Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 84 L (2011–2012)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

9 Merknader til lovforslaga

9.1 Endringar i opplæringslova

Til § 2-8 femte ledd

Retten til særskild språkopplæring følgjer av det første leddet i føresegna. Nytt femte ledd gjer det klart at skoleeigaren kan organisere opplæringa av nykomne elevar frå språklege minoritetar i eigne grupper, klassar eller skolar. Skoleeigaren får ikkje pålegg om å gi slike tilbod, men kan sjølv vurdere å setje dette i gang. Elevane har ikkje rett til å få innføringstilbod. Formålet med eit slikt innføringstilbod er å lære elevane norsk så raskt som mogleg for at dei skal kunne få utbytte av ordinær opplæring.

Kva for elevar som er nykomne må vurderast i dei konkrete tilfella. Kor lenge ein elev kan ha budd i Noreg og likevel vere sedd som nykommen, er ikkje tidfesta. Omgrepet ”nykomne” inneber i seg sjølv ei viss avgrensing i tid. Kommunane må sjølve vurdere om eleven har så kort butid i Noreg at han/ho vil kunne ha behov for innføringstilbod. Kommunane må vidare vurdere om innføringstilbod kan reknast for å vere til beste for eleven. I denne vurderinga vil integreringsomsynet vere eit moment som vil vege tungt dersom eleven har budd i Noreg ei tid allereie.

Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i annan klasse/anna basisgruppe eller skole enn den eleven til vanleg skal gå i, skal dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Innføringstilbod kan organiserast i eigne klassar eller på eigne innføringsskolar. Formuleringa ”heile eller delar av opplæringa” gjeld både innføringsklassar og innføringsskolar. Eit innføringstilbod til ein elev skal berre givast der dette etter ei heilskapsvurdering er rekna for å vere til beste for eleven, noko som må gå fram av vedtaket.

Ei slik særskild organisering av innføringstilbod kan vare i inntil to år. Departementet meiner at ein elev som hovudregel bør overførast til skolen/klassen/basisgruppa etter eitt år, sjølv om lova opnar for at det kan vare i inntil to år. Som oftast vil eitt år vere tilstrekkeleg til å ha fått nok kunnskapar i norsk til å få utbytte av ordinær opplæring, slik at det ut frå ei vurdering av dette og integreringsomsyn er til beste for barnet å bli overført til ordinær skole/klasse/gruppe. Det kan likevel vere tilfelle der eitt år kan bli for kort tid i eit innføringstilbod. Særleg elevar som har behov for alfabetisering og elevar som kjem til Noreg seint i skoleløpet kan ha nytte av eit noko lengre innføringstilbod.

Vedtak om organisering i særskilt opplæringstilbod kan berre gjerast for eitt år om gongen. Kommunen må dermed gjere ei ny vurdering av kva som er til beste for eleven etter eitt år i innføringstilbod. Av omsyn til integreringa av elevane bør skolen vurdere om eleven kan få eit godt og tilpassa opplæringstilbod i ordinær klasse med eventuelle vedtak etter § 2-8 og kapittel 5. Det blir presisert at elev/føresette må samtykkje før nytt vedtak blir gjort.

I den perioden eleven skal få innføringstilbod, kan det gjerast avvik frå læreplanverket. Avvik kan berre gjerast når det er nødvendig for å vareta på behova hos eleven. Det må vurderast konkret for den enkelte eleven om og i kva omfang det skal gjerast unntak frå læreplanverket, under dette fag- og timefordelinga. Opplæringa må tilpassast til dei føresetnadene eleven har, og elevane må sikrast forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevane vil sannsynlegvis ha svært ulike opplæringsbehov, avhengig av den opplæringa dei har fått i heimlandet og kva for språklege utfordringar dei har. Departementet presiserer at elevane skal ha det same totale timetalet som dei skal ha etter læreplanverket. Med avvik frå læreplanverket er meint både fag- og timefordelinga og kompetansemåla. Vurderinga av elevane må følgje reglane i forskrifta til lova kapittel 3. Departementet viser særleg til § 3-21 om fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen.

