Ot.prp. nr. 34 (2003-2004)

Om lov om endringar i skattelovgivinga mv.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Finansdepartementet gjer med dette framlegg om:

  • lov om endring i lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt

  • lov om endring i lov 19.juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift

  • lov om endring i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)

  • lov om endring i lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister mv.

  • lov om endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

I denne proposisjonen inngår:

  • framlegg om endringar i reglane om offentleggjering av skattelistene

  • framlegg om endringar i høvet for liknings- og avgiftsstyresmaktene til å krevje kontrollopplysningar frå bankar m.m.

  • framlegg om nye reglar i skattebetalingslova om innhenting av kontrollopplysningar frå tredjepersonar

  • framlegg om endringar i reglane om arbeidsgivaravgift for humanitære organisasjonar

  • framlegg om mindre endring i artistskattelova

  • framlegg om retting av meirverdiavgiftslova

Til forsida