Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 1300–1380 Inntektskapittel: 4300–4380, 5611, 5618–5619 og 5622–5624

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

Regjeringa sine mål for samferdselspolitikken

Regjeringa vil leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og arbeide for å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret. Noreg er eit land med store avstandar og spreidd busetting, og med sterk vekst i folketalet i dei store byområda. Regjeringa fører ein differensiert politikk tilpassa målet om eit moderne transportnett i heile landet. Effektive transport– og kommunikasjonsløysingar er avgjerande for å skape vekst og utvikling i næringslivet og oppretthalde livskraftige lokalsamfunn.

Det overordna målet for regjeringa sin transportpolitikk er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer behova samfunnet har for transport og som fremjar regional utvikling. For post og telekommunikasjonar er det eit overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig tilbod av grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege prisar for folk og næringsliv over heile landet, og med eit tilfredsstillande breibandstilbod til alle.

Hovudprioriteringane i Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 2012 tek utgangspunkt i hovudmåla for transportpolitikken i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019:

  • betre framkome og reduserte avstandskostnader for å styrkje konkurransekrafta i næringslivet og for å bidra til å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret

  • transportpolitikken skal byggjast på ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren

  • transportpolitikken skal bidra til å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport og oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på miljøområdet

  • transportsystemet skal vere universelt utforma.

Regjeringa har gjennom fleire år trappa opp løyvingane til transportsektoren. Investeringsløftet i Nasjonal transportplan 2010–2019 er det største løftet for utbygging av transportinfrastruktur i moderne tid. Med forslaget til statsbudsjett for 2012 held regjeringa fram med å trappe opp løyvingane til veg og jernbane i samsvar med målsettinga i Nasjonal transportplan 2010–2019 om å løyve om lag 100 mrd. 2009-kr meir enn i førre tiårsplan.

Betre infrastruktur for veg og jernbane er eit sentralt verkemiddel i regjeringa sitt arbeid for å ta heile landet i bruk og styrkje den langsiktige verdiskapinga. Regjeringa legg i Nasjonal transportplan 2010–2019 opp til å styrkje innsatsen både til drift og vedlikehald og til nye utbyggingsprosjekt.

Transportbehovet i byområda aukar som følgje av stor vekst i folketalet. Behovet må hovudsakleg møtast ved å satse meir på kollektivtransport. Den betydelege innsatsen til utbygginga av jernbanen som regjeringa legg opp til i Nasjonal transportplan 2010–2019 og innfasinga av nytt togmateriell, vil leggje til rette for eit vesentlig betre togtilbod.

Regjeringa har også lagt opp til ei betydeleg styrking av vegsektoren. Fleire nye og store vegprosjekt blir sette i gang, og fleire viktige prosjekt blir fullførte. Dette medverkar til å sikre næringsliv og folk flest føreseielege transportar og redusert reisetid. Rassikring er eit viktig tiltak for å skape eit meir føreseieleg transportsystem, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Regjeringa følgjer opp Nasjonal transportplan 2010–2019 som har lagt opp til ein kraftig auke i innsatsen til rassikring.

Ordninga med at overskotsflyplassane betaler for underskotsflyplassane blir vidareført. Samferdselsdepartementet vil halde fram med å kjøpe flyruter etter anbod der marknaden ikkje leverer eit tilfredsstillande tilbod. Ny avtale med Hurtigruten ASA sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og 32 hamner i mellom.

Regjeringa har eit mål om at talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken skal reduserast med minst ein tredel i planperioden. Det var ein reduksjon i talet på hardt skadde og drepne i vegsektoren i 2010. Sidan 1970 er talet på drepne i vegtrafikken redusert med 64 pst. og talet på hardt skadde med om lag 85 pst. I same periode er trafikken meir enn tredobla. Regjeringa vil halde fram med eit systematisk og målretta arbeid for å betre tryggleiken på vegane. I luftfarten og på jernbane skal det høge tryggleiksnivået oppretthaldast.

