Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapitler: 600–667, 2470, 2541–2542, 2620–2686 Inntektskapitler: 3600–3642, 5470, 5571, 5607, 5701–5705

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlege tema

7 Fornye, forenkle og forbetre

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten

Program for IKT-modernisering i Arbeids- og velferdsetaten vart starta i 2012. Eit hovudmål for programmet er å sikre betre tenester for brukarane og auke effektiviteten i saksbehandlinga.

Saksbehandlingsløysingane for økonomiske ytingar skal endrast slik at brukar har tilgang til døgnopne sjølvbeteningsløysingar som skal sørge for dialogen mellom forvaltning og brukar som ikkje krev fysisk oppmøte. Brukar skal finne all nødvendig informasjon om Arbeids- og velferdsetaten sine tenester og eigne saker hos etaten på internett.

Kommunikasjonen mellom Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar skal så langt som mogleg støttast av elektroniske dialogløysingar og automatisert datautveksling.

For Arbeids- og velferdsetaten vil nye saksbehandlingsløysingar legge til rette for ein betydeleg auke i saker som kan behandlast automatisk. Dette vil gi raskare saksbehandling, auka likebehandling og betre kvalitet. Effektivisering av saksbehandlinga vil gjere det mogleg å frigjere årsverk i Arbeids- og velferdsetaten som kan omdisponerast til oppfølgingsarbeid for å få fleire i arbeid.

Prosjekt 1 i IKT-moderniseringa vart avslutta i 2015. Prosjektet leverte systemstøtte, inkludert ei sjølvbeteningsløysing for ny uføretrygd frå 1. januar 2015. I tillegg vart det utvikla sjølvbeteningsløysingar for innsyn i eiga sak og dagpengar. Stortinget ga sitt samtykke, jf. Prop. 67 S (2015–2016) og Innst. 291 S (2015–2016), til at Prosjekt 2 kunne starte opp i 2016 med formål å etablere fleksible IKT-løysingar som skal gi høg grad av automatisering og god kvalitet i saksbehandlinga av foreldrepengar og eingongsstønad. Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at Prosjekt 2 er i rute. I samsvar med milepælar og leveranseplanar er prosjektet godt i gang med etablering av ny vedtaksløysing som skal takast i bruk for foreldrepengar.

Regjeringa har i samsvar med premissane i Prop. 67 S (2015–2016) gitt Arbeids- og sosialdepartementet i oppdrag å planlegge Prosjekt 3 med hovudinnretning å realisere moderne digitale systemløysingar på sjukepengeområdet. Forutan sjukepengar omfattar dette pleiepengar, omsorgspengar, opplæringspengar og svangerskapspengar.

Planlegginga av Prosjekt 3 har vore gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2). På basis av tilrådingane fra KS2-rapporten foreslår regjeringa å starte Prosjekt 3 i januar 2019.

Arbeidstidsordningar mv.

Arbeidslivet er meir samansett enn før, og ulike arbeidstakarar har ulike behov. Regjeringa sitt forslag til endringar i arbeidsmiljølova er vedtatt av Stortinget og tredde i kraft 1. juli 2017, jf. Prop. 72 L (2016–2017) og Innst. 303 L (2016–2017). Desse endringane opnar mellom anna opp for at dersom både arbeidsgivar og arbeidstakar ynsker det, kan delar av arbeidet leggast til tidsrommet mellom klokka 21.00 og 23.00 utan at dette skal reknast som nattarbeid. Det er vidare gjort endringar i medlevarforskrifta og forskrift om arbeidstid for avlastarar. Medlevarforskrifta vil nå i tillegg til å gjelde for institusjonar for personar med rus- og atferdsproblem, òg omfatte einslege mindreårige asylsøkarar (i kraft frå april 2016) og institusjonar for personar med utviklingshemming, einslege mindreårige flyktningar som er busette i kommunane og barn plasserte i barnevernsinstitusjonar (i kraft frå 1. juli 2017). Når det gjeld avlastarar skal desse normalt reknast som arbeidstakarar, og dette har ført til usikkerheit om ordningane i kommunane. Endringane i forskrift for avlastarar (i kraft 1. juli 2017) gjer ved unntak frå arbeidstidsreglane det mogleg å vidareføre tilbodet om avlasting til dei aller fleste brukarane. Desse endringane gir ei forbetring og forenkling av regelverket og er forventa å kunne bidra til ein meir effektiv bruk av arbeidskrafta.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse (SPK) jobbar vedvarande med forbetringar av tenester og dagleg drift, og har hatt fleire viktige leveransar i 2018. Automatiseringsgraden i pensjoneringsprosessen har auka ytterlegare. Regelmotoren, som bereknar alle pensjonar, er flytt til ei ny, effektiv plattform som også gjer det mogleg å analysere fleire data. Beteningsløysingane på nett blir vidareutvikla for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søkje informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. I 2016 tok SPK i bruk chat for å forbetre svartenesta til medlemer, og av dei som kontaktar SPK nyttar stadig fleire chat. Det er også etablert eit samarbeid med KLP og NAV om etablering av felles omgrep og definisjonar knytte til nytt regelverk for offentleg tenestepensjon.

Statens pensjonskasse har vidare starta opp pensjonsprogrammet PRO25 for å innføre nytt pensjonsregelverk. Ei sentral målsetting er å etablere effektive løysingar som også er tilrettelagde for digital samhandling med til dømes NAV, skatteetaten og andre tenestepensjonsleverandørar, men òg med medlemer og medlemsverksemder. Her blir også beteningsløysingar vidareutvikla, med støtte for beslutningar og høve til å simulere eigen pensjon.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn har gjennomført eit fornyingsprosjekt på IKT-området. Dei nye systema medfører ei betydeleg modernisering og effektivisering av etaten.

I 2017 har Pensjonstrygda for sjømenn forenkla og automatisert fleire prosessar gjennom eit robotiseringsprosjekt. Det er også lansert ei ny nettside for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søkje informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Det er utarbeidd ein første versjon av appen «Ditt PTS» som skal gjere det enklare for medlemer å finne eige fartstid, få kunnskap om sjømannspensjon, motta meldingar, informasjon, simulere eigen pensjon og søkje pensjon på mobil eller nettbrett.

IKT- systemet er også tilrettelagd slik at det kan vidareutviklast for eit justert pensjonsregelverk i samband med den langsiktige tilpassinga til pensjonsreforma.

8 Innsats mot fattigdom

Regjeringa har som mål å bevare eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil redusere fattigdom gjennom å inkludere fleire i arbeidslivet og redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv.

For personar i yrkesaktiv alder, heng fattigdom og låginntekt til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken står derfor sentralt i innsatsen mot fattigdom. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte si årsak i utfordringar på andre levekårsområde. Personar som har utfordringar knytt til helse, bustad og sosiale forhold kan ha behov for samordna bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester. Det sosiale sikkerheitsnettet skal bidra til at alle får nødvendig bistand slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Det sosiale sikkerheitsnettet omfattar også velferdstenester som familievern og barnevern, helsetenester og tiltak for rusavhengige, bustadsosialt arbeid og innsats for vanskelegstilte på bustadmarknaden mv. Tiltak og innsatsar i utdanningspolitikken, helse- og omsorgspolitikken, bustadspolitikken, oppvekst- og familiepolitikken, integreringspolitikken mv. har også stor betyding for innsatsen mot fattigdom.

Arbeids- og sosialdepartementet har eit ansvar for å koordinere regjeringa sin innsats mot fattigdom. Sektoransvarsprinsippet gjeld og inneber at omsynet til fattigdom skal ivaretakast innanfor sektordepartementa sine ansvarsområde.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2019 å styrke målretta tiltak mot fattigdom. Tiltaka er:

  • 20 mill. kroner til å styrke tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom (Los-ordninga). Målgruppa er unge med risiko for å avbryte utdanninga.

  • 15 mill. kroner til Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom. 10 mill. kroner av løyvinga skal gå til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. 3 mill. kroner skal gå til Røde kors sitt tiltak «ferie for alle» og 2 mill. kroner skal gå til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening.

  • Ordninga med gratis kjernetid i barnehage utvidast til å gjelde to-åringar frå 1. august 2019. Det er sett av 46 mill. kroner til tiltaket.

  • 60 mill. kroner til å styrke bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar.

  • Skjermingsordninga i bustøtta for personar som var uføre og tok i mot bustøtte før 1. januar 2015 blir varig.

  • Om lag 40 mill. kroner til styrking av områdesatsingar, mellom anna 20 mill. kroner til tilskotsordninga og 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak til barnehagar i utsette byområde.

Nedanfor er satsingar i 2019 og andre innsatsar under Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet som har særleg betyding for innsatsen mot fattigdom omtala. Ei meir utførleg omtale er å finne i budsjettproposisjonane til dei ulike departementa.

Arbeid og velferd

Deltaking i arbeidsmarknaden er det viktigaste verkemiddelet ein har for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende, og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir òg fellesskap og nettverk. Innsatsen for å få fleire i arbeid er viktig for å motverke at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv.

Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk sikkerheit for personar som ikkje kan arbeide.

Enkelte grupper kan ha særlege utfordringar med å komme seg i arbeid. Regjeringa har tatt initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få fleire inn i arbeidslivet. Regjeringa har sett ned eit sysselsettingsutval som mellom anna skal foreslå tiltak som kan løfte deltaking i arbeidslivet for utsette grupper.

Personar som ikkje har gjennomført vidaregåande opplæring har auka risiko for å bli ståande utanfor arbeidsmarknaden over lang tid. Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa har sett i verk ein landsdekkjande ungdomsinnsats, og innført aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 30 år. Forsøket med NAV-tilsette i vidaregåande skule er særleg retta inn mot elevar som står i fare for å slutte som følge av levekårsutfordringar og sosiale problem. Målet er å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og fremje overgang til arbeid.

