Prop. 51 L (2011–2012)

Endringar i utlendingsloven (avvikling av åremålsordninga for nemndleiarar i Utlendingsnemnda og rett til representant for einslege, mindreårige asylsøkjarar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i forslaget

Justis- og politidepartementet fremmer med dette forslag om endringar i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven). Nemndleiarane og direktøren i Utlendingsnemnda (UNE) vert etter gjeldande rett tilsette på åremål. Departementet foreslår å fjerne åremålsordninga for nemndleiarane, slik at hovudregelen i tjenestemannsloven om tilsetjing i fast stilling vert gjeldande for desse stillingane. Departementet foreslår ikkje å endre tilsetjingsforholda for direktørstillinga.

Både prinsipielle og praktiske omsyn taler for at tilsetjingsforholda for nemndleiarane bør vere i tråd med hovudregelen i tjenestemannsloven. Avvikling av åremålsordninga vil ha positiv innverknad på nemnda si rekruttering, saksavvikling og verksemd elles.

Departementet foreslår difor å endre tredje ledd i § 77 i utlendingsloven, slik at regelen om åremål utgår.

Vidare foreslår departementet å ta inn nye føresegner om representant for einslege, mindreårige asylsøkjarar i lova. Forslaget har sin bakgrunn i verjemålsutvalet si utgreiing NOU 2004: 16 Vergemål.

Alle som ikkje har fylt 18 år, vert rekna som mindreårige, jf. lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige (vergemålsloven 1927) § 1. Tilsvarande fylgjer av lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål (vergemålsloven 2010) § 8 (ikkje sett i kraft). Omgrepet ”mindreårig” vil i det fylgjande bli brukt om denne gruppa, men også omgrepet ”barn” vert nytta.

Etter gjeldande verjemålslov er ein mindreårig umyndig, og umyndige kan i utgangspunktet ikkje binde seg ved rettslege handlingar eller råde over eigne midlar. Interessene til den mindreårige vert sikra gjennom reglar om verjemål. I utgangspunktet er den eller dei som har foreldreansvaret, verje for den mindreårige. Dersom ingen har eller kan utøve foreldreansvaret, må ei verje oppnemnast. Ein person under 18 år som kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer om vern, vert rekna som ”einsleg, mindreårig asylsøkjar”. Barnet vert rekna som einsleg sjølv om det kjem til Noreg saman med ein vaksen, dersom den vaksne ikkje har foreldreansvaret.

Departementet foreslår at einslege, mindreårige asylsøkjarar skal ha rett til ein representant etter særskilte reglar i utlendingsloven. Tilsvarande rett blir foreslått gitt til einslege mindreårige som søkjer om eit avgrensa opphaldsløyve etter særskilte retningslinjer gitt av Utlendingsdirektoratet for personar som ein reknar med er utsette for menneskehandel (refleksjonsperiode).

Ansvaret for rekruttering, oppnemning, opplæring, tilsyn osv. vert lagt til fylkesmannen. Dette er i tråd med det som er vedteke i vergemålsloven 2010. Det vert stilt krav om at representanten er skikka, og representanten må leggje fram politiattest. Departementet foreslår også å lovfeste ei meir utførleg opplisting av oppgåvene til representanten. Representanten skal tene interessene til barnet i asylsaka og utføre dei oppgåvene som ligg til ei verje etter anna lovgiving. Vidare skal representanten sjå til at omsorgsbehovet til barnet blir stetta på ein tilfredsstillande måte, men representanten skal ikkje ha ansvar for forsørginga og den daglege omsorga for barnet. Departementet foreslår også at representanten får godtgjering for arbeidet sitt og får dekt nødvendige utgifter i samband med oppdraget.

Representantoppdraget fell bort når den mindreårige fyller 18 år eller vert rekna for å vere over 18 år i vedtak frå Utlendingsdirektoratet. Vidare fell oppdraget bort når den mindreårige vert innvilga opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve, varig forlèt landet, personar med foreldreansvar igjen blir i stand til å utøve foreldreansvaret eller vilkåra for oppnemninga elles ikkje lenger er til stades. Representanten kan fråtakast oppdraget dersom omsynet til den mindreårige tilseier det.

Til forsida