Transportpolitikken skal medverke til å redusere miljøskadelege verknader av transport. CO2-avgifta vil framleis vere det viktigaste klimaverkemidlet. Sektoren er òg pålagt drivstoffavgifter og køyretøyavgifter som har stor verknad på utsleppa. M.a. er utsleppa frå nye personbilar redusert med 24 pst. sidan 2006. Innsatsen på jernbane og tiltak som styrkjer lokal kollektivtransport og reduserer bruken av bil i tettbygde strok, vil medverke positivt. Gjennom RENERGI-programmet og Transnova vil regjeringa medverke til å få til ei raskare implementering av ny og meir miljøvenleg transportteknologi.

Omfanget av reisar i den lokale kollektivtransporten er høgare enn nokon gong. Regjeringa held fram innsatsen med å få fleire til å reise kollektivt og til å sykle og gå. Innsatsen til gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikktiltak og universell utforming blir auka.

Regjeringa vil leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle. Arbeidet med å oppgradere haldeplassar og knutepunkt til universell utforming held fram. Tiltaka for universell utforming medverkar til å heve kvaliteten og gjere kollektivtransport meir attraktivt for alle.

Gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår vil regjeringa sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Det inneber m.a. rask framsending av prioritert post, omdeling av post seks dagar i veka og einskapsporto.

Den digitale allemannsretten er viktig for å redusere avstandsulemper og gjere det mogleg for alle innbyggjarane å bruke offentlege elektroniske tenester. Med ein dekningsgrad for husstandane på nær 100 pst. på mobil (GSM) og fast og trådlaust breiband har Noreg eit av dei best utbygde ekomnetta i verda. Regjeringa vil likevel halde fram arbeidet med å leggje til rette for breiband med tilstrekkeleg kapasitet til å møte framtidige behov innan skule, helse, næringsliv og hushald over heile landet.

Hovudprioriteringar i budsjettet for 2012

(i 1 000 kr)

Kat.

Betegnelse

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

21.10

Administrasjon m.m.

428 500

447 500

4,4

21.20

Luftfartsformål

957 800

977 500

2,1

21.30

Vegformål

15 084 900

16 255 200

7,8

21.40

Særskilte transporttiltak

825 300

1 231 600

49,2

21.50

Jernbaneformål

11 538 100

12 540 500

8,7

Sum programområde 21

28 834 600

31 452 300

9,1

22.10

Post og telekommunikasjonar

553 200

297 800

-46,2

Sum programområde 22

553 200

297 800

-46,2

Sum Samferdselsdepartementet

29 387 800

31 750 100

8,0

Samla budsjettforslag for 2012 er på om lag 31,8 mrd. kr. Budsjettforslaget inneber ein samla vekst i utgiftene på om lag 2,4 mrd. kr, eller 8 pst., samanlikna med saldert budsjett 2011. Løyvingane til veg- og jernbanesektoren utgjer om lag 91 pst. av budsjettforslaget. Utgiftene til vegformål er om lag 16,3 mrd. kr og utgjer om lag halvdelen av dei samla utgiftene på budsjettet til departementet. Til jernbaneformål er utgiftene om lag 12,5 mrd. kr, noko som utgjer nærmare 40 pst. av budsjettet.

Forslaget til samferdselsbudsjett for 2012 medverkar til eit nytt steg i retning av hovudmåla for transportpolitikken.

Budsjettforslaget inneber ein betydeleg auke i den statlege innsatsen både til veg- og jernbaneinfrastruktur. Regjeringa held fram med å trappe opp løyvingane til veg og jernbane i samsvar med Nasjonal transportplan 2010–2019. I Nasjonal transportplan 2010–2019 er det presentert økonomiske planrammer med høgare årlege gjennomsnitt i siste del av planperioden enn første fireårsperiode. Regjeringa har lagt til grunn at satsinga skal fasast inn i økonomien så raskt som mogleg, men innafor dei avgrensingane eit forsvarleg økonomisk opplegg set. Med forslaget til budsjett for 2012 ligg det godt an til at dei økonomiske rammene i dei første fire åra av planperioden kan nåast i 2013. Forslaget til løyvingar til Statens vegvesen og Jernbaneverket i 2012 inneber at oppfølginga samla etter tre av fire år av planperioden 2010–2013 er på 72,9 pst., med ein noko høgare oppfølgingsgrad for Jernbaneverket (73,9 pst.) enn for Statens vegvesen (72,3 pst.).

