Rundskriv A-5/2022 Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad for 2023

Dette rundskrivet (A-5/2022) inneheld statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad for 2023 (med verknad frå 1. januar 2023).

Sosial- og helsedepartementet gav 13. februar 2001 rettleiande retningslinjer for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelova. I rundskriv frå Arbeids- og velferdsdirektoratet (Hovednummer 35 – 2012) blir det gjort greie for alle vilkåra i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, også dei som gjeld økonomisk stønad.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd ein ny rettleiar om økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Den blei publisert 16. desember 2022 og kan lesast her: Ny veileder om økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven (nav.no)

Dei rettleiande retningslinjene for økonomisk stønad til livsopphold er justert årleg sidan 2006.

Satsane i dei rettleiande retningslinjene blir prisjusterte frå 1. januar 2023 i tråd med pårekna vekst i konsumprisane i Nasjonalbudsjettet for 2023 (2,8 pst.).

Dei rettleiande retningslinjene er fastsette med følgjande satsar per månad fra 1. januar 2023 (satsar gjeldande frå 1. juli 2022 i parentes):

Einslege

kr  6 850

(kr  6 650)

Ektepar/sambuarar

kr  11 450

(kr  11 150)

Person i bufellesskap

kr  5 750

(kr  5 600)

Barn 0-5 år

kr  3 350

(kr  3 250)

Barn 6-10 år

kr  3 450

(kr  3 350)

Barn 11-17 år

kr  4 500

(kr  4 400)

Frå 1. september 2022 skal det ikkje takast omsyn til barnetrygd ved vurdering av søknad om stønad til barnefamiliar, jf. sosialtenestelova § 18 tredje ledd.

Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagliglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bolig- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert ved fastsetjing av dei rettleiande retningslinjene, då dette er utgifter som varierer mykje.

Sjå rundskriv frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Hovednummer 35 – 2012 punkt 4.18.

Økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga er ein ytelse som blir fastsett ut fra skjøn, jf. lova § 18 første ledd. Dei kommunale sosiale tenestene i NAV-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjøn når dei vurderer om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Satsane i dei rettleiande retningslinjene må derfor reknast som eit rettleiande utgangspunkt for det skjønet som skal utøvast. I ein rettleiar for NAV som ble publisert 16. desember 2022 er det også understreka at satsane berre er rettleiande for utmåling av stønaden, og at dei ikkje kan erstatte individuelle vurderingar. Dersom stønadsbeløpet til arbeidsfør mottaker er på nivå med, eller over, kva mottakaren kan forventast å få gjennom arbeid, må det videre gjerast ei særskild vurdering av nivået og krav til aktivitet. Det blir vist til rundskriv, Hovednummer 35 – 2012 punkt 4.18.1.5 om forholdet mellom individuell behovsprøving, kommunale normer og statlege rettleiande retningslinjer.

Med hilsen

Ulf Pedersen (e.f.)
ekspedisjonssjef

Vibeke Trålim
avdelingsdirektør