Ot.prp. nr. 79 (1997-98)

Om lov om endring i lov 3 februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova)

Til innholdsfortegnelse

3 Høyringsfråsegner

Ingen av høyringsinstansane går direkte mot framlegget om ei utviding av området for bilansvarslova § 10 andre leddet. Vegdirektoratet, Trafikkforsikringsforeningen, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Sau- og Geitalslag og Motorførernes Avholdsforbund stør framlegget frå Samferdselsdepartementet fullt ut.

Fleire av høyringsinstansane har merknader til kor langt ei utviding bør gå, og til korleis lova bør formast ut.

Landbruksdepartementet, Norske Reindriftsamers Landsforbund og Norges Bondelag meiner tamrein må takast med i opprekninga. Dei viser til at reinsdyr, på lik line med husdyr, er eit formuesgode for eigaren. Slike dyr kjem òg ofte i kontakt med trafikkerte vegstrekningar, og dei same argumenta som taler for ei utviding av lovføresegna gjeld òg for reinsdyr.

Landbruksdepartementet meiner i tillegg at tamrein (som i andre samanhengar ikkje er omfatta av omgrepet «husdyr») bør nemnast særskild, og at lova sjølv bør rekne opp kva for husdyr som skal dekkjast av lovføresegna. Opplistinga bør ikkje vere uttømmande. Landbruksdepartementet tek til orde for at bilansvarslova § 10 andre leddet vert gjeve denne tilføyinga: «. . . , tamrein og husdyr på beite som hest, storfe, sau og geit.»

Opplysningsrådet for Veitrafikken meiner at til dømes hund og katt bør vere omfatta av utvidinga. Rådet meiner òg at omgrepet «husdyr» i beitelova ikkje er klart nok med omsyn til ei avgrensing av verkeområdet til bilansvarslova § 10 andre leddet.

Norges Automobil-Forbund meiner òg at framlegget frå departementet kan skape avgrensingsvanskar i praksis. I tillegg framhevar dei at grunngjevinga bak framlegget tilseier at òg andre formuesgoder bør ha vern. Dei meiner difor at det bør vurderast om ikkje alle skadar valda av ukjend motorvogn bør vere omfatta av bilansvarslova § 10 andre leddet.

Den Norske Advokatforening meiner det ikkje bør skiljast mellom kjend og ukjend motorvogn som skadevaldar når det gjeld skadar på dyr. Advokatforeningen viser til at det etter bilansvarslova § 5 bokstav c berre er gjort unntak frå skadebotansvaret for hund som går laus.