Arbeids- og velferdsforvaltninga skal bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod. For å motvirke at fattigdom og levekårsutfordringar går i arv, blir det gjennomført ei systematisk utprøving av ein heilskapleg modell for oppfølging av barnefamiliar med låginntekt i NAV-kontor. Eigne familiekoordinatorar følger opp familiane med omsyn til arbeid, økonomi, bustad og barna sin situasjon.

Innsatsen for eit arbeidsliv med høg sysselsetting og for økonomisk og sosial sikkerheit er nærare omtalt i del II i denne proposisjonen.

Utdanning

Kunnskap og kompetanse er ein viktig føresetnad for at ein stor del av befolkninga deltek i arbeids- og samfunnslivet. Deltaking i barnehage, skole, læreverksemder og høgre utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet og medverknad. Ved at den enkelte får utnytta evnene sine, vil dei kunne realisere sine ønsker og ambisjonar, og bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Gratis kjernetid på 20 timar per veke er eit tilbod til tre-, fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Det er ei utfordring at mange familiar i målgruppa ikkje bruker desse ordningane. Ei evaluering av ordningane, som kjem i slutten av 2018, vil sjå nærare på kjennskap til ordningane og årsaker til kvifor nokre familiar ikkje bruker tilbodet. Ein delrapport frå evalueringa, som blei lagt fram i mai, syner at det er mange i målgruppa som ikkje kjenner til ordningane, og at søknadsplikta for å få moderasjon gjer terskelen for bruk høgare. Samtidig viser delrapporten at ordningane er viktige tiltak som legg til rette for at fleire barn får gå i barnehage. Regjeringa foreslår at ordninga med gratis kjernetid i barnehage utvidast til å gjelde to-åringar frå 1. august 2019. Det er sett av 46 mill. kroner til tiltaket. Det foreslås òg 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak til barnehagar i utsette byområde.

Frå hausten 2016 er det gitt tilskot til forsøk med gratis deltidstilbod i SFO i Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim. Tiltaket skal bidra til at fleire elevar frå familiar med låg sosioøkonomisk status og/eller elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn får moglegheit til å gå på SFO. I 2017 starta eit seksårig forsøk med gratis barnehage og SFO for dei barna som står utanfor desse tilboda. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å lage ein modell for korleis midlane best kan treffe målgruppa, og ein del av løyvinga skal gå til forsking for å gi meir kunnskap om effekten av gratistilbodet. For barnehageåret 2017–2018 gjekk midlane til ei eittårig tilskotsordning med gratis barnehage for utsette femåringar som ikkje gjekk i barnehage frå før. Femåringane kom frå familiar med låg inntekt og/eller frå minoritetsspråklege familiar.

Regjeringa la våren 2017 fram ei melding til Stortinget om tidleg innsats og kvalitet i skolen (Meld. St. 21 (2016–2017)). Regjeringa har styrka arbeidet mot mobbing for å sikre eit betre miljø i barnehage og skole. 0-24-samarbeidet og Program for betre gjennomføring av vidaregåande opplæring har som mål å redusere fråfall og seinare utanforskap i samfunnet. Gjennom betre samordna tenester skal utsette barn og unge og familiane deira få tilpassa og tidleg hjelp. Dette kan bidra til at dei kan lykkast i skolen, noko som igjen kan gi grunnlag for varig deltaking i arbeidslivet.

Regjeringa vil utvikle og sette i gang ei kompetansereform som legg til rette for å lære heile livet. Opplæringstilbodet til vaksne med svake grunnleggande ferdigheter er styrkt, m.a. er løyvinga til Kompetansepluss auka. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2018–2019) for Kunnskapsdepartementet.

Oppvekst og familie

Regjeringa vil redusere fattigdom gjennom å hindre at levekårsutfordringar går i arv. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheit til å delta i sosiale fellesskap på lik linje med andre.

Regjeringa la våren 2015 fram Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017). I strategien la regjeringa vekt på førebyggande innsats for å motverke at fattigdom går i arv og tiltak som kan dempe negative konsekvensar for barn og unge som veks opp i fattigdom. Dei 64 tiltaka er retta mot at alle barn får lik moglegheit til deltaking og utvikling. Strategien følgde opp anbefalingane i Riksrevisjonen si undersøking av barnefattigdom (Dokument 3:11 (2013–2014)). Perioden for strategien gjekk ut ved årsskiftet, men innsatsområda i strategien ligg fast og dei ansvarlege departementa følger opp ei rekkje av tiltaka. Tiltaka ligg under Barne- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Samarbeid med fylkesmenn, kommunar og det sivile samfunnet er viktig i arbeidet.

Statusrapporten Barn som lever i fattigdom – rapport om arbeidet med regjeringas strategi 2015–2017, blei lagt fram i januar 2018. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har hatt ansvaret for rapporten, i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Husbanken, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Kulturdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Rapporten syner at strategien har ført til større merksemd om fattigdom som levekårsproblem, og konsekvensane dette har for barn og familiar. Tilsvarande statusrapportar om fattigdom i barnefamiliar skal utarbeidast annakvart år. I 2019 blir den andre rapporten publisert.

Regjeringa har styrka det sosiale sikkerheitsnettet rundt utsette familiar i 2018. Løyvingane til ferie- og fritidsaktivitetar for fattige barn og familiane deira, familievernet, foreldrestøttande tiltak, helsestasjon- og skulehelsetenestene, barnevernet, psykisk helse- og rusfeltet og arbeidet mot vald og overgrep er auka. Barnefamiliar og vanskelegstilte på bustadmarknaden er prioritert. Det er innført rimelegare barnehageplassar og ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for låginntektsfamiliar frå barna er tre år. Ungdommar i låginntektsfamiliar har fått meir i skulestipend, og det er sett i gang eit fireårig prøveprosjekt med gratis deltidsplass i SFO i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim.

Den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er styrka og er på nær 290 mill. kroner i 2018. Fafo evaluerte tilskotsordninga i 2018. Tilskotsmidlane har ført til ekstra merksemd om barnefattigdom og inkludering i kommunane og dei har stimulert til samarbeid mellom fleire etatar og tenester. Frivillig og offentleg samarbeid har auka. Totalt fekk 225 kommunar tilskot i 2018, mot 170 i 2017.

Kulturdepartementet vektlegg gode rammevilkår for frivillige organisasjonar slik at dei kan skape aktivitetstilbod med låg terskel. Lokale aktivitetsmidlar (LAM-midlar) til idrett og ordninga Inkludering i idrettslag har som mål å halde kostnadane låge og senke tersklar for deltaking.

Deltaking i fritidsaktivitetar har betyding for trivsel, fellesskap og meistring. Barn og unge i låginntektsfamiliar, mellom anna barn og unge med innvandrarbakgrunn, deltek i mindre grad i fritidsaktivitetar enn andre barn på same alder. Biblioteka er opne lærings- og kulturarenaer og fyller ein viktig demokratifunksjon når dei formidlar opplysning, kultur og kunnskap til alle. Det skal gjerast ein særskild innsats for at barn og unge i familiar med låg inntekt skal delta i tilbodet saman med jamnaldrande. Over budsjettet til Kulturdepartementet gis det tilskot til tiltak mot barnefattigdom. Løyvinga i 2019 blir fordelt med 5 mill. kroner til tiltak i folkebiblioteka og 5 mill. kroner til områdesatsingar.

Regjeringa ynskjer like moglegheiter for alle, og vil styrke det sosiale sikkerheitsnettet ytterlegare. Trygg og god omsorg, gode barnehagar og skoler og deltaking på fritida er grunnleggande i arbeidet med like moglegheiter og gode levekår for alle barn. Fritidserklæringa er ein viktig reiskap for å inkludere alle barn i aktivitetar. God integrering, trygge og gode buforhold og gode helsetenester er andre sentrale område i arbeidet mot barnefattigdom.

Regjeringa foreslår å styrke tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom (Los-ordninga) med 20 mill. kroner i 2019. Gjennom tilskotsordninga kan kommunane tilsetje «losar», som følger opp unge i alderen 12–24 år individuelt. Målgruppa er unge med vanskar knytt til dømes til omsorgssituasjonen i heimen, svakt sosialt nettverk og helseproblem, og kor det er risiko for at dei avbryt utdanninga.

Regjeringa foreslår å løyve 15 mill. kroner i 2019 til Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom. Av løyvinga er det foreslått at 10 mill. kroner skal gå tiletablering av ei pilotordning for å dekke individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. I arbeidet med Fritidserklæringa har det vore etterspurnad etter ei slik løysing for barn som ikkje har høve til å til å betale. Pilotordninga vil ha ei varigheit på to år for å få meir erfaring med korleis slike utgifter knytt til deltaking i organisert fritidsaktivitet kan administrerast lokalt. Av dei resterande 5 mill. kronene skal 3 mill. kroner gå til Røde kors sitt tiltak «ferie for alle» og 2 mill. kroner til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening.

Sjå meir omtale av regjeringa sitt arbeid mot barnefattigdom i Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Helse

I Jeløyerklæringa står det at: «Selv om folkehelsen i Norge generelt er god og levealderen høy, er sosiale forskjeller i helse og levekår fortsatt ei utfordring. Regjeringen vil legge til rette for god helse og gode levekår for å gi bedre muligheter for alle.» Utjamning av sosiale helseforskjellar vil òg bidra til å redusere fattigdom.

Tiltak innan psykisk helse og rus er viktig i arbeidet med utjamning av helseforskjellar. Regjeringa har prioritert å styrke tenestene til menneske med psykisk helse- og/eller rusutfordringar, bl.a. gjennom å lovfeste krav om at kommunar frå 2020 må ha psykologkompetanse. Det har vore ein solid auke i rekrutteringa av psykologar i kommunane frå 2013–2017. Fleire psykologar vil også bidra til å styrke det helsefremjande arbeidet i kommunane. I august 2017 la regjeringa fram strategi for god psykisk helse. Denne er følgd opp gjennom ein eigen opptrappingsplan for barn og unge hausten 2018.

