I ungdommens drivhus

Publikasjonsnummer H-2106

I ungdommens drivhus er ei eksempelsamling med gode ungdomsprosjekter/tiltak. Eksempelsamlinga er laga i samband med Kommunal- og regionaldepartementet si særskilte satsing på ungdom og distriktskommunar.

I ungdommens drivhus er ei eksempelsamling med gode ungdomsprosjekter/tiltak. Eksempelsamlinga er laga i samband med Kommunal- og regionaldepartementet si særskilte satsing på ungdom og distriktskommunar. Målgruppa for heftet er primært tilsette i kommunane som jobbar med ungdomssatsing.

 

I UNGDOMMENS DRIVHUS

INNHALD

Forord
Kvifor distrikta vil overleve

Heimstadband-identitet:
Grease i Gudbrandsdalen
Positivitetsagentane - ein ungdommelig risikokapital
"Mathijazz" og "Kjeringi open" får ungdomen heim
Ti på topp og andre tiltak i Stor-Elvdal

Kultur og fritid:
Utveksling med Youth of Europe
Kultur- og aktivitetshusa på Tynset

Medverknad og mobilisering:
Romjulstreff i Askvoll
Ungdommen gav Eidskog nytt liv
Prøv Sjølv-midlar og Grong Bygdamobilisering BA

Næring og entrepenørskap:
Næringsliv som skulefag
Database skal rekruttere ungdom til Finnmark
Askeladden gir inspirasjon til ungdom
Dei akademiske lærlingane blir verande i Finnmark

Etterord fra Terese Svendesen, 14 år, fra Lødingen


Kvart av eksempla tek til med ein KVA-del der vi fortel kva tiltaket handlar om. Så kjem ein KVIFOR-del som handlar om kvifor tiltaket vi skildrar blei sett i gang. Så kjem ein KORLEIS-del som fortel korleis tiltaket blei gjennomført og til slutt har vi ein KOMMENTAR-del som blir brukt til forklarande utsegner.

Forord

"I ungdommens drivhus" er ei eksempelsamling med gode ungdomsprosjekter/tiltak.
Eksempelsamlinga er laga i samband med Kommunal- og regionaldepartementet si særskilte satsing på ungdom og distriktskommunar. Målgruppa for heftet er primært tilsette i kommunane som jobbar med ungdomssatsing. Vi håper likevel at også andre kan ha nytte og glede av det. Målet med eksempelsamlinga er å gi inspirasjon i arbeidet med og for ungdommen! Det er berre gjennom eit sterkt engasjement og godt arbeid lokalt at det er mogleg å skape grobotn for eit miljø der også ungdommen trivst.

Lykke til i arbeidet!

Kommunal- og regionaldepartementet, mars 1999


Intervju med Kultur-og næringssjef Per Arne Tveit, Askvoll kommune:
Om distrikta og kampen for å overleve

Korleis skal vi få ungdommane til å flytte heim att til bygda eller småbyen dei kjem frå etter at dei har utdanna seg? Dette er eit avgjerande spørsmål rundt om i norske kommunar. Ser vi oss ikring finn vi dei same spørsmåla og den same tendensen att over heile verda. Ungdommen søkjer til dei sentrale byområda. Altfor mange slår seg ned der og altfor få vender attende til heimdistriktet sitt til at folketalet der skal unngå å minke. Kva blir gjort for å demme opp for denne fråflyttingsbølgja og kva tenkjer ungdommane sjølv om det som skjer? Til å drøfte dette fenomenet har vi fått kultur- og næringssjef Per Arne Tveit i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Han er ein av dei som flytte heim att og slo seg ned der, trass i at sjansen for å gjere karriere då vart svært avgrensa. For Askvoll er ein kommune som har mista viktig industri. Dei slit med utkantproblem som dårlege kommunikasjonar og minkande folketal. Kva er det då Per Arne Tveit ser som set han i stand til å stå fram som ein optimistisk og kampklar kultur- og næringssjef?

"Noko av det eg tykkjer er det viktigaste svaret for meg, er at eg betyr noko. At eg er ein del av eit fellesskap, samtidig som eg er eit synleg individ. Det betyr at den som engasjerer seg her, lettare vil kunne sjå at det hjelper til å endre utviklinga litt, enn om vedkomande gjorde det same i eit større bysamfunn. Viss du er aktiv i bygda di skaper du kanskje eit meir positivt bygdesamfunn. Det å vite at det du gjer får synlege effektar både her og no, og kanskje litt på sikt, gjer at du blir fornøgd."

Den globale landsbyen

Kultur- og næringssjef Per Arne Tveit har ein klar filosofi som grunnlag for arbeidet med å demme opp for fråflyttinga:

"I samband med Internett seier folk at vi får ein internasjonalisert kultur. Dei meiner den fører til at veldig mange av spesialitetane som ligg i kvar vik, grend og dal på ein måte blir mindre interessante. Dei meiner at kontaktflatene vi får over heile verda vil få oss til å søkje meir og meir likheit. Eg trur at denne prosessen vil gå mot eit metningspunkt, for i denne globale landsbyen finst det eit torg. På det torget må du bringe fram varene dine. Viss alle kjem med kålhovud, blir det fort uinteressant. Du er nøydd å bere til torgs ein identitet og nokre erfaringar som er unike og spesielle. Viss ikkje blir du veldig uinteressant."

Internett og identitet

Per Arne Tveit meiner Internett, brukt på den rette måten, kan bli ei viktig kraft for utkantane. Han trur det sunne bondevitet og den sterke lokale identiteten på bygdene er ein styrke på den internasjonale arena. Det er viktig å ha ei trygg og oversiktleg referanseramme i den verkeleg verda når du skal gje deg ut i den virtuelle verda som informasjonsteknologien skaper.

Trua på overskotsmennesket

Per Arne Tveit set det engasjerte overskotsmennesket opp mot det profesjonelle: "Nokre blir profesjonelle i den forstand at dei set opp barrierar på kven som kan gjere kva. Dei som blir profesjonelle på denne måten blir ofte veldig opptatt av at: "Dette er det som blir venta av meg. Eg skal gjere det som blir venta av meg og eg ventar at alle andre held seg borte frå mine felt."

Men det er jo overskotsmenneska som gløder, som brenn slik at dei må gjere noko meir enn det som blir venta av dei, som gir overskot til samfunnet.

I eit spesialisert samfunn der alle er ekspertar på sin vesle flik, og søkjer likesinna som er veldig smalspora i si tenking, er eg redd for at den intellektuelle drivkrafta vil forsvinne. Horisonten blir for liten. Du har ikkje mange nok inntrykk som brytest mot kvarandre. I vitskapen betyr det den sikre død."

Konsum - mot mobliseringskultur

"Eg føler at bykulturen ofte er ein konsumkultur laga av betalte profesjonelle. Bygdekulturen er mykje meir ein mobiliseringskultur. Men samspelet mellom profesjonelle og amatørar, det er eit veldig spennande felt som er altfor dårleg utnytta.

Når kultur blir analysert på nasjonalt plan, ser vi jo berre på at kulturtilbodet er så mykje breiare i byen. Det er rett i ein forstand, men det er også grunnare i den forstand at det er betalte profesjonelle folk som har ein marknad som er stor nok til å betale dei for å yte eit tilbod på høgt nivå.

Mobiliseringskulturen meiner eg har like stor verdi, og den er lettare å komme i kontakt med i utkanten enn i bykjernen. Når operetten "Flaggermusen" blir sett opp ved å mobilisere musikkrefter rundt Eid i Nordfjord, og Årdal lagar Beatles-oppsetting og spelar for fullsett Grieghall i Bergen og Oslo Konserthus, er det typiske utslag av moderne mobiliseringskultur. Men der har mobiliseringa vorte så sterk at du nærmar deg eit profesjonelt nivå."

Den medieskapte myte

"Du flytter ikkje så mange merkesteinar på framsida av VG. Det er ikkje der dei står. Dei står ute i det verkelege livet hos folk flest," seier Per Arne Tveit. Han meiner mykje av kommunikasjonen som foregår har preg av å vere medieskapte mytar. Landsbygda lever på myten om voldssamfunnet i byen. Neppe alle som bur i byen vil kjenne seg att i den, til dømes.

Per Arne Tveit ønskjer å motarbeide mytane: "Vi må klare å sortere skit frå kanel. Mytane kan gjere at vi kastar gode ting til fordel for noko som skal vere moderne, men som ikkje er det gullet det gir seg ut for å vere."

Askvoll kommune v/Per Arne Tveit
Kultur- og næringskontoret,
6980 Askvoll.
Telefon: 57 73 02 00.
Telefaks: 57 73 06 03.


Grease i Gudbrandsdalen

I Nord-Gudbrandsdalen arbeider 110 ungdommar frå åtte kommunar med å setje opp musikalen Grease. Den byggjer vidare på suksessen med oppføringa av rockeoperaen Hair i 1998. Prosjektet er så attraktivt at dei medverkande betalar 350 kroner i avgift for å vere med.

KVIFOR

Prosjektleiar Dag Gården legg vekt på at det å setje opp og gjennomføre eit så stort prosjekt handlar om å fjerne stengsler som har overlevd lenge i dalen. "Vi vil bryte ned gamle måtar å karakterisere kvarandre på. Haldningane om at dei er slik og dei er slik, vil vi slå i hel ved at ungdom frå dei ulike kommunane møtest og samarbeider om eit felles mål over kommunegrensene. Vi vil også arbeide for at dette prosjektet skal vise at det er lov å vise seg fram og vere flink. Det er eit slags "anti-jantelov-prosjekt," seier Dag Gården.

KORLEIS

Erfaringane etter Hair viste at ei slik oppsetting er eit såpass tungt lyft at det er vanskeleg for ein kommune å administrere det åleine. Difor vart kommunane i Sel og Vågå i år einige om å prøve ut ein administrativ samarbeidsmodell på tvers av kommunegrensene. Dei kallar det "Musicalt samarbeidsprosjekt, Sel og Vågå kommune." Prosjektorganisasjonen på fire medlemmer har difor med to frå kvar kommune.

Dugnad og amors piler

Det blir øvd i gamle brannstasjonar, på vidaregåande skular, ungdomsskular og visseleg i private heimar. "Ta med liggjeunderlag og sovepose. Ungdomsklubben vil ha open kiosk med sal av brus, kaffi og sjokolade. Waage Traktering serverer pizza og andre middagsrettar. Jutulbu kiosk og gatekjøkken har pølse, hamburger og pizza," lyder parolen for ei av dei åtte øvingshelgene.

