Os kommune - motsegn til reguleringsplan for Lurane Nord (kulturlandskap/friluftsliv-boligutbygging)

Avgjørelse i innsigelsessak, 5. januar 2004

Os kommune - motsegn til reguleringsplan for Lurane Nord

Vi viser til fylkesmannens brev av 26. mai 2003.

Saka er sendt til avgjerd i Miljøverndepartementet i samsvar med plan- og bygningslovens §27-2 nr. 2 fordi fylkeslandbruksstyret har motsegn mot planframlegget.

Departementet stadfester Os kommune sitt vedtak i møte 18. mars 2003 om reguleringsendring for Lurane Nord. Motsegna frå fylkeslandbruksstyret er etter dette ikkje tatt til følgje, fordi nasjonale eller viktige regionale omsyn til matproduksjon eller kulturlandskap ikkje blir berørt av planen.

Bakgrunn for saka

Reguleringsplan for Lurane Nord vart godkjend i 1998, med hovudføremål å sikra areal til offentleg føremål og friområde. I samband med handsaminga av reguleringsplanen søkte grunneigar Øyvind Moberg om å omregulera delar av friområdet til to bustadtomter. Dette vart avslått av kommunen.

I samband med arbeidet med reguleringsendring for Haugsneset – Lurane, sendte Moberg på nytt inn framlegg om reguleringsendring for Lurane Nord. Framlegget går ut på å omregulere delar av friområdet F2 til to bustadtomter, og å regulere inn eit erstatningsareal for friområdet lenger aust. I dette erstatningsarealet er det lagt inn ein samanbindande gangsti.

Fylkeslandbruksstyret fremja motsegn mot planframlegget fordi det inneber reduksjon av eit viktig grøntareal, og fordi endringa ikkje er i tråd med arealdel i kommuneplan. Det er eit stort utbyggingspress i Os sentrum, og fylkeslandbruksstyret meiner ein må vere restriktive med enkeltfrådelingar så nær tettstaden og kommunesentret Os.

Friområdet blir i dag brukt som leikeområde for bustadene rundt. Fleire høyringsinstansar peiker på at verdien av friområdet vil bli vesentleg minska dersom dei to bustadene blir bygde, og at erstatningsarealet er mindre brukbart.

Fylkesmannen har ikkje kalla inn til mekling i denne saka. Fylkesmannen viser til at det opphavlege landbruksområdet vart akseptert omregulert til offentleg føremål og friområde, fordi desse føremåla representerte så sterke samfunnsinteresser at landbruksinteressene burde vike. Når no delar av friområdet vert søkt omdisponert til bustader, kan ikkje fylkesmannen sjå at samfunnsinteresser gjer seg gjeldande i same grad. Fylkesmannen meiner derfor at det ut frå eit planfagleg synspunkt verker unødvendig og uheldig å omdisponera eit attraktivt og sentralt friområde til fordel for to bustadtomter.

Landbruksdepartementet har vurdert saka opp mot nasjonale og viktige regionale interesser knytt til matproduksjon og kulturlandskap. Departementet ser at dei som bur i nærområdet kan bli påverka negativt av ei eventuell utbygging, men kan ikkje sjå at arealet har ein matproduserande eller kulturlandskapsmessig verdi i regional eller nasjonal samanheng. Landbruksdepartementet rår derfor til ikkje å ta fylkeslandbruksstyret si motsegn til følgje.

Miljøverndepartementets vurdering

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak i plansaker der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statlege styresmakter. For at departementet skal kunne overprøva dei lokalpolitiske prioriteringane, må det liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser. Dei ulike lokale interessene skal vere vege mot kvarandre gjennom den kommunale planprosessen.

Dei nasjonale og viktige regionale interessene i denne saka må sjåast i samanheng med at det er fylkeslandbruksstyret som har fremja motsegn. Ut frå dette er det areala sin verdi for matproduksjon og som kulturlandskap som må vurderast. Departementet finn ikkje at planendringa frå friområde til bustader i vesentleg grad påverkar slike nasjonale interesser. Ein reduksjon av friområdet vil gå ut over areal som i dag blir brukt til leik, men dette vil kunne erstattast gjennom opparbeiding av tilleggsarealet som blir regulert til friområde.

Departementet har etter dette kome til at det ikkje er grunnlag for å overprøve Os kommune sitt vedtak av reguleringsendring for Lurane Nord. Departementet føreset at dei reglane som er sett i planen for å redusere negative landskapsmessige verknader blir følgd opp av kommunen, og at friområdet som erstattar tidlegare område blir opparbeid som leikeområde før utbygging av bustader tek til.

VEDTAK

I medhald av §27-2 i plan- og bygningsloven stadfester Miljøverndepartementet Os kommune sitt vedtak i møte 18. mars 2003 om reguleringsendring for Lurane Nord.

Plankartet ligg ved med påteikning om stadfestinga.

Departementet finn etter det som er opplyst at reguleringsplanen er handsama i tråd med føresegnene i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga ikkje gjev grunnlag for merknader.

Om kunngjering av stadfesta reguleringsplan viser vi til føresegnene i plan- og bygningsloven § 27-3 nr. 3. Kommunen er orientert ved kopi av dette brevet.

Med helsing
Børge Brende

Kopi:
Os kommune, Postboks 84, 5202 OS
Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN
Landbruksdepartementet