Rundskriv F-20-03

Informasjon i tilknytning til endringene i forskrift til opplæringsloven om alternativ lærekontrakt/opplæringskontrakt

Rundskriv
F-20-03

Saksnr. 200303814

03.09.2003

Fylkesmennene
Fylkeskommunene
Kommunene

Informasjon i tilknytning til endringene i forskrift til opplæringsloven om alternativ lærekontrakt/opplæringskontrakt

Departementet sendte 09.04.03 på høring forslag til endring i kapittel 6 og 11 i forskrift til opplæringsloven. Forslaget var en oppfølging av forslagene til endringer i opplæringsloven, om lokalt handlingsrom i organiseringen av grunnopplæringen.

På bakgrunn av høringsuttalelsene har departementet vedtatt følgende endringer i kapittel 6 og 11 i forskrift til opplæringsloven:

§ 6-40 Organisering av opplæringa for lærlinger og lærekandidatar

Fylkeskommunen kan godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt som avvik frå den opplæringsordninga som er fastsett i læreplanen for faget, jf. opplæringslova § 3-3, tredje ledd. Avviket kan vere at lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen for faget, eller at opplæringa i skole og bedrift skjer i ein anna rekkjefølgje enn det som følgjer av læreplanen. Det skal gå fram av lære-/opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har overfor lærlingen/lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvar for lærlingen/lærekandidaten. Dersom opplæringa organiserast mellom skole og bedrift i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av læreplanen for faget, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Vaksen lærling eller lærekandidat som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastsett ei anna opplæringsordning enn den som følgjer av læreplanen for faget, skal normalt få den del av opplæringa som ikkje skjer i bedrifta som opplæring organisert for vaksne.

§ 11- 12 Avvik frå opplæringsordninga for den enkelte lærlingen/lærekandidaten Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett avvik frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av fysiske og/eller psykiske funksjonshemmingar. Krava til dei allmennteoretiske måla kan ikkje bli senka utover det som følgjer av forskrifta § 4-52.

Lærlingar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd eller etter opplæringslova § 3-3 tredje ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare skole eller praksis etter forskrifta § 11-13 flg.

Lærekontrakt med full opplæring i bedrift kan ikkje godkjennast for ein som fyller kravet til praksis for å framstille seg til prøve med heimel i opplæringslova § 3-5.

§ 11-13 Generelt om godskriving

§§ 11-14 til 11-20 gir reglar om kva som kan godskrivast som gjennomgådd opplæring eller praksistid

  1. for praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, eller
  2. ved godkjenning av lærekontrakt eller opplæringskontrakt med avvik frå opplæringsstrukturen i faget, jf. opplæringslova § 3-3 tredje og sjette ledd.

Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med forskrifta § 11-14 flg.

Utgangspunktet for endringene har vært endringen av § 3-3 tredje ledd opplæringsloven som trådte i kraft 1. august d.å., jf. Rundskriv F-18-03.

Forskriftsendringene trer i kraft straks.

Med hilsen

Jan Ellertsen e.f
avdelingsdirektør

Mare Erdis
Rådgiver