidragsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta, kan bidragsmyndigheita av eige tiltak fastsetje ei samla fordeling av bidraga til alle barna til den bidragspliktige. Det same gjeld der oppfostringsbidrag er fastsett etter barnevernloven § 9-2, når den bidragspliktige ikkje har full bidragsevne eller samla bidragsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta.

Bidragsmyndigheita kan fastsetje slikt samla bidrag i saker om førstegongsfastsetjing, klage og endring, og der bidragsmyndigheita av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld anten bidragspliktige har barn berre med same bidragsmottakar eller med fleire bidragsmottakarar.

Eit bidrag som er fastsett etter første leddet kan krevjast endra ein gong kvart år, eller dersom det er tale om ei endring på meir enn 15 prosent.

Departementet kan gje forskrift om samla fastsetjing og fordeling av bidrag.

§ 14-11 Førebels avgjerd

Bidragsmyndigheita kan fastsetje eit førebels bidrag. Hastar det, kan ei slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining.

Bidragsmyndigheita kan etter krav frå ein av foreldra ta førebels avgjerd om å setje ned eit bidrag når det er klart at vilkåra for å setje ned bidraget er oppfylte. Hastar det, kan ei slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining.

Ei førebels avgjerd etter første og andre leddet gjeld frå og med den månaden då kravet om fastsetjing eller endring vart framsett. Ei slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje noko anna er fastsett, og gjeld berre til det er teke ei endeleg avgjerd i saka.

§ 14-12 Klage på avgjerd om barnebidrag

Ei avgjerd om barnebidrag kan klagast inn for det næraste overordna organet eller det organet som bidragsmyndigheita peikar ut. Ein kan ikkje klage på ei avgjerd som berre gjeld regulering ved overgang til ny aldersgruppe etter § 14-6 andre leddet.

I klagesaker kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane set fram påstand om.

§ 14-13 Innkrevjing og tvangsfullføring av avtalar og avgjerder om bidrag

Barnebidrag kan krevjast inn etter reglane i bidragsinnkrevingsloven.

Ei avgjerd om barnebidrag er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje noko anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje ein annan frist er fastsett.

Ein skriftleg avtale om barnebidrag er tvangsgrunnlag for utlegg når bidrag etter avtalen blir kravd inn etter reglane i bidragsinnkrevingsloven. Det same gjeld gebyr for fastsetjing av bidrag.

Dersom eit oppgjort bidrag blir sett ned etter §§ 14-9 eller 14-11 eller etter klage, kan den bidragspliktige krevje at det organet som er utpeika med heimel i bidragsinnkrevingsloven § 4, gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som organet finn rimeleg.

§ 14-14 Forskot på barnebidrag

Forskot på barnebidrag kan krevjast utbetalt frå det offentlege etter reglane i forskotteringsloven.

§ 14-15 Tilbakebetaling av barnebidraget når foreldreskapen blir endra

Dersom nokon har betalt pålagt eller avtalt barnebidrag til eit barn og foreldreskapen som har lege til grunn for bidragsplikta, seinare blir endra etter reglane i denne lova, kan vedkomande krevje pengane attende frå folketrygda.

Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå bidraget vart betalt, og til det blir betalt attende. Før indeksregulering skal det takast omsyn til frådraga som den som har betalt bidrag, tidlegare har fått i skattefastsetjinga si for dei betalte bidraga. Fordelen av det tidlegare skattefrådraget skal setjast til 20 prosent. Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at den som betalte barnebidraget, ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære foreldreskapen, eller at vedkomande burde ha reist sak om endring tidlegare.

Den som har betalt barnebidrag, kan ikkje søkje om å få pengane attende frå barnet, den andre forelderen eller frå ein som seinare blir rekna som forelder til barnet.

Departementet kan gje forskrift om tilbakebetaling av barnebidrag etter denne lova.

Del VI Internasjonal privatrett

Kapittel 15 Internasjonal privatrett

§ 15-1 Avtale med framand stat

Reglane i dette kapittelet gjeld så langt ikkje noko anna følgjer av avtale med framand stat.

Når Noreg har inngått ein slik avtale, kan Kongen kunngjere han som gjeldande med lovs kraft her i riket og gje dei forskrifter som trengst for å gjennomføre avtalen.

§ 15-2 Lovval

Når ei sak skal avgjerast i Noreg i medhald av dette kapittelet, skal ho avgjerast etter norsk rett. Ved avgjerder i foreldretvistar, avgjerder om flytting med barnet og avgjerder om barnebidrag kan retten i særlege høve ta omsyn til retten i ein annan stat som saka er nær knytt til, når det er til det beste for barnet.

§ 15-3 Jurisdiksjon i saker om foreldreskap

Ei sak om morskap kan handsamast i Noreg

  • a) dersom barnet har vanleg bustad i Noreg

  • b) dersom mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller

  • c) dersom mora har fått vanleg bustad i Noreg etter at barnet vart født.

Farskap eller medmorskap kan fastsetjast i Noreg

  • d) dersom barnet har vanleg bustad i Noreg,

  • e) dersom mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller

  • f) dersom den som er nemnd som far eller medmor, har vanleg bustad i Noreg.

