Ot.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.)

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

Regjeringa gjer i proposisjonen her framlegg til lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover. Framlegget svarer til framlegget i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005) Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.), som blei satt fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005) blei ikkje handsama i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden. I proposisjonen her er det tatt inn eit likelydande lovframlegg som i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005). For lovmotiva viser departementet til den proposisjonen.

Til forsida