Rundskriv H-10/02

Om iverksetjing av ny lov om val til kommunestyre og fylkesting

Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Dei registrerte politiske partia

Nr.

Vår ref

Dato

Rundskriv H-10/02

02/4985

28.08.2002

Om iverksetjing av ny lov om val til kommunestyre og fylkesting

Innleiing
Stortinget vedtok den 17. juni 2002 lov om val til kommunestyre og fylkesting (vallova). Lova blei sanksjonert den 28. juni 2002. Stortinget har utsett behandlinga av reglane om val til Stortinget. Den nye lova gjeld med andre ord inntil vidare berre val til fylkesting og kommunestyre.

Med heimel i vallova § 16-1 har Kongen bestemt at lova skal ta til å gjelde den 1. september 2002. Frå same tid blir lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval, med unntak av § 83, oppheva.

Lova byggjer på framlegget i Ot. prp. nr 45 (2001-2002) Om lov om valg til Storting, fylkesting og kommunestyrer. Innstillinga til kontroll- og konstitusjonskomiteen er teken inn i Innst. O. nr. 81 (2001-2002). Førearbeida til vallova finst tilgjengelege på www.odin.dep.no/krd. Vel menyen ”valg” til venstre på skjermbiletet.

Utkast til forskrift om val (valforskrifta) er ute på høyring med høyringsfrist 15. oktober 2002.

Informasjonsopplegg
I tillegg til å gje ut dette rundskrivet arrangerer departementet regionvise konferansar om den nye lova. Invitasjon er sendt ut til kommunar og fylkeskommunar, fylkesmannsembeta med vidare. Konferansane vil bli avvikla følgjande stader og tider:

Trondheim

1. oktober

Tromsø

2. oktober

Kristiansand

11. november

Oslo

12. november

Bergen

14. november

KS er teknisk arrangør. Påmelding kan også skje elektronisk, helst innan 10. september, til ww.ks.no/konferanser (lenke er deaktivert).

Departementet legg vidare opp til at fylkesmennene skal vere ansvarlege for å halde konferansar for kommunane i fylket. Som vanleg vil departementet også invitere valmedarbeidarar ved fylkesmannsembeta og i fylkeskommunane til ei samling til våren.

Mindre detaljrikdom - større fridom til kommunane og fylkeskommunane
Den nye lova er mindre orientert om praktiske forhold enn den gamle. Sjølv om dei fleste forhold framleis vil vere regulerte anten i lov eller forskrift, vil kommunane og fylkeskommunane få større fridom til å leggje opp valavviklinga slik det passar lokale forhold.

I tråd med dette vil departementet ikkje lenger utarbeide rundskriv med retningsliner for valavviklinga på same måte som tidlegare. Den type rettleiing blir lett oppfatta som pålegg om å gjere ting på ein bestemt måte. Departementet skal likevel gje bistand og råd til dei som treng det og vil opprette ei valhandbok på Internett. Handboka vil omhandle dei fleste område, på same måten som hovudvalrundskrivet, og vil vere oppdatert til ei kvar tid. I handboka vil alle som arbeider med val i kommunar og fylkeskommunar kunne finne gode råd om avvikling av val, når dei treng det.

Elles vil sjølvsagt lova og forskrifta vere dei viktigaste dokumenta for alle som arbeider med val. Lova følgjer som vedlegg til dette rundskrivet. Lovteksten er og tilgjengeleg på nettsida til KRD. Forskrifta vil bli lagt ut på denne sida så snart ho er vedteken.

Oversikt over endringar som følgje av den nye vallova
Departementet gir nedanfor ei oversikt over kapitla i lova og nemner dei viktigaste endringane.

Kapittel 1
Formål og virkeområde for lova
Formålsføresegna seier kva prinsipp valordninga byggjer på. Der lova opnar for ulike tolkingar, skal ein velje den løysinga som ligg nærmast til å realisere formålet med lova.

Kapittel 2
Røysterett og manntal
Reglane om røysterett er ikkje endra. Kommunane skal framleis ha ansvar for å føre manntalet.

Det er busetjingsadressa den 31. mai som er avgjerande for kvar veljarane skal førast inn i manntalet (”skjeringsdatoen”). Kravet om eit eige møte for å føre veljarar ut og inn i manntalet (”kjennelsemøte”) er ikkje ført vidare. Det er ikkje lenger nokon frist for når valstyret må ha ført nye veljarar inn i manntalet. Valstyret kan føre inn veljarar som har rett til å bli ført inn etter skjeringsdatoen, så lenge det er praktisk mogleg.

Manntalet skal leggjast ut til offentleg ettersyn så snart det lar seg gjere, og det skal ligge framme til og med valdagen. Forskrifta vil innehalde nærmare reglar om føring av manntalet.

Kapittel 3
Kven kan veljast. Plikt til å ta i mot val
Reglane om kven som er valføre og ikkje, er vidareført med ei unntak. Leiar av einskildståande verksemder i kommunen eller fylkeskommunen er ikkje lenger utelukka frå val. Dette inneber at for eksempel rektor på ein skule og styrar i barnehage eller sjukeheim no kan veljast inn i kommunestyret og fylkestinget.

Ved ein inkurie er det skjedd ei forskyving i strekpunkta i § 3-3 tredje ledd bokstav b. Orda ”leder av enkeltstående virksomheter” skal stå som eit framhald etter semikolonet i strekpunktet over. Tredje leddet i § 3-3 skal sjå slik ut:

”(3) Utelukket fra valg til fylkestinget eller kommunestyret er:
fylkesmannen og assisterende fylkesmann

  1. den som i vedkommende kommune er
    • administrasjonssjef eller dennes stedfortreder,
    • leder av forvaltningsgren; dette gjelder likevel ikke leder av enkeltstående virksomheter,
    • sekretær for kommunestyret eller fylkestinget,
    • ansvarlig for regnskapsfunksjonen, eller
    • ansvarlig for revisjonen.”

Departementet gjer merksam på at etter kommunelova § 14 er ikkje lengjer leiar av forvaltningsgrein utelukka frå val til kommunale og fylkeskommunale nemnder etc. Det betyr at det i dag er skilnad i reglane om valførleik til nemnder etc. i kommunelova og til val til kommunestyre og fylkesting i vallova.

Departementet har fått spørsmål om endringane i vallova får verknad for dei som vart sett til sides som ikkje-valføre ved valoppgjeret etter kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1999, men som no vert valføre. Svaret er nei. Dersom det er aktuelt med nytt valoppgjer etter vallova § 14-2, skal det utpeikast representantar eller vararepresentantar mellom dei kandidatane på lista som var valføre ved valoppgjeret.

Dei nye reglane har heller ikkje verknad for dei som har måtta tre ut av vervet som folkevald på bakgrunn av tap av valførleik etter vallova eller kommunelova i løpet av perioden. Desse kan ikkje krevje å få vervet tilbake sjølv om dei no er vorte valføre.

Ved eventuelt suppleringsval etter vallova § 14-2 tredje leddet, der det skal veljast nye vararepresentantar til kommunestyret eller fylkestinget utanom den opphavlege lista, gjeld dei nye reglane om valførleik. Kandidatar som vart sett til sides ved valoppgjeret i 1999 og som no er vorte valføre, kan med andre ord veljast dersom kommunen eller fylkeskommunen føretek suppleringsval.

På same måte gjeld dei nye reglane om valførleik i kommunelova når kommunestyret eller fylkestinget skal velje nye representantar til folkevalde organ etter kommunelova; til dømes når det vert oppretta eit nytt utval eller eit gamalt vert omorganisert. Dei som har måtta tre ut i løpet av perioden kan då veljast, dersom dei er vorte valføre på nytt.

Den som ikkje utan ”uforholdsmessig vanskelighet” vil kunne skjøtte sine plikter i vervet som folkevald, har rett til å krevje at namnet blir stroke av listeframlegget. Den som har nådd ein alder av 65 år har ikkje lenger automatisk rett til å krevje fritak frå å stå på listeframlegg.

Kapittel 4
Valorgana
Det er framleis obligatorisk med valstyre/fylkesvalstyre og røystestyre. Kommunane/fylkeskommunane avgjer sjølve om det skal opprettast eit eige organ eller om eit anna folkevald organ skal fungere som valstyre/fylkesvalstyre. Det er ikkje lenger særlege reglar for saksbehandlinga i desse organa; kommunelova gjeld tilsvarande. Enkelte oppgåver er no lagt direkte til kommunestyret, som kan delegere mynde til valstyret, dersom det er formålstenleg.

Kapittel 5
Registrering av politiske parti
Ordninga med registrering av politiske parti hos notarius publicus i Oslo blir erstatta av eit partiregister ved Registereininga i Brønnøysund. Krava for registrering er i hovudsak vidareført. Partia skal halde registerførar orientert om kven som til ei kvar tid utgjer partiet sitt hovudstyre, og som har rett til å opptre på partiet sine vegner i saker etter vallova. Valstyra skal leggje til grunn dei opplysningane som går fram av partiregisteret den 31. mars i valåret dersom dei treng å ta kontakt med partiet sentralt for å avklare kven som har rett til å stille liste på vegner av partiet.