Innanfor rusfeltet har regjeringa sett i verk ein opptrappingsplan for perioden 2016–2020 på 2,4 mrd. kroner til auka innsats i spesialisthelsetenesta og til kommunalt rusarbeid. Dette gir eit historisk løft for ei utsett gruppe. Ventetid innanfor tverrfagleg spesialisert behandling har gått ned. I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa å auke løyvinga til opptrappingsplanen med 281 mill. kroner.

Regjeringa har styrkt tilbodet til gravide, til barn, unge og foreldra deira gjennom helsestasjons- og skulehelsetenesta med ein gradvis opptrapping gjennom kommuneramma og dessutan gjennom øyremerkte tilskot. I 2018 utgjorde tilskotet 853,3 mill. kroner til kommuneramma og 307,2 mill. kroner i øyremerkte tilskot til helsestasjons- og skulehelsetenesta og områdesatsingar.

Det er lagt til rette for at kommunane som ein del av folkehelsearbeidet arbeider systematisk for å jamne ut sosiale helseforskjellar. I denne samanhengen kan det vera ei støtte at folkehelseprofilane til Folkehelseinstituttet no synleggjer sosiale forskjellar i kommunar betre ved at det er profil på bydelnivå, og dessutan at det er lagt inn indikator for utdanningsforskjell i forventa levealder. Profilane viser òg tydeleg geografiske forskjellar i ulikskap. Med Program for folkehelsearbeid har regjeringa starta eit tiårig utviklingsarbeid retta mot kommunane. Å betre den psykisk helsa for barn og unge er prioritert i satsinga.

Regjeringa legg fram neste folkehelsemelding våren 2019. Folkehelse omfattar innsats i fleire sektorar. Utjamning av sosial ulikskap i helse blir gjennomgåande i heile meldinga, dvs. at alle tiltak og strategiar vurderast òg ut i frå korleis dei påverkar sosiale helseskilnader.

Bustad

Regjeringa vil at ingen skal vere utan bustad. Alle skal ha ein trygg og god stad å bu, og vere ein del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn.

Regjeringa vil legge til rette for at så mange som mogleg av dei som ønsker det, skal kunne eige bustaden sin. Startlån fremjar eigarlinja ved å medverke til at òg vanskelegstilte skal kunne eige bustad. Husbanken skal prioritere arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte frå leige til eige.

Samtidig er det viktig å stimulere til fleire og meir eigna utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Husbanken gir tilskot og grunnlån til utleigebustader.

Desse måla er forankra i den nasjonale strategien for bustadsosialt arbeid, Bolig for velferd (2014–2020). Strategien gir retning for arbeidet med bustader og oppfølgingstenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Strategien skal bidra til at kommunane møter ein samordna stat og får betre rammevilkår i arbeidet. Barn og unge er ei prioritert målgruppe.

Bustøtte skal hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å kunne bu trygt og godt. Regjeringa vil sørge for ei god ordning med bustøtte, som er målretta dei som treng det mest. Bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar blei styrkt i 2016 ved at grensa for godkjende buutgifter blei heva. Frå 2017 tel ikkje lenger inntekta til barna med i utrekninga av bustøtta til husstanden. Det er òg innført ein ny modell for prisjustering av bustøtta, slik at satsane i regelverket held følge med prisstiginga. I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa, som eit ledd i innsatsen mot barnefattigdom, å styrke bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar ytterlegare med 60 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke grensene for godkjende buutgifter med 1 760 kroner i året for hushald på to personar, 3 520 kroner i året for hushald på 3 personar, 5 280 kroner i året for hushald på fire personar, og med 7 040 kroner i året for enda større hushald. Dette vil gjere at om lag 21 000 hushald med barn og om lag 2 600 andre hushald i gjennomsnitt får om lag 2 700 kroner meir i årleg bustøtte.

Uførereforma i 2015 førte til auka brutto uføreyting for mange mottakarar. Dette kunne ha ført til mindre bustøtte frå den statlege bustøtteordninga frå Husbanken. Ei skjermingsordning innanfor bustøtta har hindra dette fram til og med 2018. Regjeringa foreslår at denne skjermingsordninga blir varig. Ordninga gjeld personar som var uføre og tok imot bustøtte før 1. januar 2015. Sjå Prop. 1 S (2018–2019) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet for nærare omtale.

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil halde fram med å støtte dette samarbeidet med kommunane. Det blir samla løyvd om lag 220 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger i 2019.

Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvaliteter der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. Dette er ein føresetnad for å motvirke fattigdom både på kort og lang sikt.

Det er i 2018 inngått ein ny intensjonsavtale om områdesatsing i Oslo sør i perioden 2018–2026. Indre Oslo øst har framleis store utfordringar, og regjeringa vil i samarbeid med Oslo kommune vurdere korleis dette arbeidet kan følgjast opp og inngå ein ny intensjonsavtale for perioden 2019–2026.

Regjeringa foreslår ei styrking av områdesatsingar i byer på om lag 40 mill. kroner i 2019, inkludert ei styrking av tilskotsordninga Områdesatsing i byer med 20 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å styrke pågåande områdesatsingar og delfinansiere nye.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i samarbeid med andre departement i 2018 legge fram ei utgreiing om korleis staten best mogleg kan legge til rette for effektiv innsats i byområde med særleg store utfordringar. Sjå nærare omtale av områdesatsingar i Prop. 1 S (2018–2019) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Integrering

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Regjeringa har starta eit integreringsløft, som heng tett saman med inkluderingsdugnaden og kompetansereformen. Desse initiativa gir høve til å ta større grep for å få fleire i arbeid. Vi vil hindre at store grupper fell frå eller blir ståande utanfor arbeidslivet, og motvirke systematiske skilnader i levekår mellom ulike grupper.

Regjeringa vil mot slutten av 2018 legge fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Formålet med strategien er å auke deltakinga for innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom ein samordna innsats. Innvandrarar skal i større grad bli ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet. Introduksjonsprogrammet skal reformerast med tydelege forventningar til gode resultat og meir arbeidsretta eller utdanningsretta tiltak. Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal fornyast og forbetrast. God kompetanse i norsk språk er ein grunnleggande føresetnad for deltaking i utdanning, arbeid og samfunnsliv, og regjeringa vil sørge for at fleire lærer betre norsk. Kunnskapsdepartementet er i gang med ein større gjennomgang av introduksjonslova som etter planen skal føre fram til eit lovforslag som vil bli sendt ut til offentleg høyring våren 2019.

Regjeringa foreslår ei rekkje målretta tiltak i 2019 for regjeringa sitt integreringsløft, sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Kunnskapsdepartementet.

9 FN sine berekraftmål

FN vedtok i september 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I Nasjonalbudsjettet for 2019 er det gitt ei samla omtale av alle berekraftmåla. Arbeids- og sosialdepartementet har ansvar for koordinering av berekraftmål 1, og bidreg til berekraftmål 8. Berekraftmål 1 om å utrydde fattigdom blir følgd opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og hindre at levekårutfordringar går i arv. Sjå omtale over 2 Innsats mot fattigdom, hovudmål om økonomisk og sosial sikkerheit og innleiande del punkt 3.4 om levekår og låginntekt. For omtale av delmål 8.6 sjå under hovudmål om eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høg sysselsetting, og for omtale av delmål 8.8 sjå under hovudmål om eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

10 Likestilling og mangfald

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Nedanfor blir det gitt ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Arbeids- og sosialdepartementet og for departementet sine underliggande verksemder. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir pålegg til offentlege arbeidsgivarar, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgivar, å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering på alle områda i samfunnet.

I tillegg til aktivitetsplikta, følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for tiltak som er sette i verk eller planlagde for å fremme lova sitt formål om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.

Statlege verksemder som ikkje er pålagde å utarbeide årsmelding, skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet og i underliggande verksemder per 1. oktober 2017, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder1

ASD

AV- etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

Totalt i verksemda2

2017

196

14 315

64

24

391

677

177

2016

202

14 314

68

24

397

663

170

Andel kvinner i pst:

I verksemdene

2017

61,7

70,0

56,0

58,0

56,5

60,0

46,0

2016

61,1

70,1

56,0

58,0

56,0

60,0

46,0

Toppleiarar

2017

47,8

50,0

100

60,0

37,5

46,0

43,0

2016

37,5

47,6

100

60,0

37,5

47,0

43,0

Mellomleiarar

2017

50,0

62,0

20,0

-

59,0

54,0

21,0

2016

44,0

61,9

20,0

-

61,0

53,0

21,0

Alternativ karriereveg

2017

33,3

-

39,0

-

50,0

44,0

-

2016

33,3

-

41,0

50,0

45,0

-

Saksbehandlarar

2017

67,1

71,0

56,0

56,0

54,0

65,0

43,0

2016

69,1

70,9

64,0

56,0

57,0

61,0

43,0

Konsulentar/kontorstillingar

2017

77,0

79,1

86,0

100

-

86,0

94,0

2016

91,7

79,4

86,0

100

-

87,0

89,0

Slutta

2017

33,0

69,4

50,0

100

66,0

38,0

33,0

2016

78,0

69,8

80,0

100

56,0

50,0

86,0

Nytilsette

2017

55,6

68,5

38,0

100

68,0

50,0

42,0

2016

43,8

65,3

50,0

50,0

53,0

50,

75,0

Deltidstilsette

2017

100

80,1

83,0

50,0

82,0

76,0

38,0

2016

88,2

81,2

88,0

100

85,0

67,0

60,0

Mellombels tilsette

2017

60,0

71,7

73,0

-

60,0

57,0

50,0

2016

58,3

70,5

53,0

-

67,0

59,0

75,0

Foreldrepermisjon

2017

100,0

90,6

0

100

69,0

50,0

100

2016

100,0

92,7

100

67,0

55,0

88,0

80,0

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Pensjonstrygda for sjømenn (PTS), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Petroleumstilsynet (Ptil). I kategorien alternativ karriereveg ligg fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar, overlegar og overingeniørar, sjefsingeniørar og senioringeniørar. I kategorien saksbehandlarar ligg rådgivarar og seniorrådgivarar. I kategorien konsulentar ligg førstekonsulentar og seniorkonsulentar. I ASD består toppleiinga av ekspedisjonssjefane, departementsråd og direktør. I Trygderetten er det berre ein toppleiar, og denne er ei kvinne. I PTS er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plassert i kategorien toppleiarar.

