Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 19 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

Uvêr

Ekstremvêret Petra i september 2015 førte til skadar på riksvegnettet og er knytt til vegar i Statens vegvesen Region sør. Omfanget av skadar utgjer om lag 15 mill. kr.

Jordras

I mai 2015 var det eit jordras på E6 Sørkjosen i Troms. Kostnadene for å utbetre dette er om lag 32 mill. kr i 2015.

E18 Skjeggestad bru i Vestfold

Skjeggestad bru på E18 ved Holmestrand i Vestfold fekk alvorlege skadar etter kvikkleireskred i februar 2015. I Prop. 117 S (2014–2015) Nokre saker om luftfart, veg og jernbane, blei det opplyst at departementet ville komme tilbake til vidare prosess for prosjektet.

Etter skredet blei det etablert omkøyringsvegar. Kostnader til drift og vedlikehald og trafikkstyring i samband med dette er 15 mill. kr i 2015. Sjå òg omtale under kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.

Brann i E16 Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane

Kostnadene for å reparere skadar etter brannen 11. august 2015 i Gudvangatunnelen utgjer 35 mill. kr.

Realistisk budsjettering av utgifter

På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med 80 mill. kr, jf. omtalen under kap. 4320, post 02.

Utbyggingsselskapet for veg

Ved behandlinga av Prop. 1 S (2014–2015) fekk Samferdselsdepartementet i 2015 fullmakt til å utgiftsføre utan løyving tilskott til driftsutgifter for interimsselskapet på veg under kap. 1321 Utbyggingsselskap for veg, post 70 Tilskott til drift, mot tilsvarande innsparing av løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m. Grunngjevinga for denne fullmakta var at det var uvisse om kor store utgiftene ville bli. Samferdselsdepartementet har med bakgrunn i fullmakta inngått avtale med Nye Veier AS om finansieringa av selskapet i 2015. Statens vegvesen er halde orientert om utbetalingane til selskapet. Ved utgangen av oktober var det utbetalt 33,9 mill. kr. Kostnadene i 2015 for å etablere selskapet er venta å bli på om lag 60 mill. kr og vil dekkjast gjennom tilsvarande innsparing på kap. 1320, post 23.

Oppsummering

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 177 mill. kr.

Post 30 Riksveginvesteringar

E18 Skjeggestad bru i Vestfold

Kvikkleireskredet i februar førte til omfattande skadar på Skjeggestad bru. Mellombels kostnader i 2015 for tiltak som skal dekkjast over post 30, utgjer 85 mill. kr. Dette dekkjer riving av sørgåande bru, stabilisering av nordgåande bru og oppstart av bygging av ny sørgåande bru. Sjå òg omtale under post 23.

Skred ved Namsos i Nord-Trøndelag

I 2009 var det eit kvikkleireskred i Kattmarka ved Namsos i Nord-Trøndelag. I 2013 blei det betalt ut 23 mill. kr til forsikringsselskap etter inngått forlik. Etter rettskraftig dom i tingretten i 2015 er staten no pålagt å betale 18 mill. kr til privatpersonar som gjekk til rettssak med sine krav.

Oppsummering

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, med 103 mill. kr.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 02 Diverse gebyr

I budsjettet for 2015 er det budsjettert med inntekter frå diverse gebyr på om lag 349,7 mill. kr.

Stadig aukande innbyte av førarkort frå utlandet, fleire eldre med førarkort som må fornyast, og vekst i folketalet gjer at dei budsjetterte inntektene vil auke med overslagsvis 80 mill. kr. På grunnlag av dette foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 80 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med forslag om tilsvarande auke av utgiftene.

Fullmakt til å forplikte staten for investeringsprosjekt ikkje omtalte med kostnadsramme

Samferdselsdepartementet har i 2015 fullmakt til å forplikte staten utover løyvinga for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på riksveg som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at ramma for gamle og nye plikter ikkje blir høgare enn 2 700 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2014–2015) og Innst. 13 S (2014–2015). Fullmakta omfattar prosjekt på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, post 31 Skredsikring riksvegar, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, post 36 E16 over Filefjell og post 37 E6 vest for Alta.

I budsjettet for 2015 er det m.a. ikkje teke omsyn til at terskelverdien for å omtale eit prosjekt i Prop. 1 S blei auka frå 200 til 500 mill. kr, jf. Meld. St. 26 (2013–2014) Nasjonal transportplan 2014–2023. Ein gjennomgang viser derfor at det er behov for å auke ramma for pliktene til 7 000 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Fullmakt til å forplikte staten utover budsjettåret for riksvegferjedrifta

Samferdselsdepartementet har i 2015 fullmakt til å forplikte staten for framtidige budsjettår utover løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 72 Kjøp av riksvegferjetenester, slik at samla ramme for gamle og nye plikter ikkje blir på meir enn 7 100 mill. kr, og slik at summen av pliktene som skal betalast kvart år, ikkje blir høgare enn 850 mill. kr.

I juni 2015 blei det inngått nye kontraktar for ferjesambanda Lauvik – Oanes, Hjelmeland – Nesvik – Ombo, Mannheller – Fodnes og Hella – Vangsnes – Dragsvik. Desse kontraktane blei vesentleg dyrare enn rekna med, m.a. fordi det var kort tid frå utlysing av kontrakt til driftsstart, noko som gav liten konkurranse og høg pris. I tillegg har det vore ein vesentleg høgare kostnadsvekst på innsatsfaktorane i ferjedrifta enn venta, og lagt til grunn for kostnadsoverslaga. Ein gjennomgang viser at det er behov for å auke den årlege ramma for pliktene til 1 600 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Alternativ bruk av ferjetilskott

Gjeldande rammer for den statlege ordninga med alternativ bruk av ferjetilskott følgjer av St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. Ordninga legg til rette for at innsparte drifts- og kapitalkostnader ved nedlegging/nedkorting av eit ferjesamband kan nyttast til å delfinansiere eit fastlandssamband som avløyser eventuelt kortar inn ferjesambandet.

Regjeringa ønskjer å gjere einskilde endringar i rammene for ordninga. Det blir foreslått å utvide perioden det blir rekna innsparing for frå 30 år i dag til maksimalt 40 år. Vidare blir det foreslått å setje utbetalingsperioden vesentleg lågare enn perioden det blir rekna innsparing for, og maksimalt tilsvarande lengda på bompengeperioden. Ein forkorta utbetalingsperiode vil gjere ordninga enklare å administrere, og ein unngår at bompengeselskapet har eit restlån når bompengeinnkrevjinga blir avslutta.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei konkretisering av forslag til endringar i rammene for ordninga.

Til toppen
Til forsida av dokumentet