Reglane om nominasjon er oppheva. Den økonomiske støtta til denne delen av verksemda til partia skal frå no av inngå i den alminnelege partistøtta (Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett).

Kapittel 6
Krav til og behandling av listeframlegg
Krav til kor mange underskrifter som trengst på eit listeframlegg til kommunestyreval som ikkje er sett fram av eit registrert politisk parti, er endra. Det må leggjast fram underskrifter frå så mange personar med røysterett i kommunen som svarar til 2 prosent av talet på personar med røysterett ved siste kommunestyreval. Det må likevel, som eit minimum, vere skrive under av like mange personar som det skal veljast representantar til kommunestyret. Underskrift frå 300 personar vil alltid vere nok.

Ved fylkestingsval er kravet om 500 underskrifter ført vidare.

Det er ikkje lenger slik at alle registrerte politiske parti kan levere inn listeframlegg med berre to underskrifter. Partiet må òg kunne dokumentere at det fekk ei viss oppslutning ved siste stortingsval: minimum 500 røyster i eitt fylke eller 5000 røyster på landsbasis. Registereininga i Brønnøysund vil føre oversikt over kva parti dette gjeld.

Reglane om førehandskumulering på listeframlegget ved kommunestyreval er endra. Talet på kor mange kandidatar som kan kumulerast på førehand er avgrensa i høve til talet på kommunestyremedlemmer (sjå § 6-2 tredje leddet). Namnet på disse kandidatane skal ikkje førast opp to gonger, men setjast opp med utheva skrift. Ved oppteljinga skal ikkje namnet teljast to gonger, men kandidaten får eit tillegg i sitt personlege røystetal på 25 prosent av talet på røyster lista har motteke (§ 11-12 andre leddet).

Kapittel 7
Røystesetlar og rettingar på setlane
Lova opererer ikkje lenger med ein eksakt frist for når røystesetlane skal vere trykte. Kravet er at dei skal vere klare før førehandsrøystinga startar.

Veljarane kan gje ei personrøyst til så mange av kandidatane på lista som dei ønskjer. I så fall set veljaren eit kryss ved namnet. Det er ikkje lenger høve til å stryke kandidatar. Ved kommunestyreval skal det framleis vere mogleg å føre opp ”slengjarar”.

Kapittel 8
Førehandsrøystinga
Perioden for førehandsrøysting skal starte 10. august innanriks og 1. juli utanriks. Siste moglege tidspunkt for å røyste på førehand er framleis siste fredag føre valdagen. Førehandsrøysta må kome fram til valstyret innan kl. 20 på valdagen. Det vart ikkje teken inn att ein ”angrefrist” i lova for den som har røysta på førehand.

Det er igjen blitt kommunane sitt ansvar å avvikle førehandsrøystinga og å oppnemne røystemottakarar. Lova seier at røystinga skal gå føre seg i høvelege lokale. Valstyret skal også oppnemne røystemottakarar til å ta i mot røyster på helse- og sosialinstitusjonar. Elles kan førehandsrøyster takast i mot der valstyret har fastsett. Medarbeidarar ved Posten kan oppnemnast som røystemottakarar dersom det aktuelle postkontoret er eit høveleg lokale. Førearbeida til lova føreset at det ikkje skal takast i mot røyster i lokale med kommersielt preg.

Valstyret fastset sjølv frist for når søknad om ambulerande røystegjeving må vere komen inn til kommunen. Ved ambulerande røystegjeving og røystemottak på institusjon skal det vere minst to røystemottakarar til stades. Kravet om to røystemottakarar vart lagt til under stortingsbehandlinga, og er såleis ikkje omtala i odelstingsproposisjonen.

Kapittel 9
Tidspunktet for val. Røystegjeving på valtinget
Gjeldande rett er i stor grad ført vidare. Fristen for å melde frå om endringar i røystekrinsinndelinga er endra til 31. mars i valåret. I utgangspunktet er det kommunestyret som avgjer slike spørsmål.