2 Verksemdene nyttar ulikt talgrunnlag for «totalt i verksemda» i denne rapporteringa. I TR utgjer totalt i verksemda dei tilsette i aktiv teneste. I SPK, AV-etaten og ASD utgjer totalt i verksemda tilsette i aktiv teneste og dei tilsette som er i lønna permisjon. I PTS, Atil og Ptil utgjer totalt i verksemda tilsette i aktiv teneste, og tilsette i både lønna og ulønna permisjon.

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinner sin del av lønna til menn etter stillingskategori1

ASD

AV- etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2017

89,8

93,0

80,3

90,1

90,7

97,0

82,1

2016

90,4

92,4

81,1

91,5

89,1

94,6

80,3

Toppleiarar

2017

105,1

95,3

100,0

104,8

88,8

105,2

104,2

2016

104,5

94,4

100,0

104,8

89,7

107,6

103,5

Mellomleiarar

2017

96,2

94,5

102,9

-

98,2

100,1

98,0

2016

95,8

95,1

109,3

-

98,2

101,1

98,3

Alternativ karriereveg

2017

96,8

-

100,0

-

113,2

98,7

-

2016

107,0

-

100,0

-

111,3

100,7

-

Saksbehandlarar

2017

99,8

95,0

93,5

103,9

89,7

105,5

88,1

2016

98,6

95,9

86,9

104,5

84,0

99,3

86,3

Konsulentar/kontorstillingar

2017

108,5

101,4

100,7

-

92,0

102,9

2016

105,6

101,6

101,6

-

87,3

110,7

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær for departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær totalt per 31. desember 2017

ASD

AV- etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

2017

1,9

5,7

3,6

4,7

4,5

3,4

2,1

2016

1,7

5,7

5,8

2,5

4,1

4,0

2,8

Det er relativt stor skilnad i nivået på sjukefråværet mellom verksemdene. I det statelege tariffområdet var det totale sjukefråværet 4,4 pst. Tala i tabellen over gir ein indikasjon på at det legemeldte sjukefråværet i 2017 ligg under nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og sosialdepartementet, Trygderetten, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet og Petroleumstilsynet er lågt samanlikna med andre statlege verksemder.

Det har vore ein nedgang i sjukefråværet i Trygderetten, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet i 2017. I Arbeids- og velferdsetaten var sjukefråværet 5,7 pst. i både 2017 og 2016.

I Arbeids- sosialdepartementet, Pensjonstrygda for sjømenn og Statens pensjonskasse har det vore ein auke i sjukefråværet frå 2016 til 2017.

Samanlikna med arbeidslivet sett under eitt, er sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet og dei underliggande verksemdene likvel langt lågare enn gjennomsnittet for alle næringar sett under eitt.

Det legemeldte sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet var 1,9 pst. i 2017 mot 1,7 pst. i 2016. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemeldte sjukefråværet i departementa 3,3 pst. i 2017 og 2,9 pst. 2016.

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember 2017

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2017

0,8

2,6

3,9

6,5

1,9

4,6

3,5

5,5

2,7

6,0

3,2

3,5

0,9

1,2

2016

0,8

2,3

3,8

6,5

1,8

6,3

3,1

2,0

2,4

5,5

3,0

4,6

0,5

2,3

Tala viser at det framleis er stor skilnad mellom menn og kvinner i det legemeldte sjukefråværet i heile sektoren, bortsett frå i Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet der det har vore ein nedgang i det legemeldte sjukefråværet blant kvinner. I desse verksemdene er det lite som skiljer det legemeldte sjukefråværet mellom menn og kvinner.

Petroleumstilsynet og Arbeids- og sosialdepartementet skil seg ut med eit lågt sjukefråvær blant både menn og kvinner, men det er framleis relativt stor skilnad i sjukefråværet mellom kjønna i Arbeids- og sosialdepartementet. Sjukefråværet for menn i det statlege tariffområdet var 2,8 pst. i 2017. Blant menn ligg sjukefråværet i Arbeids- og velferdsetaten, Pensjonstrygda for sjømenn og Arbeidstilsynet over det gjennomsnittlege nivået for sjukefråværet i det statlege tariffområdet. Det har og vore ein auke i sjukefråværet blant menn i alle verksemdene bortsett frå i Arbeids- og sosialdepartementet, der sjukefråværet for menn er uendra frå 2016.

Sjukefråværet for kvinner i det statlege tariffområdet var 6,0 pst. i 2017. Tala over gir ein indikasjon på at sjukefråværet blant kvinner i Arbeids- og velferdsetaten er høgare enn gjennomsnittet i det statlege tariffområdet i 2017. Frå 2016 til 2017 har det vore ein auke i sjukefråværet blant kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet, Pensjonstrygda for sjømenn og Statens pensjonskasse. Samtidig har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant kvinner i Trygderetten, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Sjukefråværet i Arbeids- og velferdsetaten er uendra frå 2016, og var 6,5 pst. i 2017.

Nærare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og sosialdepartementet

Kvinnedelen i departementet har vore stabil dei seinare åra, og 61,7 pst. av dei 196 tilsette er kvinner. Tendensen har vore den same for dei nyrekrutterte og for dei som sluttar dei siste åra, men ikkje i 2016. Av dei nyrekrutterte var delen kvinner 44,4 pst., mens delen kvinner som slutta var 66,7 pst. I 2017 var 66 pst. av dei nyrekrutterte kvinner, mens delen kvinner som slutta var 33 pst.

Kjønnsperspektivet er ein del av departementet sin lokale personalpolitikk. Departementet har særleg fokus på at kvinner og menn får like moglegheiter for fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar, men det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer. Blant toppleiarane er delen kvinner 42,3 pst. ein auke frå 37,5 pst. i 2016. Blant mellomleiarane har det vore ein liten auke i delen kvinner frå 47,8 pst. i 2016 til 50 pst. i 2017. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane, og blant saksbehandlarar er kvinnedelen 67,1 pst. og i stillingsgruppa konsulentar utgjer kvinner 77 pst. I stillingskategorien alternativ karriereveg var 33,3 pst. kvinner, ein auke frå 16,7 pst. i 2016. Departementet vil forsette å vere merksame på utviklinga her.

Prinsippet om likelønn skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 89,8 pst. av menn si lønn. Dei siste åra har gjennomsnittleg lønn for kvinner vore om lag 10 pst. lågare enn den gjennomsnittlege lønna for menn. Som tala i tabellen over syner, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i stillingskategoriane toppleiarar og konsulentar. Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 96,2 pst. av menn si lønn, og i stillingskategorien saksbehandlarar tener kvinner 99,8 pst. av menn si lønn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til skilnaden i gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn.

Departementet deltek i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Forutan søkarar til traineestillingen var delen søkarar som oppgav å ha nedsett funksjonsevne 6,8 pst. i 2017, mot vel éin pst. i 2016. Ingen av desse fylte vilkåra for stillingane dei søkte på. Å nå dei kvalifiserte søkarane med nedsett funksjonsevne opplevast som ei utfordring. Departementet nyttar jobbportalen «Jobbforalle» for å nå målgruppa betre, og søkarar med nedsett funksjonsevne blir innkalla til intervju, dersom dei er kvalifiserte. Departementet har i eigen IA-plan sett mål for rekruttering frå målgruppa (delmål 2), og har som mål å ta imot IA-kandidatar. Det blir gjort i samarbeid med NAV Arbeidslivssenter.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 6,1 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2017, og av desse var 2,6 pst. frå landgruppe 2 (Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU). Av totalt 405 søkarar til ulike stillingar i Arbeids- og sosialdepartementet i 2017, opplyste 11,5 pst. av søkarane at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Av dei som vart innkalla til intervju hadde 7,8 pst. innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2.Til samanlikning var delen 17,3 pst. i 2016. Det blir jobba med å auke rekrutteringskompetansen i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass og kvinnedelen har vore stabil på om lag 70 pst. dei åtte siste åra. Det var 14 315 tilsette i etaten i 2017. Fordelinga mellom kjønna er tilnærma lik for dei nyrekrutterte som for dei som sluttar i etaten.

Delen kvinner er noko ulik mellom dei ulike einingane, og er høgast i Arbeids- og tenestelinja med over 75 pst. kvinner i nokre fylke og lågast i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er rett under 50 pst. Dette heng saman med at kvinnedelen er høgast i dei lågaste stillingskategoriane, og fell med aukande stillingsnivå. Kvinnedelen blant toppleiarane var 50 pst. i 2017, ein auke frå 47,6 pst. i 2016. I stillingskategorien mellomleiarar er kvinnedelen framleis aukande og var i 2017 62 pst. mot 56,8 pst. i 2010.

Det er ein minimal nedgang i den totale delen tilsette menn i verksemda frå 2010 til 2017. Talet på søkarar viser at det er ein noko høgare del menn som søker på stillingane enn det som vert tilsett. Av dei som søkte på stillingane var det 36,3 pst. menn og 63,6 pst. kvinner. Det har ikkje blitt prioritert å gjere særskilde grep frå sentralt hald for å få fleire menn til å søke stillingar i etaten.

