Søknad om leiar- og kompetansestøtte i 2015

Syner til brev av 28. november 2014, med søknad om leiar- og kompetansestøtte i 2015. Her syner de til eit behov for vidareføring av ekstrabemanning innanfor helse, skule, barnehage og i kommunens administrasjon, for å handtere etterverknadene av storbrannen i januar 2014. I eit tidlegare brev av 13. november har de også søkt om forlenga rapporteringsfrist for tildelte midlar til gjenoppretting av infrastruktur.

Departementet har beslutta å tildele 3,3 mill. kroner i leiar- og kompetansestøtte for 2015. Midla vert utbetalt saman med rammetilskotet i termin 3.

I brev av 23. mai 2014 bad departementet kommunen orientere fylkesmannen om korleis tildelte midlar til leiar- og kompetansestøtte for 2014 vert nytta. Departementet ber Lærdal kommune orientere fylkesmannen om dette så snart kommunen har dette klart. Kommunen må òg gje tilsvarande orientering for korleis dei tildelte midla for 2015 vert nytta. Departementet legg til grunn at dei tildelte midla vert nytta i tråd med søknaden.

For tidlegare tildelte midlar til gjenoppretting av infrastruktur kan departementet gje utsatt rapporteringsfrist til 15. september 2016, og syner her til brev av 23. mai 2014 for informasjon om kva slags krav departementet stiller til rapporteringa.

For denne tildelinga som for alle tildelingar av skjønsmidlar etter naturskade gjeld at dersom midla ikkje vert nytta i tråd med vilkåra for tildeling, må kommunen betale midla tilbake til departementet.

Med helsing

 

Grete Lilleschulstad (e.f.)
underdirektør
Hilde Marie Skarvang
seniorrådgivar

 

 

Dette dokumentet er elektronisk godkjent og blir sendt utan signatur

 

Kopi til:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Njøsavegen 2
6863
LEIKANGER