Prop. 183 S (2020–2021)

Finansiering av prosjektet fv. 359 Kaste – Stoadalen i Nome kommune i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Fv. 359 er hovudforbindelsen mellom Ulefoss og Lunde. Vegen er mykje brukt til lokaltransport, og er eit viktig bindeledd mellom Lunde og nedre og midtre Telemark. Fv. 359 gjennom Stoadalen er svingete, trang, har låg trafikktryggleik og er lite skikka til ferdsel for mjuke trafikantar. På strekningen Odden – Lanna ligg vegen tett opp til verneverdige bustadområder, og med Telemarkskanalen tett inntil vegen på den andre sida. Fartsgrensa varierer mellom 40 og 60 km/t.

Framkomme for tunge køyretøy på dagens veg er svært redusert. Vegen er smal på delstrekningar, stadvis med berre breidde for eitt tungt køyretøy om gongen. Tidvis hender det derfor at tunge køyretøy må rygge når to tunge køyretøy møtes. Det er ikkje fortau eller gangveg på strekningen.

I tidsperioden 1977–2019 har det vore 43 ulykker. Frå 2010–2019 har det vore 2 ulykker med alvorlig skadde, 5 med lettare skadde og 2 med ukjent skadeomfang, totalt 9 ulykker.

Kostnadane til prosjektet, inkludert etablering av bomstasjon, er rekna til 306 mill. 2019-kr. Omrekna til 2020-prisnivå er kostnadsoverslaget 314,7 mill. kr.

Vestfold og Telemark fylkeskommune legg til grunn at den fylkeskommunale delen skal være 174 mill. 2019-kr. Omrekna til 2020-prisnivå utgjer dette 178,4 mill. 2020-kr.

Det er lagt til grunn gjennomføring av anlegget i perioden 2021–2023. I finansieringsutrekningane er det lagt til grunn at den nye strekningen blir opna for trafikk rundt utgangen av 2023.

Planlagt skilthastigheit er 80 km/t. Det er ikkje planlagt vesentleg redusert køyretid på dette prosjektet. Den vil bli omtrentleg uendra. Prosjektet vil likevel gi betre framkomme, og betre trafikktryggleik, spesielt for gåande og syklande. Det er planlagt ein reduksjon i ulykker på den nye vegen, da talet på avkøyringar og kryss vil bli vesentleg redusert. Vidare vil støybelastninga for bebuarane bli forbetra. Planlagt vegbredde vil vere 7,5 m.

Figur 2.1 Kart over ny fv. 359 Kaste – Stoadalen med bomstasjon

Figur 2.1 Kart over ny fv. 359 Kaste – Stoadalen med bomstasjon

Reguleringsplan for prosjektet blei vedteke av Nome kommune 8. desember 2016.

Samfunnsøkonomiske netto nytte til prosjektet er rekna til om lag -209 mill. kr. Netto nytte per budsjettkrone er rekna til -0,81. Utan bompengefinansiering er samfunnsøkonomiske netto nytte til prosjektet rekna til om lag -220 mill. kr, og netto nytte per budsjettkrone er rekna til -1,93.