Prinsippet om likelønn i Arbeids- og velferdsetaten skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 93 pst. av menn si lønn. Kvinnelege toppleiarar tener i snitt 95,3 pst. av menn si lønn, kvinnelege mellomleiarar tener i snitt 94,5 pst. av menn si lønn og kvinnelege saksbehandlarar tener i snitt 95 pst. av menn si lønn. Det er kun i stillingskategorien konsulentar og kontorstillingar kvinner i snitt tener noko meir enn menn. I dei lokale lønnsoppgjera i 2016 og 2017 var ei av føringane at ein skulle sjå særleg på forskjellane i lønn mellom kvinnelege og mannlege seniorrådgivarar, og gjera utjamnande grep om forskjellane ikkje kunne forklarast med anna enn kjønn. Til tross for at kvinner har vore prioritert i lønnsforhandlingane, særskild i stillingane saksbehandlarar og rådgivarar, så har det ikkje gjort store utslaga på lønnsstatistikken. Det kan forklarast med gjennomstrøymingar blant tilsette i verksemda.

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald knytt til etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. I samsvar med avtalen skal arbeidsoppgåver som gir utvikling, auka kompetanse eller som på anna vis medverkar til å kvalifisere forfremming, fordelast slik at kvinner og menn får same grunnlaget for karriereutvikling.

I alle kunngjeringane i etaten blir det oppmoda om å søke på stillingane utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Det er eit krav at minimum éin søkar frå kvar av dei underrepresenterte gruppene (definert som innvandrarbakgrunn eller med redusert funksjonsevne) blir kalla inn til intervju dersom det finst kvalifiserte søkarar. Dette er det opplyst om i det elektroniske rekrutteringsverktøyet til etaten, og søkarar blir oppmoda om å opplyse om dei har innvandrarbakgrunn eller redusert funksjonsevne.

Med bakgrunn i regjeringa si igangsetting av inkluderingsdugnaden, vil det bli sett i gang tiltak for å auke tilsetting av personar med nedsett funksjonsevne, personar med «hull i CV» og personar med innvandrarbakgrunn.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket. Nettverket har hatt likestilt rekruttering som tema i både 2016 og 2017.

I 2017 var 2,5 pst. av dei nytilsette i etaten personar med nedsett funksjonsevne. Det er ein stor nedgang frå 2016 da 4 pst. av dei tilsette i Arbeids- og velferdsetaten var personar med nedsett funksjonsevne. Det er ei større utfordring å få rekruttert personar med redusert funksjonsevne enn med innvandrarbakgrunn. Fleire driftseiningar rapporterer at dei ikkje har mottatt søknadar frå denne gruppa, og at det er ei utfordring å tiltrekke seg søkarar. I 2017 var det berre 0,9 pst. av alle søkarane som har oppgitt at dei har nedsett funksjonsevne.

Etaten deltek i Statens traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning med tre stillingar i ulike einingar i perioden 2017–2018.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2011 til 2017. Etaten har gått frå å ha 7,4 pst. tilsette med innvandrarbakgrunn i 2011 til 10,9 pst. i 2017. Det er fleire tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 enn frå landgruppe 1. Tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 utgjorde 7 pst. i 2017. Auken har vore størst i delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2.

I Arbeids- og velferdsdirektoratet hadde 14,5 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn i 2017, mot 13,9 pst. i 2016. Dette er ein større del av dei tilsette enn om ein ser på tala for heile etaten samla. I direktoratet har det vore meir enn ei dobling i delen tilsette med innvandrarbakgrunn frå 2011 til 2017, i følge tala frå SSB.

Lokalisering i Oslo gjer det enklare å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. I Arbeids- og tenestelinja er det stor variasjon mellom fylka, noko som speglar størrelsen på innvandrarbefolkninga i fylket. I Oslo utgjer personar med innvandrarbakgrunn 32,9 pst. av dei tilsette, og i Akershus rundt 15 pst. I Oslo har om lag 25 pst. av desse bakgrunn frå landgruppe 2, og i Akershus har 10 pst. av desse bakgrunn frå landgruppe 2.

IA-plassar er i ulik grad tatt i bruk i etaten, sjølv om dei fleste driftseiningane stiller plassar til disposisjon. I 2017 har det vore registrert 145 IA-plassar, ein nedgang frå 2016 (227) og frå 2015 (258). IA-plassar har medverka til at fleire har fått faste og mellombelse stillingar, både i etaten og hos andre arbeidsgivarar. Arbeids- og velferdsetaten er usikre på kvifor det har vore ein nedgang i IA-plassar dei siste to åra.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 64 tilsette i 2017, og av desse er 56 pst. kvinner. Toppleiar er ei kvinne, og blant mellomleiarane er kvinnedelen 20 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. Blant rettsmedlemmane er 43 pst. kvinner, blant rettsfullmektigane er tendensen motsett, her er delen kvinner 67 pst. I lågare stillingskategoriar som økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester med vidare, er kvinnedelen 80 pst. Delen tilsette på deltid består i hovudsak av kvinner.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 80,3 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for lønnsplassering. For dei andre stillingsgruppene er det ikkje avdekka store lønnsmessige forskjellar innanfor ulike stillingsgrupper basert på kjønn. Blant Trygderetten sine saksbehandlarar og kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og desse stillingsgruppene har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. Blant mellomleiarane tener kvinnene noko meir enn sine mannlege kollegaer.

Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal bli behandla likt, uavhengig av kjønn. I stillingsutlysingar blir det understreka at arbeidsstaben skal spegle samansetninga i befolkninga både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Trygderetten er ei IA-verksemd. Eitt mål er at sjukefråværet i Trygderetten ikkje skal vere høgare enn 5 pst. i perioden. Det legemeldte sjukefråværet var på 3,6 pst. i 2017, ein nedgang frå 2016 da sjukefråværet var 5,8 pst. og 1,4 pst. lågare enn verksemdas IA-mål.

Trygderetten har sett som delmål at verksemda skal behalde medarbeidarar med redusert funksjonsevne, heilt eller delvis, fram til ordinær pensjonsalder, ved mellom anna å tilby tilrettelegging av det fysiske arbeidsmiljøet. Trygderetten har som mål å ha ein høg gjennomsnittleg pensjonsalder.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn på ledige stillingar, kallast alltid minst éin inn til intervju. Embetet som rettsmedlem (dommarar) og stillinga som rettsfullmektigar må vere besett av personar med norsk statsborgarskap.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn er ei lita verksemd med 24 tilsette. I både 2017 og 2016 utgjorde kvinnedelen 58 pst. av dei tilsette mot 71 pst. på same tid i 2015 og 83 pst. i 2014. Kvinnedelen auka mykje i nokre år, og det har vore eit ønske om å oppnå ei betre likevekt mellom kjønna. Kvinner er fortsatt i fleirtal i verksemda, men det er nå betre balanse mellom kjønna. I leiinga er 50 pst. kvinner når øvste leiar medreknas. Blant saksbehandlarane, som er den største gruppa med tilsette, er kvinnedelen 56 pst. mot 73 pst. i 2014.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn i Pensjonstrygda for sjømenn tilnærma lik, og gjennomsnittleg lønn for kvinner utgjorde 100,5 pst. av menn si lønn utan medrekna øvste leiar. Jamlege analysar av forholda i verksemda viser at det er små forskjellar mellom kvinner og menn si lønn, så vel i leiinga som blant saksbehandlarane. Blant toppleiarane og saksbehandlarane er den gjennomsnittlege lønna for kvinner noko høgare enn for menn og utgjer 105 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn.

Pensjonstrygda for sjømenn er ei IA-verksemd og har som mål at sjukefråværet ikkje skal vere høgare enn 4,5 pst. I 2017 var det legemeldte sjukefråværet 4,7 pst. mot 2,5 pst. i 2016. Det har vore jobba mykje med førebyggande tiltak, oppfølging og tilrettelegging.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har 391 tilsette, og kvinnedelen er 56,5 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 37,5 pst., medan kvinnedelen blant mellomleiarane er 59 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er kvinnedelen 54 pst., ein nedgang frå 57 pst. i 2016. I gruppa alternativ karriereveg er kvinnedelen 50 pst., noko den og var i 2016.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 89,1 pst. av menn si lønn i 2016 og 90,7 pst. av menn si lønn i 2017. Innanfor kvar stillingskode tener menn jamt over noko meir enn kvinner, bortsett frå i alternativ karrierevegsstillingar. Blant mellomleiarane er lønna tilnærma lik mellom kjønna. Statens pensjonskasse analyserar lønnsforholda jamleg, og i dei lokale lønnsforhandlingane fokuserer verksemda mellom anna på at tilsette i permisjon og deltidsstillingar ikkje diskriminerast.

Statens pensjonskasse har vore ei IA-verksemd sidan 2002. Verksemda har sett aktivitetsmål når det gjeld personar med nedsett funksjonsevne, og skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar og tilby minst 11 praksisplassar/tiltaksplassar for personar som har behov for arbeidstrening. I 2017 hadde verksemda fem personar inne på praksisplass, mot ni personar i 2015. I 2017 hadde verksemda 64 tilsette med innvandrarbakgrunn, noko som utgjer 16,4 pst. av dei tilsette, ein auke frå 13 pst. i 2015.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 677 tilsette, og kvinnedelen er 60 pst. Arbeidstilsynet er opptatt av å ha ei mest mogleg lik kjønnsbalanse i verksemda. Blant toppleiarane er kvinnedelen 46 pst. og blant mellomleiarane er kvinnedelen 54 pst. I Arbeidstilsynet er det og overlegar og ingeniørar, og kvinner utgjer 44 pst. av dei tilsette i desse gruppene. I perioden rekrutterte verksemda 55 nye medarbeidarar, og av dei nyrekrutterte var 45 pst. kvinner. I føregåande periode var tala 59 pst. kvinner og 41 pst. menn. Arbeidstilsynet er framleis opptatt av å ha ein god balanse mellom kjønna.