Eleven har ikkje plikt til å gå i innføringstilbod. Det må innhentast samtykke frå eleven eller føresette om at eleven skal få innføringstilbod. Dersom ein elev ikkje vil gå i, eller føresette ikkje samtykkjer i innføringstilbodet, skal eleven få tilbod om særskild språkopplæring innanfor rammene av første til fjerde ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 5.4.

Til § 2-12 tredje ledd

Lovendringa inneber at private grunnskolar blir omfatta av det nye kravet om at den som skal undervise, må ha relevant fagkompetanse i undervisningsfaget. Den nye føresegna om høvet til å tilsetje nokon på vilkår om at utdanning blir fullførd, skal også gjelde. Departementet vil framleis kunne gjere unntak frå krava i andre og tredje ledd for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg, jf. § 2–12 fjerde ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapitla 3.5 og 4.4.

Til ny § 2-16

Paragrafen presiserer det som allereie følgjer av § 1-3 om tilpassa opplæring og § 5-1 om spesialundervisning.

Første ledd fastslår at skolen må leggje til rette for at elevar som har behov for ASK, kan bruke dei kommunikasjonsformer og dei kommunikasjonsmiddel som eleven har behov for som støtte til eller erstatning for talen, og som er nødvendige for den kommunikative og språklege utviklinga til eleven. Eksempel på kommunikasjonsformer er å bruke handteikn, fotografi, grafiske symbol, konkrete handlingar, veremåtar og kroppslege uttrykk. Eksempel på kommunikasjonshjelpemiddel er kommunikasjonsbøker, tematavler og talemaskinar.

Andre ledd første punktum viser til reglane om spesialundervisning. Desse reglane gjeld alle elevar, også elevar som har behov for ASK. Reglane om spesialundervisning kjem til bruk når det er behov for ei meir omfattande tilpassing enn den som kan givast innanfor den ordinære opplæringa. Departementet vil framheve at enkelte barn med behov for ASK ikkje nødvendigvis vil ha behov for spesialundervisning etter kapittel 5. Barn med ASK er ei svært ueinsarta gruppe med ulike føresetnader og behov. For somme av desse barna vil det handle meir om tilpassa opplæring, jf § 1-3, enn om spesialundervisning. Retten til spesialundervisning kjem inn straks skolen ikkje klarer å tilpasse den ordinære opplæringa slik at eleven får tilfredsstillande utbytte. Andre punktum inneber at elevar med behov for ASK har rett til opplæring i å bruke ASK når slik opplæring er nødvendig for at eleven skal vere i stand til å gjere seg nytte av retten og plikta til grunnskoleopplæring. Opplæring i å bruke ASK vil ofte vere omfatta av reglane om spesialundervisning, fordi slik opplæring skil seg frå det behovet for opplæring dei fleste elevane har. Innhaldet i og timetalet til spesialundervisning skal fastsetjast ut frå det behovet den enkelte har, og på bakgrunn av sakkunnig vurdering etter opplæringslova § 5-3.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 6.4.

Til § 3-12 femte ledd

Rett til særskild språkopplæring følgjer av første ledd i føresegna. Nytt femte ledd klargjer at skoleeigaren kan organisere opplæringa for nykomne elevar frå språklege minoritetar i eigne grupper, klassar eller skolar. Skoleeigaren blir ikkje pålagd å gi slike tilbod, men kan sjølv vurdere å setje dette i gang. Elevane har ikkje rett til å få innføringstilbod. Formålet med innføringstilbod er å lære elevane norsk så raskt som mogleg for at dei skal kunne få utbytte av ordinær opplæring.

Kva for elevar som er nykomne må vurderast i dei konkrete tilfella. Kor lenge ein elev kan ha budd i Noreg og likevel vere rekna som nykommen, er ikkje tidfesta. Omgrepet ”nykomne” inneber i seg sjølv ei viss avgrensing i tid. Fylkeskommunane må sjølve vurdere om eleven har så kort butid i Noreg at han/ho kan ha behov for eit innføringstilbod. Fylkeskommunane må vidare vurdere om innføringstilbod er rekna for å vere til beste for eleven. I denne vurderinga vil integreringsomsynet vere eit moment som vil vege tungt dersom eleven har budd i Noreg ei tid allereie.

Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i annan klasse/anna basisgruppe eller skole enn den eleven til vanleg skal gå i, skal dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Eit innføringstilbod kan organiserast i eigne klassar eller på eigne innføringsskolar. Formuleringa ”heile eller delar av opplæringa” gjeld både innføringsklassar og innføringsskolar. Eit innføringstilbod til ein elev skal berre givast der dette etter ei heilskapsvurdering er rekna for å være til beste for eleven, noko som må gå fram av vedtaket.

Ei slik særskild organisering av innføringstilbod kan vare i inntil to år. Departementet meiner at ein elev som hovudregel bør overførast til skolen/klassen/basisgruppa etter eitt år, sjølv om lova opnar for inntil to år. Av omsyn til integreringa er det viktig at eleven så raskt som mogleg går over i ordinær klasse. Det kan likevel vere tilfelle der eitt år i innføringstilbod ikkje er tilstrekkeleg til å få nok kunnskap i norsk til å få utbytte av ordinær opplæring. Særleg elevar som har behov for alfabetisering og elevar som kjem til Noreg seint i skoleløpet og med liten skolebakgrunn, kan ha nytte av eit noko lengre innføringstilbod.

Vedtak om organisering i særskilt opplæringstilbod kan berre gjerast for eitt år om gongen. Fylkeskommunen må dermed gjere ei ny vurdering av kva som er til beste for eleven etter eitt år i innføringstilbod. Av omsyn til integreringa av elevane bør skolen vurdere om eleven kan få eit godt og tilpassa opplæringstilbod i ordinær klasse med eventuelle vedtak etter § 3-12 og kapittel 5. Det blir presisert at eleven/dei føresette må samtykkje før nytt vedtak blir gjort.

I den perioden elevane skal få innføringstilbod, kan det gjerast avvik frå læreplanverket. Avvik kan berre gjerast når det er nødvendig for å vareta dei behov elevane har. Det må vurderast konkret for den enkelte eleven om og i kva omfang det skal gjerast unntak frå læreplanverket, under dette fag- og timefordelinga. Opplæringa må tilpassast til dei føresetnadene eleven har, og eleven må sikrast forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevane vil sannsynlegvis ha svært ulike opplæringsbehov, avhengig av den opplæringa dei har fått i heimlandet og kva språklege utfordringar dei har. Departementet presiserer at elevane skal ha det same totale timetalet som dei skal ha etter læreplanverket. Med avvik frå læreplanverket er meint både fag- og timefordelinga og kompetansemåla. Vurderinga av elevane må følgje reglane i forskrifta til lova kapittel 3.

Eleven har ikkje plikt til å gå i innføringstilbod. Det må innhentast samtykke frå eleven eller føresette om at eleven skal ta imot innføringstilbod. Dersom ein elev ikkje vil gå/føresette ikkje samtykkjer i eit innføringstilbod, skal eleven få tilbod om særskild språkopplæring innanfor rammene av første til fjerde ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 5.4.

Til ny § 3-13

Paragrafen presiserer det som allereie følgjer av § 1-3 om tilpassa opplæring og § 5-1 om spesialundervisning.

Paragrafen gjeld elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring, og tilsvarer forslag til ny § 2-16 som gjeld elevar i grunnskolen. Sjå merknadene til § 2-16. Lærlingar har ikkje rett til spesialundervisning, og er derfor ikkje nemnde i andre ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 6.4.

Til ny § 4A-13

Paragrafen presiserer det som allereie følgjer av § 4A-1 første ledd tredje punktum og § 4A-2.

Paragrafen gjeld personar som har rett til opplæring spesielt organisert for vaksne etter kapittel 4A i lova. Paragrafen tilsvarer forslag til nye §§ 2-16 og 3-13, som gjeld elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Sjå merknadene til desse føresegnene. Deltakarar i vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne har ikkje rett til spesialundervisning etter kapittel 5, og er derfor ikkje omfatta av andre ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 6.4.

