Ot.prp. nr. 46 (1997-98)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

17 Stillingar, tenester og funksjonar

17.1 Gjeldande rett

17.1.1 Innleiing

Framstillinga av gjeldande rett om krav om stillingar, tenester og funksjonar er delt i to. Først blir det gjort greie for dei krava som følgjer av lova og forskriftene. Deretter er tariffavtalane på området framstilte i eit eige punkt.

17.1.2 Skoleleiinga i grunnskolen

Grunnskolar med fulldelte barnesteg eller med ungdomssteg skal ha rektor, jf. gsl. § 17 nr. 4 første leddet. Kravet i lova om rektor gjeld såleis ikkje skolar som berre har eit fådelt barnesteg. Etter gsl. § 5 må barneskolar vere fulldelte når talet på elevar i kvart årskull til vanleg er over 15.

Etter § 16 i lov 05.05.1995 nr. 19 om barnehagar kan rektor vere styrar for barnehagen når skolen og barnehagen er organiserte som éi verksemd.

Grunnskolelova har ikkje reglar om innhaldet i rektorstillingar. Departementet har gitt reglar om oppgåvene til rektor i § 10-2 i grunnskoleforskrifta.

Dersom to tredelar av dei tilsette og foreldra ønskjer det, og kommunen samtykkjer, kan undervisningspersonalet overta pliktene og ansvaret til rektor (såkalla alternativ leiing), jf. § 17 nr. 4 tredje leddet og § 3-1 nr. 3 i grunnskoleforskrifta.

17.1.3 Andre stillingar/funksjonar i grunnskolen, blant anna undervisningsstillingar

Etter gsl. § 27 nr. 1 skal kommunen sjå til at «undervisningspersonalet er samansett så formålstenleg for fagkrinsen som råd er». Grunnskolelova inneheld elles ikkje krav om undervisningsstillingar ut over dei pliktene som eventuelt kan lesast ut av opplæringsretten, eller krav til klassestorleikar og omfanget av undervisningstida.

Departementet har fått heimel til å fastsetje kva for stillingar og tenester, ut over krava i lova, det skal vere i grunnskolen, jf. gsl. § 17 nr. 5. Paragraf 3-1 nr. 1 første leddet i grunnskoleforskrifta pålegg kommunen å tilsetje nødvendig personale til undervisning og andre tenester.

Etter § 7-1 nr. 2 i grunnskoleforskrifta skal sosialpedagogisk teneste høyre med blant oppgåvene til undervisningspersonalet. Oppgåven omfattar både å ta seg av vanskar elevane har i forhold til skolen, og å orientere om vidaregåande opplæring og yrke, jf. § 7-1 nr. 1.

Etter gsl. § 5 nr. 1 skal kvar klasse «ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen».

Etter § 3-1 nr. 2 i grunnskoleforskrifta kan det til lærarstillingar knytast særskilde tenester på åremål, til dømes pedagogisk rettleiingsteneste, elevrådsarbeid og skolebibliotekteneste.

17.1.4 Stillingar og funksjonar i den vidaregåande opplæringa, blant anna undervisningsstillingar

Rektorkravet gjeld for alle vidaregåande skolar, jf. lvgo. § 28.

Departementet har fått heimel til å fastsetje kva for pedagogiske stillingar og funksjonar det skal vere i den vidaregåande skolen, jf. lvgo. § 17. Eit pålegg om at klassen skal ha klassestyrar, følgjer som ein føresetnad av instruksen for klassestyraren av juni 1977 frå departementet.

Etter lvgo. § 11 fjerde leddet skal opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen omfatte dei nødvendige sosialpedagogiske tiltaka. Departementet har gitt instruks for rådgivarar i vidaregåande skolar, jf. instruks av juni 1977.

17.1.5 Tenester i grunnskolen

Grunnskolelova gir pålegg om pedagogisk-psykologisk teneste (§ 9) og bibliotekteneste (§ 10 nr. 2 andre leddet). Ein av personalet skal vere ansvarleg for bibliotektenesta. Departementet har med heimel i gsl. §§ 9 og 12 nr. 1 bokstav a gitt forskrifter om den pedagogisk-psykologiske tenesta og bibliotektenesta, jf. § 1-6 og § 7-5 i grunnskoleforskrifta.