Arbeidstilsynet har ein god lønnsbalanse mellom kvinner og menn i dei fleste samanliknbare stillingar. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeidstilsynet knapt lågare enn for menn, og utgjer 97 pst. av menn si lønn, ein auke frå 95 pst. i 2016. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 105,2 pst. av menn si lønn, blant mellomleiarane er gjennomsnittleg lønn lik mellom kjønna. Blant saksbehandlarane tener kvinner i snitt noko meir enn sine mannlege kollegaer. Det er kun i stillingskategorien konsulentar kvinner si lønn har vore markant lågare enn menn si lønn, men den auka frå 87 pst. i 2016 til 92 pst. i 2017. I dei lokale lønnsforhandlingane har likelønn mellom kjønna høg prioritet.

Arbeidstilsynet er ei IA-verksemd, og sjukefråværet blir følgd tett opp. I 2017 var det legemeldte sjukefårværet blant menn 3,2 pst., ei svak auke på 0,2 pst. Blant kvinner var sjukefårværet 3,5 pst, ein nedgang frå 2016 på 1,1 pst. Verksemda sitt arbeidsmiljøutval (AMU) har også i 2017 hatt eit særskilt fokus på tema som omhandlar uheldig belasting, vald og truslar frå eksterne. Arbeidstilsynet har gjennomført ei intern opplæring for verneomboda der temaet har vore konflikthandtering og trakassering. Etaten sin innsats med tilsyn innan sosial dumping har ført til eit auka fokus på førebyggande tiltak og aktivitetar når det gjeld sikkerheita for inspektørane på tilsyn.

Arbeidstilsynet har lagt til rette for og sett i gang særlege tiltak for at arbeidsstyrken skal spegla mangfaldet i befolkninga når det gjeld kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Verksemda har mellom anna utarbeidd ei intern skildring av arbeidsprosessar som også tydeleggjer mangfaldsperspektivet knytt til rekruttering. I rekrutteringssystemet kan søkarar synleggjere at dei har nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn. Ei erfaring verksemda har gjort, er at det ikkje er mange som gir til kjenne at dei har ei funksjonsnedsetting.

Når det gjeld personar med innvandrarbakgrunn har Arbeidstilsynet fleire tilsette som kjem frå ulike kulturar. Arbeidstakarar som kan fleire språk og har god kunnskap om ulike kulturar, er positivt for arbeidsgivar.

Sidan 2008 har Direktoratet for Arbeidstilsynet deltatt i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne. Arbeidstilsynet har positiv erfaring med traineeprogrammet, og deltek i programmet som starta opp hausten 2017. Arbeidstilsynet er ei IA-verksemd, og i avtaleperioden 2014–2018 skal alle einingar i Arbeidstilsynet opprette minst ein IA-arbeidsplass per år i form av plassar til opplæring og arbeidstrening. Verksemda har opparbeidd god kompetanse på dette området, og har god dialog og eit godt samarbeid med NAV Arbeidslivssenter. Verksemda opplever at dei har lukkast godt med å inkludere og følge opp denne målgruppa. Etaten hadde totalt 10 personar med nedsett funksjonsevne i arbeidspraksis i 2017.

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet har 177 tilsette. Det er god balanse mellom kjønna og i både 2017 og 2016 var 46 pst. av dei tilsette kvinner og 54 pst. av dei tilsette menn. Blant toppleiarane er kvinnedelen 43 pst. som i 2016, medan kvinnedelen blant mellomleiarane framleis er 21 pst. Arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna er forankra i Petroleumstilsynet sin personalpolitikk, og er ein integrert del av verksemda. I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansettinga av kjønn og alder. Ei intern undersøking om arbeidsforholda og arbeidsmiljøet i etaten som blei gjennomført i mars 2015, viser at kjønn har lite å seie for opplevinga av arbeidsforholda og arbeidsmiljøet i verksemda. Petroleumstilsynet planleggar å ha ein tilsvarande intern undersøking om arbeidstilhøve og arbeidsmiljøet i 2019.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Petroleumstilsynet lågare enn for menn, og utgjorde 82 pst. av menn si lønn, mot 80 pst. i 2016. Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn med omsyn til «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen, så gjer verksemda merksam på at Petroleumstilsynet er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling, der fleirtalet av dei tilsette er kvinner. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i administrativ samanheng. Fleirtalet av medarbeidarane i den administrative avdelinga er kvinner.

Skilnadene i lønn mellom kvinner og menn med omsyn til toppleiarar og mellomleiarar er ellers relativt liten, og gjennomsnittleg lønn for kvinner er 104 pst. av menn si lønn for toppleiarar og 98 pst. for mellomleiarar. I snitt er mannlege medarbeidarar i verksemda eldre og har lengre erfaring frå arbeidslivet. Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar, og det har vore stor konkurranse om denne type arbeidskraft i petroleumsnæringa. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer lønnsnivået i petroleumsnæringa. Seinare i lønnsutviklinga bidreg sentrale og lokale føringar for dei lokale forhandlingane til å betre den kvinnelege lønnsprofilen samanlikna med den mannlege. Før dei lokale forhandlingane om lønn, ber verksemda leiarar og organisasjonene vurdere om nokon av skilnadene i lønn mellom kvinner og menn kan skuldast kjønn.

Verksemda si målsetting er å ivareta og legge til rette for medarbeidarar med særlege behov og nedsett funksjonsevne på ein god måte. Det var ingen søkarar med nedsett funksjonsevne til dei utlyste stillingane i 2017. I administrative stillingar kan verksemda legge til rette for søkarar med nedsett funksjonsevne. For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og kurs i sikkerheit.

Alle kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn blir kalla inn til intervju. Det er ei målsetting å tilby minst éin praksisplass per år. Denne praksisplassen ønsker verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk. I 2017 hadde verksemda ein praksisplasskandidat.

11 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, mellom anna knytt til det å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Førebygging av forureining frå petroleumsverksemda utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og sosialdepartementet sin klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining. I tillegg vil kunnskap knytt til arbeidsmiljø og arbeidshelse, som mellom anna Statens arbeidsmiljøinstitutt bidreg til, truleg også kunne overførast på områder knytt til forureining. Til dømes kan dette gjelde kunnskap om kjemisk og biologisk eksponering og helseeffektar.

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet si oppfølging av at petroleumsverksemdene følger krava i regelverket, medverkar til eit høgt nivå på sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsindustrien. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Dette bidreg til å førebygge akutt forureining til sjø og til luft og samtidig bygge opp om dei nasjonale målsettingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2017

Gjennom arbeidet med Risikonivå i norsk petro-leumsverksemd (RNNP) overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn var bakgrunnen då Petroleumstilsynet i 2007 retta særleg merksemd mot tre områder: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. Dei to første prioriteringane har bakgrunn i trendutveklinga, medan prioriteringa av innretningar på havbotnen synleggjer Petroleumstilsynet si forventning til oppfølging på dette området.

RNNP viser at dei to siste åra har det ikkje vore registrerte brønnkontrollhendingar innan leiteboring. Hendingar innan produksjon viser likevel ei auke dei siste åra, slik at det samla sett ikkje er nokon tydeleg forbetring når det gjeld førebygging av brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining på norsk sokkel dei seinare åra. Læring frå brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining er viktig fordi det gir kunnskap om barrierar som har innverknad på førebygging av alle type brønnkontrollhendingar, både dei med potensiale for personellskader og dei med potensiale for forureining.

Kjemikalieutslepp har sidan 2009 variert rundt eit høgt nivå, og står for om lag 80 pst. av alle akutte utslepp på norsk sokkel med utsleppsmengde over ein kubikkmeter. Denne typen utslepp er slik dominerande, både når det gjeld talet på utslepp og årleg utsleppsmengde. Petroleumstilsynet arbeider for ei meir effektiv førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar.

Det er ofte dei same faktorane som reduserer risiko for menneske, som og førebygger forureining. Det er generelt framleis behov for merksemd om førebygging av akutt forureining i arbeidet med sikkerheit i norsk petroleumsverksemd.

Vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgd opp i tilsyn, i trepartsfora og i samarbeid med andre myndigheiter. Petroleumstilsynet vil og føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

12 Samfunnssikkerheit og beredskap

Arbeids- og sosialdepartementet har eit todelt ansvar for samfunnssikkerheit og beredskap. Det gjeld arbeids- og velferdsområdet og arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet, under dette petroleumsverksemda. Myndigheitsansvaret omfattar:

  • Folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon o.a., også ved kriser eller katastrofar i fredstid og i krig.

  • Å medverke til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i fredstid og i krig.

  • Førebygging og beredskap i petroleumsverksemda – både offshore og på nærare gitte landanlegg med tilknytt røyrleidningsystem. Ansvaret omfattar både helse, miljø og sikkerheit inkludert storulykkerisiko, samt sikkerheitstiltak og beredskap mot medvetne handlingar.

  • Arbeidsmiljø- og sikkerheit i arbeidsliv på land, – men her er ansvaret for storulykker plassert hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Arbeids- og sosialdepartementet har to overordna mål for arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap:

  • Å førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor.

  • På ein god måte vere i stand til å handtere og minske følgene dersom dei like fullt skulle oppstå.

Departementet nyttar ei rekke verkemiddel i arbeidet med desse måla, som risiko- og sårbarheitsanalyser, regelverksutvikling, krise- og beredskapsplanar, øvingar, evalueringar m.m. Krava, oppgavene og prioriteringane i «Instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerheit (Samfunnssikkerheitsinstruksen)» av 1. september 2017 ligg til grunn for bruken av verkemiddel. Instruksen følger av fullmakt i kongeleg resolusjon av 10. mars 2017 «Ansvaret for samfunnssikkerhet i sivil sektor på nasjonalt nivå…».

Mål 1: Førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor

Departementet har i 2017 og 2018 hatt fokus på auke kunnskapen og oversikta over samfunnssikkerheitsmessige risikovurderingar. Det er i 2018 utarbeidd ei overordna risiko og sårbarheitsanalyse for sektoren basert på analyser knytt til etatane sine kritiske samfunnsfunksjonar. Denne vil bli nytta som eit grunnlag for departementet si overordna styring. Analysen viser eit samansett bilde av ulike typar hendingar på tvers i sektoren. Arbeidet med systematisk risikotenking er godt utvikla på petroleumsområdet. Målingane Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) ble sett i gang i 1999/2000. Styresmaktene, saman med partane i næringa, gir ut denne felles årlege rapporten om risikoutviklinga. Petroleumstilsynet nyttar dette som eit grunnlag for å prioritere oppfølging av aktørane og næringa generelt.