I forslaget til samferdselsbudsjett for 2012 har regjeringa lagt særleg vekt på å styrkje innsatsen på jernbanen, gjennom ein kraftig auke av løyvingane til Jernbaneverket, statleg kjøp av persontransporttenester med tog og Statens jernbanetilsyn. Til jernbaneformål samla er det foreslått løyvd om lag 12,5 mrd. kr, ein auke på om lag 1 mrd. kr eller 8,7 pst. frå saldert budsjett 2011. Jernbanesatsinga i 2012 er ein føresetnad for å kunne innføre ein ny og betre grunnrutemodell for jernbanen i Austlandsområdet. Det høge nivået på vedlikehald og fornying av jernbaneinfrastrukturen aukar ytterlegare i 2012, medan det er funne rom for å starte to nye store prosjekt. Innfasing av nytt og moderne togmateriell er ein viktig del av jernbanesatsinga. I 2012 vil NSB AS etter planane få levert 30 av 50 nye togsett til bruk i lokaltrafikken.

Regjeringa har også lagt opp til å styrkje vegsektoren betydeleg i 2012. Til Statens vegvesen er det foreslått eit budsjett på om lag 16,3 mrd. kr, ein auke på om lag 1,2 mrd. kr eller 7,8 pst. kr frå saldert budsjett 2011. 2011 representerer eit trendbrot ved at vedlikehaldsetterslepet ikkje aukar. Vedlikehaldsinnsatsen blir i 2012 vidareført på om lag same nivå. Det er funne rom for å starte fleire nye, store vegprosjekt i 2012. I tillegg kan det vere aktuelt med bompengar til fleire nye prosjekt. Det er venta stilt til disposisjon om lag 5,6 mrd. kr i bompengar til statlege vegprosjekt i 2012 og om lag 3,6 mrd. kr i bompengar til fylkesvegnettet, av dette om lag 1,6 mrd. kr til kollektivtiltak. Regjeringa har i Nasjonal transportplan 2010–2019 lagt opp til ein kraftig auke i innsatsen til rassikring og foreslår i budsjettet full oppfølging av den økonomiske ramma til rassikring på fylkes- og riksvegar i 2012.

På programområda på veg aukar den høge innsatsen til tryggleikstiltak ytterlegare, medan innsatsen til gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikktiltak og universell utforming aukar betydeleg frå 2011.

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 447,5 mill. kr. Løyvingane til administrasjon m.m. omfattar drift av departementet, deltaking i internasjonale organisasjonar, tilskot til Trygg Trafikk, Syklistenes Landsforening, ITS Norge og departementet sitt arbeid med samferdselsberedskap, og utgjer til saman 199,6 mill. kr.

Vidare omfattar programkategorien også løyvingar til utgreiingar, forsking og Transnova-prosjektet. Departementet sin forskingsstrategi er utgangspunktet for mål og prioriteringar av forskingsinnsatsen. Samla er det foreslått å løyve 247,9 mill. kr. Til Transnova-prosjektet er det foreslått 74,8 mill. kr, om lag det same som i saldert budsjett 2011. Av denne løyvinga er 20 mill. kr ein del av satsinga til miljøteknologiprogrammet.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag for luftfartsformål er 977,5 mill. kr.

Det er budsjettert med 705,6 mill. kr til kjøp av flytransport, om lag det same nivået som i saldert budsjett 2011. I august 2011 lyste Samferdselsdepartementet ut nytt anbod med sikte på å inngå nye kontraktar for ruteflyging med verknad frå 1. april 2012. Dei nye kontraktane vil ha maksimale kontraktlengder på fire og fem år.

Til Luftfartstilsynet er det i 2012 foreslått å løyve 183,9 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 60,6 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbyte frå Avinor AS på 502 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått å løyve 16,3 mrd. kr. Forslaget inneber ein auke på om lag 1,2 mrd. kr eller 7,8 pst. frå saldert budsjett 2011.

Samla budsjettforslag for Statens vegvesen gir etter tredje året i planperioden 2010–2013 ei oppfølging på 72,3 pst. av planramma.