Kommunen skal i samråd med statens utdanningskontor sørgje for å byggje ut ei pedagogisk rettleiingsteneste, jf. gsl. § 7 nr. 6. Etter § 7-2 nr. 2 i grunnskoleforskrifta skal tenesta blant anna styrkje det pedagogiske utviklingsarbeidet i skolane, arbeide med etterutdanning, gi råd til lærarane fagleg og metodisk og formidle og samordne praktisk-pedagogiske tiltak. Tenesta kan organiserast for kommunen aleine eller saman med andre kommunar, jf. § 7-2 nr. 1 første leddet.

Departementet har heimel til å gi pålegg om å skipe andre tenester, jf. gsl. § 17 nr. 5.

17.1.6 Tenester i den vidaregåande opplæringa

Vidaregåande skolar skal ha tilgang til bibliotekteneste, jf. lvgo. § 12. Plikta til å ha bibliotekteneste kan oppfyllast ved å ha eige skolebibliotek eller ved samarbeid med eit anna bibliotek ( Sjå Ot.prp. nr. 14 (1985-86) s. 32).

Etter lvgo. § 11 a skal fylkeskommunen skipe ei oppfølgingsteneste for dei som ikkje bruker retten til vidaregåande opplæring og som heller ikkje er i arbeid. Departementet har med heimel i § 11 a andre leddet gitt forskrift av 12.04.94 om fylkeskommunal oppfølgingsteneste.

Endeleg skal fylkeskommunen sjå til at elevane og lærlingane får tilgang til eigna pedagogisk-psykologisk rådgiving, jf. lvgo. § 11 tredje leddet og lfa. § 13 femte leddet.

17.1.7 Tariffavtalar om organisering av og ressursar til leiing og visse funksjonar i skolen

Tradisjonelt har organiseringa av og ressursar til leiinga av skolen, og visse funksjonar og tenester, vore regulerte i detalj av fleire tariffavtalar mellom departementet og lærarorganisasjonane. Avtalane fastsette at skoleleiinga skulle byggjast ut med undervisningsinspektør(ar) og studieinspektør(ar), avhengig av elevtalet/elevplasstalet på skolen. Summen av slike leiande stillingar for den enkelte skolen var, i tillegg til rektor, fastsett i prosent av eit årsverk og vart kalla «leiingsressursar» eller «administrative ressursar». Leiingsressursen til rektor og til inspektør vart fastsett til ein viss prosent av den stillinga vedkommande hadde.

Tariffavtalane fastsette tidsressursar - i form av redusert leseplikt - for hovudlærar, rådgivar og sosiallærar, kontaktlærarteneste for elevrådet og for administrasjon av filialskolar i vidaregåande opplæring. Også for desse funksjonane vart det teke utgangspunkt i elevtalet på skolen.

I to nemndavgjerder 29.03.1996 for grunnskolen og den vidaregåande skolen er desse tariffavtalane forenkla. Avgjerdene har verknad som tariffavtalar og tok til å gjelde 01.08.1996. Samtidig vart tidlegare tariffavtalar om leiingsstrukturane og ressursrammene oppheva.

Dei nye tariffavtalane fastset eit minste ressursnivå til leiing som svarer til summen av dei ressursane som følgde av dei oppheva avtalane. Leiingsressursen vart i tillegg auka noko både for grunnskolen og for den vidaregåande skolen. Dei fastsette ressursane må brukast til rektor (inklusive administrasjon av spesialundervisning, skolefritidsordningar og seksåringstilbod), undervisningsinspektør, studieinspektør, hovudlærar, rådgivar- og sosiallærarteneste, kontaktlærarteneste for elevråd og ressurs til administrasjon av filialskolar i vidaregåande opplæring. Det er dessutan fastsett i avtalane at det ikkje skal brukast mindre tid til rådgiving eller sosiallærarteneste på ein skole enn det som ville ha følgt av avtalane som galdt før 01.08.1996. Avtalane fastset òg at kommunen eller fylkeskommunen har eit ansvar for å leggje til rette forholda slik at leiinga ved skolen er i stand til å utføre eit tilfredsstillande arbeid, og står fritt til å auke ressursane til leiing av skolen. Auka ressursar kan òg brukast til leiande stillingar som ikkje er omfatta av den statlege hovudtariffavtalen. Dette gjeld likevel berre når slike leiande stillingar ikkje blir tillagde undervisningsoppgåver.

17.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

17.2.1 Generelt

Vurderinga frå utvalet har særleg teke utgangspunkt i St.meld. nr. 37 (1990-91) Om organisering og styring av utdanningssektoren. Dessutan har utvalet lagt vekt på vurderingane om stillingskrav og ressursbindingar i innstillinga «Lærernes forhandlingsområde - gjennomgang av innhold og ansvar» som vart lagd fram for Regjeringa av ei interdepartemental arbeidsgruppe i april 1991 («Grøholtutvalet»).

Fleirtalet i utvalet meiner det er viktig at skolen blir forsvarleg styrt, både pedagogisk og administrativt. Fleirtalet gjer derfor framlegg om at skoleeigaren skal vere forplikta til å bruke ein viss ressurs til pedagogisk, fagleg og administrativ leiing av skolen, og at dette blir regulert av ein lovfest rettsleg standard. Det blir vist til at behovet for leiingsressurs kan variere både over tid og frå skole til skole. Dessutan varierer oppfatninga av kva som er leiaroppgåver. Det er såleis vanskeleg og lite ønskjeleg å gi ein klar definisjon av dei oppgåvene ressursen skal brukast til. Fleirtalet viser også til at krava om leiingsressurs må vere grunngitt i eit ønske om å sikre nasjonale interesser og individuelle rettar for elevane, og at slike interesser er betre sikra med lovregulering enn i tariffavtalar.

17.2.2 Stillingar i skolen

Det blir gjort framlegg om å føre vidare rektor som lovpålagd pedagogisk, fagleg og administrativ leiar i skolen. Utvalet viser til Ot.prp. nr. 59 (1992-93), der rektorkravet vart vurdert. Det bør framleis vere eit krav om rektor ved kvar vidaregåande skole. Dessutan skal alle grunnskolar over ein viss storleik ha rektor. Skolar som er omfatta av rektorkravet, skal ikkje kunne ha felles rektor.

På bakgrunn av framlegget frå fleirtalet om å oppheve avgrensingane når det gjeld aldersblanding (sjå kapittel 13 om organisering av undervisninga), knyter fleirtalet i utvalet rektorkravet til talet på elevar på skolen og ikkje til korleis skolen er delt. Fleirtalet i utvalet gjer derfor framlegg om at rektorkravet ikkje skal gjelde for skolar som berre har barnesteg (1.-7. klassetrinnet), og som samtidig har mindre enn nitti elevar.

Fleirtalet klargjer at rektor på grunnskolar med rektorkrav også kan leie skolar i kommunen som ikkje er omfatta av rektorkravet, dersom slike ordningar oppfyller kravet om forsvarleg leiing. Utvalet meiner det er uklart om dette er lov i dag.

Fleirtalet i utvalet gjer dessutan framlegg om å oppheve den generelle ordninga med at lærarar kan ta over rektoroppgåvene (såkalla alternativ leiing - jf. gsl. § 17 nr. 4 tredje leddet).

Fleirtalet i utvalet gjer ikkje framlegg om konkrete krav om pedagogisk personale. Det blir vist til at slike krav følgjer indirekte av ei rekkje reglar i lovutkastet.

17.2.3 Funksjonar i skolen

Utvalet gjer framlegg om å halde oppe rådgiving til elevane som ein pålagd funksjon i både grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Utvalet finn det ikkje naturleg å overlate dette ansvaret til tariffavtalane. Slike avtalar sikrar ikkje dei nasjonale og individuelle interessene. Utvalet gjer derfor framlegg om å gi elevane lovfest rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkesval, yrkestilbod og sosiale spørsmål.

Som nemnt i kapitla 10 og 13, gjer utvalet framlegg om å føre vidare og å lovfeste kravet om klassestyrar både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Framlegget frå utvalet om å lovfeste innhaldet i klassestyrarfunksjonen blir avgrensa til hovudoppgåver. Dessutan viser departementet til framlegget frå utvalet om å føre vidare funksjonen som elevrådskontakt i grunnskolen, sjå også kapittel 10 om organ for brukarmedverknad i skolen.

Eit mindretal meiner at desse stillingane og funksjonane bør lovfestast: Undervisnings-/studieinspektør, lærar og rådgivar.

17.2.4 Tenester i skolen

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare det lovfeste kravet om bibliotektenester. Dessutan blir det gjort framlegg om å oppheve kravet om at éin av personalet i grunnskolen skal vere ansvarleg for bibliotektenesta (gsl. § 10 nr. 2 andre leddet første punktum).

