Ny tilpassingsavtale til hovudtariffavtalen sine fellesbestemmelsar og ferielova for skoleverket

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Tillegg nr. 2 til F 42/98

21.12.98 98/11558

Statens utdanningskontorer
Kommunene
Fylkeskommunene
Grunnskolene
Videregående skoler
Kommunerevisjonene
Fylkesrevisjonene
Kommunekassererne
Fylkeskassererne
Private grunnskoler
Private videregående skoler
Statlige grunnskoler
Statlige videregående skoler
Statens Pensjonskasse
Kommunenes Sentralforbund
Lærerorganisasjonene

Ny tilpassingsavtale til hovudtariffavtalen sine fellesbestemmelsar og ferielova for skoleverket

1.Bakgrunn

Den 30. november 1998 vart det inngått ein ny særavtale om tilpassing til hovudtariffavtalen sine fellesbestemmelsar og ferielova for skoleverket. Avtalen erstattar tidlegare særavtale av 24.03.98 som er gjengitt på sidene 9 - 15 i rundskriv F-42-98.

Den nye avtalen er vedlagt.

2.Kommentarar til den nye tilpassingsavtalen

Endringar i avtaleteksten er merka med feit skrift. Enkelte ord, setningar og avsnitt er strokne i den nye avtalen. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sine kommentarar er merka med lita skrift i klammeparentes. Slike endringar er i hovudsak gjort av redaksjonelle grunnar. Når tekst som er fjerna inneber substansielle endringar, er dette særskilt kommentert.

Avtalen gjeld f.o.m. 01.05.98 t.o.m. 30.04.00. For medlemmer av Akademikernes Fellesorganisasjon (AF) gjeld endringane frå 15.06.98, jf PM 26/98 frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Endringane i tilpassingane til §§ 13, 19 og 21 og punkt 2.2 og 2.6 gjeld frå 01.01.99.

Vedk. § 13

Det er her fastsett at undervisningspersonale i deltidsstilling får overtidsgodtgjering for pålagde spreidde undervisningstimar som i den einskilde veka overstig gjennomsnittleg vekentleg leseplikt for heil stilling. Avvikande arbeidsbelastning som fylgjer av periodeundervisning, utjamning av lesepliktbrøkar eller timar for å fylle opp deltidsstillinga skal ikkje reknast med i det samla talet på timar i den einskilde veka.

Eksempel: Ein deltidstilsett på barnetrinnet som t.d. skal ha gjennomsnittleg 20 timar undervisning pr. veke etter sin stillingsstorleik, men etter sin arbeidsplan skal undervise 22 timar ei veke på grunn av periodeundervisning, vil ha rett til overtidsgodtgjering for 1 time dersom han på grunn av spreidde timar underviser totalt 28 timar den veka. Om vedkommande t.d. skal undervise 18 timar på grunn av periodeundervisning, skal det utbetalast overtidsgodtgjering for 1 time dersom han underviser totalt 24 timar.

Vedk. pkt. 2.1 og 2.22

Undervisningspersonalet si feriefritid er tariffesta til juli månad, dersom ikkje anna er fastsett etter drøftingar mellom arbeidsgjevar og den einskilde arbeidstakaren. Arbeidstakaren kan velje å la seg representere av sin tillitsvalde i drøftingane om vedkommande sin individuelle plan for avvikling av ferie. Rett til erstatningsferie er regulert etter reglane i ferielova og i staten.

Vedk. pkt. 2.4

Det siste leddet er ei presisering av tidlegare tolking av tilpassinga til ferielova. Arbeidstakarar som tek stilling i skoleverket og har same arbeidsgjevar (t.d. ein førskolelærar som tek lærarstilling i same kommune), har ikkje krav på å få feriepengar frå førre arbeidsforhold i tillegg til full løn i ferien.

Vedk. pkt. 2.6 Lærarar over 60 år

Det siste leddet i den førre avtalen er stroke. Endringa tyder at undervisningspersonalet i skoleverket blir omfatta av regelen som avgrensar grunnlaget for utrekning av feriepengar, jf. ferielova § 10 nr. 3.

Med helsing

Eva. M. Sibbern
avdelingsdirektør

Carl O. Geving
byråsjef

1 vedlegg

Lagt inn 18. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen