Oppmoding til auka bruk av kontraktstandardar ved offentlege anskaffingar

Statsråd Grande Røys minner offentlege oppdragsgivarar på føresegna i forskrift om offentlige anskaffelser § 3-11. Den slår fast at der det finst framforhandla og balanserte kontraktsstandardar, så skal desse som hovudregel nyttast. Føresegna er ei sterk oppmoding om å nytte kjente og innarbeidde standardar der slike finst.

Eg er oppteken av at konkurransar om offentlege kontraktar skjer på ein best mogleg måte både for oppdragsgivarar og leverandørar. At oppdragsgivarar lukkast i innkjøpsprosessen, gjer det lettare for leverandørane å levere eit ynskjeleg resultat.

I tillegg til at det er viktig at sjølve konkurransen skjer i samsvar med lov og forskrift om offentlige anskaffelser, bør også dei kontraktane som vert lagde til grunn innehalde balanserte vilkår som tek vare på begge partar i kontrakten. Dette verkar med til ein sikker gjennomføringsperiode og aukar sjansane for å få tilbod frå seriøse og ansvarsbevisste leverandørar.

Eit samla norsk næringsliv har fleire gonger dei seinare åra teke opp med departementet og ulike offentlege oppdragsgivarar problem knytte til bruk av
urimelege og ubalanserte kontraktsvilkår. Dei oppfordrar til bruk av nasjonalt framforhandla kontraktsstandardar. Dette er svært viktig slik marknaden er no, og
offentlege oppdragsgivarar må vere medvitne om si rolle som premissgivar for ein velfungerande marknad med seriøse aktørar. Til dømes kan ein urimeleg
betalingspraksis eller urimeleg overføring av risiko føre til at fleire verksemder ikkje vågar å delta i konkurransar om offentlege kontraktar. Andre leverandørar vel kanskje å delta, men tek atterhald mot vilkår dei meiner er urimelege, noko som igjen kan leie til at dei vert avviste frå konkurransen.

Eg vil difor no minne alle offentlege oppdragsgivarar på føresegna i forskrift om offentlige anskaffelser § 3-11. Den slår fast at der det finst framforhandla og balanserte kontraktsstandardar, så skal desse som hovudregel nyttast. Føresegna er ei sterk oppmoding om å nytte kjente og innarbeidde standardar der slike finst.

Føresegna er kommentert i departementet sin rettleiar til reglane om offentlege anskaffingar pkt. 9.8.1.1. Her går det mellom anna fram at oppdragsgivaren, før han
eventuelt gjer unntak frå kontraktsstandarden, bør gjere ei vurdering av kvart enkelt innkjøp for å undersøkje om det ligg føre konkrete forhold som kan grunngi unntak. I tilfelle der kontraktstandarden ikkje passar som følgje av spesielle omstende knytte til innkjøpet, kan ein forsvare bruk av andre typar balanserte kontraktsvilkår.

Det kan òg vere tilrådeleg for oppdragsgivar å ha som ein intern rutine å nedteikne for eige bruk den konkrete grunngivinga for kvifor ein meiner det er naudsynt å gjere avvik frå kontraktstandarden. Dette gjeld òg i tilfelle der innleigde rådgivarar kjem med forslag til avvik og tilleggsføresegner.

Eg vil òg oppmode offentlege oppdragsgivarar til å gjennomgå og vurdere eventuelle interne kontraktsinstruksar som er føresett brukte som generelle tillegg eller avvik frå kontraktstandarder. Formålet med denne vurderinga må vere å sikre at ein har eit meir bevisst forhold til trongen for eventuelle unntak.

Ei oversikt over norske standardkontraktar vert lagt ut på www.anskaffelser.no.

 

Med helsing


Heidi Grande Røys