Utvalet gjer framlegg om å oppheve det lovfeste kravet om pedagogisk rettleiingsteneste for grunnskolen, mens det blir gjort framlegg om å føre vidare lovgivinga om oppfølgingstenesta i den vidaregåande opplæringa.

Som nemnt i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov, inneheld lovutkastet frå utvalet pålegg om pedagogisk-psykologisk teneste.

17.2.5 Forskriftskompetansen til departementet - lovfesting av kommunal fridom til å skipe stillingar, funksjonar og tenester

Ovanfor er det nemnt kva for stillingar, funksjonar og tenester fleirtalet i utvalet meiner skal følgje av nasjonale krav. Der fleirtalet går inn for å halde på slike krav, er det gjort framlegg om å lovfeste kravet. Fleirtalet meiner det ikkje skal vere høve til å stille ytterlegare nasjonale krav på dette området. På denne bakgrunnen gjer fleirtalet i utvalet framlegg om å oppheve heimelen for departementet til å gi pålegg om stillingar, tenester og funksjonar.

Det blir heller ikkje gjort framlegg om nokon generell heimel for departementet til å gi nærmare forskrifter om innhaldet i tenestene og funksjonane. Forskriftsheimelen for departementet blir avgrensa til oppfølgingstenesta og til den pedagogisk-psykologiske tenesta (sjå kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov).

Som nemnt i kapittel 19 gjer fleirtalet i utvalet framlegg om også å oppheve kompetansen for departementet til å gi instruks for stillingar.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om ein kommunal kompetanse til generelt å kunne skipe stillingar, funksjonar og tenester innanfor dei rammene som følgjer av lova eller forskriftene. Sidan spørsmål om å skipe stillingar i skoleleiinga i dag er rekna som eit tariffspørsmål i forhandlingane mellom staten og lærarorganisasjonane, må kompetansen til kommunane og fylkeskommunane på dette området lovfestast. Ein slik lovregel vil ha som følgje at eventuelle tariffreglar som er komne fram eller som kjem fram etter forhandlingar mellom staten og fagorganisasjonane, må vike for kommunale og fylkeskommunale reglar på dette området. Framlegget omfattar likevel ikkje fordeling av arbeidstida for arbeidstakaren, blant anna lesepliktene i tariffavtalane i dag. Framlegget omfattar heller ikkje fastsetjing av kompensasjonsordningar - til dømes lønn - for arbeidstakaren.

Mindretalet kan ikkje akseptere legale skrankar som stengjer for retten til å gjere tariffavtalar med staten. Det bør ikkje lovfestast reglar som reduserer hevdvunne faglege rettar, og som i praksis fråtek arbeidstakarorganisasjonane retten til å forhandle med staten om arbeidsvilkåra for medlemmene.

Mindretalet gjer også framlegg om at departementet skal ha heimel til å gi forskrifter om å skipe stillingar, funksjonar og tenester i skolen. Heimelen bør også omfatte rett for departementet til å gi nærmare forskrifter om innhaldet i tenestene, også om instruksar.

17.3 Høyringsinstansane

17.3.1 Departementa

Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) støttar framlegget om å gi kommunane og fylkeskommunane ein eksklusiv kompetanse til å fastsetje stillingar og funksjonar i skolen. Denne lovregelen fører til at undervisningssektoren blir stilt på linje med andre sektorar i den kommunale verksemda når det gjeld å setje saman det administrative apparatet i samsvar med lokale behov og føresetnader. KAD støttar likevel eit lovfest krav om rådgivingsfunksjon.

Kulturdepartementet er usamd i at biblioteket i den vidaregåande skolen kan erstattast av eit eksternt samarbeid med eit anna bibliotek. Dessutan blir det peikt på at dersom ein fjernar regelen om den bibliotekansvarlege på skolen, svekkjer ein bibliotektenesta i grunnskolen.

Finansdepartementet støttar generelt framlegga frå fleirtalet i utvalet til lovreglar om stillingar, tenester og funksjonar i skolen.