Ei sak om foreldreskap skal likevel ikkje avgjerast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing eller klarlegging av foreldreskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.

Ei sak om endring av foreldreskap kan avgjerast i Noreg dersom nokon av dei som kan reise sak, har vanleg bustad i Noreg, eller dersom foreldreskap følgjer av denne lova.

§ 15-4 Lovval for foreldreskap etter lova

Reglane om foreldreskap etter kapittel 2 gjeld når barnet ved fødselen får vanleg bustad i Noreg.

§ 15-5 Godkjenning av foreldreskap

Foreldreskap som følgjer direkte av eit anna lands rett, skal leggjast til grunn i Noreg.

Første leddet gjeld ikkje dersom noko anna er fastsett i denne lova eller følgjer av ei utanlandsk avgjerd som skal leggjast til grunn i Noreg etter tredje til femte leddet.

Foreldreskap som er fastsett i utlandet, skal leggjast til grunn i Noreg når det følgjer av ein avtale med framand stat.

Kongen kan gje forskrift om at foreldreskap som er fastsett i utlandet, skal leggjast til grunn i Noreg.

Kongen kan i kvart einskilt tilfelle avgjere at foreldreskap som er fastsett i utlandet, skal leggjast til grunn i Noreg.

§ 15-6 Jurisdiksjon i foreldretvistar og i saker om flytting med barnet

Dersom barnet har vanleg bustad i Noreg, kan ein foreldretvist eller sak om flytting med barnet som nemnd i § 6-9 femte leddet avgjerast i Noreg.

Ei førebels avgjerd etter § 11-9 kan takast i Noreg dersom barnet har opphald i Noreg.

§ 15-7 Jurisdiksjon i foreldretvistar og i saker om flytting med barnet etter ulovleg barnebortføring

Dersom eit barn er ulovleg bortført til Noreg, kan ein foreldretvist eller ei sak om flytting med barnet som nemnd i 6-9 femte leddet handsamast i Noreg dersom den eller dei som har foreldreansvar for barnet, har godteke bortføringa.

Ei slik sak kan òg handsamast i Noreg når

  • a) barnet har budd i Noreg i minst eitt år etter at den eller dei som har foreldreansvar, har eller burde ha fått kjennskap til kvar barnet held til

  • b) det ikkje er fremja krav om tilbakelevering og

  • c) barnet har funne seg til rette i det nye miljøet sitt.

Dersom eit barn er ulovleg bortført frå Noreg, kan saker om foreldretvist og flytting med barnet som nemnd i § 6-9 femte leddet handsamast i Noreg så lenge ikkje den eller dei som har foreldreansvar for barnet, har godteke bortføringa.

Saka kan likevel ikkje handsamast i Noreg når

  • d) barnet har budd i eit anna land i minst eitt år etter at den eller dei som har foreldreansvar, har eller burde ha fått kjennskap til kvar barnet held til

  • e) det ikkje er fremja krav om tilbakelevering og

  • f) barnet har funne seg til rette i det nye miljøet sitt.

§ 15-8 Lovval for foreldreansvar etter lova

Reglane i §§ 6-1 til 6-3 gjeld for barn som har vanleg bustad i Noreg.

Foreldreansvar som følgjer direkte av retten i landet der barnet har vanleg bustad, skal leggjast til grunn i Noreg så framt det ikkje ligg føre ei utanlandsk avgjerd som skal leggjast til grunn i Noreg etter § 15-9.

Når eit barn som har hatt vanleg bustad i eit anna land, får vanleg bustad i Noreg, skal foreldreansvar som følgjer direkte av lova i det andre landet, leggjast til grunn i Noreg så framt det ikkje ligg føre ei utanlandsk avgjerd som skal leggjast til grunn i Noreg etter § 15-9. Ein forelder som ikkje hadde foreldreansvar for barnet i det landet der barnet tidlegare hadde vanleg bustad, får foreldreansvar for barnet i kraft av barnelova berre dersom denne forelderen har vanleg bustad i Noreg.

§ 15-9 Godkjenning av utanlandske avgjerder i foreldretvistar og utanlandske avgjerder om flytting

Ei utanlandsk avgjerd i foreldretvist eller om flytting med barnet skal berre leggjast til grunn i Noreg direkte i kraft av lova når dette følgjer av avtale med annan stat.

§ 15-10 Jurisdiksjon i saker om barnebidrag

Ei sak om barnebidrag kan avgjerast i Noreg dersom barnet eller ein av partane har vanleg bustad i Noreg.

§ 15-11 Godkjenning og fullføring av ei utanlandsk avgjerd om barnebidrag

Ei utanlandsk avgjerd om barnebidrag skal leggjast til grunn og fullførast i Noreg når det følgjer av ein avtale med framand stat.

§ 15-12 Grunnleggjande rettsprinsipp (ordre public)

Reglar i utanlandsk rett skal ikkje brukast og utanlandske avgjerder skal ikkje leggjast til grunn eller fullførast dersom sakshandsaminga eller resultatet strir mot grunnleggjande rettsprinsipp i norsk rett (ordre public). Det skal takast særleg omsyn til kva som er best for barnet.

Til forsiden