Til § 5-5 tredje ledd

Nytt tredje ledd opnar for at det i enkeltvedtaket om spesialundervisning skal kunne fastsetjast at den læraren som skal gi spesialundervisning, ikkje treng oppfylle kravet om relevant fagkompetanse i undervisningsfaget. Dette kan berre gjerast dersom ei konkret vurdering av det behovet eleven har eller innhaldet i den individuelle opplæringsplanen tilseier det. Slike unntak skal ikkje ha økonomiske årsaker, men må grunngivast ut frå fagleg-pedagogiske årsaker, slik tilfellet er for avvik frå læreplanverket etter dagens reglar.

Det vil framleis kunne gå fram av enkeltvedtak om spesialundervisning at ein lærar bør ha særskild kompetanse (f.eks. spesialpedagogisk kompetanse), slik det er etter gjeldande rett.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5.3.

Til § 10-1

Her blir det ikkje gjort substansielle endringar. Omgrepet ”årssteg” blir endra til ”årstrinn”. Endringa blir gjord berre for at omgrepsbruken i opplæringslova skal bli lik. Årstrinn er den vanlege nemninga elles i lova. Overskrifta blir endra for å presisere at føresegna gjeld kompetansekrav ved tilsetjing i undervisningsstilling.

Til ny § 10-2

Første ledd inneber at det blir innført eit nytt krav om at den som skal undervise, må ha relevant fagkompetanse i det faget han/ho skal undervise i. Dette betyr at ein lærar som f.eks. skal undervise i matematikk, må ha fagkompetanse som er relevant for å undervise i matematikk. Nærmare innhald i krava (talet på studiepoeng) vil bli fastsett i forskrift. Det vil vere skoleeigaren sitt ansvar å vurdere kva slags utdanning som skal sjåast som relevant for å undervise i det aktuelle faget på det aktuelle trinnet. Kravet kjem i tillegg til dei krava for å bli tilsett i undervisningsstilling som følgjer av § 10–1 og tilhørande forskrift. Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5.

Andre ledd gir heimel for at departementet kan gi nærmare forskrifter om krav til relevant kompetanse for dei som skal undervise i ulike fag på dei ulike årstrinna i grunnopplæringa. Departementet kan også fastsetje at det ikkje skal stillast slike krav for enkelte fag på enkelte trinn. Forskriftsføresegnene om dette skal etter planen setjast i kraft samtidig som lovendringa. Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5, og da særskilt kapittel 3.5.2.2.

Tredje ledd omhandlar situasjonar der kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget etter første ledd ikkje skal gjelde. Kravet vil ikkje gjelde dei som er mellombels tilsette etter opplæringslova § 10–6 eller etter arbeidsmiljølova (vikarar). Det vil heller ikkje gjelde dei som er tilsette på vilkår.

Kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget vil ikkje omfatte dei som tilfredsstiller eit av krava for å bli tilsett i skolen før § 10–2 blir sett i kraft. Dette unntaket omfattar dei som er tilsette i undervisningsstilling etter § 10–1 og arbeider i skolen i dag, men også dei som oppfyller tilsetjingskrava sjølv om dei for tida ikkje er tilsette i skoleverket. Dersom ein har påbyrja, men ikkje fullført, ei utdanning som er nødvendig for å oppfylle krava etter § 10–1, vil kravet om å ha relevant kompetanse i undervisningsfaget gjelde. Det er likevel gjort eit unntak frå dette for dei som fullfører tidlegare allmennlærarutdanning etter at § 10–2 trer i kraft. Dette gir likebehandling av alle med allmennlærarutdanning, og vil gjelde dei som etter overgangsreglane mellom gammal allmennlærarutdanning og ny grunnskolelærarutdanning får høve til å fullføre si utdanning etter gammalt system.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5, og da særskilt kapittel 3.5.2.3.