17.3.2 Fylkeskommunane

Med eitt unntak er alle fylkeskommunane som har uttalt seg om spørsmålet, samde med fleirtalet i utvalet, som gjer framlegg om at fylkeskommunen skal stå fritt til å skipe stillingar, tenester og funksjonar. Det blir blant anna vist til omsynet til ei samla organisering av verksemda i fylkeskommunen, og omsynet til ein meir tilpassingsdyktig skole og ein meir målretta bruk av ressursane. Éin av fylkeskommunane er samd i prinsippet bak framlegget, men er redd for at skilnader i stillingsstrukturen mellom kommunar og fylkeskommunar kan skape uro. Denne fylkeskommunen meiner likevel at fylkeskommunane i alle tilfelle bør stillast friare.

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar at fagleg leiing også er teken med i rektorkravet og peiker på at det er viktig at leiinga dekkjer alle sider av skoledrifta. Fylkeskommunen vil likevel ikkje ha noko krav om særskild kompetanse for rektor. Rogaland fylkeskommune støttar rektorkravet, men ønskjer å kunne prøve ut andre modellar enn rektorleiing. Vestfold fylkeskommune går inn for å oppheve rektorkravet, men er positiv til ein rettsleg standard om forsvarleg leiing.

Finnmark og Rogaland fylkeskommunar støttar framlegga om rådgivingsteneste, mens Vest-Agder fylkeskommune meiner at rådgiving ikkje bør vere lovfest.

17.3.3 Kommunane

Fleire kommunar har uttalt seg om rektorkravet. Med få unntak går fråsegnene inn for at det blir fastsett eit strengare rektorkrav enn det utvalet gjer framlegg om, både når det gjeld skolestorleik og spørsmålet om å la ein rektor vere leiar for fleire skolar. Ein stor del av kommunane gjer også framlegg om at rektorkravet skal gjelde for alle skolar, utan omsyn til storleik. Det blir blant anna vist til at kravet om eigen rektor må sjåast i samanheng med den sentrale rolla rektor har i grunnskolen og ein tilsvarande reduksjon av den skolefaglege kompetansen på kommunenivå.

Mange av kommunane som har uttalt seg om spørsmålet, ønskjer ikkje sjølv å fastsetje stillingar, funksjonar eller tenester ut over dei som går fram av lovutkastet frå fleirtalet. Det blir vist til at slike spørsmål anten bør lovfestast eller fastsetjast i forskrifter. Somme kommunar meiner likevel det er positivt at lova opnar for nye måtar å organisere leiinga på. Det blir blant anna vist til at ut over krav om rektor på kvar skole, må det vere mogleg lokalt å finne fram til den mest formålstenlege leiargruppa på ein skole.

Dei fleste av dei kommunane som har uttalt seg om pedagogisk rettleiingsteneste, meiner at ei slik teneste framleis bør vere lovfest.

17.3.4 Andre

Kommunenes Sentralforbund (KS) er i hovudsak samd med fleirtalet i utvalet i vurderingane av omfanget av lovpålagde stillingar. KS peiker på at ei utvikling av oppvekstsentra der til dømes skolen, barnehagen og skolefritidsordninga kjem inn under den same leiinga, tilseier at lova ikkje bør vere til hinder for at éin av dei tilsette får leiaransvar, og at leiinga av slike einingar blir sett inn i ramma av leiingsstrukturen elles i kommunen.

Norsk Skolelederforbund er glad for ein rettsleg standard om forsvarleg skoleleiing, og er elles samd med utvalsframlegget frå fleirtalet om at det ikkje skal vere lovfastsette krav om andre stillingar i skoleleiinga enn rektor. Forbundet støttar også at ordninga med lærarstyrte skolar blir oppheva, likeins framlegget frå utvalet om rådgivingsfunksjon og klassestyrarfunksjon, men vil ha eit eige bibliotek ved dei vidaregåande skolane. Norsk Skolelederforbund støttar også framlegget om å oppheve forskriftskompetansen om stillingar, tenester og funksjonar, likeins at kompetansen til å avgjere dette vert lagd til kommunane og fylkeskommunane.

Lærarforbundet, LO og Norsk Lærarlag meiner at det skal vere rektor på alle grunnskolar, frå tredelte skolar og oppover. Det blir blant anna peikt på at det eigentleg er å lovfeste den praksisen som gjeld i dag. Dessutan meiner organisasjonane at ein må sikre eit einskapleg personale i skolen ved å lovfeste stillingane som lærar, rådgivar, undervisningsinspektør og studieinspektør. I tillegg til å lovfeste desse stillingane meiner organisasjonane at sentrale skolestyresmakter framleis må kunne skipe andre stillingar, funksjonar og tenester, og at det må kunne givast forskrifter om dei stillingane som er regulerte etter lova.