Det er budsjettert med om lag 7,6 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn, ein auke på 417,3 mill. kr eller 5,8 pst. frå saldert budsjett 2011. Med budsjettforslaget kan det bli lagt 600–800 km asfalt.

Til saman er det foreslått å auke løyvingane til investeringar på veg i 2012 med 622 mill. kr eller 9,7 pst. frå saldert budsjett 2011. Dette sikrar rasjonell framdrift for dei prosjekta som er sette i gang. Det er budsjettert med 5,6 mrd. kr til riksveginvesteringar på post 30. I tillegg kjem investeringsmidlar til Bjørvika og prosjekta E16 over Filefjell og E6 vest for Alta, som er førte på eigne investeringspostar. Dei føreslåtte løyvingane til rassikring på riks- og fylkesvegnettet utgjer til saman 1 075,3 mill. kr.

Det er lagt til grunn startløyving til prosjektering/førebuande arbeid på ein del større prosjekt (over 100 mill. kr) i 2012 og fleire prosjekt vil få anleggstart:

  • E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland

  • Rv 9 Krokå – Langeid, Aust-Agder

  • E134 Gvammen – Århus, Telemark

  • E39 i Sogn og Fjordane (delstrekningar)

  • Rv 5 Loftesnesbrua, Sogn og Fjordane

  • E6 Oppdal sentrum, Sør-Trøndelag

  • E6 Vindalsliene – Korporals bru, Sør-Trøndelag

  • E18 Sydhavna, Oslo

  • E134 Skjold – Solheim, Rogaland

  • Rv 3 Åsta bru med tilstøytande veg, Hedmark.

Nærare utgreiingar og ekstern kvalitetssikring av ei rekkje større prosjekt pågår. Regjeringa vil vurdere desse prosjekta nærare, inkludert tilråingane frå kvalitetssikringsarbeidet, og vil deretter kome tilbake til Stortinget. Regjeringa tek sikte på å vurdere bompengeproposisjonar i 2012 m.a. for desse større prosjekta:

  • E6 Vegpakke Helgeland, første etappe (Mo – Bolna), Nordland

  • E6 Hålogalandsbrua, Nordland

  • E6 Ringebu – Otta, delstrekning Frya – Sjoa, Oppland

  • E6 Minnesund – Skaberud, Akershus og Hedmark

  • E16 Fønhus – Bagn – Bjørgo, delstrekning Fønhus – Bagn, Oppland

  • E39 Eiganestunnelen, Rogaland

  • Rv 13 Ryfast, Rogaland.

  • E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, Møre og Romsdal.

I 2012 blir desse større riksvegprosjekta opna for trafikk:

  • E18 Sky – Langangen, Vestfold

  • Rv 510 Solasplitten, Rogaland

  • E39 Torvund – Teigen, Sogn og Fjordane

  • E39 Kvivsvegen, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

  • E16 Nestunnelen, Buskerud

  • Rv 706 Dorthealyst – Stavne, Sør-Trøndelag.

Rassikring på veg er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge, og er eit område som regjeringa prioriterer. Regjeringa varsla i Nasjonal transportplan 2010–2019 ein kraftig auke i rassikringsinnsatsen både på riksvegnettet og det nye fylkesvegnettet. Som for 2011 inneber løyvingsforslaget til rassikringstiltak i 2012 oppfølging av Nasjonal transportplan i budsjettåret.

Av midlane til rassikring er 538,4 mill. kr avsett til fylkesvegnettet i 2012. Det vil vere eit høgt aktivitetsnivå ved inngangen til 2012. På riksvegnettet blir det derfor lagt opp til å vidareføre allereie starta eller vedtekne prosjekt. Det er i tillegg foreslått statlege midlar til anleggsstart på prosjektet E136 Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal, under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering.