Fjerde ledd opnar for at dersom det er nødvendig, kan skoleeigaren avgjere at lærarar kan undervise sjølv om dei ikkje oppfyller kravet til relevant kompetanse i undervisningsfaget. Det må vere nødvendig for skoleeigaren å fråvike kravet. Føresetnaden for dette er at verksemda ikkje har nok kvalifiserte lærarar i faget, og at faga er fordelte mellom lærarane slik at krava kan bli oppfylte i størst mogleg grad.

Skoleeigaren må gjere ei konkret vurdering ut frå lokale forhold om det kan vere eit aktuelt alternativ å omdisponere lærarane i verksemda, eller om ein lærar kan undervise ved fleire skolar i same kommune. Dette må likevel gjerast innanfor det som er mogleg ut frå arbeidsavtalar og arbeidsrettslege forpliktingar elles. Lovføresegna inneber ikkje eit krav om å avslutte eller endre arbeidsforhold, eller om å tilsetje fleire lærarar enn det verksemda treng.

Dersom skoleeigaren tek avgjerd om å fråvike krava, må dette gjerast for kvar enkelt lærar i kvart enkelt fag det gjeld. Skoleeigaren vil vere forplikta til å vurdere om dette framleis er nødvendig minst éin gong i året. Departementet har lagt til grunn at desse avgjerdene ikkje skal vere enkeltvedtak, og reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova vil derfor ikkje gjelde.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5, og da særskilt kapittel 3.5.5.

I femte ledd blir det gitt ein særleg regel for skolar med små ungdomstrinn som har færre enn 60 elevar og færre enn 5 lærarårsverk. Med færre enn 5 årsverk er meint inntil 5 undervisningsstillingar (500 %), inklusive tid til funksjonsoppgåver som utløyser redusert leseplikt fastsette i sentrale tariffavtalar mellom partane (kontaktlærar, rådgivar/sosiallærar og kontaktlærar for elevrådet). Som ved vurderingar etter § 10–2 fjerde ledd, er det ein føresetnad at det er nødvendig å fråvike kravet. Skoleeigaren må likevel ikkje ta avgjerd om dette for kvar enkelt lærar i kvart enkelt fag det gjeld, og det er heller ikkje eit krav om å ta stilling til dette kvart skoleår. Departementet føreset likevel at skoleeigaren vurderer dette med jamne mellomrom.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5, og da særskilt kapittel 3.5.5.

Til § 10-6

Den foreslåtte endringa skal presisere at føresegna viser til kompetansekrava for tilsetjing. Endringa inneber inga realitetsendring. Føresegna viser ikkje til dei nye krava i § 10–2. Det vil derfor ikkje vere høve til å tilsetje mellombels etter denne føresegna om ein søkjar som oppfyller tilsetjingskrava, ikkje oppfyller krava om relevant kompetanse i undervisningsfaga etter ny § 10–2.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5.

Til ny § 10-6a

Føresegna inneber at det ved tilsetjing i undervisningsstillingar kan tilsetjast søkjarar på vilkår om at påbyrja utdanning blir fullført. Dette skal gjelde uansett kva type kompetanse det er søkjaren manglar for å kunne bli tilsett i undervisningsstilling. Tilsetjing på vilkår etter denne føresegna kan berre skje dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing i lov og forskrift. Føresegna erstattar § 14–5 i gjeldande forskrift til opplæringslova.

Dersom utdanninga blir fullført innan den tidsfristen som er avtalt, vil vilkåret vere oppfylt og arbeidsforholdet gå over til fast tilsetjing. Med mindre noko anna er avtalt, vil dette skje automatisk. Dersom vilkåra i avtalen ikkje er oppfylte, skal arbeidsforholdet i utgangspunktet avsluttast ved utløpet av det avtalte tidsrommet. Reglane om avslutning av mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova § 14–9 gjeld tilsvarande. Det inneber at ein arbeidstakar som har vore tilsett i meir enn eitt år, har krav på skriftleg varsel om tidspunktet for fråtreding seinast ein månad før fråtredingstidspunktet. § 14–9 femte ledd andre og tredje punktum om bruk av oppseiingsreglane for fast tilsette der arbeidstakaren har vore samanhengande mellombels tilsett i meir enn fire år, vil ikkje gjelde.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 4.4.