Organisasjonane meiner dessutan at lova må innehalde ein heimel for departementet til å gi forskrifter om minstestandard for bibliotektenesta, både i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. LO og Norsk Lærarlag meiner òg at ordninga med alternativ styring av skolar har verka positivt, og at denne ordninga bør førast vidare i lova. Ordninga bør også gjelde for vidaregåande skolar. Dette synspunktet deler også Norsk Kommuneforbund.

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) støttar også kravet om rektor ved alle skolar, med unntak av udelte og todelte skolar. Dessutan er FUG tilfreds med lovframlegget om at alle elevar har rett til rådgiving. FUG meiner kommunen sjølv bør avgjere korleis denne tenesta skal organiserast lokalt. FUG er også glad for at klassestyrarfunksjonen blir lovfest med klare funksjonsinstruksar. Foreldreutvalet for grunnskolen meiner dessutan at det er særleg viktig å lovfeste det ansvaret klassestyraren har for samarbeidet mellom heim og skole. FUG meiner at dette ansvarsområdet også må lovfestast som eitt av ansvarsområda for rektor.

FUG er usamd i framlegget om å oppheve reglane om at kvar kommune skal ha pedagogisk rettleiingsteneste. Det blir vist til at den pedagogiske rettleiingstenesta har ei svært viktig rolle, blant anna i arbeidet med å leggje til rette ei planfast etterutdanning for lærarane.

Kristeleg Folkeparti meiner at alle skolar - med unntak av svært små grunnskolar - skal ha rektor. Partiet meiner dessutan at departementet skal ha forskriftskompetanse når det gjeld normalinstruksar og minstestandard og eventuelle utdanningskrav for rådgivingstenesta. Skoleleiarane i barne- og ungdomspsykiatrien vil ha rektorkrav også for små skolar.

Norsk Elevorganisasjon meiner at kvar vidaregåande skole skal ha bibliotek og medietek i skoleanlegget. Det blir blant anna vist til at det stimulerer til større ansvar for eiga læring gjennom meir sjølvstendig studiearbeid. Eit liknande standpunkt tek også Norske Sivilingeniørers Forenings etatsforening ved tekniske fagskoler/videregående skoler, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Norsk Bibliotekforening, som også meiner at departementet skal gi forskrifter om organisering og omfang av bibliotek i grunnskolen og i den vidaregåande skolen.

Nasjonalt læremiddelsenter meiner også at forskriftsheimelen for skolebiblioteket skal førast vidare. Dessutan meiner senteret at dersom lovregelen om at éin av personalet i grunnskolen skal ha ansvaret for biblioteket fell bort, bør det gå fram av andre styrings- eller rettleiingsdokument at det er ein føresetnad for at biblioteket skal brukast etter intensjonen at skolebiblioteket har ei tilfredsstillande fagleg leiing.

Rådet for skriftkultur meiner at kvar vidaregåande skole skal ha eit bibliotek tilpassa storleiken på skolen og dei lokale forholda. Rådet for skriftkultur og Skolebibliotekarforeningen i Norge meiner at departementet skal gi forskrifter om organisering og omfang av biblioteka i grunnskolen og i den vidaregåande skolen.

Dessutan meiner Skolebibliotekarforeningen i Norge at skolebiblioteket må ha ei pedagogisk leiing for å fylle den pedagogiske funksjonen sin. Det blir blant anna vist til at skoleadministrasjonen treng kompetanse når ein skal vurdere, kjøpe inn, halde ved like, leggje pedagogisk til rette for og organisere den omfattande læremiddelsamlinga som må til for å gjennomføre nye læreplanar.

17.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

17.4.1 Generelt

Med dei unntak som følgjer av framstillinga nedanfor, sluttar departementet seg til vurderingane og framlegga frå fleirtalet i utvalet om stillingar, tenester og funksjonar i skolen. Mellom anna er departementet samd i framlegget om at det ikkje lenger skal vere heimel til å gi nasjonale forskrifter om kva for stillingar, tenester og funksjonar det skal vere i skolen. Slike krav bør gå fram av lova aleine.

Departementet har vidare vurdert framlegget frå fleirtalet i utvalet om ein lovregel som slår fast at kommunane og fylkeskommunane sjølv skal fastsetje kva for stillingar, funksjonar og tenester det skal vere i skolen ut over det som følgjer av lova.