Det blir foreslått å løyve 746,6 mill. kr i statlege midlar til trafikktryggleikstiltak, noko som inneber ei overoppfølging av den økonomiske ramma i Nasjonal transportplan 2010–2019 etter tre år. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulykkene på riksvegnettet som møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med påkøyrsel av mjuke trafikantar. I 2012 er det lagt opp til å fullføre fleire strekningar med midtrekkverk. I tillegg vil det i 2012 pågå arbeid med bygging av midtrekkverk på:

  • E16 Vik – Ringerike grense, Buskerud

  • E39 Rosseland – Storenes bru, Vest-Agder

  • E6 Hagen – Gyllan, Sør-Trøndelag

  • E6 Sparbu – Mære – Vist, Nord-Trøndelag.

Regjeringa legg opp til å auke innsatsen på programområda gang- og sykkelvegar og kollektivtransporttiltak/universell utforming. Det er foreslått å setje av 301,6 mill. kr til gang- og sykkelvegar innafor vegbudsjettet, ein auke på om lag 72 mill. kr frå saldert budsjett 2011. Til kollektivtiltak og tiltak for universell utforming blir det sett av 156,9 mill. kr, ein auke på om lag 32 mill. kr frå saldert budsjett 2011.

Regjeringa foreslår at det innafor rentekompensasjonsordninga for fylka i 2012 kan gis tilsagn om rentekompensasjon tilsvarande ein investeringsramme på 2 mrd. kr.

Til riksvegferjedrifta er det budsjettert med 491,9 mill. kr. Dette gir om lag same rutetilbod i 2012 som ved utgangen av 2011. Det er lagt opp til ein takstauke på 3,1 pst.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 1 231,6 mill. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 406,3 mill. kr eller 49,2 pst. frå saldert budsjett 2011. Av dette er 738,5 mill. kr sett av til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes.

Det er avsett 493,1 mill. kr til særskilt tilskot til kollektivtransport. Av dette er 411 mill. kr sett av til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda, for å følgje opp allereie inngåtte avtalar og evaluere desse.

Til tilgjengetiltak og forsøk med kollektivtransport i distrikta er det sett av høvesvis 45,1 mill. kr og 22 mill. kr. For å medverke til å utvikle ein nasjonal reiseplanleggar og nasjonal forvaltning av system for elektronisk billettering er det sett av inntil 5 mill. kr. Departementet foreslår å setje i gang ei ny forsøksordning med eit forbetra tilbod til TT-brukarar med tunge funksjonshemmingar. Det blir foreslått å setje av 10 mill. kr til ordninga i 2012.

Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA har inngått ein ny avtale for kystruta Bergen – Kirkenes for ein periode på åtte år frå 1. januar 2012. Den nye avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner i mellom.

Jernbaneformål

I budsjettforslaget held regjeringa fram med å styrkje innsatsen på jernbanen. Det er til saman foreslått 12,5 mrd. kr til jernbaneformål, ein auke på om lag 1 mrd. kr eller 8,7 pst. frå saldert budsjett 2011.

Samla budsjettforslag for Jernbaneverket er på 9,9 mrd. kr, ein auke på 7,4 pst. frå saldert budsjett 2011.

Budsjettforslaget gir etter tredje året i planperioden 2010–2013 ei samla oppfølging på 73,9 pst. av planramma. Medrekna forslaget for 2012 ligg løyvingsforslaget til drift og vedlikehald godt over gjennomsnittleg ramme, med ei oppfølging på 82 pst.

Løyvingsforslaget til investeringar er ei ytterlegare styrking frå saldert budsjett 2011. Opptrappinga til nivået på ramma i Nasjonal transportplan held fram.

Regjeringa har styrkt innsatsen til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen vesentleg dei siste åra. For 2012 foreslår regjeringa 5,2 mrd. kr til drift og vedlikehald, eksl. Gardermobanen. Dette er ein auke på 262,6 mill. kr eller 5,3 pst. frå saldert budsjett 2011. Saman med Oslo-prosjektet representerer løyvingane ei markert satsing på vedlikehald og fornying på heile jernbanenettet. Satsinga er nødvendig for å betre standarden på infrastrukturen og gjere togtrafikken meir påliteleg. Det er budsjettert med 4,7 mrd. kr til investeringar i lina, inkl. planlegging av prosjektet Nytt dobbeltspor Oslo – Ski som er ført på eigen post. Dette er ein auke på 429,1 mill. kr eller 10,1 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2011.

