Rundskriv F-036-00

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Ressurs til fastlønna tillitsvalde i skoleverket - Skoleåret 2000/01 (21.06.00)

1.1.1 Rundskriv
F-036-00

1.1.1.1 Saksnr. 00/3720

1.1.1.2 21.06.2000

1.1.2 Dette rundskrivet erstattar rundskriv F-45/99

Statens utdanningskontor
Fylkeskommunar
Fylkesrevisjonar
Kommunar
Kommunerevisjonar
Lærerorganisasjonane

2 Ressurs til fastlønna tillitsvalde i skoleverket – Skoleåret 2000/01

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i medhald av hovudavtalen § 33 nr 3, etter drøftingar med lærarorganisasjonane, fastsett ressurs til fastlønna tillitsvalde i skoleverket for skoleåret 2000/01.

Når det gjeld praktiseringa av hovudavtalen del II §§ 33-35 syner vi til rundskriv F-09-95.

Ordninga for skoleåret 2000/01 er som følgjer:

  1. Med heimel i hovudavtalen § 33 nr 3 har Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fastsett følgjande ressurser til fastlønna tillitsvalde i skoleverket for skoleåret 1999/2000:

Skoleverket totalt

Grunnskoleen

88,9 årsverk

Vidaregåande skole

36,0 årsverk

Grunnskolen

Norsk Lærarlag

72,0 årsverk

Lærarforbundet

14,6 årsverk

Skolenes landsforbund

1,2 årsverk

Norsk Skolelederforbund

0,8 årsverk

NMM

0,3 årsverk

Videregåande skole

Lærarforbundet

26,9 årsverk

Skolenes landsforbund

3,5 årsverk

Norsk Sjukepleiarforbund

0,9 årsverk

NITO

0,8 årsverk

Norsk Lærarlag

0,8 årsverk

Lærernes Yrkesforbund

0,7 årsverk

Norske Sivilingeniørers Forening

0,5 årsverk

Norsk Skolelederforbund

0,5 årsverk

Norsk Musikerforbund

0,5 årsverk

NMM

0,5 årsverk

Norsk Naturforvalterforbund

0,4 årsverk

2. Hovudavtalen med tilpassing av Del I til skoleverket skal følgjast. Kyrkje-, utdannings- og

forskingsdepartementet har fastsett følgjande:

A) Dei tildelte ressursane skal berre nyttast av dei tillitsvalde i verksemdene, jf. tilpassingsavtalen til hovudavtalen § 2 pkt 1 der den enkelte kommune/ fylkeskommune er definert som verksemd i grunnskolen/den vidaregåande skolen.

B) Formuleringa "styremøter og møter i faste organ" i hovudavtalen § 34 dekker òg møte i utval som er oppnemnde av og/eller rådgjevande for styret.

B1) Norsk Lærarlag har utanom dei styreoppnemnde utvala, fire grupper rådgjevande organ i sin organisasjon - avdelingar, seksjonar, utval og leiarmøter - som alle er rådgjevande for organisasjonen sine styrande organ. Avdelinga sine styre blir valde på eigne årsmøte på fylkes- og landsplan. Utvala vert valde på fylkesårsmøte og på landsmøte i organisasjonen. Leiarmøtene på fylkesplan består av fylkesstyret og leiarane i lokallaga. På landsplan er leiarmøtene samansett av landsstyret og leiar og nestleiar i fylkeslaga.

Hovudavtalen § 34, pkt 1 omfattar derfor òg organisasjonane sine leiarmøte og årsmøte, styremøte og leiarmøte i avdelingar og utval på fylkes- og landsplan.

B2) For Lærarforbundet, Skolenes landsforbund, Norsk Skolelederforbund og dei andre lærerorganisasjonane sitt vedkommande skal uttrykket "styremøter og møter i faste organ" i hovudavtalen òg omfatte organisasjonane sine årsmøte, styremøte og leiarmøte samt møte i rådgjevande utval på fylkes- og landsplan.

C) Dersom den enkelte kommune/fylkeskommune ser det som tenleg, kan dei gje ytterlegare

frigjeringsressurs, jf. Hovudavtalen § 33 pkt 3.

D) Ved delvis permisjon etter § 35 betaler arbeidsgjevar full lønn og krev refusjon frå vedkommande organisasjon for den prosentsats det er gitt permisjon for.

3. Årsverka som er avsett til arbeid som tillitsvalde i den einskilde verksemda (fastlønna tillitsvalde), jf pkt 1, vert fordelt på dei ulike verksemdene (kommunar/fylkeskommunar) slik det går fram av vedlagde lister.

4. Ordninga gjeld for skoleåret 2000/01

Dette rundskrivet erstattar rundskriv F-45/99

Med helsing

John Røyrvik e.f.
underdirektør

Frode Erlandsen
førstekonsulent

Vedlegg 1

Vedlegg 2