Departementet er av den oppfatning at tariffavtalar om organiseringa av verksemda, herunder ressursbruk, er lite heldig og ikkje i samsvar med det som gjeld elles i arbeidslivet.

Departementet er samd med utvalet i at kommunane og fylkeskommunane bør ha stor fridom til å organisere og styre den enkelte skolen. I denne samanhengen viser departementet til kapittel 19 om den arbeidsrettslege stillinga til skoleleiarane og undervisningspersonalet, der departementet gjer framlegg om å oppheve den heimelen departementet i dag har til å gi instruksar for stillingar i skolen.

Dei tidlegare omtalte nemndsavgjerdene inneber at kommunar og fylkeskommunar er gitt stor fridom til sjølv å vedta å opprette leiarstillingar innanfor dei rammene som framgår av regelverket. På bakgrunn av dette finn departementet det ikkje nødvendig å gå inn for framlegget om ein særleg lovregel om at kommunane og fylkeskommunane sjølv skal fastsetje kva for stillingar, funksjonar og tenester det skal vere i skolen ut over det som følgjer av lova.

I motsetnad til utvalet går departementet inn for ein heimel til å gi nærmare forskrifter om rådgivingsfunksjonen. Derimot er forskriftsheimelen for oppfølgingstenesta unødig vidt formulert både i lova i dag og i lovutkastet frå utvalet. Heimelen bør avgrensast til forskrifter om oppgåver. Departementet ser det som vesentleg at ein får til god samanheng mellom rådgivingstenesta, pedagogisk-psykologisk teneste og oppfølgingstenesta.

Elles viser departementet til kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov, der departementet gjer framlegg om å føre vidare den pedagogisk-psykologiske tenesta.

17.4.2 Rektorkravet

Departementet er samd i framlegget frå utvalet om at det framleis skal vere eit lovpålagt krav om rektor på alle vidaregåande skolar og på dei fleste grunnskolane. Rektor skal vere pedagogisk, fagleg og administrativ leiar for skolen, og det skal gjelde særlege kompetansekrav for stillinga (sjå kapittel 18 om kompetansekrav for undervisningspersonell og skoleleiarar). Departementet viser til dei same vurderingane som utvalet.

Etter reglane i dag gjeld rektorkravet ikkje fådelte grunnskolar utan ungdomssteg.

Fleirtalet i utvalet har i hovudsak gjort framlegg om å føre denne avgrensinga i rektorkravet vidare, jamvel om regelen på bakgrunn av framlegget om aldersblanding har fått ei noko anna utforming.

I Innst. S. nr. 15 (1995-96) går fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen inn for at det skal vere rektor på alle grunnskolar, med unntak av udelte og todelte skolar. Komitéframlegget frå fleirtalet vil seie eit nytt rektorkrav for tredelte, firedelte og femdelte barneskolar.

Dessutan har ei mengd høyringsinstansar gått inn for at det blir fastsett eit strengare rektorkrav enn det utvalet gjer framlegg om, både når det gjeld skolestorleik og ordninga med å la ein rektor vere leiar for fleire skolar.

Det er om lag fem hundre udelte og todelte barneskolar i Noreg. Av totalt 3 325 grunnskolar er ein tredel unnatekne frå rektorkravet etter lovgiving som gjeld i dag. Samtidig er det berre rundt tre hundre grunnskolar som ikkje har rektor. For dei fleste skolane som ikkje har rektorkrav, er det såleis valt å ha rektor, jamvel om det ikkje er pålagt. Ein må også rekne med at dei fleste av dei skolane som ikkje har rektor, er udelte eller todelte. Dessutan må ein rekne med at dei fleste tre-, fire- eller femdelte skolane som ikkje har rektor, i alle tilfelle har ein administrasjonslærar med same lønn som rektor. Å føre inn eit rektorkrav i tråd med synet til komitéfleirtalet fører såleis ikkje til særlege faktiske meirkostnader (sjå også kapittel 30 om økonomiske og administrative konsekvensar).

Departementet går på denne bakgrunnen inn for at rektorkravet skal gjelde for alle grunnskolar med unntak av barneskolar som har 30 elevar eller mindre. Med dei klassedelingsreglane som gjeld idag og som framleis skal gjelde etter lovutkastet frå departementet, vil dette i praksis seie at kravet ikkje vil gjelde for udelte og todelte barneskolar.