Røystegjevinga skal avsluttast seinast kl. 20. Ved røysting på valtinget skal det ikkje lengjer nyttast røystesetelkonvolutt (med mindre røysta skal leggjast i særskilt omslag). Veljaren skal brette saman røystesetelen og levere den til ein valfunksjonær som stemplar den, før veljaren sjølv legg setelen i urna. Det er framleis høve til å ta i mot røyster utanfor vallokalet, dersom ein veljar ikkje er i stand til å kome seg inn i lokalet.

Valforskrifta vil innehalde nærmare reglar om organisering av røystegjeving på valtinget, tilgjenge til vallokale, behandling av materiell m.m.

Kapittel 10
Prøving av røystegjevingar og røystesetlar, oppteljing, protokollering m.m.
Systemet for godkjenning av røystegjevingar og røystesetlar er spegelvend i høve til tidlegare. I staden for å sjå om det er forhold ved røystegjevinga eller røystesetelen som gjer at den må forkastast, skal ein no kontrollere om visse vilkår er oppfylte. Dersom vilkåra er oppfylte, skal røystegjevinga eller røystesetelen godkjennast. Ein del formelle vilkår er ikkje vidareført, ut frå prinsippet om at flest mogleg røystegjevingar bør godkjennast.

Etter som det ikkje er innført angrefrist for dei som røyster på førehand, skal ei røystegjeving frå ein veljar som allereie er kryssa av i manntalet, framleis verte forkasta.

Røystesetlane skal teljast opp i to omgongar. Røystesetlane kan teljast opp særskilt dersom det er minst 100 namn i den delen av manntalet oppteljinga gjeld. Valorgan på alle nivå skal framleis føre protokoll. Sidan det no er kommunestyret sjølv som skal godkjenne gjennomføringa av valet i kommunen, skal det ikkje lenger sendast materiell eller utskrift av møteboka ved kommunestyreval.

Valforskrifta vil innehalde nærmare reglar om prøving av røystegjevingar og røystesetlar, oppteljing og protokollering, men ikkje om oversending og emballering av materiell. Det vil vere valstyret sitt ansvar å sjå til at dette skjer på sikker måte ut frå lokale forhold.

Kapittel 11
Mandatfordeling og kandidatkåring
Ved fylkestingsvalet er reglane om mandatfordeling vidareført. Ordninga med utjamningsmandat er oppheva. Ved kandidatkåringa skal kandidatar som har motteke personlege røyster på minst 8 prosent av røysteselane til partiet/grupperinga, rangerast etter talet på personlege røyster. Elles er rekkjefølgja på lista avgjerande.

Ved kommunestyreval har Stortinget vedteke at St. Laguës modifiserte metode, som blir brukt ved mandatfordelinga ved stortingsval og fylkestingsval, også skal brukast ved mandatfordelinga mellom listene ved kommunestyreval. Ved kandidatkåringa skal kandidatar som er førehandskumulerte få eit tillegg i sitt personlege røystetal som svarar til 25 prosen av talet på røyster lista fekk ved valet, før personlege røyster frå veljarane (kryss og slengjarar) blir talde opp. Dersom nokre kandidatar har like mange røyster, er plasseringa på lista avgjerande.

Stortinget har varsla at dei vil kome tilbake til mandatfordelingsordninga ved kommunestyreval i samband med behandling av reglane om stortingsval. Dei har bede departementet om å greie ut korleis St. Laguës modifiserte metode kan brukast i kombinasjon med ei ordning med slengjarar som den vi har i dag. Slik lovteksta no er vedteken skal ikkje slengjarane ha verknad for mandatfordelinga mellom listene. Kommunane vil bli haldne orienterte om resultatet.

Kapittel 12
Fleirtalsval ved kommunestyreval
Gjeldande rett er vidareført utan anna enn lovtekniske endringar.

Kapittel 13
Prøving av om valet er gyldig. Klage
Reglane om kven som kan klage over valet og kva som er gjenstand for klage, er ei vidareføring av gjeldande rett. Klagefristen er korta ned frå 30 til sju dagar etter valet. Klage over valoppgjeret må fremjast innan sju dagar etter at kommunestyret eller fylkestinget gjorde vedtak om å godkjenne valet. Når departementet treff avgjerd i klagesak om røysterett og om åtgangen til å røyste ved lokalval, kan ikkje lenger vedtaket klagast inn for Stortinget. Det er fastsett i lova at departementet sine avgjerder i klagesaker ved kommunestyreval og fylkestingsval er endelege og ikkje kan bringast inn for domstolane til overprøving.

Det nyvalde kommunestyret eller fylkestinget skal sjølve vurdere om valet er gjennomført etter regelverket og om det kan godkjennast. Dette skjer i det konstituerande møtet, etter at kommunestyret eller fylkestinget har konstituert seg, jf, kommunelova § 17.