Det er sterke krefter i sving når ungdommen møtest på denne måten. "Her går mange piler, også Amor sine," seier Olger Rønningen. Han har ansvaret for økonomi og sponsing i prosjektet.

Blanding av proffar og amatørar

På same måten som slike prosjekt andre stader opplever vi eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Dramainstruktøren er frå Asker og har også ansvaret for scenografien. Danseinstruktøren kjem frå Oslo, og koreografien blir også teken hand om av profesjonelle krefter. Instruktøren for rockebanda er frå Nord-dalen og det same er instruktøren som har ansvaret for kor og solistar.

Ungdommar som går på musikk- og dramalinja på Gjøvik videregående skole reiser til Nord-Gudbrandsdalen for å delta i øvingane.

Lokale krefter med hudpleieutdanning tek seg av sminka, solistar, kor, kostyme og rockeband er lokale amatørar. Alle dei viktige funksjonane i tilknyting til det som skjer på scena har også med lokale krefter som støttespelarar.

Budsjettet på 380 000 kroner er i hamn, takka vere næringslivet i dalen. Ein del av utgiftene går til MLP-Studio, Gjøvik og Artlight Oslo, som skal køyre lyd og lys i tillegg til dei profesjonelle instruktørane.

Kultur som bindeledd

Liknande prosjekt som Grease i Gudbrandsdalen har vore gjennomført andre stader med stort hell. Musikklivet i Årdal i Sogn har tidlegare hatt formidabel suksess med oppsettinga av Beatles-prosjektet som dei turnerte med til Oslo og Bergen. Dei har fylt Grieghallen fleire gonger og Oslo Konserthus. Dei har seinare følgt opp suksessen med ein musikal basert på Elton John-melodiar.

Litt lenger ute i Sognefjorden, i Leikanger, sette dei opp The Commitments. To av kommunen sine innfødde som no arbeider som profesjonelle innan song og musikk kom då attende og forsterka heimelaget. Blandakoret, musikklaget, eit lokalt rockeband og skulemusikken gjekk saman om å gjennomføre prosjektet. Det gjorde at det vart ein kommunal folkedugnad med eit aldersspenn frå 10 til 60 år. Begge prosjekta i Sogn brukte lokale krefter, også på lydsida. Så CD-ane som vart produserte heldt eit høgt nivå.

KOMMENTAR

Slike oppsetjingar øver opp samkjensla. Ungdommane må reise langt for å finne maken til det dei sjølve skaper i heimemiljøet sitt. Difor blir det også hevda at Grease er den sterkaste livlina gudbrandsdølene kan feste på ungdommane frå dalen før dei dreg ut i verda. Fleire ungdommar gav uttrykk for at dei har drøymt om å få vere med på noko slikt, men ikkje trudd at dei skulle få oppleve å gjennomføre det her i sine eigne heimtrakter.

Kultursjef Steinar Lægreid i Årdal i Sogn og Fjordane hevdar at nivået på det som blir utvikla i ly av slike prosjekt som "Beatles", "Grease" og "The Commitments" er så høgt at bygdene har mykje å lære frå seg til dei sentrale bystroka i landet.

"Gjennom vår satsing framelskar vi gründerånd, initiativrikdom og samarbeidsevne i ungdommen vår," seier prosjektleiar Dag Gården i "Musicalt samarbeidsprosjekt, Sel og Vågå kommune."

Prosjektleiar: Dag Gården,
Sel kommune,
Botten Hansensgate 9,
2670 Otta.
Telefon: 61 23 10 00.
Telefaks: 61 23 11 78.
E-post: selkomm@online.no
Heimeside: http://home.sol.no/ selkomm.


Positivitetsagentane - ein ungdommeleg risikokapital

KVA

Det starta med at Landbruksbanken stilte 100 000 kroner til disposisjon for å gjennomføre eit prosjekt som gjekk ut på å opprette jobbar for såkalla positivitetsagentar ut over landet. Norges Bygdeungdomslag gjennomførte prosjektet, og i dag er det positivitetsagentar i sju fylke.

KVIFOR

Ideen er at positivitetsagentane skal bidra til å skape prosjekt som skal vere til glede for ungdommane i deira lokalmiljø. Tiltaka skal vere ubyråkratiske. Ungdom er utolmodig og vil ha raske resultat. For mange møte og for mykje planlegging verkar avskrekkande.

Når ungdom fell utanfor det tradisjonelle bygdeutviklingsarbeidet, heng det gjerne saman med at prosjekta deira kan verke svevande og for lite målretta for byråkratane. Ungdommen mister lett ideane sine når dei blir soge inn i vaksne planleggingsgrupper. Spørjeundersøkingar viser at dei ofte er redde for å ta ansvar og redde for at vaksne ikkje skal ta dei på alvor. Dei er redde for å stikke seg ut og søkjer difor inn i grupper for å høyre til der.

Ungdommar er opptekne av si eiga rolle i samfunnet og dei føler seg ofte som klientar og dermed som eit problem som det må gjerast noko med.

KORLEIS

Positivitetsagentane går aktivt inn i denne materien og er med på å vise at det nyttar når du gjer noko. Eit døme på det er dei to positivitetsagentane på Voss i Hordaland. Dei skulle opparbeide sendetid i lokalradioen for Voss Bygdeungdomslag. Men så gjekk det som det ofte har gått med nærradioar dei seinare år. Også den på Voss vart nedlagt før dei kom i gang med arbeidet.

I staden brukte dei tida på å drive rådgjeving til entusiastar som vil skape noko i nærmiljøa sine. I haust hjelpte dei til då bygdaungdommen laga aktivitetsdag med trafikktryggleik som tema. Då hadde dei stands og øving i mopedkøyring. Det vart også demonstrert kva som skjer i ein kollisjon. Det nyaste prosjektet er å hjelpe til med å få ein lokal revy i hamn.

Medan det på Voss har vore mindre og kortsiktige prosjekt, blir det i Akershus arbeidd med å lage ein badeplass ved innsjøen Årungen for å bidra til å gjere den reinare. Det er eit svært langsiktig opplegg.

På Jæren har dei fått til eit lokale der ungdom kan komme saman til sosialt samvere og møte. Lokalet ligg i kjellaren på ein kommunal barnehage. Det har vist seg å vere veleigna både for møte og festlege samkomer. Fleire lag og organisasjonar har teke det i bruk.

I Hedmark har positivitetsagenten arbeidd med å få bygt ei sandvolleyballbane på ein badeplass i Stange kommune, medan det i Buskerud blir arbeidd med å erstatte den uorganiserte iskøyringa på Krøderen med køyring i organiserte former.

Positivitetsagenten i Akershus vil aktivisere ungdommane som bur på internatet på Hvam videregående skole i aktivitetar der dei sjølve tek eit tak for å skape eit betre miljø rundt seg.

Eit av tiltaka som vart gjennomført med suksess var då positivitetsagenten i Buskerud gjorde opptakten til ei odelsjentesamling på Norges Bygdeungdomslag sitt landsstemne i Sigdal.

Informasjonsarbeid

Positivitetsagenten i Østfold arbeider med ein artikkelserie i lokalpressa der ho vil få fram andre sider ved livet på bygdene enn det som vanlegvis kjem fram i media. På den måten vil ho gjere sitt til å gi byungdom eit meir nyansert bilete av bygdeungdom og livet på bygdene generelt.

Det er inga ukjend sak at byungdom har mangelfull kunnskap om livet på bygdene. Mange negative mytar utviklar seg. Dei stengjer for opnare haldningar og interesse for å finne ut meir om kva som eigentleg skjer på bygdene.

KOMMENTAR

Undersøkingar viser at for ungdom betyr trivsel på bygda og sosiale nettverk meir enn framtidige arbeidsplassar. Omsorg for andre betyr mykje når ungdom skal engasjere seg. Idealistiske innfallsvinklar er ein viktig del av engsjementet. Då betyr saker som kamp mot narkotika, ta vare på gamle tradisjonar og kjempe mot sladder og mobbing mykje. Mange av prosjekta ungdommen engasjerer seg i gir ingenting anna attende enn gleda over å hjelpe andre, men det viser seg også at det er god nok betaling i mange tilfelle.

Ungdom har ofte ei blanding av idealisme og lyst til å ha det moro med det dei gjer. Difor er også positivitetsagentane ein slags menneskeleg risikokapital. Det kan vere lett å peike på dei og så tvil om "verdien" av arbeidet deira. Det sterke i engasjementet deira er at det er deira opplegg, dei har funne på det sjølve, og når dei lukkast vil det bety noko positivt for mange.

Wenche Gunnarstorp er positivitetsagent
i tillegg til at ho er ein aktiv medarbeidar i
Norges Bygdeungdomslag.

Norges Bygdeungdomslag,
postboks 9377 Grønland,
0135 OSLO
Telefon: 22 05 48 00
Telefaks: 22 17 16 31


"Mathijazz" og "Kjeringi Open"

KVA

Arne Monrad Johnsen frå Leikanger i Sogn og Fjordane kom heim att frå USA der han hadde vore med på ein såkalla "Qadrathlon" som omfatta telemarkkøyring, langrenn, løping og sykling. Saman med nokre kameratar starta han "Kjeringi Open". Det er ei idrettsleg kraftprøve med islett av karneval.

Mathias Haugland frå Hjartdal i Telemark var både student og odelsgut. Han bygde seg ei scene og starta "Mathijazz". Det er ein festival som er open for alle, eit slags frispel for musikkglad ungdom.

Medan "Mathijazz" held til på ei scene bak huset til Mathias Haugland i Hjartdal startar "Kjeringi Open" 1308 meter over havet på Kjeringafjell, men begge innfrir forventningar om å trekkje ungdom heim att ein gong i året.

KVIFOR

Begge ønskte å finne på noko som gjorde heimkommunen trivelegare å bu i. For Mathias Haugland handla det om å markere at det kunne spelast annan musikk i Hjartdal enn folkemusikk.

Den store felespelaren og folkemusikkguruen Knut Buen sette for nokre år sidan i gang sitt store prosjekt med utescene, bygdetun og innspelingsstudio for folkemusikk der. Han lukkast så over alle forventningar at Mathias Haugland tykte det vart for trongt for annan musikk i dalen.

"Det var berre folkemusikk det dreia seg om her i Hjartdal same kvar du snudde deg," seier han og presiserer at han ikkje er nokon prinsipiell motstandar av folkemusikken. Han tykkjer berre at det må vere lov å like annan musikk også, iallfall ein gong i året.