Til § 15-2 andre ledd

Andre ledd blir endra slik at departementet skal vere klageinstans for vedtak etter § 3-12 for vidaregåande opplæring. Elev/føresette kan også klage på den delen av vedtaket som omfattar organiseringa av tilbodet og eventuelle avvik frå læreplanverket, jf. § 3-12 femte ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 6.4.6.

9.2 Endringar i privatskolelova

Til § 2-1 bokstav g

Føresegna inneber at departementet får heimel til å godkjenne nye private skolar, og driftsendringar ved eksisterande private skolar, som gir opplæring i små og verneverdige handverksfag. Forståinga av omgrepet ”små og verneverdige handverksfag”, er knytt til at:

  • Faget skal vere ein del av tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring eller vere godkjent som eit forsøk.

  • Faget er truga og fagkunnskapar står i fare for å døy ut på grunn av mangel på nyrekruttering.

  • Faget skal ta vare på tradisjonelle handverksfaglege teknikkar, materialar og metodar.

  • Faget har kulturell verdi som det av samfunnsmessige årsaker er viktig å vidareføre.

  • Faget har under 15 nye lærekontraktar i løpet av ein treårsperiode.

I vurderinga av om eit omsøkt opplæringstilbod fell inn under omgrepet ”små og verneverdige handverksfag”, vil desse kriteria utgjere moment som er relevante i den heilskapsvurderinga godkjenningsmyndigheita skal gjere. Kriteria er ikkje å forstå som absolutt kumulative vilkår. Det vil altså ikkje vere slik at det berre er opplæring i fag som er å finne på SSVs liste over små og verneverdige handverksfag som skal kunne godkjennast. Andre fag kan også, etter ei heilskapsvurdering, falle inn under føresegna.

Ein privatskole vil heller ikkje miste godkjenninga til å gi opplæring i eit handverksfag dersom faget over tid blir endra og fell ut av lista til SSV. Blir det gjort endringar i tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring, må opplæringstilbodet i skolane tilpassast tilsvarande.

I vurderinga av om ein søknad om godkjenning av ny privatskole, eller endring i drifta ved ein eksisterande skole skal godkjennast, vil behovet for nye utøvarar i faget vege tungt. Det same vil høvet til læreplass etter avslutta opplæring i skole. Om faget blir tilbode i den offentlege skolen eller ikkje vil også vere ein del av denne vurderinga. Er det frå før eit etablert tilbod i den offentlege skolen, eller i våre naboland, som dekkjer behovet for nye utøvarar i faget, vil det kunne tale imot godkjenning. Fråsegna frå vertsfylket til dei ulike søknadene skal det leggjast betydeleg vekt på.

Føresegna opnar ikkje for at skolar som er godkjende etter § 2-1 andre ledd bokstav g, kan få godkjent Vg3 i skole der elevane ikkje får lærekontrakt etter avslutta Vg2.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 7.4.

Til § 2-2 tredje ledd

Skolar som berre tilbyr opplæring i små og verneverdige handverksfag, jf. § 2-1 bokstav g, er automatisk unnatekne frå krav til eit minimum elevtal på 15.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 7.4.

Til § 3-5 nytt femte ledd

Rett til særskild språkopplæring følgjer av første ledd i føresegna. Nytt femte ledd gir dei private skolane høve til å organisere opplæringa av nykomne elevar frå språklege minoritetar i eigne grupper eller klassar. Den private skolen blir ikkje pålagd å tilby slike tilbod, men kan sjølv vurdere å setje dette i gang. For at private skolar skal kunne gi innføringstilbod til elevane, er det likevel sett som vilkår at kommunen/fylkeskommunen fastset i vedtaket at den private skolen kan gi eit slikt opplæringstilbod. Elevane har ikkje rett til å få innføringstilbod. Formålet med innføringstilbod er å lære elevane norsk så raskt som mogleg, for at dei skal kunne få utbytte av ordinær opplæring.

