Rapport om "Packaging Recovery Notes" (PRN)

Miljø- og økonomigruppa

Miljø- og økonomigruppa initierte våren 2000 prosjektet “Project Packaging Protocol”. Målet med prosjektet var å gje ei oversikt over korleis systemet med omsettelege “Packaging Recovery Notes” (PRN) i Storbritannia fungerer, og vurdera om føresetnadene for å etablera eit tilsvarande system i dei nordiske landa er til stades. Studien, som er et forprosjekt, vart avslutta i 2001, og vert følgt opp i 2002 gjennom eit prosjekt om etablering av ein marknadsplass for omsetjing av gjenvinningsbevis for batteri. Prosjektrapporten er utelukkande publisert i nettversjon.

Les rapporten i word-format (400 k)

Les rapporten i Acrobat Reader, pdf–format (1,4 MB)