KORLEIS

I 1995 sette Mathias i gang. Han bygde ei 40 kvadratmeter stor scene bak huset og inviterte til den første "Mathijazz"-festivalen i Hjartdal i Telemark. "Det kom vel ein 40-50 menneske, mest slekt og vener, og ein del lokale grupper," fortel han. Det gav såpass meirsmak at Mathias bestemte seg for å fortsetje.

Kvart år baud den unge entusiasten inn til "Mathijazz", og den glade bodskapen om denne litt rare festivalen bak våningshuset på ein gard i Hjartdal spreidde seg. I fjor budde det rundt 350 festivaldeltakarar i telt på garden til Mathias. Det kom grupper frå Elverum, Oslo og Kristiansand, i tillegg til dei lokale, for å spele. Mykje peikar i retning av at arrangementet er i ferd med å ta av.

Mathias sjølv tel på knappane kva han skal bruke garden til, for han studerer også ved universitetet. Kanskje blir "Mathijazz" ei ny attåtnæring?

KORLEIS

"Kjeringi Open"
I Leikanger i Sogn var det ein del heimflyttarungdom som saman med den heimflytte idéskaparen Arne Monrad Johnsen ville ha meir moro i bygda. Dei kledde seg ut i fargerike kostyme og gav seg i veg til toppen av Kjeringafjellet, 1308 meter over havet. Derifrå sette dei utfor for å sjå kven som kom først ned att til fjorden.

Første etappe var telemarkkøyring. Då dei kom til ein stad som blir kalla "Damefall", skifte dei til langrennski og gjekk ned til skihytta der det var nytt skifte til joggeskor. Så sprang dei ned vegen til ungdomsskulen der siste skifte var, før dei sykla i mål på dampskipskaien i Leikanger.

Sidan starten i 1993 har arrangementet vakse til ein gedigen folkefest. 500 deltakarar var med siste året. Reglane er slik at du kan ta alle etappane og bli "superkjering", eller du kan danne stafettlag og dele dei fire etappane. Det er også mogleg å stille blanda-lag med mannfolk og kvinnfolk eller bedriftslag.

Rundt 1000 menneske plar samle seg i målområdet og vente på "kjeringane". Der er det musikk, "Kjeringi Open junior" for ungar, profilering av lokalt næringsliv, sal av kaffi og grillmat i tillegg til at hotellet står for siste delen som er premiutdeling og sal av brus og øl i hotellhagen.

Utflytte sogningar vandrar etter kvart heim att som pilegrimar til "Kjeringi Open" midt i april. Det er folkefest, alle møter alle og våren varslar at han snart kjem. Arrangementet har etter kvart vorte så profesjonelt at det ligg ute på Internett med eiga heimeside.

Men framleis lever den morosame delen. Mange stiller i artige kostyme og originale namn på laga er ein viktig del: "Elvis lever", "Solgjengen", "Hetatoktene", "Slupsedn" "Rakkarungane" og "Vikjatausene" er nokre av dei som har gjort seg sterkast gjeldande. Vitsen er at det er moro, at det er attraktivt å vere med på ein fin tur frå vinteren til våren, og at den kreative galskapen fengjer ungdommen og viser at heimbygda lever.

Dei raskaste deltakarane i "Kjeringi Open" brukar under 50 minuttar frå toppen av Kjeringafjellet til dampskipskaia. Dei siste deltakarane plar vere i mål før det har gått to timar.

KOMMENTAR

"Mathijazz" og "Kjeringi Open" gjer sitt til å knyte ungdom til bygdene sine minst ein gong i året.

"Mathijazz"
Mathias Haugland,
3690 Hjartdal.
Telefon: 90 99 10 74 / 35 02 49 72.

"Kjeringi Open"
Leikanger kommune,
5842 Leikanger.
Telefon: 57 65 56 00.
Telefaks: 57 65 56 08


Mobilisering med "Ti på topp" i Stor-Elvdal

KVA

I Stor-Elvdal kommune i Hedmark ønskjer dei å engasjere ungdommen og skulebarna på ein måte som kan demme opp mot fråflyttinga. Problemstillinga er korleis dei skal greie å få dette til på ein slik måte at ungdommen både kjenner ansvar og lyst til å komme heim att og vere med på å utvikle heimbygda.

KVIFOR

Dei rundt 3000 innbyggjarane i kommunen har få alternativ når arbeidsplassar i området blir lagde ned. Avstanden frå kommunesenteret Koppang til næraste by er så lang at pendling er lite aktuelt i lengda. Det aukar sjansen for at dei som flytter gjer det for godt.

Eit paradoks er at Stor-Elvdal har høg sysselsettjing. Det er difor ikkje så lett å skaffe arbeid til dei nye som eventuelt ønskjer å slå seg ned der. Folk som kan skape nye arbeidsplassar er difor ei svært ettertrakta vare.

KORLEIS

For å ta tak i desse utfordringane vart Ungdomsprosjektet i Stor-Elvdal etablert. Det første prosjektleiar Janne Mellum gjorde, var å setje i gang ei mobilisering mellom innbyggjarane i kommunen. Før jul i 1998 inviterte ho alle som har flytta til Stor Elvdal dei siste to åra til innflyttarkveld. 30 personar melde seg på. Frå kommunen stilte ordførar, rådmann, næringskonsulent, kultursjef og prosjektleiar.

Rådmannen, som sjølv er innflyttar, fortalde om sine erfaringar med å komme til Stor-Elvdal. Etter kvart vart forsamlinga ganske engasjert. Ei ung mor reiste seg og fortalde om sine positive og negative erfaringar som innflyttar. Ho fortalde om dei opne og vidsynte menneska, og om dei inneslutta som var seg sjølv nok og ikkje hadde bruk for uroelement utanfrå.

"I ettertid har fleire som var med på denne kvelden gitt uttrykk for at dei fekk mykje ut av opplegget," seier Janne Mellum. Ho fortel at alle dei rundt 100 som flytter til kommunen årleg får tilsendt ei velkomstpakke. Den inneheld velkomstbrev, brosjyre og generell informasjon. Tiltaket blir gjennomført som eit samarbeid mellom kommunen og folkeregisteret.

Ein del av denne pakka er også at innflyttarar og andre som ønskjer å gjere seg kjende i området får tilbod om å låne ei av kommunen sine hytter gratis ei helg.

Identitet med Ti på topp

Ungdomsprosjektet i Stor-Elvdal har som ei viktig målsetjing å bidra til å skape tilhøyrsle ved å ta i bruk naturen. Difor har det i samarbeid med skulen satsa på å gjennomføre opplegget "Ti på topp". Det går ut på at kvar elev får tildelt toppar dei skal bestige. Dei minste får dei minste toppane, og dei største får dei største toppane. "Her på våre kantar kan ein topp vere eit lite høgdedrag. Vi snakkar ikkje nødvendigvis om store fjell, men på denne måten vil skuleungdommen ha fått ganske god og variert kjennskap til naturen i heimkommunen før dei reiser ut," seier Janne Mellum.

Lokale ressurspersonar er trekte inn i opplegget slik at både skulen, foreldra og andre går saman om å gjennomføre oppgåvene saman med ungane.

Engasjement og oppfølging

Janne Mellum er oppteken av at det må ligge eit breitt engasjement frå ungdommen og folk flest i botnen på slike prosjekt dersom dei skal få til noko. Det handlar om å skape positive haldningar gjennom tryggleik og identitet. Ho arbeider ut frå filosofien om at det er viktig at dei som flytter til eit område får ei kjensle av tilhøyrsle og at dei er velkomne. Men samstundes må dei som har flytta ut få ei kjensle av at heimkommunen ønskjer å halde kontakten med dei. Difor prøver også Ungdomsprosjektet i Stor-Elvdal å halde kontakten med ungdommen som flytter ut av kommunen. Janne Mellum har kontakt med 60 utflyttarar som ho trur kan vere potensielle tilbakeflyttarar.

KOMMENTAR

Janne Mellum hevdar at ressurssterk ungdom er ein stor eksportartikkel frå bygdene. Dei har vakse opp der i trygge og gode kår. Dette, saman med den grunnutdanninga og haldningane dei har fått med på flyttelasset, gir dei mange fortrinn i konkurransen om gode jobbar i arbeidslivet.

Ho meiner difor det er naturleg at når eit lokalsamfunn har investert i sin

eigen ungdom, så vil det gjerne ha han attende. "Det kan vi berre oppnå dersom vi skaper vilkår som gjer at desse ungdommane finn att heimbygda som eit interessant alternativ når dei sjølve skal stifte familie," seier Janne Mellum. Ho oppdaga også at arbeidet med "Ti på topp" lærte henne mykje nytt om den naturen ho rekna som sin eigen.

Ungdomsprosjektet i Stor-Elvdal
v/ Janne Mellum,
Stor Elvdal kommune,
2480 Koppang.
Telefon: 62 46 46 41.
Telefaks: 62 46 46 07.


Utveksling med Youth for Europe

KVA

I Steinkjer har dei satsa på ungdomsutveksling gjennom Youth for Europe. Det er eit utvekslingsprogram og ei støtteordning for ungdom i alderen 15 til 25 år. Programmet gjeld óg leiarar og vaksen-personar som er engasjerte i ungdomsarbeid på frivillig eller profesjonell basis. Aktivitetane kan skje både i dei 15 EU-landa og dei tre EFTA-landa. I tillegg er Kypros, Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Romania, Slovakia, Tsjekkia og Ungarn med. Det kan også ytast støtte i samband med utveksling til land som ikkje omfattar dei landa som er nemnde ovanfor. Utvekslingane skal vare i minst ei veke og tilskotet ligg på 50 prosent av utgiftene til reise og opphald i samband med utvekslinga.

Youth for Europe er eit av fleire program som Statens ungdoms- og adopsjonskontor arbeider med.

KVIFOR

Statens ungdoms- og adopsjonskontor meiner det er viktig å skape forståing og kontakt mellom ungdom på tvers av landegrenser og kulturar. Dette blir kalla medborgarskap, og handlar om at ungdom som har fått høve til å bli kjende med kvarandre, lettare identifiserer seg med, og forstår kvarandre. Dette gjeld ikkje berre internasjonalt. I Steinkjer brukte dei utvekslingsprosjektet for å utvikle kontakt mellom ungdomsgrupper som elles hadde lite med kvarandre å gjere.

KORLEIS

Bjørn G. Ericson, som er ungdomsarbeidar i allaktivitetshuset i Steinkjer, hadde kontaktar i Italia som var interesserte i å utveksle ungdom med Skandinavia. Han fekk etablert to ungdomsgrupper som var interesserte i å vere med i eit slikt utvekslingsprosjekt. I den eine gruppa deltok fem jenter som var aktive medlemmer i Ten Sing. Den andre gruppa var samnsett av fem gutar frå allaktivitetshuset.

Dei to gruppene stod tilsynelatande langt frå kvarandre både i veremåte og miljøbakgrunn. I tillegg til ungdommane vart to ungdomsleiarar og to vaksne involvert.

Alderen på deltakarane i dei to hovudgruppene var rundt 17 år. Ungdomsleiarane var 20-21 år. Den store gulrota var at dei skulle få reise til Bologna i Italia etter at italienarane først hadde vore på besøk i Steinkjer.

Nye erfaringar

Ungdommane møttest regelmessig ein gong i veka for å bli kjende, fordele arbeidsoppgåver og diskutere opplegget. "Noko av det viktigaste var å halde faste møte, slik at prosjektet heldt seg varmt. Ungdommane hadde ikkje alltid så mykje å snakke om, men dei vart både vener og uvener og lærte å samarbeide," seier Eriksson. Han fortel at ungdommane tok vaskejobbar og anna arbeid for å skaffe pengar til å finansiere turen.

"På grunn av gulrota som låg i å få vere med på ein slik tur, kunne vi stille dei nødvendige krav til innsats frå ungdommane," seier Bjørn G. Ericson. Han søkte Youth for Europe i Oslo om tilskot, og fekk det.

Mange nye utfordringar

For enkelte av ungdommane kom ein ny kvardag inn i livet deira. Enkelte hadde inga erfaring med å bu heimanfrå. Andre hadde aldri vore oppe i eit fly. Kva med språk når dei skulle bu åleine i ein italiensk familie der kanskje bestefaren og bestemora var dei einaste dei kunne snakke med på dagtid? Ungdommane kunne ikkje italiensk ,og besteforeldra kunne berre italiensk.

Ten Sing-jentene og dei røffe gutane avslørte i prosessen at dei var mykje mindre ulike både i språkbruk og veremåte enn det som var venta. Jentene var røffare enn venta, og gutane ikkje så tøffe som ein skulle trudd. Fordommane fekk såleis ein knekk.

Den italienske utvekslinga

Først kom italienarane frå Bologna på tidagars besøk til Steinkjer. Ungdommane sjølve hadde mykje av ansvaret for dagsprogramma. Dei var lite vane med å samarbeide sjølvstendig i grupper, men etter litt starthjelp takla dei opplegget fint.

På førehand var det åtvara mot at dei italienske ungdommane ikkje var vane med praktiske gjeremål i heimen. Den åtvaringa gjorde dei til skamme. Ein annan del i opplegget var at italienarane skulle lære om den lokale trønderske kulturen Dei vart mellom anna tekne med på fest. Den opplevinga var nok eit eksotisk høgdepunkt for italienarane som avslutta opphaldet i Noreg med å lage italiensk kveld for vertskapet.

Den norske utvekslinga

Ei veke etter at ungdommane frå Bologna var reiste heim, drog dei norske til Italia. Dei hadde på førehand skrive kontrakt med foreldra heime om ein del reglar som skulle følgjast.

Det viste seg at alkohol ikkje var noko problem. Ei sak som vart teken opp av dei norske ungdommane var den liberale omgangen med hasj i italienske ungdomsmiljø.

Redsla for å bu åleine privat med italienarar som berre kunne italiensk viste seg å vere grunnlaus. Gruppa som reiste til Italia vart godt samansveisa. I ettertid har dei ønskt å komme saman til jamnlege møte. Dei har gitt uttrykk for at dei har utvikla seg og lært mykje både om seg sjølve og andre i løpet av prosjektet.

KOMMENTAR

"Vi trudde i utgangspunktet at vi måtte gjennomføre besøk og gjenbesøk i same tidsrom. Det er ikkje nødvendig. For oss vart det litt stritt slik vi hadde lagt det opp," seier Bjørn G. Ericson. Han tykkjer slike opplegg er framifrå som gulrot i samband med å utvikle ressursar i lokal ungdom. "Dei er mykje meir motiverte for å gå laus på utfordringane når dei skal løysast i ly av eit slikt prosjekt," seier han.

Sjølv har han blitt flinkare å tenke internasjonalt og han har fått eit nettverk av ungdomsarbeidarar i andre gjennom arbeidet med Youth for Europe.

Frå gjenvisitten i Bologna Italia.
Ungdomane er på veg til San Luca-katedralen
i 35 varmegrader. Foto: Bjørn G. Ericson.

Statens Ungdoms- og adopsjonskontor,
v/ Cathinca Fritzvold Hatlem,
postboks 8036, Dep.
0030 Oslo.
Telefon: 22 24 25 91.
Telefaks: 22 24 95 23.
E-post: yfe@suak.dep.telemax.no


Kultur- og aktivitetshusa på Tynset

KVA

På Tynset i Nord-Østerdalen har dei bygt eit kultur- og aktivitetshus som har vist seg å fungere svært godt som utviklingsarena for kulturelle aktivitetar.

KVIFOR

Tynset er skulesenter i Nord-Østerdalen og har difor mykje tilflyttarungdom frå regionen. Dei går på vidaregåande skule der. I tillegg har Tynset sin eigen ungdom på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

Den viktige utfordringa var å skape eit grunnlag for aktivitetar både til den lokale ungdommen, innflyttarungdommen og til dei vaksne som ønskjer ein kulturell møteplass.

KORLEIS

I 1988 stod kulturhuset ferdig. Då hadde dei bygt eit hus dei meinte skulle innby til aktivitet, og dei fekk rett. Eit barne- og ungdomsteater vart starta og det har halde seg aktivt sidan. Lokale rockeinteresser med Kåre Nordset som ei av eldsjelene sette i gang prosjekt som etter kvart fekk svære dimensjonar. Dei sette opp rockekonsertar med lokale band. I fjor heitte prosjektet "Mighty X" og gjekk for åtte fulle hus i kultursalen som tek over 300 menneske.

Rockeprosjektet har no vorte eit eige selskap med namnet Nordust, og suksesskonserten i 1998 vart også køyrt på Hamar.

"Vi planla mykje og lenge før vi bygde dette huset og har aldri angra på det," seier kultursjef Jon Ole Hokstad. Han fortel at dei i utgangspunktet spurde alle lag og organisasjonar kva dei hadde trong for. Så reiste dei rundt land og strand og såg på andre kulturhus og løysingane der. Nye idear gjorde sitt til at dei fann dei nye innfallsvinklane som passa så godt på Tynset.

Regional verdi

For kommunane Tolga, Os, Alvdal, Rendal og Folldal er kulturhuset på Tynset mellom anna ein viktig arena i samband med Ungdommens kulturmønstring. Det er ei landsomfattande mønstring der ungdom deltek med kulturelle innslag, først på kommunalt nivå, så på fylkesnivå og til slutt samlast til landsfinalen i Trondheim. Interessa for dette arrangementet er blitt veldig stor.

Kulturhuset har ein storsal og ein mindre sal som tek 70 menneske. Begge blir brukte til kinoframsyningar, konferanser og møte. Dei to salane er plasserte slik at det kan køyrast film i begge frå same filmmaskin.

"Smea" er eit rom som eignar seg til alt frå å snikre kulisser til å arrangere diskotek. Også dei andre romma har vist seg å fungere på ein tilfredsstillande måte.

Lag og organisasjonar var aktive deltakarar i arbeidet med å planleggje dei behova som huset skulle tilfredstille. I ettertid har det vist seg å vere eit lurt val. Huset blir sett på som velfungerande etter intensjonane, både lokalt og regionalt.

Ungdomshuset inn att på bana

Det gamle ungdomshuset frå 1895 vart ikkje meir avlegs då kulturhuset kom. I staden fekk det eit nytt liv og har blitt pussa opp og restaurert. Den ærverdige tre etasjars trebygningen gir tilhald for Rambu fritidsklubb. Der er det diskotek med biljard og pilkast. I huset finn du også Møteplassen med lett servering, fjernsyn, video og Internett. Der er også to rom som blir mykje nytta både av yngre og eldre musikkrefter til øving og undervisning.

Det er ein miljøarbeidar som styrer ungdomshuset og Møteplassen. Han er tilsett i 40 prosent stilling i tillegg til at han er 60 prosent miljøarbeidar i kommunen. "Vi er heldige som har ei slik eldsjel som er aktiv musikar og deltek i aktivitetane rundt Møteplassen og ungdomsklubben på kveldstid. Han utfører eit arbeid som er mykje meir verdt enn betalinga tilseier," fortel kultursjef Jon Ole Hokstad. Han koordinerer arbeidet med kulturhuset og ungdomshuset i kommunen.

KOMMENTAR

Mange av dei som går på vidaregåande skule på Tynset søkjer til ungdomshuset og Møteplassen i tillegg til kultur- og aktivitetshuset. Kultursjef Jon Ole Hokstad er nøgd med det tilbodet dei har fått til: "Vi er glade for at vi har fått eit kulturhus her på Tynset som innbyr til aktivitet for alle aldersgrupper og at folk her har teke det i bruk på ein slik positiv måte."

Frå nasjonal amatørfestival på
Tynset med gruppa "Stella Polaris".
Foto utlånt av Tynset kulturhus.

Kultursjef Jon Ole Hokstad,
Tynset kommune,
2500 Tynset.
Telefon: 62 48 00 00.
Telefaks: 62 48 20 99.
E-post: tykul@online.no.
Heimeside: http://www.tynset.kommune.no


Romjulstreff i Askvoll

KVA

Kvart år samlast utflyttarungdom og fastbuande til romjulstreff på Askvellir Hotell i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. På treffet i 1998 kunne forsamlinga slå fast at det hadde skjedd mykje siste året. Fjorårsdebatten som var høgrøysta og prega av stor frustrasjonen, hadde vike plass for ein debatt prega av at mykje nytt er på trappene i Askvoll.

Ordførar Kjellaug Veivåg Høyvik var tydeleg stolt då ho gjekk gjennom lista over framlegg frå fjorårstreffet og slo fast at forslaga frå ungdommen var tekne på alvor. Difor vart det snakka mykje om konkrete tiltak som var i arbeid.

KVIFOR

Romjulstreffet skal vere eit treffpunkt der utflyttarungdom som er heime på juleferie kan få møte sambygdingane sine. Saman skal dei bidra til å finne konstruktive løysingar på spørsmål som gjeld utviklinga i Askvoll. I dette ligg også eit høve til å få sagt i frå om kva ungdommen meiner bør gjerast betre, slik at Askvoll framstår som eit spennande alternativ å flytte heim att til.

Til liks med mange andre utkantkommunar lek Askvoll i alle endar til omkringliggjande tettstader. For Askvoll sin del er det Florø, Førde og Bergen.

