Prop. 95 L (2021–2022)

Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Kommunal- og distriktsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i vallova og partilova. Framlegget vil blant anna gi kommunane auka fleksibilitet i tilrettelegginga for ordinær røysting. Departementet gjer framlegg om at vallokale kan liggje geografisk utanfor røystekrinsen, og at valstyret kan vedta å opprette ekstra vallokale i ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste. Departementet gjer òg framlegg om at oppteljinga av førehandsrøyster kan starte søndagen før valdagen. Vidare inneheld proposisjonen framlegg om at politiske parti og uregistrerte grupper kan samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget