Ot.prp. nr. 79 (1997-98)

Om lov om endring i lov 3 februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova)

Til innholdsfortegnelse

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det ligg ikkje føre noko systematisk oversyn over talet på dyreskadar gjort av ukjend motorvogn. Departementet går ut ifrå at dei fleste dyr som vert skadde av motorvogn, er eigarlause, til dømes elg og hjort, og såleis utan skadebotvern etter bilansvarlova. Skade på kattar utgjer truleg også ein stor gruppe, men når det gjeld kattar vil eigaren ofte ikkje lide noko økonomisk tap. Den auken i utbetalingar som lovendringa kan gje, vert dekt av trygdelaga saman gjennom Trafikkforsikringsforeningen. Utgiftene vert i siste omgang dekt gjennom trygdepremiane. Departementet legg til grunn at lovendringa ikkje vil gje særleg auke i trygdepremiane.

Lovendringa vil kunne gje ei viss auke i talet på saker til handsaming i Trafikkforsikringsforeningen.

For staten vil lovendringa ikkje ha nemnande økonomiske og administrative konsekvensar.