Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2019–2020) frå Klima- og miljødepartementet består av fire delar:

Del I presenterer hovudutfordringar, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken, og hovudprioriteringar innanfor departementets budsjett i 2020.

Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne Regjeringas klima- og miljøpolitikk. I del I er det derfor gitt eit oversyn over klima- og miljøpolitiske satsingar i andre departement. I del I er det ei oversikt over oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I del II blir det òg gjort greie for politikk for å nå dei nasjonale måla.

Del III er ei omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker og arbeidet med berekraftsmåla. Her er mellom anna klima- og miljøpolitikken i dei andre departementa. Del III gir òg ei omtale av miljøforvaltinga sitt arbeid innan samfunnstryggleik og beredskap, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltinga.

Del IV er rapportering til Stortinget i samsvar med klimalova.

Til toppen
Til forsida av dokumentet