KORLEIS

Kultur- og næringskontoret, saman med ordføraren, hadde lagt opp programmet i såmråd med det nyutnemnde ungdomsrådet i kommunen. I tillegg til kultur- og næringsetaten stilte skulen med sine fremste medarbeidarar i tillegg til rådmann og ordførar.

Dei viktigaste representantane frå næringslivet var innkalla og møtte opp. To jenter hadde øvd inn eit musikalsk underhaldningsinnslag. Den eine var fastbuande, den andre var heime på juleferie. I pausen blei det servert julekaker og alkoholfri gløgg.

I tilknyting til romjulstreffet vart det halde eit rockeseminar som samla fem band frå kommunen. Instruktørane var henta frå Bergen, mellom anna frå den kjende gruppa "Unge Frustrerte menn".

Mykje nytt

Det vart orientert om oppgåvene som det nye ungdomsrådet i kommunen skal ta seg av. Ei av dei er å vere med å fordele midlar innanfor rammene til Kulturelt entreprenørskap. Det er ei tilskotsordning til ungdom som til dømes ønskjer å gje ut CD, gje ut bok, setje opp teaterframsyning eller som ønskjer stipend for å realisere eit prosjekt. Gruppa som har ansvaret for løyvingane er ei blanding av vaksne og representantar frå ungdomsrådet.

I tillegg har Ungdomsrådet såkalla Straks-midlar som dei har ansvaret for å fordele. Det går ut på at ungdom i alderen 12-18 år som treng pengar til utstyr i den lokale ungdomsklubben, ein forsterkar til eit musikkanlegg, idrettsutstyr og liknande kan søke ungdomsrådet om tilskot.

På Romjulstreffet fekk ungdomsrådet presentert seg og fortalt om kva oppgåver dei skal bruke kreftene på.

Frå kommunen blei det orientert om at sjukepleiestudentar som forpliktar seg til å søkje arbeid i Askvoll kan få stipend. Det er også opna for at ungdom under utdanning kan søke praksisplass på kulturkontoret. Den første i denne ordninga, kulturstudent Anita Leknes, var på plass som referent, og vart presentert på treffet.

Ein representant frå skulen orienterte om korleis den gamle gymnstikksalen blir ombygd til bibliotek og internett-kafe når idrettshallen står ferdig. På den måten kan foreldra som køyrer ungane til idrettshallen dyrke sosial omgang med andre vegg i vegg med ungane som trenar idrett.

Litt av ei utfordring

Den største utfordringa under romjulstreffet kom frå teaterstudent Idun Losnegård. Ho har i fleire år vore lokal stjerne i teateroppsettingar og studerer ved teaterskulen i Gilford utanfor London. Ho rosa oppvekstvilkåra i Askvoll og den sjølvtilliten og tryggleiken det hadde gitt henne.

"Men vil de ha meg tilbake når eg er ferdig utdanna skodespelar? Har de bruk for meg då?" "Eg ønskjer noko konkret å forholde meg til i forhold til Askvoll. Difor foreslår eg at vi inngår ein avtale om at de støttar meg litt økonomisk, mot at eg kjem attende og tek på meg oppdrag her i periodar? Støtte og tillit gir ansvarskjensle, også til ein fattig teaterstudent som lever på knappe marginar," sa Idun Losnegård. Ho sette søkelys på eit interessant prinsipielt spørsmål som Ungdomsrådet i Askvoll og mange andre kommunar får på bordet sitt når dei går ut og inviterer ungdom til å satse på heimkommunen.

KOMMENTAR

"Neste Romjulstreff i Askvoll blir arrangert av ungdommen. Eg trur dei er modne for å meistre den oppgåva no," sa ordførar Kjellaug Veivåg Høyvik. Ho tykte Romjulstreffet hadde fungert fint etter intensjonane om å vere både ei informasjonssamlign og eit debattforum.

Flesteparten av dei rundt 100 deltakarane på Romjulstreffet i Askvoll var ungdommar.
(Foto: Aud E. Grøneng)

Kultur- og næringskontoret i Askvoll,
6980 Askvoll.
Telefon: 57 73 02 00.
Telefaks: 57 73 06 03.


Ungdommen gir Eidskog nytt liv

KVA

I Eidskog kommune i Glåmdalen i Hedmark var forgubbinga godt i gang. Då bestemte dei styrande seg for å setje inn eit motstøt. "Vi kunne ikkje sitte passivt å sjå på at bygda vart forgubba. Her gjaldt det å få engasjert dei aldersklassane som framleis hadde kreative evner intakt," seier assisterande rådmann Arne Sørensen. Han er ein av dei som har organisert motoffensiven.

KVIFOR

Både han og ein del andre eldsjeler såg seg leie på at arbeidsplassane vart borte og at ungdommen flytta ut. Dei spurde ungdommen til råds og fekk klare svar.

"Kom ut av kontora der de er usynlege og ut på gata. Snakk så vi forstår kva de meiner," var meldinga frå 16 år gamle Madelene Stolpe. Ho var ein av ungdommane som på denne måten engasjerte seg og blei dregen inn i omstillingsprosessen.

KORLEIS

Kommunestyre og formannskap er einaste politiske organ med avgjerdsmynde i Eidskog. Det politiske arbeidet foregår ikkje i sektorar, men i komitear som gir innstilling til dei besluttande organ. Der sit to ungdomsrepresentantar som kjem frå barne- og ungdomsrådet i kommunen.

Ein ny tankekultur er stilt opp. "Problematisering er erstatta med problemløysing. Det er skapt positive haldningar til handling og offentlege tenester er blitt kvalitetssikra," seier assisterande rådmann Arne Sørensen.

Han peikar på dei viktigaste retningslinene for det politiske arbeidet i kommunen: Alt arbeid som ikkje gagnar brukarane er bortkasta. Kommuneorganisasjonen er viktigare for folks liv og levemåte enn dei trur sjølve. Resultatet er at politikarrolla er vitalisert. "Det har aldri vore så morosamt som no å vere politikar," har blitt sagt av politikarar i Eidskog etter "revolusjonen".

Sørensen fortel at det var ganske lett å få politikarane med på å etablere barne- og ungdomsråd i kommunen. Han trur det heng saman med at dette rådet ikkje grip inn i dei områda politikarane til vanleg steller med.

Kva seier ungdommen?

Madelene Stolpe er 16 år. Ho har vore leiar i Barne- og ungdomsrådet i Eidskog og hatt plass i kommunestyret. "Ungdom trur at politikarar er folk som berre lovar og lovar, og ikkje held noko av det dei lovar," sa ho tidlegare. "Eg har lært mykje. Eg har fått lyst på yrke som eg ikkje tenkte på før fordi eg har fått sett korleis dei arbeider," seier ho no.

Madelene har opplevt at politikarar og vaksne har tatt både henne og annan ungdom på alvor. Ho har vorte ansvarleggjort ved å ha ansvar for å gjere vedtak i kommunestyret og fordele pengar i barne- og ungdomsrådet. Der sit barn og ungdom i alderen 6 til 18 år. "Dei eldste må av og til bruke tid på å forklare problemstillingar for dei minste slik at dei forstår. Vi fordeler pengar til badeplass, nye fotballmål og uttaler oss om trafikk-tryggleik og rusmiddelproblematikk. Vi arbeider for å få til ein møteplass med park, plen og tre der ungdommen kan vere. Vi er med i arbeidet med å restaurere eit gammalt skulehus for å gjere det til ungdomshus. Budsjettet er på 5,7 millionar kroner, og det er vi som bestemmer korleis vi vil ha det der. Eg er stolt over å kunne bidra til dette og eg har mykje større lyst å flytte attende til Eidskog etter ferdig utdanning no enn tidlegare," seier Madelene Stolpe. Saman med andre ungdommar var ho med og sette opp ein sjølvlaga musikal basert på kjende låtar. Musikalen handlar om å ta vare på miljø og folk i bygda. Det vart ein kjempesuksess som viser at ungdom både vil og kan mykje. For Eidskog har dei vore ei viktig kraft i kampen for å snu utviklinga i positiv retning.

KOMMENTAR

"Det er for tidleg å snakke om ein klar tendens, men det er noko på gang her," seier Arne Sørensen. Han fortel at dei no ser teikn på at elevprognosane sprekk. I tredje kvartal 1998 hadde kommunen ei netto tilflytting på 64 menneske. Heller ikkje i Eidskog er slike tal kvardagskost.

Eidskog kommune,
2230 Skotterud.
Telefon: 62 83 36 00.
Telefaks: 62 83 36 05


Prøv sjølv-midlar og Grong Bygdamobilisering BA

KVA

Prøv Sjølv er eit fond som kan dele ut stipend til barn og ungdom i alderen 10-18 år som sjølv ønskjer å prøve å skape aktivitet. Det kan handle om å gå i gang med rockeband, målarklubb, internettkafe, plateutgjeving, kurs eller teater for å nemne nokre aktuelle tiltak.

Dei seks kommunane i Indre Namdal regionråd har gjennomført eit forprosjekt på Prøv Sjølv.

Samstundes har Grong Bygdamobilisering BA eksistert sidan februar 1997. Det er ein lokal variant som har mange likheitstrekk med Prøv Sjølv. Saman utgjer dei trappetrinna i ei utviklingsrekke der arbeidet for å dyrke lokale og regionale initiativ står sentralt.

KVIFOR

Både Grong Bygdamobilisering BA og Prøv Sjølv ønskjer å dra ungdommen med i aktivt samfunnsarbeid for å gje dei ei sterkare tilknyting til heimeområdet. Nye politiske organ som ungdommens kommunestyre, ungdomsråd, ungdommens regionråd og ungdommens fylkesting vil hente ein del av kreftene frå slike tiltak som Grong Bygdamobilisering BA og Prøv Sjølv. Der får ungdommen prøvt ut idear og ansvaret som følgjer med å realisere dei.

Dei som står bak tiltaka meiner det er viktig at samfunnet viser vilje til å gi ungdommen ansvar i praksis. Det kan skje ved at ungdommen blir gjort medansvarleg for å prioritere og gjennomføre kulturtiltak.

KORLEIS

Hausten 1998 inviterte Grong Bygdamobilisering til Grongtaustreff. 64 jenter møtte opp. "Det viktigaste som skjedde der var at vi fekk utdelt ei rekkje spørsmål. Dei handla om kva som skal til for å engasjere oss. Etter å ha diskutert i grupper vart svara presenterte i plenum.

Det viste seg då at vi hadde ulike interesser. Dei som var eldre var opptekne av tradisjon. Vi unge var opptekne av å skape uhøgtidelege møteplassar. Det manglar vi etter at vertshuset her brann ned. No er det berre ein liten kafé på det lokale handlesenteret," seier Jenny Kjestveit. Ho er tilsett som prosjektleiar i Grong Bygdamobilisering BA. Ho er også innflyttar med skogbruksutdanning og har tenkt å slå seg ned i Grong.

Ei av oppgåvene hennar, i tillegg til å få styret sitt til å fungere godt, er å lage ein informasjonsfaldar som alle tilflyttarar skal få tildelt. Dette arbeidet er eit samarbeid mellom folkeregisteret og kommunen. For å få tilflyttarane til å kjenne seg heime skal dei også få tilbod om ein gratis aktivitetsdag på det lokale skisenteret i vintersesongen og fiske i Namsen som sommaraktivitet. I begge tilfelle vil ein lokalkjent person stille opp for å vere med som vegvisar.

Motiveringsvåpen

Grong Bygdamobilisering BA har oppretta Ungdommens Tiltakspott for å motivere ungdom til å satse på å gjere noko aktivt med ideane sine. Eit anna verkemiddel i same ånd er Ungdommens Engasjementspris. Den skal gå til ein ungdom som viser iver og evne til å få til positive tiltak i lokalsamfunnet.

Prosjektleiar Jenny Kjestveit trur desse lokale tiltaka er ein viktig føresetnad for at det regionale Prøv Sjølv-prosjektet skal lukkast. Ho trur det er lettare å søkje på Prøv Sjølv-midlane for dei som har prøvd seg på slikt i heimkommunen.

Frå kommune- til regionnivå

Prøv Sjølv-prosjektet skal gå i regi av Ungdommens Regionråd i Indre Namdalen. Prosjektet er i oppstartingsfasen. Ei av dei viktigaste utfordringane er at dei som søkjer Prøv Sjølv-midlar skal erfare at det går kort tid frå søknaden blir levert til dei får svar og eventuelt kan gjennomføre ideen.

Dei som har fått Prøv Sjølv-midlar skal lage ein enkel rapport om korleis dei har brukt pengane når dei er ferdige med tiltaket. Rapporten skal vere så enkel at alle kan greie å lage den.

Kva vil Prøv Sjølv oppnå?

Jorunn Lilleslett som arbeidde med forprosjektet har forventningar om at rundt 15 Prøv Sjølv-prosjekt skal bli vedtekne og finansierte av ungdommens regionråd det første året. Rundt ti barn og unge i kvar kommune håpar ho vil delta i eit eller anna Prøv Sjølv-prosjekt årleg.

Det er utarbeidd enkle søknadsskjema som er slik at også yngre årsklassar skal greie å fylle dei ut. Ein stad mellom 50 000 og 200 000 kroner vil liggje i potten som skal fordelast.

Jenny Kjestveit er prosjektleiar for Grong Bygdamobilisering BA, i tillegg til at ho er innflyttar som har tenkt å slå seg ned i kommunen. Foto: Erlend Malmo.

KOMMENTAR

"Det er viktig at lokalsamfunna fungerer som ein gjærbakst for ungdommen. I det ligg at ungdommen må få engasjere seg og diskutere ut frå konkrete saker. Det betyr ikkje at vi blir uvenner når vi ikkje blir einige. Vi skal jo berre bryne meiningane våre på kvarandre og det er både sunt og viktig," seier Jenny Kjestveit i Grong Bygdamobilisering BA.

Prøv Sjølv-prosjektet v/ Inge Ryan,
Indre Namdal Regionråd,
7863 Overhalla.
Telefon: 74 31 27 90.
Telefaks: 74 31 28 59.

Grong Bygdamobilisering BA
v/ prosjektleiar Jenny Kjestveit,
postboks 115,
7870 Grong.
Telefon: 24 33 11 50.
Telefaks: 24 33 16 45.
E-post: marit.moe@nt.telia.no


Næringsliv som skulefag

KVA

Tiltaka Distriktsaktiv skule og Foreningen ungdomsbedrifter arbeider for å utvikle lokale nyskapingsmiljø med ungdom som drivkraft. Ved å trekkje dei unge inn i læremodellar som er realistisk lagt opp, skal dei blant anna bli motiverte til, å få kunnskap om, korleis dei startar og driv eiga bedrift.

Fleire departement har samarbeidd om å utvikle dette utdanningssystemet som går frå barneskule til høgskule.

Denne omtalen konsentrerer seg i hovudsak om elevbedriftene i vidaregåande skule som er styrt av Foreningen ungdomsbedrifter. Modellen har sitt opphav i USA, men har eksistert her i landet i rundt ti år. Gjennom elevbedriftene skal elevane i vidaregåande skule starte, drive og avvikle bedriftene sine. I denne prosessen samarbeider dei ofte med lokalt næringsliv. Det skaper ein kontakt som kan vere avgjerande for om elevane satsar på heimbygda si eller flytter vekk.

KVIFOR

Krav til omstilling og fornying står sentralt i næringslivet både i offentleg sektor og samfunnet generelt. For å oppretthalde og vidareutvikle livskraftige lokalsamfunn og næringsliv er det difor behov for nytenking, nyskaping og nyetableringar. For å lukkast i arbeidet med å utvikle lokale nyskapingsmiljø, må dei unge sine haldningar påverkast i denne lei.

Regjeringa ser det som eit viktig mål å få entreprenørskap inn på timeplanane i skulen. Der skal barn og ungdom få kjennskap til lokale ressursar i arbeidslivet. Dei skal samarbeide med desse og på den måten skaffe seg innsikt og kunnskap om tilboda på arbeid og buplass i den lokale marknaden.

Skulen skal også utdanne ungdom til framtidige oppgåver i eit næringsliv i stadig forandring, i tillegg til at skulegangen skal utvikle kreativiteten, samarbeidsevna og ansvarskjensla til elevane.

KORLEIS

Reglane er altså slik at ei ungdomsbedrift skal ha ei levetid på eitt skuleår. I løpet av den tida skal elevane ha vore gjennom å etablere og drive eiga bedrift, i tillegg til at dei skal ha avvikla ho. Dersom elevbedrifta blir så vellukka at ho tek av, skal ho ut av skulesystemet. Det betyr at andre overtek og driv bedrifta vidare. Vi har også sett at elevar fører elevbedriftene sine vidare etter ferdig skulegang.

Alle som arbeider med ungdoms- bedrifter blir registrerte på eit eige skjema som er nesten tilsvarande det Brønnøysund-registeret opererer med. Dei betaler ei registreringsavgift på 200 kroner kvar. Då er dei forsikra mot erstatningssøksmål.

Ingen får lov å ha meir enn 10 000 kroner i andelskapital. Heller ikkje får elevane låne meir enn dei har i kapital. Dersom du har danna ei eksportbedrift, får du ikkje lov å eksportere for meir enn 1000 kroner.

Ansvar og styring

"Her får vi lov å ta ansvar sjølve. Vi får lov å gjere feil sjølve, og så møter vi verkelegheita," seier elevar som har prøvt seg. Dei møter dei same utfordringane som dei vil møte når dei kjem ut i næringslivet.

Først må dei utvikle ein forretningsidé som dei skal få andre til å satse kapital på. Då må dei selje andeler i selskapet og presentere bedrifta på ein tillitsvekkjande måte. Styringsorganet for ungdomsbedriftene er registrert i Brønnøysund som ei ideell foreining der fylkeskommune, fylkesmann, Statens utdanningskontor, næringslivet ved enkeltbedrifter, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og Næringslivets Hovedorganisasjon går inn i tillegg til at Landsorganisasjonen og Kommunenes Sentralforbund ofte er med.

Matboksen med tre rom

Eit døme på ei elevbedrift er dei tre elevane i Østfold som hadde bestemt seg for å satse på å lage ein matboks med tre rom i. Utgangspunktet var at ein av dei hadde problem med nistepakken sin som vart ganske uappetitteleg etter å ha vorte klemt mellom bøkene i skulesekken. Derfor laga dei ein matboks med tre rom slik at nista skulle liggje stødig og trygt. Dei prøvde å selje ideen, men ingen trudde på den før nokre svenskar fatta interesse. Men dei putta boksen i ein mikrobølgjeomn for å teste om nista kunne varmast opp. Det kunne ho, men boksen smelta.

Frå Tyskland henta dei då inn ny informasjon som dei brukte i det vidare arbeidet med ein ny prototyp. Ideen med matboksen vart kjent, og ei rekkje bedrifter kontakta gutane.

Det er snakk om å nytte matboksen i ein informasjonskampanje til alle ungdomsskulane i landet. Då skal elevane få ein nisteboks som det er putta reklamemateriell opp i. Plutseleg forhandlar oppfinnarane med fleire interesserte bedrifter om bestillingar på fleire tusen boksar.

Etter vidaregåande skule vurderer dei å ta med seg idéen og starte eiga bedrift på den.

Martin Beyer-Olsen, Christian Rebnord, Lars Klevberg og Eirik Nordberg skapte nisteboksen med tre rom. Foto: Per Øyvind Nordberg, Moderne Produksjon.

KOMMENTAR

"Lærarane seier at det kan bli ein del ekstraarbeid i startfasen av opplegget med elevbedrifter, men etter kvart går det meir av seg sjølv. Eg trur det er viktig at lærarane har lyst til dette," seier prosjektleiar Jarle Tømmerbakke i Foreningen ungdomsbedrifter. Han er oppteken av at det blir bygt eit godt nettverk rundt lærarane.

For elevane er det viktig å få eit eigarforhold til idéen sin. Ei anna erfaring er at bedrifter der det er jenter og gutar saman ser ut til å fungere best.

Foreningen Ungdomsbedrifter
v/ prosjektleiar Jarle Tømmerbakke
Boks 5250 Majorstua,
Besøksadresse:
Middelthunsgate 27, på Majorstua i Oslo.
Telefon: 23 08 82 89.
Telefaks: 23 08 80 15.
E-post: Jarle.Tommerbakke@nho.no


Database skal rekruttere ungdom til Finnmark

KVA

I Finnmark ønskjer dei å ta i bruk datateknologi for å hindre at ungdommen og heimemiljøet mister kontakten med kvarandre. Prosjektet er i utgangspunktet kostnadsrekna til 400 000 kroner. Databasen skal innehalde namn og nyttige opplysningar om all utflyttarungdom frå fylket. Prosjektet skal styrast frå Hammerfest og målet er at det skal drivast kommersielt etter etableringsfasen.

