Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 115 (2001-2002)

Om lov om endringar i inkassolova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i inkassolova (lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav) for å betre skyldnaren si stilling og å motverke uheldig inkasso. Departementet foreslår å innføre reglar om klagenemnd for inkassosaker. Forslaget byggjer på at ei klagenemnd vert oppretta gjennom privat initiativ, men at ho kan få offentleg godkjenning. Ei slik godkjenning har etter forslaget visse rettsverknader, t.d. at ei sak som har vore realitetshandsama i nemnda, kan bringast direkte inn for tingretten. Ifølgje framlegget kan Kredittilsynet krevje at alle inkassoforetak sluttar seg til ei nemndsordning. Etter departementet sitt syn er ein slik regel nødvendig for å sikre at nemndssystemet blir effektivt, og for å oppnå ei rettferdig fordeling av kostnadene ved å drive ei nemnd.

Justisdepartementet gjer også framlegg om å styrke sanksjonsmidla ved brot på reglane i inkassolova. For det første vert det foreslått at eit inkassoforetak kan påleggjast å betale klagenemnda sine kostnader dersom det ligg føre grove brot på kravet til god inkassoskikk. Dette ansvaret kjem i tillegg til ei eventuell »abonnementsavgift» som alle inkassoforetaka som er tilknytta nemndsordninga, må betale. For det andre går departementet inn for at klagenemndene kan oversende avgjerdene sine til Kredittilsynet, anten rutinemessig eller ut frå eit særskilt utval. Kredittilsynet kan på basis av dette vurdere om det er grunnlag for å setje i verk sanksjonar.

Departementet drøftar om det bør innførast eit krav om samtykke frå låntakaren ved overføring av fordringar mellom finansinstitusjonar. I dag gjeld eit slikt krav berre når lånefordingar vert overdregne til andre enn finansinstitusjonar eller liknande institusjonar, jf. lov 25. juni 1999 nr. 46 om finansavtaler og finansoppdrag (finansavtaleloven) § 45 første ledd. Departementet konkluderer med at samtykkekravet ikkje bør utvidast, og gjer såleis ikkje framlegg til lovendringar på dette punktet. I proposisjonen drøftar departemenet også om det bør innførast ein regel som pålegg långivaren å opplyse skyldnaren om gjeldsordningslova ved overdraging av visse fordringar. Heller ikkje på dette punktet foreslår departementet lovendringar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet