Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 89 (2002-2003)

Om lov om endringar i folketrygdlova (refusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat praksis)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova). Det blir gjort framlegg om endring i § 5-12 i lova for å gjere det mogeleg for jordmødrer å drive privat svangerskapsomsorg med refusjon frå trygda, og om oppheving av § 5-11 som handlar om trygderefusjon for rettleiing i familieplanlegging og kontrollundersøkingar i svangerskap i helsestasjon. Endringane vil etter føresetnadene bli sette i verk frå 1. oktober 2003.

Framlegget er ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak som blei gjort i samband med handsaminga av St.meld. nr. 43 (1999-2000) Om akuttmedisinsk beredskap, jf. Innst. S. nr. 300 (2000-2001):

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til lovfesting av trygderefusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat så vel som i offentlig virksomhet».

Kommunane har etter kommunehelsetenestelova plikt til å ha jordmorteneste. Departementet foreslår at vilkåret for å gje trygderefusjon til jordmor skal vere at jordmora har driftsavtale med kommunen. Kommunane vil framleis få refusjon for svangerskapskontrollar i helsestasjon gjennom stønadsforskriftene etter folketrygdlova §§ 5-4 for legar og 5-12 for jordmødrer.

Til toppen
Til forsida av dokumentet