Informasjons- og IKT-sikkerheit er ei aukande utfordring. Underliggande verksemder og etatar har ansvaret for IKT-sikkerheit i eigen sektor. Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet et fellesansvar viser til at auka digitalisering er blant dei mest relevante truslane for samfunnet. Dette er òg tema i styringsdialogen, og departementet har arbeidd med ein rettleiar for styring av IKT i våre underliggande verksemder. Arbeids- og velferdsetaten, Statens pensjonskasse og Pensjonstrygda for sjømenn administrerer arbeidsmarknadstiltak, ytingar, pensjonar og forsikringar. Det er etablert ulike reserveløysingar for å adresser og redusere risikoen for IKT-svikt knytt til desse tenestene. Modernisering av arbeids- og velferdsforvaltninga sine IKT-system vil bidra til å styrke IKT-sikkerheit i sektoren. Sjå Del II, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids og velferdsforvaltningen, for nærare omtale.

Trusselbilete for IKT forandrast stadig og det er nødvendig med kontinuerlig overvaking av moglege hendingar og angrep. Vi har eit særleg fokus på utvikle sikring mot eventuelle dataangrep der angriparen samarbeider med ein aktør på innsida. Innan petroleumsverksemda er IKT-systema i aukande grad samankopla i nettverk for fjernstyring som til dels òg medfører tilknyting til internett. Petroleumstilsynet er i gang med prosjekt som vurderer moglege løysingar med tanke på den HMS- risikoen dette kan medføre.

Prop. 153 L (2016–2017) Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven) blei behandla og vedtatt av Stortinget 27. februar 2018. Arbeids- og sosialdepartementet har tatt del i arbeidet med forskrifter til den nye lova, samtidig som det blir arbeidd med å tilpasse sektoren til nye krav.

Petroleumslova pålegg operatørane (oljeselskapa) eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkesituasjonar, samt å sjå til at underentreprenørar m.v. møter krava til beredskaps- og sikkerheitstiltak. Det er utvikla eit regelverk som stiller strenge krav til dei enkelte selskapa sin innsats, og Petroleumstilsynet fører tilsyn med næringa. Ambisjonen er at norsk petroleumsverksemd skal vere leiande på helse, miljø og sikkerheit. Meld. St. 12 (2017–2018) Helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten viser til at næringa har vore prega av endringar både i aktivitetsnivå, lønnsemd og aktørbilde. Sjå Del II under hovudmål om eit sikkert og seriøst arbeidsliv, samt programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og sikkerheit, kap. 640 Arbeidstilsynet og kap. 642 Petroleumstilsynet, for nærare omtale av meir konkrete mål og satsingar.

Mål 2 : Vere i stand til å handtere og minske følgene av ei krisehending i sektoren.

Arbeids- og sosialdepartementet har utvikla eit planverk for krisehandsaming som dekker dei ulike typane kriser som departementet kan bli involvert i. Planverket blir jamleg revidert og ny revisjon er i gang. Departementet oppdaterer òg planane for krisehandsaming ved tryggingspolitiske kriser og krig (knytt til Sivilt beredskapssystem, SBS), i samarbeid med underliggande verksemder. Dette er òg ein del av førebuingane til deltaking i NATO øvinga Trident Juncture 18.

Departementet har utvikla eigne krav til planlegging, gjennomføring og evaluering av krisehandteringsøvingar og reelle hendingar. Evalueringane blir lagt til grunn for forbetringar i planverket. I 2018 har vi så langt hatt tre øvingar for å øve både departementet sjølv og kontakten med andre departement, samt samarbeid med underliggande etatar og regjeringas krisestøtteeining. Det er blitt øvd på samarbeid mellom departementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet ut frå eit scenario med ei større hending på eit NAV-kontor. Vidare har departementet delteke i terrorøvinga Nordlys/Gemini 18, og det har vært gjennomført ei mindre intern øving. Det blir nå arbeidd med å følge opp dei læringspunkta som er avdekte. Hausten 2018 vil Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor delta i NATO øvinga Trident Juncture 18.

Departementet vil halde fram med å vidareutvikle det gode samarbeidet med både underliggande etatar og andre verksemder om øving og opplæring i krisehandsaming. Underliggande etatar har i tillegg eit sjølvstendig ansvar for at dei gjennomfører krisehandsamingsøvingar.

Ved ei hending innan petroleumsverksemda er det operatør som er ansvarleg for å sette i verk nødvendige tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet, samt andre berørte etatar. Det operative ansvaret for å førebygge og handtere uønskte hendingar er lagt til næringa, og styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av selskapa sin aktivitet. Petroleumstilsynet har ei beredskapsvaktordning som varslar vidare til andre involverte styresmakter og sikrar effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeids- og sosialdepartementet.

13 Grunnbeløp, særtillegg og stønader

Grunnbeløpet er ein faktor som blir nytta til å fastsetje og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet blir mellom anna nytta til å fastsette opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetting av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetting av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet blir regulert kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2018 auka grunnbeløpet frå 93 634 kroner til 96 883 kroner. Dette er ein auke på 3,47 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 2,7 pst. frå 2017 til 2018, frå 93 281 kroner til 95 800 kroner.

Grunnbeløpet blir fastsett på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. I Revidert nasjonalbudsjett 2018 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsauke i 2018 på 2,8 pst. I rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera vart faktisk lønnsauke for 2017 førebels anslått til 2,3 pst., medan anslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2017 var på 2,4 pst. Det er eit negativt avvik på 0,1 prosentpoeng eit år tilbake i tid, som det skal korrigerast for ved årets regulering. Faktisk lønnsauke for 2016 på 1,7 pst. er ikkje endra, og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid.

Frå 1. januar 2011 blei det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon, og reglane for korleis minsteytinga i alderspensjonen frå folketrygda blir målt ut vart endra. Særtillegget vart avløyst av eit pensjonstillegg, og minste pensjonsnivå for personar med låg eller ingen tilleggspensjon blir fastsett som eit kronebeløp. Er satsen høgare enn den grunn- og tilleggspensjonen pensjonisten har rett til, blir differansen betalt ut som eit pensjonstillegg.

Personar fødde til og med 1942 er ikkje omfatta av reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering. Dei aller fleste har tatt ut alderspensjon før 2011. Dersom dei likevel tar ut alderspensjonen etter 2010, skal dei framleis få særtillegg om tilleggspensjonen er låg. Personar fødde i 1943 som tok ut alderspensjon med særtillegg i 2010, vil få omgjort særtillegget til pensjonstillegg dersom dei reduserer pensjonsgraden eller får ny opptening mv. Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet.

Satsane for minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 utgjer pr. 1. mai 2018 153 514 kroner for låg sats, 177 675 kroner for ordinær sats, 186 968 kroner for høg sats, 194 192 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav a og 291 022 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav b. Satsane er knytt opp til sivilstatus og storleiken på ektemakens inntekt og pensjon.

a. Grunnbeløpet

Følgjande pensjonsytingar blir fastsette i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjer i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som og har rett til

pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1

90

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving (gjeld uføretrygd)

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Same beløp som pensjon til etterlatne til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlaten, ugift, skilt eller separert forsørgjar

225

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har årleg inntekt større enn to gonger grunnbeløpet blir rekna som sjølvforsørgjande.

For alderspensjonistar svarar fullt tillegg for ektemake til 25 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, medan barnetillegg svarar til 20 pst.

b. Særtillegget

Særtillegg blir gitt til personar som får:

  • alderspensjon og er fødd i 1942 eller tidlegare og enkelte alderspensjonistar som er fødd i 1943

  • overgangsstønad og pensjon til gjenlevande ektefelle etter kapittel 17

  • overgangsstønad eller pensjon til tidlegare familiepleiar etter kapittel 16 og

  • pensjon til foreldrelaust barn etter kapittel 18

Særtillegget blir fastsett i pst. av grunnbeløpet. Særtillegget er først og fremst meint for dei som ikkje har tent opp tilleggspensjon. Særtillegget blir redusert eller fell bort i den utstrekning det blir gitt tilleggspensjon.

c. Pensjonstillegget

Pensjonstillegget blir gitt til personar som får alderspensjon etter kapittel 19.

Pensjonstillegget blir fastsett med eit kronebeløp og blir utbetalt dersom summen av grunnpensjonen og tilleggspensjonen er lågare enn minste pensjonsnivå etter § 19-8.

Andre stønader som Stortinget fastset1:

Type stønad

2018

2019

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter grunna varig sjukdom, skade eller lyte etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

8 136

8 232

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli auka til

12 420

12 564

1c.

eller til

16 284

16 464

1d.

eller til

23 988

24 252

1e.

eller til

32 508

32 868

1f.

eller til

40 596

41 052

2a-1.

Hjelpestønad til uføre som må ha hjelp i huset2

13 560

-

2a-2.

Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til dei som må ha særskilt tilsyn og pleie grunna varig sjukdom, skade eller lyte

14 580

14 748

2b.

Høgare hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til barn under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie

29 160

29 496

2c.

eller til

58 320

58 992

2d.

eller til

87 480

88 488

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

23 337

23 990

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-11 og 17-93

for første barn

46 656

47 724

for to barn

60 888

62 280

for tre og fleire barn

68 988

70 572

1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Stønad til hjelp i huset gjaldt tilfelle før 1. januar 1992. Overgangsordninga vart oppheva frå 1. juli 2018.

3 Stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova §§ 15-10 og 17-9 første ledd bokstav a) gjeld frå 1.1.2016 stønad til barnetilsyn for einslege forsørgarar og etterlatne som er i arbeid. Stønaden dekker 64 pst. av dokumenterte utgifter til barnetilsyn. Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.