Løyvinga gjer det mogleg å få til ei rasjonell og kostnadseffektiv gjennomføring av dei store anleggsprosjekta i 2012. Til prosjektet Holm – Holmestrand – Nykirke som starta i 2010, er det avsett om lag 840 mill. kr til vidare framdrift i 2012. Til infrastrukturtiltak til omlegging til nytt og betre togtilbod på Austlandet blir det avsett 848 mill. kr.

Det er prioritert midlar til desse store prosjekta/tiltaka:

  • fellesprosjektet mellom Jernbaneverket og Statens vegvesen, nytt dobbeltspor Langset – Kleverud på Dovrebanen og ny E6 (firefelts motorveg), med sikte på oppstart 2012

  • ny jernbanetrasé på strekninga Farriseidet – Porsgrunn på Vestfoldbanen, med sikte på oppstart 2012

  • nytt signalsystem ERTMS med prøvestrekning på Østfoldbanens austre line, med oppstart 2012

Den ekstra innsatsen som er prioritert i Oslo-området gir merkbare effektar på punktlegheit og regularitet. Fornyinga av strekninga mellom Lysaker og Etterstad, inkl. Oslo-tunnelen, vil bli ferdig i løpet av 2012. Det er sett av 570 mill. kr til dette. I tillegg blir det prioritert betydelege midlar til programområda kapasitetsaukande tiltak, stasjonar og knutepunktutvikling og tryggleik og miljø.

Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt og stabilt jernbanetilbod. Det er foreslått å løyve 2,5 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog i 2012. Dette er ein auke på 296,6 mill. kr eller 13,4 pst. frå saldert budsjett for 2011. Auken heng i stor grad saman med ei gradvis innføring av 50 nye togsett i togdrifta og er ein del av førebuingane til innføringa av ny grunnrutemodell på Austlandet. I tillegg til å dekkje togtilbodet frå NSB AS omfattar løyvinga i 2012 persontransporttenester på Gjøvikbanen, Bratsbergbanen, Ofotbanen og på strekninga Oslo – Karlstad – Stockholm.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 75,6 mill. kr i 2012. Løyvinga til drift av Statens jernbanetilsyn aukar med 5,3 mill. kr, eller 10,3 pst. frå saldert budsjett 2011. Statens jernbanetilsyn tek frå 1. januar 2012 over tilsynsansvaret for tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg frå Det norske Veritas. Det er avsett 18,7 mill. kr til tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og parkanlegg i 2012.

Det er budsjettert med eit utbyte på 76 mill. kr frå NSB AS og 5,3 mill. kr frå Bane Service AS.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 297,8 mill. kr, ein reduksjon på 255,4 mill. kr eller 46,2 pst. frå saldert budsjett 2011. Reduksjonen er knytt til statleg kjøp av post- og banktenester. Det er foreslått å løyve 89 mill. kr til dette formålet i 2012. For Post- og teletilsynet er det foreslått å løyve 208,8 mill. kr i 2012.

Det er budsjettert med eit utbyte frå Posten Norge AS på 156 mill. kr.

2 Oversiktstabellar for budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

186 385

187 400

199 600

6,5

1301

Forskning og utvikling mv.

283 377

241 100

247 900

2,8

Sum kategori 21.10 469 762 428 500 447 500 4,4

Luftfartsformål

1310

Flytransport

648 543

692 600

705 600

1,9

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

80 328

26 600

27 400

3,0

1313

Luftfartstilsynet

186 708

179 600

183 900

2,4

1314

Statens havarikommisjon for transport

56 400

59 000

60 600

2,7

Sum kategori 21.20 971 979 957 800 977 500 2,1

Vegformål

1320

Statens vegvesen

14 968 989

15 084 900

16 255 200

7,8

Sum kategori 21.30 14 968 989 15 084 900 16 255 200 7,8

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

702 403

825 300

1 231 600

49,2

Sum kategori 21.40 702 403 825 300 1 231 600 49,2

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

9 278 148

9 266 400

9 948 200

7,4

1351

Persontransport med tog

1 694 548

2 220 100

2 516 700

13,4

1354

Statens jernbanetilsyn

46 051

51 600

75 600

46,5

Sum kategori 21.50

11 018 747

11 538 100

12 540 500

8,7

Sum programområde 21 28 131 880 28 834 600 31 452 300 9,1

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

497 000

345 000

89 000

-74,2

1380

Post- og teletilsynet

200 049

208 200

208 800

0,3

Sum kategori 22.10

697 049

553 200

297 800

-46,2

Sum programområde 22

697 049

553 200

297 800

-46,2

Sum utgifter

28 828 929

29 387 800

31 750 100

8,0

Inntekter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

4 741

2 100

2 200

4,8

Sum kategori 21.10 4 741 2 100 2 200 4,8

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

125 424

126 800

133 500

5,3

4314

Statens havarikommisjon for transport

101

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

230 571

236 800

201 800

-14,8

5622

Aksjer i Avinor AS

315 000

502 000

59,4

Sum kategori 21.20 356 096 1 123 000 1 281 700 14,1

Vegformål

4320

Statens vegvesen

637 762

474 400

489 000

3,1

4322

Svinesundsforbindelsen AS

20 500

41 000

20 000

-51,2

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

34 870

34 000

33 000

-2,9

Sum kategori 21.30 693 132 549 400 542 000 -1,3

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

688 204

599 000

630 800

5,3

4354

Statens jernbanetilsyn

416

14 500

5611

Aksjer i NSB AS

172 000

53 000

76 000

43,4

5623

Aksjer i Baneservice AS

20 378

18 000

5 300

-70,6

Sum kategori 21.50

880 998

670 000

726 600

8,4

Sum programområde 21

1 934 967

2 344 500

2 552 500

8,9

Post og telekommunikasjoner

4370

Posttjenester

317 530

4380

Post- og teletilsynet

164 871

172 100

171 800

-0,2

5618

Aksjer i Posten Norge AS

156 000

Sum kategori 22.10

482 401

172 100

327 800

90,5

Sum programområde 22

482 401

172 100

327 800

90,5

Sum inntekter

2 417 368

2 516 600

2 880 300

14,5

3 Diverse tabellar

Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2011

Forslag 2012

1301

50

Samferdselsforsking

7 413

155 500

1301

72

Tilskot til miljøvenleg transport, Transnova-prosjektet

70 443

74 800

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

8 085

705 600

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

10 528

27 400

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

0

7 587 400

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

31 087

434 000

1320

62

Tilskot til rassikring på fylkesvegnettet

239 000

538 400

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

0

491 900

1330

60

Særskilt tilskot til kollektivtransport

119 677

493 100

1350

23

Drift og vedlikehald

0

5 185 600

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

0

92 000

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

63 862

2 516 700

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

0

27 000

For fleire av postane kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvinga over den einskilde posten, kan gå over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift, og sluttutbetaling vil ikkje finne stad før prosjektet er gjennomført. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for nye forhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde året. Løyvinga på kap. 1311, post 71, kan overførast fordi delar av tilskotet blir utbetalt på etterskot.

For 20-postane på kap. 1320 og 1350 er årsaka til stikkordet m.a. at dei blir nytta til tiltak som går ut over budsjettåret og/eller materiellinnkjøpa. Innafor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskotsvis, noko som ikkje alltid skjer i budsjettåret.

Endringar i budsjettet på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2011

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2011

Endring

Revidert budsjett

1300

01

120

420

128 000

3 000

131 000

1300

70

120

420

26 700

2 300

29 000

1320

29

120

420

443 000

30 000

473 000

1320

30

120

420

5 498 400

110 000

5 608 400

1320

61

120

420

103 800

-13 800

90 000

1320

72

120

420

446 400

20 000

466 400

1350

23

120

420

4 923 000

40 000

4 963 000

1380

01

120

420

167 300

-5 300

162 000

Endringar i budsjettet på inntektskapittel etter saldert budsjett 2011

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2011

Endring

Revidert budsjett

4380

01

120

420

162 100

-5 300

156 800

5611

85

120

420

53 000

93 500

146 500

5618

85

120

420

0

138 000

138 000

5622

85

120

420

315 000

189 000

504 000

5623

85

120

420

18 000

-15 800

2 200

Til toppen
Til forsida av dokumentet