Valet skal ikkje kjennast ugyldig på grunnlag av feil som kan rettast. Dersom det er skjedd feil som ikkje kan rettast, og det er truleg at dette har verka inn på fordelinga av mandata mellom listene, skal valet kjennast ugyldig. Melding om ugyldig val skal sendast departementet, som påbyr omval. Reglane for omval er ei vidareføring av gjeldande rett, men departementet har fått ein generell rett til å gjere unntak frå føresegner i lova dersom det er nødvendig for gjennomføringa av omvalet.

Reglane i kommunelova § 59 om lovlegkontroll gjeld også for kommunestyret eller fylkestinget sitt vedtak om å godkjenne valet. Det gjeld ein særleg frist for klage; denne er sju dagar etter kommunestyret eller fylkestinget sitt vedtak. Det er Fylkesmannen som skal føre lovlegkontroll i høve til kommunale vedtak og departementet i høve til fylkeskommunale vedtak, slik systemet også elles er bygd opp.

Kapittel 14
Nytt valoppgjer i perioden. Suppleringsval.
Reglane fører vidare gjeldande rett.

Kapittel 15
Ymse føresegner
Vallova har fått ein eigen forsøksheimel. Denne kom inn ved behandlinga i Stortinget og er derfor ikkje omtala i Ot.prp. nr 45. Kongen kan etter søknad gje samtykke til forsøk der val etter lova blir gjennomført på andre måtar enn det som følgjar av lova og til forsøk med direkte val av andre folkevalde organ enn dei lova gjeld. Departementet legg til grunn at prinsippa som gjeld for forsøk etter forsøkslova gjeld tilsvarande for forsøk med heimel i vallova. Det vil mellom anna seie at det saman med søknaden må leggjast fram ein prosjektplan, ei oversikt over kva føresegner det er aktuelt å gjere unntak frå og framlegg til alternative vedtekter, ei skisse for evaluering av forsøket m.v. Det vil ikkje bli gitt økonomisk kompensasjon for auka utgifter som følgje av forsøk.

Dei særskilde reglane for oppbevaring, avhending og måtar å kvitte seg med valmateriell er ikkje vidareført. I staden er det fastsett at arkivlova med forskrifter gjeld.

Reglane om rett til innsyn i materialet, om teieplikt, fristar, oppreising for oversitta frist, plikt til å gje naudsynte opplysningar og oppgåver om valet er stort sett vidareføring av gjeldande rett.

Kapitel 16
Iverksetjings- og overgangsreglar. Endringar i kommunelova
Kommunelova § 12 om kommunedelsutval er endra. Det er innført høve for kommunane til å fastsetje at kommunedelsutval skal veljast ved direkte val. Eit utkast til forskrift om direkteval til bydelsutval med heimel i kommunelova § 12 nr. 7 er sendt på høyring saman med forskrift til vallova.

Kommunelova § 14 nr 1 bokstav b er endra. Leiar av forvaltningsgrein er no valfør til kommunale og fylkeskommunale organ som er oppretta med heimel i kommunelova. Dette inneber at vi ikkje har eins reglar for valførleik i kommunelova og vallova. Sjå omtale av kapittel 3.

Kommunelova § 14 nr. 1 bokstav c er endra i samsvar med vallova. Den som har nådd ein alder av 65 år har ikkje lenger automatisk rett til å krevje fritak frå val til kommunale eller fylkeskommunale organ etter kommunelova.

Lova gjeld frå 1. september 2002. Frå same tid vert den gamle vallova, med unntak av § 83, oppheva. Fordi Stortinget ikkje har vedteke nokon reglar om stortingsval er det nødvendig å vidareføre den gamle føresegna om kva som skjer når ein representantplass i Stortinget blir ståande ubesett (nytt valoppgjer).

For at politiske parti skal kunne stille liste under det namnet dei var registrerte med etter reglane i vallova frå 1985, må dei vere registrerte i det nye partiregisteret i Brønnøysund. Parti som ikkje har søkt om registrering i det nye partiregisteret innan 2. januar 2005, mistar eineretten til partinamnet etter stortingsvalet i 2005.

Med helsing


Eivind Dale e.f.
ekspedisjonssjef



Christine Hjortland
avdelingsdirektør

Saksbehandlar: rådgjevar Helga Hjorth

vedlegg

Vallova av 17. juni 2002 – Trådte i kraft 01.09.2002.