Når det gjeld spørsmålet om rektor skal kunne vere leiar for ein annan skole, har departementet i si tolking av lovgivinga som gjeld i dag, lagt til grunn at rektor på ein skole med rektorkrav ikkje også kan vere leiar for ein annan skole. Departementet meiner at denne rettstilstanden bør førast vidare og er såleis ikkje samd med fleirtalet i utvalet på dette punktet. Det blir vist til at rektor bør vere mest mogleg til stades på skolen. Dessutan kan det føre til ein del reising om ein må vere leiar på to skolar, noko som kan gå ut over leiaroppgåva.

Departementet meiner at det stiller seg noko annleis når det gjeld spørsmålet om rektor skal kunne leie andre opplæringsarrangement, til dømes særskilt organisert vaksenopplæring. Føresetnaden er likevel at dette ikkje går nemneverdig ut over oppgåvene som rektor i hovudstillinga.

Det kan likevel tenkjast tilfelle der kravet om at det skal vere rektor på kvar skole med unntak av todelte og udelte barneskolar, skapar særleg store praktiske vanskar eller der særlege forhold gjer at ei anna organisering vil gi ei vesentleg betre leiing av skolen. Dette kan til dømes vere situasjonen for skoleverksemda i enkelte sosiale og medisinske institusjonar. Vidare bør det vere opning for tidsavgrensa forsøk med alternativ leiing. Departementet gjer derfor framlegg om ein heimel for departementet til å gjere unntak frå kravet om rektor i særlege tilfelle. Det vert understreka at denne heimelen ikkje skal kunne nyttast til å gi meir generelle unntak frå kravet i lova.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å oppheve ordninga med lærarstyrte skolar på skolar som har rektorkrav. Departementet sluttar seg til dette. Lærarstyre er ei innarbeidd ordning på nokre få skolar. På desse skolane bør det vere overgangsordningar, sjå kapittel 28 om overgangsordningar. Vidare bør det opnast for forsøk med lærarstyrte skolar etter unntaksheimelen.

17.4.3 Bibliotektenesta

Departementet er samd i framlegget frå utvalet om å føre vidare kravet om at vidaregåande skolar skal ha tilgang til eit bibliotek. Når det gjeld skolebibliotek i grunnskolen, viser departementet til Innst. S. nr. 15 (1995-96), der kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen mellom anna uttaler:

«Komiteen er enig med departementet i at skolebiblioteket bør ha en sentral plass i skolens virksomhet og vil understreke at alle fulldelte skoler i utgangspunktet bør ha et skolebibliotek. Komiteen ser at det enkelte steder kan være naturlig at skolebiblioteket er samlokalisert med det lokale folkebiblioteket. Komiteen vil likevel understreke at et slikt tilbud, hvis det skal kunne brukes som et aktivt ledd i den pedagogiske virksomheten, må ligge på skolen eller så nær skolen at man kan legge opp til at det kan brukes i undervisningen og at klassene kan ha faste tider i biblioteket.»

Departementet legg til grunn at komiteen ønskjer å mjuke opp det bibliotekkravet som gjeld for grunnskolen i dag, men at det ikkje skal føre til eit dårlegare tilbod. Departementet sluttar seg til oppfatninga i komiteen og gjer framlegg om at det ikkje lenger skal vere eit absolutt krav om at skolebiblioteket i grunnskolen skal vere lokalisert på skolen. På same måten som i den vidaregåande skolen bør kravet kunne oppfyllast både gjennom eit eige bibliotek på skolen og som eit samarbeid med eit anna bibliotek. Kravet for grunnskolen bør såleis vere det same som for den vidaregåande skolen.

Det bør likevel gå klart fram at elevane skal ha tilgang til eit bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen, og at biblioteket også kan brukast som eit aktivt ledd i opplæringa på skolen. Det vil blant anna seie at biblioteket anten må vere plassert i skolelokala eller i nærleiken av skolen. I lovutkastet frå departementet er det derfor presisert at bibliotektenesta gjeld skolebibliotek.

Fleirtalet i utvalet finn det ikkje nødvendig med ein eigen forskriftsheimel i tilknyting til bibliotektenesta, og gjer også framlegg om å oppheve den særlege regelen i gsl. § 10 nr. 2 andre leddet, om at éin av personalet i grunnskolen skal vere ansvarleg for bibliotektenesta. Departementet er samd i dette.

Til toppen
Til dokumentets forside