KVIFOR

Det er eit problem både i Finnmark og elles i landet at for få ungdommar kjem heim att og etablerer seg i heimkommunen. Resultatet er at næringslivet har vanskar med å skaffe nok arbeidskraft. Ofte er det også vanskeleg å skaffe arbeidskraft som har god og rett utdanning. Samstundes er det ei oppfatning at mange ungdommar ikkje kjenner godt nok til dei jobbtilboda som finst i heimkommunen.

KORLEIS

Det er fleire trinn i denne utviklingspakken. Dei er nedfelte som målsetjingar i den vedtekne handlingsplanen for kyst-Finnmark. Det første trinnet der går ut på å sikre all ungdom sommarjobb i heimkommunen. Det har utgangspunkt i eit ønskje om at ungdommen på denne måten skal kjenne at både det offentlege og næringslivet ser på dei som ein attraktiv ressurs.

Kartlegging og framgangsmåte

I staden for å sleppe taket i ungdommen, vel Finnmark å kartleggje kvar ungdomsressursane i fylket tek vegen. Dei vil byggje opp ein database som viser kvar finnmarksungdommane dreg når dei forlet heimkommunen, kvar dei tek utdanning og kva slags utdanning dei tek.

"Då vi starta opp arbeidet med prosjektet hadde vi sett kompetanseflukta frå Finnmark. Vi tenkte oss at til dømes eit sjukehus her burde kunne søkje etter personell dei har bruk for i ein slik base. Samtidig ønskjer vi at utflyttarungdom skal kunne leggje inn CV-en sin, det vil seie dei opplysningar som trengst for å bli vurdert til ei stilling. Så kan næringslivet i heimfylket gå inn i basen og finne vedkomande der. På denne måten får vi den tovegskontakten som eg trur er nødvendig," seier næringskonsulent Bjørn Risto i Hammerfest kommune. Han har eit overordna ansvar for prosjektet.

Det kommersielle grunnlaget

Han meiner tiltaket må ha eit kommersielt driftsgrunnlag. Opplysningane dei har i databasen skal såleis seljast både til næringslivet og det offentlege.

"Slike tiltak som dette døyr som regel når etableringsfasen er over dersom det ikkje kan drivast løpande på kommersielt grunnlag. Vi veit at det fort kostar mellom 30 og 40 000 kroner når nokon skal annonsere etter arbeidskraft. Slik annonsering blir som å leite på måfå samanlikna med at dei kan søkej på spesielle kvalifikasjonar i databasen vår. Der veit også den som søkjer at han vil kunne finne ungdom som har kjennskap og tilknyting til staden. Erfaringar viser at den lokale arbeidskrafta er mest stabil, og såleis blir ho også svært attraktiv," seier Bjørn Risto. Han meiner det i framtida vil lønne seg å bruke dei 30-40 000 kronene på å kjøpe dei tenestene frå databasen som tidlegare vart kjøpte på annonsemarknaden.

Vidare utvikling og drift

I løpet av 1999 er målet at alle kommunar i Finnmark skal ha levert sine opplysningar til prosjektleiinga i Hammerfest. I år 2000 skal basen vere i drift med rundt 500 namn på plass.

Risto meiner det også vil oppstå behov for å bruke databasen for nye grupper. Det er til dømes ingenting i vegen for at folk med lengre yrkeserfaring, som vurderer å flytte heim att, kan leggje inn CV-en sin. Risto trur det kan vise seg å bli ein interessant bieffekt. Alle som ønskjer seg arbeid i Finnmark kan bruke denne databasen og teste sine sjansar for å få arbeid der.

Ein mogleg parallellbase

Teknisk er det mogleg, parallelt å opprette ein base for alle arbeidsgivarar i Finnmark. Der kan nyutdanna ungdom og andre som søkjer etter arbeid gå inn og sjå kva som finst på arbeidsmarknaden i fylket.

"Tenkjer vi oss endå eit steg vidare og løyser dei formelle problema som hindrar ei slik utvikling i dag, kan vi sjå for oss dette systemet kopla opp mot Arbeidsmarknadsetaten," seier Risto, vel vitande om at det førebels berre er høgttenking som viser dei moglege dimensjonane. Den jordnære og avgjerande utfordringa blir først og fremst å få databasen til å bli drivverdig og lønsam, slik at den blir eit godt verktøy for å skaffe ungdom frå Finnmark gode jobbar i eige fylke.

KOMMENTAR

"Kanskje vil utflyttarungdommen vår finne ut at Finnmark er ein bra plass å slå seg ned når dei skal vurdere kvar ungane deira skal vekse opp. Dersom dei også kan finne ein bra jobb i den gamle heimkommunen eller i nærleiken, skulle ikkje steget attende vere lenger enn at dei vågar det," seier næringskonsulent Bjørn Risto i Hammerfest.

Næringskonsulent Bjørn Risto,
Hammerfest kommune,
9600 Hammerfest.
Telefon: 78 42 25 78.
Telefaks: 78 42 25 20.
Oversikt over Hammerfest.
Foto: Bjørn Risto


Askeladdprisen gir inspirasjon til ungdom

KVA

Det var i samband med 100-årsjubileet til Norges Bondelag at Askeladdprisen vart oppretta i 1996. Då gav Statens Landbruksbank 100 000 kroner til eit idéutviklingsfond med namnet Askeladden. Fondet kan maksimalt dele ut 20 000 kroner til kvar prisvinnar.

Askeladdprisen blir delt ut til ungdom under 30 år som har ein idé som juryen finn det verdfullt å bidra til å realisere. Det er fylkeslaga i Norges Bondelag som plukkar ut to kandidatar frå kvart fylke. Juryen som er samansett av leiaren i Norges Bondelag, administrerande direktør i Statens Landbruksbank, leiaren i Norges Bondelag sitt Bygdeutviklingsfond og leiaren i Norges Bygdeungdomslag, plukkar så ut den eller dei som skal få prisen.

KVIFOR

Askeladdprisen skal vere eit tiltak for å stimulere ungdom med tiltakslyst til å skape arbeidsplassar og miljø som kjem lokalsamfunnet til gode. Det har vist seg at prisen har svart til forventningane. Den har vore ein stimulans for dei unge etablerarane som har fått den. Tre av dei skal vi møte her.

KORLEIS

Askeladdprisen gav vinnarane i 1998, Jørn Magne Flesjå og Jo Sætre, betre høve til å utvikle ideane sine. Begge to er ungdommar som har starta opp med verksemd i heimbygda og tilført både miljøkvalitetar og arbeidsplassar.

Jørn Magne Flesjå har etablert eige båtbyggeri på Finnøy i Boknafjorden i Rogaland. Før det hadde han teke fagbrev som tømrar. Så gjekk han båtbyggjarskulen i Jondal i Hardanger. Etter det reiste han heim att og starta Ryfylke Trebåtbyggjeri hausten 1993. Våren 1994 tok han seg eit ekstra kurs hos den kjende båtbyggjaren Harald Dalland på Tysnes. Det varte i tre månader.

Hausten 1998 tok han til å byggje ny verkstad. Då kom pengane for Askeladdprisen godt med.

Klare målsetjingar

"Eg har nett bygt ny lettbåt til den 70 fot store jekta "Brødrene Af Sand" som Ryfylkemuseet eig. Riksantikvaren har restaurert henne i Norheimsund i Hardanger," fortel Jørn Magne Flesjå. Han har også bygt ein 35-fots sjark med overbygg i aluminium. Det er den største båten hans så langt, av dei drygt ti båtane som til no har vorte sjøsette frå slippen på Finnøy.

Når den nye slippen står ferdig,kan han byggje båtar på opp til 50 fot. Det har vore nødvendig å lære seg aluminiumssveising for å kunne tilby ferdige sjarkar med overbygg. Når det er nødvendig, leiger han inn lokal arbeidskraft. "Det kan bli lange arbeidsdagar, men eg trivst med det," seier Jørn Magne Flesjå.

Odelsguten i "Jo’s garasje"

På Arneberg i Åsnes i Hedmark bur odelsguten Jo Sætre. Han er 24 år gammal og har bygt opp ein garasje som har blitt ein populær samlingsstad for MC-interessert ungdom. Der blir det reparert motorsyklar og selt delar. Ungdommane i bygda søkjer dit og har funne ein samlingsstad i Jo’s garasje som firmaet heiter.

"Eg søkte ikkje på Askeladdprisen. Det var ein som ringde og sa eg hadde fått den," seier Jo Sætre. Han greier å få eit levebrød ut av garasjen sin som ligg vegg i vegg med den lokale motorsykkelklubben. "Det er ungdom frå 25 år og oppover som søkjer hit," seier Jo. Han fortel at dei ti medlemmene i MC-klubben og han går godt saman og at dei har eit triveleg miljø.

Odelsjente med gardsbarnehage

Mari Pernille Jensrud frå Blaker i Akershus er 24 år. Ho fekk Askeladdprisen i 1997 i samband med at ho bygde gardsbarnehage. Etter det har ho starta skulefritidsordning for ti ungar. Ho tek utdanning som førskulelærar over fire år ved Høgskolen på Hamar. Det er eit desentralisert deltidsopplegg som ho har gåande samstundes som ho driv gardsbarnehagen. Der er det tre fulle stillingar. I tillegg er far hennar med, og det synest ungane er ekstra stas.

Slik starta det

"Då eg var ferdig med vidaregåande, tok eg til å arbeide i fjøsen heime på garden vår samtidig som eg var dagmamma. Då såg eg kor stort behov ungar har for å bli kjende med dyr. Eg høyrde om ein gardsbarnehage i Sandefjord og drog dit for å sjå på deira opplegg. Det var bakgrunnen for at eg sette i gang," seier Mari Pernille.

Slik utvikla det seg

Kjellaren, kjøkkenet og stova i hovudhuset på garden har vorte innreia som lokalitetar for barnehagen. Foreldra til ungane som kom inn i gardsbarnehagen såg at ungane treivst godt. Derfor er det i dag lange ventelister for å få ungane inn der.

Mari Pernille Jensrud ønskjer difor å utvide, men det er ein del reglar og problem som skal løysast før det er i orden. For den unge odelsjenta har gardsbarnehagen blitt ein fin arbeidsplass som kan kombinerast med å bli på garden. Ho har skapt arbeid for fleire og gitt trivsel til ungane i bygda si.

"Økonomisk går det svært bra. Siste året hadde vi betre resultat enn budsjettert og vi tener ikkje dårleg," seier Askeladden Mari Pernille Jensrud.

KOMMENTAR

Mari Pernille Jensrud sin visjon er å skape ein god stad å vere og ein god stad å lære. "Askeladdprisen gjorde at eg kunne nærme meg denne visjonen raskare. Eg brukte pengane til å byggje spesielle leikeapparat på leikeplassen. Det kunne eg gjere utan å ta opp lån, og det har vore viktig for meg," seier Mari Pernille.


Askeladdprisen

Norges Bondelag,
postboks 9354 Grønland,
0135 Oslo.
Telefon: 22 05 45 00.
Telefaks: 22 17 17 87.


Dei akademiske lærlingane blir verande i Finnmark

KVA

I Finnmark har ordninga med akademiske lærlingar vore i gang sidan 1992. Den er eit samarbeid mellom studentar, bedrifter og Finnmark fylkeskommune. Ordninga har bidrege til å tilføre næringslivet i fylket verdfull kompetanse som dei sjølv har vore med og utvikla.

Sidan ordninga kom i gang har tilbakeflyttingsprosenten på dei akademiske lærlingane vore mellom 80% og 90%. Det er 16 lærlingkontraktar i gang i Finnmark. Dei omfattar seks kontraktar innan fiskeri, tre innan reiseliv, det same innan informasjonsteknologi, ein innan språk og tre innan andre fagområde.

KVIFOR

Nøkkelordet for aktørane i denne ordninga er behovet for kompetanse. Ordninga skal sikre bedriftene i fylket rekruttering av personar med høgare utdanning. I tillegg skal den gje eit jobbtilbod til ungdom frå fylket som tar høgare utdanning. Fordi det er i studietida at distriktsungdommen mister kontakten med heimstaden, vil næringslivet og det offentlege på denne måten bidra til å snu denne utviklinga.

KORLEIS

Den akademiske lærlingkontrakten er basert på at det blir inngått ein forpliktande kontrakt mellom ei finnmarkbedrift og ein student frå Finnmark. Kontrakten varer i 2 år.

Studentane får eit årleg stipend på 10 000 kroner, reisestøtte på 6000 kroner og sommarjobb ved bedrifta. Dei inngår ein avtale om forpliktande samarbeid slik at studenten skal arbeide der i seks månader etter endt utdanning. Det er bedrifta som betalar løna til lærlingen under sommarjobbing og plikttid.

Bedrifta får eit eingangstilskot på 50 000 kroner frå fylkeskommunen når den skriv kontrakt med studenten. Samarbeide går også ut på at begge partar bidreg i arbeidet med å finne fram til student- og semesteroppgåver som er tilpassa både studenten og bedrifta sine behov.

På denne måten sikrar bedrifta seg eit kontaktpunkt mot forskings- og fagmiljø. Lærlingen blir kontaktpunktet mellom bedrifta og studiestaden samstundes som han tilfører bedrifta kompetansen han får gjennom utdanninga.

Glimt frå gjennomføringa

Konsulentselskapet Finnut AS i Vadsø arbeider med konsulenttenester innan bedrifts- og samfunnsutvikling. Dei har lærlingkontrakt med Elisabeth P. Ueland som studerer mediavitskap i Bergen og Roger Skarvik som studerer informasjonsteknologi ved Høgskulen i Finnmark.

"Når vi gjekk inn i dette kontraktsforholdet vurderte vi kandidatane like strengt som om dei skulle tilsetjast. Det positive er at vi får testa ut lærlingane, dei får støtte frå oss til arbeidet sitt med fagoppgåvene, samstundes som dei får vere med på oppdrag og såleis arbeidd seg inn i bedrifta. Vi satsar på at dette skal vere eit rekrutteringstiltak for oss," seier Jan Aslaksen i Finnut.

Sjølv om dei er midt i kontraktsperioden og ikkje har tidlegare erfaring å støtte seg til, vurderer han opplegget som så interessant at det er svært sannsynleg at Finnut vil tilby lærlingane sine jobb der når dei er ferdige.

Konsulent i russisk

Trude Pettersen tek hovudfag i russisk i Tromsø og har lærlingkontrakt med konsulentselskapet Storvik&Co i Kirkenes. Dei yter rådgjeving til bedrifter som vil etablere seg i Russland. Arbeidsområdet er Kola-halvøya der dei har kontor i Zapoljarny.

"Kontraktsforholdet mellom meg og Storvik fungerer som eit gjensidig samarbeid. Dei hjelper meg med hovudfagsoppgåva mi og eg bidreg tilbake med min kunnskap om kultur og språk, noko som er viktig i dagens næringsliv," seier Trude. Ho er ferdig med hovudfaget i juni 1999 og er klar i sin konklusjon: "Eg er blitt betre kvalifisert til å skaffe meg arbeid og eg satsar for fullt på å flytte tilbake til heimtraktene i Kirkenes og få meg arbeid der."

Her er dei akademiske lærlingane og representantar frå bedriftene og Finnmark fylkeskommune samla i Vadsø: Framme frå venstre: Kurt Johnsen, Jan Aslaksen, Tom Fredrik Dahl, Ingvild B. Budal, Ellen Njarga, Hans Bratteng, Ørjan Nergaard, Hilde Bersvendsen, Ragna Fossen, Ingar Haukenes, Karete Martila, Grete Grubstad, Bente Olsen og Trude Pettersen.Bak: Terje Korvanen, Roger Skarvik og Kåre Simensen. Foto: Gunnar Berg, Finnmarken.

KOMMENTAR

"Av dei som har avslutta læretida bur ni av elleve i Finnmark. Dette er ein høg tilbakeflyttingsandel samanlikna med gjennomsnittsstudentar frå utkantdistrikt, og studentar som har deltatt i liknande ordningar. Ordninga er billeg for fylkeskommunen."

Slik konkluderer Arild Røknes i sin NIBR- (Norsk institutt for by- og regionforsking) rapport om ordninga med akademiske lærlinger i Finnmark.

"Ordninga er blitt ei gulrot for å trekke dei unge tilbake til distrikta", seier Tom Fredrik Dahl i fiskeindustribedrifta Nils H. Nilsen AS i Båtsfjord.

Her er dei akademiske lærlingane
og representantar frå bedriftene og
Finnmark fylkeskommune samla i Vadsø.
Foto: Gunnar Berg, Finnmarken.

Finnmark fylkeskommune v/Tone Skjerdal,
Utbyggings- og samferdselsetaten,
Henry Karlsensplass 1,
9800 Vadsø.
Telefon: 78 96 20 00/21 15.
Telefaks: 78 96 23 70/23 73.
E-post: tone.skjerdal@finnmark-f.kommune.no


Etterord frå Terese Svendsen 14 år, frå Lødingen

Vi avsluttar dette heftet med innlegget Terese Svendsen heldt på Kommunal- og regionaldepartementet og Norges Bygdeungdomslag sin ungdomskonferanse TurboTakter i distrikta i Trondheim 17-18. november 1998. Mykje av det ho sa der kan stå som symbol på tankane ungdommen gjer seg rundt den rolla dei vil spele i kampen for distrikta.14 år gamle Terese frå Lødingen imponerte med ein direkte tale som gjorde at det braut ut spontan applaus då ho avslutta innlegget sitt.

"De snakker om at det må bli slutt på fraflyttinga fra distriktene. Men da må det legges til rette slik at folk fortsatt vil og kan bo der.Undersøkelser viser at de som har hatt en fin og trygg oppvekst på en plass, de kommer tilbake etter utdannelsen, bosetter seg og stifter familie der.

Det må bli slutt på sentraliseringen!

Store bedrifter som ligger ute i distriktene blir lagt ned og flyttet til de store byene. Det samme skjer med de videregående skolene.

Men hvilken trygghet føler ungdommen når de hvert år må kjempe for at skolen deres ikke skal bli nedlagt? Skolen trenger ikke å være stor for at det skal bli gode resultater blant elevene. Og på en liten skole er jo tryggheten større.Politikerne må begynne å utnytte og ta vare på de ressursene de har. Og en av de viktigste ressursene er ungdom.

Uten ungdom vil bygda og distriktene dø ut

For at bygda og distriktene skal overleve, må blant annet den eldre og den yngre generasjon begynne å samarbeide. For at et slikt samarbeide skal fungere, må begge partene ha tillit til hverandre. Det nytter ikke å si en ting og etterpå gjøre det motsatte, og så tro at ungdommen skal ha tillit til de voksne.

En ting de voksne må slutte med, er dobbeltmoralen som de ofte bruker. Politikere og andre voksne klager over at dagens ungdom ikke engasjerer seg, og at de ikke bryr seg om det som skjer i samfunnet. Hjemme og på skolen sier de at vi må tro på oss selv og stå for det vi mener. Men når vi sier hva vi mener, får vi kjeft. Da blir vi bedt om å holde munn, for vi har ikke kunnskap til å uttale oss.

I løpet av disse to dagene her i Trondheim har vi bevist det motsatte. Vi har kunnskap, mye kunnskap. Det er ungdom som vet hva som må til for at ungdom skal trives og ha det bra.

Gi oss lov!

Et lite råd til politikerne er at de markedsfører bygda og distriktene. Fortell ungdommen at det er her det skjer. Gi oss muligheten til å prøve oss. La oss få lov!Vi kommer til å feile noen ganger, men husk; det er menneskelig å feile. Med litt hjelp og oppmuntring skal vi greie det. For bygda og distriktene skal få leve, hvis dere bare stoler på oss. At 150 ungdommer møter opp på denne konferansen er beundringsverdig. Det er også et godt bevis på at det er en fremtid for bygde- og distrikts-Norge.

En liten oppfordring: Tro på dere selv og tro på det dere gjør. For hvis dere gjør det, kan dere utrette mirakler.

Lykke til !

Hilsen fra Terese Svendsen.

Terese på båttur i Øksenfjorden.

For meir informasjon kan du ta kontakt med:
Kommunal- og regionaldepartementet
v/Regionalpolitisk avdeling
Postboks 8112 Dep.
0032 OSLO

Telefon: 22 24 70 01/11
Telefaks: 22 24 27 38

For bestilling:
faks: 22 24 27 86 eller
internett: ste-bestilling@ft.dep.telemax.no

H-2106 Ungdommens drivhus er utgitt av Kommunal- og regionaldepartementet mars 1999.

ANSVARLEG Redaktør: Kommunal- og regionaldepartementet, Regionalpolitisk avdeling v/Hilde Bringsli.
Redaksjon: Hilde Bringsli, Ann Kristin Solli, Terje Risholm, regionalpolitisk avdeling, Kommunal- og regionaldepartementet og Wenche Gunnarstorp, Norges Bygdeungdomslag.
FORFATTAR: Henning Rivedal.
Idé, utforming og grafisk produksjon: Grafisk Consult AS.
Opplag: 1500

Lagt inn 16. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen