Prop. 174 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet for 2013 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til innhaldsliste

1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

1.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2013. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Arbeidet med endring av forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi med endra takstar for fysioterapeutane, vert i år utført med offentleg høyring. Det skal haldast høyrings-/drøftingsmøtar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i takstane som avtalane og høyringa inneber, blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med Legeforeningen og Psykologforeningen og høyringa med høyrings-/drøftingsmøta med fysioterapeutorganisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2013 vedtok Stortinget å auke eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi med 2,6 pst. frå 1. juli 2013. Refusjonsutgiftene vert tilpassa dette.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2013 – 30. juni 2014, tok til i midten av mai 2013. Det same gjeld tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni. Høyringsnotat om endra forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi blei sendt på høyring tidleg i juni og ny forskrift skal fastsettast innan 1. juli.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til folketrygda som følgje av nye avtalar frå 1. juli med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og ny forskrift med endra takstar for fysioterapeutane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til, samt endra forskriftar. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.