Høringssvar fra Fyresdal kommune

Dato: 01.05.2023

Fyresdal kommune har følgjande høyringsfråsegn til Olje- og energidepartementet:

1. Fyresdal kommune stør utvalets vurderingar om behovet for auka energieffektivisering og energiproduksjon frem mot 2030 og 2050.

2. Fyresdal kommune stør Energikommisjonens forslag om ein nasjonal handlingsplan for energieffektivisering, og ønskjer at den skal fokusere på rettferdig omstilling i tillegg til innhaldspunkta frå Energikommisjonen. Den nasjonale handlingsplanen må innehalde tiltak som når alle, ikkje berre dei som har råd til ein stor eigeninnsats.

3. Fyresdal kommune meiner det er ein veikskap at NOU 2023: 3 ikkje adresserer behovet for ein meir heilskapleg areal- og energiplanlegging. Nett- og fjernvarmeselskap bør forpliktast til å samordne eigen energiplanlegging med kommunens arealplanlegging, herunder at detaljerte energidata i større grad kan takast i bruk.

4. Fyresdal kommune stør Energikommisjonens fleirtal om å opprette et nasjonalt kompetansesenter for kommunane som kan bistå med støtte i energisaker. Kompetansesenteret må ha brei kompetanse til å dekke mange felt. Finansiering av senteret må ikkje innebere auka utgifter for kommunane.

5. Fyresdal kommune meiner det er viktig at NOU 2023: 3 adresserer behovet for prioritering av tildeling av kapasitet i nettet, men etterlyser kva for kriteria som skal ligge til grunn for prioriteringa i ljos av aktivitetens samfunnsnytte. Det må vektleggast at meir av den kraftkrevjande delen av næringslivet blir lokalisert der kraftproduksjonen skjer.

Vedlegg