14 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til løn

85 850 963

79 084 377

88 592 491

86 505 000

Varer og tenester

42 494 431

46 866 550

34 345 144

35 170 156

Sum driftsutgifter

128 345 394

125 950 927

122 937 635

121 675 156

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

9 740 131

11 525 840

11 601 806

8 000 000

Sum investeringsutgifter

9 740 131

11 525 840

11 601 806

8 000 000

Sum utgifter

138 085 525

137 476 767

134 539 441

129 675 156

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

4 370 266

2 580 378

4 574 868

3 752 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar1

1 774 984

0

0

0

Andre driftsinntekter

80 557

67 678

200 980

20 000

Sum driftsinntekter

6 225 808

2 648 056

4 775 848

3 772 000

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

114 588 000

117 090 000

121 649 000

121 821 000

Andre innbetalingar

17 304 943

16 870 379

15 197 680

14 277 000

Sum overføringsinntekter

131 892 943

133 960 379

136 846 680

136 098 000

Sum inntekter

138 118 751

136 608 435

141 622 528

139 870 000

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

33 226

-868 331

7 083 087

10 194 844

1 Frå 2015 blir refusjonar knytte til foreldrepengar og sjukepengar m.m. rekneskapsførte som reduksjon i utgifter til lønn. I tabellen ovanfor er refusjonar presenterte i utgift til lønn brutto som inntekt.

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Rekneskap 2017

Budsjett 2018

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

114 588 000

117 090 000

121 649 000

121 821 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

962 286

3 243 177

3 871 000

0

Tildeling frå Noregs forskingsråd

11 383 223

6 575 778

6 663 250

8 566 200

Sum løyvingar

126 933 509

126 908 955

132 183 250

130 387 200

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

17 500

0

0

0

Bidrag frå private

4 650 273

7 051 424

4 663 430

5 710 800

Tildelingar frå internasjonaleorganisasjonar

291 661

0

0

0

Sum bidrag

4 959 434

7 051 424

4 663 430

5 710 800

Oppdragsinntekter

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

6 225 808

2 648 056,00

4 775 848

3 772 000

Sum oppdragsinntekter

6 225 808

2 648 056

4 775 848

3 772 000

Sum inntekter

138 118 751

136 608 435

141 622 528

139 870 000

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Instituttet sine inntekter frå bidragsforskinga (frå Noregs forskingsråd og andre bidrag) utgjorde i 2017 om lag 11 pst. av instituttet sine totale inntekter. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Noregs forskingsråd og andre forskingsfond.

Verksemda si kontantbehaldning per 31. desember i perioden 2013–2015 med spesifikasjon av formålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2015

2016

2017

Endring 2016–2017

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

63 122 834

62 254 503

69 337 590

7 083 087

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

63 122 834

62 254 503

69 337 590

7 083 087

Avsetningar til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

7 237 053

7 283 490

7 173 419

-110 071

Skattetrekk og offentlege avgifter

5 775 985

6 697 209

6 215 760

-481 449

Gjeld til leverandørar

1 252 133

4 735 950

7 702 735

2 966 785

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Annan gjeld med forfall i neste budsjettår

-1 321 186

-2 551 648

-865 023

1 686 624

Sum til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår

12 943 985

16 165 002

20 226 891

4 061 888

Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd mv

14 724 570

13 169 454

13 040 542

-128 912

Større oppstarta, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 896 523

4 896 523

4 896 523

0

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå fagdepartement

20 557 756

18 023 524

21 173 634

3 150 110

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

40 178 848

36 089 501

39 110 699

3 021 199

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

10 000 000

10 000 000

10 000 000

0

Fri verksemdskapital

0

0

0

Sum andre avsetningar

10 000 000

10 000 000

10 000 000

0

Langsiktige forpliktingar (netto)

Langsiktige forpliktingar knytte til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

63 122 834

62 254 503

69 337 590

7 083 087

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og arbeidsgivar sine pensjonsinnskot, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta, og del av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å anskaffe vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna for NOA og den arbeidsmedisinske satsinga.

15 Arbeidstakarrettar og like konkurransevilkår i global samanheng – Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO)

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) heldt i juni 2018 si årlege generalforsamling, arbeidskonferansen 2018. Konferansen samlar regjeringar, arbeidsgjevarar- og arbeidstakarrepresentantar frå ILO sine 189 medlemsland for å handsame ulike tema i relasjon til arbeidslivet globalt. Konferansen består av plenum og ulike tekniske komitear, og tema er bestemt av styret i ILO. Kvart medlemsland er representert av ein delegasjon med stemmerett, med to regjeringsrepresentantar, ein arbeidsgjevarrepresentant og ein arbeidstakarrepresentant, som alle er fritt stilt i avgjerdsprosessen. Generaldirektøren sin rapport til konferansen handla i år om å fremme likestilling mellom kjønna og å styrke posisjonen til kvinner på arbeidsmarknaden gjennom ein målretta og aktiv innsats på alle nivå.

Konferansen innleia med ei drøfting av moglege nye ILO instrument om vold og trakassering i arbeidslivet. Det var stor semje om at det er behov for internasjonalt leiarskap i kampen mot vold og trakassering og eit aukande behov for ein integrert tilgang, mellom anna i lyset av MeToo-kampanjen. Fleirtalet ønskte ein konvensjon supplert av ein rekommandasjon. Sakshandsaminga går over to år og instrumenta skal vedtakast endeleg på arbeidskonferansen i 2019, ILO sitt 100-års jubileum. Instrumenta skal fastlegge rettar og ansvar, og definere felles strategiar og samarbeid. ILO vil på bakgrunn av drøftingane arbeide vidare med instrumenttekstane fram mot neste års konferanse.

Gjennomføringskomiteen er ein fast komité under konferansen, som har som hovudoppgåve å gjennomgå konkrete saker i land som ofte og vedvarande bryt ILO sine viktigaste konvensjonar. Sakene er basert på rapporten som ekspertkomiteen utarbeider på grunnlag av medlemslanda sine rapportar. Komiteen handsama 24 slike landsaker. Dei 6 mest alvorlege sakene gjaldt alt frå brot på arbeidstidsreglane til saker om tvangsarbeid. Av alle sakene var det flest saker om brot på konvensjonane om retten til å organisere seg og retten til kollektive forhandlingar. Dette gjaldt 9 av dei 24 sakene. Det var også fleire saker som gjaldt brot på konvensjonane om sosial dialog og trepartssamarbeid. I tillegg gjaldt sakene eit vidt spekter av konvensjonar, mellom anna om barnearbeid, likeløn og sysselsettingspolitikk.

Ekspertkomiteen publiserer årleg ein gjennomgang av medlemsstatane si lovgjeving og praksis innan eit utvald tema. Målet er å undersøke konvensjonane og rekommandasjonane sine praktiske gjennomføring og verknad, analysere utfordringar og å finne løysningar for å fremme ratifikasjon. Temaet i år var arbeidstid. Rapporten frå ILO, General Survey concerning Working-time instruments – Ensuring decent working time for the future, tok føre seg 9 konvensjonar, seks rekommandasjonar og ein protokoll. Det blei heldt eit felles nordisk innlegg der dei nordiske landa understreka at det er viktig at arbeidstidsinstrumenta må vere fleksible og opne for at arbeidslivet sine partar skal og bør ha stor innverknad på utforminga av arbeidstidsregelverket.

Konferansen diskuterte også korleis ILO og organisasjonane sine medlemmer kan fremme sosial dialog og trepartssamarbeid og kva for tiltak som bør settast i verk for å auke ratifisering og implementering av særleg ILO sine to kjernekonvensjonar om retten til å organisere seg og drive kollektive forhandlingar. Dei siste åra har det vore eit aukande press på prosessar og institusjonar som støtter retten til fritt å organisere seg og retten til kollektive forhandlingar, særlig på grunn av finanskrisa og aukande bruk av ikkje-standardiserte arbeidsformer. Det har funne stad ein nedgang i medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar. I land som Noreg og dei andre nordiske landa, med høg dekning av kollektive forhandlingar og sterke trepartsmekanismar, er det mindre ulikskap. Forhandlingane resulterte i konklusjonar med ein tilhøyrande konferanseresolusjon, som summerer opp korleis organisasjonen og medlemmane best kan bidra til å realisere målsettinga gjennom mellom anna intern koherens, tiltak innan regulering, statistikk og kunnskap, teknisk rådgiving, kapasitetsbygging og utviklingssamarbeid, og styrking av partane i arbeidslivet si rolle.

Vidare drøfta konferansen oppdatering av ILO sin strategi for utviklingssamarbeid, som varte til 2017. Forhandlingane resulterte i konklusjonar med ein tilhøyrande konferanseresolusjon, som oppmodar til å styrke auka landseigarskap; fremme endå fleire resultat og innverknad på bakkenivå; styrke politisk samstemtheit på alle nivå; ein auka rolle for den private sektoren i bærekraftsagendaen til FN; eit styrka fokus på utvikling av kapasitet; fremme innovative og inkluderande former for partnarskap og finansiering; og auka openheit gjennom sosial dialog.

I tillegg avgjorde konferansen å oppheve seks ILO-konvensjonar og tre rekommandasjonar, som reknast for utdatert/forelda. Formålet er å fjerne alle juridiske verknader av forelda konvensjonar for både ILO og medlemsland. Oppheva konvensjonar vil slik ikkje lenger vere ILO sine standardar. Land, som har ratifisert konvensjonen, vil ikkje lenger ha plikt til å rapportere til ILO, og ILO sitt overvakingssystem vil ikkje lenger sjå til etterleving av konvensjonen.

Endeleg avgjorde konferansen ei rekke endringar i koden til Sjøfartskonvensjonen frå 2006, knytt til vern av løn til sjøfolk og andre rettar medan sjøfolk vert heldt fanga på eller av skipet som følge av piratverksemd eller væpna ran mot skip.

Til forsiden