Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rundskriv H-25/05

Endringar i utlendingsforskrifta og vedlegg til utlendingsforskrifta

Justisdepartementet
Utanriksdepartementet
Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Politidirektoratet

Nr.

Vår ref

Dato

H-25/05

04/2648

13.09.05

Endringar i utlendingsforskrifta og vedlegg til utlendingsforskrifta

Kommunal- og regionaldepartementet har vedteke endringar i utlendingsforskrifta § 197a og vedlegg 11 til utlendingsforskrifta. Endringane handlar om unntak frå gebyrplikta for handsaming av søknader frå familiemedlemmer til diplomatar med fleire. Endringane er omhandla i høyringsbrev av 13.06.2005. Det er gjort enkelte justeringar i forhold til forslaget i høyringsbrevet.

Endringane trer i kraft måndag 3.10.2005.

Ei oversikt over endringane følgjer nedanfor.

Endring i utlendingsforskrifta § 197a andre ledd

Endringa inneber at det blir gjort unntak frå gebyrplikta i utlendingsforskrifta § 197a første ledd for handsaming av søknader om løyve. Unntaket gjeld for ektefelle eller sambuar og forsørgja barn av utlendingar knytte til ambassadar og konsulat i Noreg, når slikt fritak følgjer av Noreg sine folkerettslege forpliktingar overfor vedkommande stat. Unntaket gjeld òg ektefelle eller sambuar og forsørgja barn av utlending som er hjelpepersonale ved ambassade eller konsulat i Noreg.

Bakgrunnen for endringa er at Noreg allereie har inngått avtalar med USA (inngått ved noteveksling 15. april og 21. juli 1981), Canada (inngått ved noteveksling 23. november og 3. desember 1982) og Storbritannia (inngått ved noteveksling 24. mars og 30. april 1992) om å gi arbeidsløyve til familiemedlemmer. Det følgjer av avtalane at familiemedlemmer til diplomatar med fleire har krav på arbeidsløyve. Ein legg til grunn at desse avtalane ikkje gir rett til å krevje gebyr for handsaming av søknad om arbeidsløyve. Avtaletekstane ligg ved.

Noreg er for tida i gang med å framforhandle slike avtalar også med Tyrkia, Argentina, Venezuela, Brasil, Mexico og Romania. Kommunal- og regionaldepartementet vil underrette adressatane når dei nye avtalane er inngått.

Endring i vedlegg 11 til utlendingsforskrifta

Endringa inneber at det i første setning i vedlegg 11 blir vist til § 163 første ledd. Endringa har si årsak i at ein tidlegare ikkje har endra tilvisinga i vedlegget ved endring i utlendingsforskrifta.

Med helsing

Solveig Paulsen e.f.
seniorrådgiver

Nelun Å. Weerasinghe
rådgiver