Ein privat skole som ønskjer å gi innføringstilbod, må sørgje for at kommunen/fylkeskommunen har tilstrekkeleg informasjon om korleis tilbodet skal organiserast, for ei vurdering av kvifor dette er rekna for å vere til beste for eleven, og ei vurdering av kor lenge eit slikt særskilt tilbod bør givast. Vidare sørgjer den private skolen for å gi kommunen/fylkeskommunen ei vurdering av kva for avvik frå læreplanverket som er nødvendige for å vareta dei behov eleven har. Det er viktig at kommunen/fylkeskommunen har den informasjonen som er nødvendig for å opplyse saka så godt som mogleg før det blir gjort vedtak om særskilt opplæringstilbod etter privatskolelova § 3-5, jf. opplæringslova §§ 2-8 femte ledd eller 3-12 femte ledd. Eleven/dei føresette må samtykkje til eit slikt vedtak. Departementet reknar med at det vil vere praktisk at skolen innhentar samtykke i samband med å gi kommunen den nødvendige informasjon for å få saka godt opplyst. Dersom eleven/dei føresette ikkje samtykkjer, vil det ikkje vere behov for at kommunen/fylkeskommunen skal gjere eit slikt vedtak. Sjå merknadene til opplæringslova §§ 2-8 og 3-12.

Gjeldande femte ledd blir nytt sjette ledd.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 5.4.7.

Til § 3-6 første ledd

Lovføresegna blir endra for å tydeleggjere at skolar som er godkjende etter privatskolelova, vil bli omfatta av nytt tredje ledd i opplæringslova § 5–5.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapitla 3.5.3 og 3.5.6.

Til ny § 3-14

Paragrafen presiserer det som allereie følgjer av § 3-4a første ledd om tilpassa opplæring og § 3-6 om spesialundervisning. Paragrafen tilsvarer forslag til nye §§ 2-16 og 3-13 i opplæringslova. Sjå merknadene til §§ 2-16 og 3-13.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 6.4.

Til § 4-2 første ledd

Lovføresegna blir endra for at skolar som er godkjende etter privatskolelova, skal bli omfatta av krava om relevant kompetanse i undervisningsfaget etter opplæringslova § 10–2 med tilhørande forskrift.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 3.5, og da særskilt kapittel 3.5.6.

Til § 4-2 andre ledd

Opplæringslova § 10–6 om mellombels tilsetjing vil gjelde tilsvarande for skolar godkjende etter privatskolelova. Privatskolelova § 4–2 andre ledd om mellombels tilsetjing har til no hatt same innhald som opplæringslova § 10–6; dette inneber derfor inga realitetsendring.

Skolar som er godkjende etter privatskolelova, vil også bli omfatta av den nye føresegna om tilsetjing på vilkår i opplæringslova § 10–6a. Dette vil ikkje medføre noka endring i den plikta skolane har til å oppfylle dei krava som er stilte om særskild kompetanse, f.eks. montessorikompetanse, for å kunne bli godkjende etter privatskolelova § 2–1.

Departementet viser elles til omtale og vurderingar i kapittel 4.4.

9.3 Ikraftsetjing

Merknad til romartal III om ikraftsetjing:

Departementet tek sikte på at lovendringane om relevant undervisningskompetanse og tilsetjing på vilkår blir sette i verk 1. januar 2014. Kravet om at den som underviser, skal ha relevant kompetanse i undervisningsfaget, vil gjelde dei som opparbeider seg tilstrekkeleg kompetanse for å bli tilsette i undervisningsstilling etter at kravet er sett i kraft. Med iverksetjing 1. januar 2014 vil kravet omfatte dei som oppnår tilstrekkeleg kompetanse frå og med våren 2014, og vil da også omfatte første ordinære kull frå dei nye grunnskolelærarutdanningane.

Departementet tek sikte på at forslaget om ei føresegn som gir høve til å godkjenne private skolar som tilbyr små og verneverdige handverksfag, blir sett i kraft 1. juli 2012.

Det er teke sikte på at dei andre forslaga blir sette i kraft 1. august 2012.

Til toppen
Til forsida av dokumentet