Rundskriv I-9/2003

Om regelvverket som gjeld organdonasjon og samtykke

Regelverket som gjeld organdonasjon og samtykke

Rundskriv I-9/2003

OM REGELVERKET SOM GJELD ORGANDONASJON OG SAMTYKKE

Siktemålet med dette rundskrivet er

  • å fremje organdonasjon frå avlidne der donasjon med sikte på transplantasjon kan vere aktuelt
  • å medverke til at helsepersonell i alle slike tilfelle tek opp spørsmålet om organdonasjon med dei nærmaste til den avlidne
  • å medverke til at viljen til den avlidne blir følgd der han eller ho har gitt uttrykk for si holdning til spørsmålet
  • å avklare forholdet mellom ei viljesfråsegn frå den avlidne og ei eventuell motstridande oppfatning hos dei nærmaste til den avlidne

Når det ligg føre samtykke frå den avlidne

Når ein person før sin død uttrykkjeleg har bestemt at hans/hennar organ etter døden kan givast bort til bruk ved transplantasjon, kan uttak av organ skje på grunnlag av viljen til den avlidne. Føresegna følgjer av transplantasjonslova § 2 første ledd, som lyder:

"Fra avdød som skriftlig eller muntlig har truffet bestemmelser om det, kan organer og annet biologisk materiale tas til behandling av sykdom eller legemsskade hos en annen."

Det krevst ikkje at viljen til den avlidne skal vere nedfelt skriftleg. Innanfor familien vil slike viljesfråsegner truleg oftast vere munnlege.

Der ei slik viljesfråsegn ligg føre, skal den donoransvarlege legen som hovudregel leggje fråsegna til grunn for avgjerda om gjennomføring av donasjon. Dersom dei nærmaste sterkt motset seg slik donasjon, trass i at det ligg føre ei viljesfråsegn, må den donoransvarlege legen vurdere om viljen til den avlidne eller viljen til dei nærmaste skal leggjast til grunn. Når det ligg føre ei skriftleg viljesfråsegn, bør ho vedleggjast journalen. I det informasjonsarbeidet som blir drive, bør folk oppmodast til å gi uttrykk for sin vilje til donasjon skriftleg, til dømes ved å fylle ut eit donorkort.

Når det ikkje ligg føre samtykke frå den avlidne

Transplantasjonslova § 2 andre ledd opnar for at organ frå avlidne kan brukast i samband med transplantasjon utan at den avlidne uttrykkjeleg har bestemt det.

"Selv om en slik bestemmelse ikke er truffet, kan inngrep som nevnt foretas på person som dør i sykehus eller blir brakt død til sykehus, med mindre avdøde eller hans nærmeste har uttalt seg imot det, eller det er grunn til å anta at inngrepet vil være i strid med avdødes eller hans nærmestes livssyn, eller andre særlige grunner taler imot det."

Det følgjer av transplantasjonslova § 2 tredje ledd at dei nærmaste til den avlidne, så sant det er råd, skal få melding om dødsfallet før inngrepet blir gjennomført. Førearbeida til lova føreset at legane i denne samanhengen tek opp spørsmålet om organdonasjon. Lova eller førearbeida til lova stiller likevel ikkje noko absolutt krav om at dei nærmaste til den avlidne skal spørjast. I merknadene til transplantasjonslova § 2 i Ot.prp. nr. 52 (1971-72) heiter det:

"Det kan forekomme tilfelle hvor avdøde er ukjent, eller hvor det viser seg umulig å få tak i hans nærmeste. En absolutt regel vil føre til at man i slike tilfelle må avstå fra transplantasjon, noe som vil kunne virke urimelig i enkelte situasjoner, særlig kanskje når avdøde selv har samtykket i uttaket."

Praksis i helsetenesta er at ein alltid spør dei nærmaste til den avlidne om dei kjenner til kva holdning den avlidne hadde til organdonasjon. Denne praksisen byggjer dels på etiske forhold, dels på praktiske forhold og dels på at det i nyare helse- og personvernlovgiving, jf. mellom anna pasientrettslova, blir lagt stor vekt på retten til medverknad og informasjon.

Dersom den avlidne har gitt uttrykk for at han/ho motset seg organdonasjon, skal dette respekterast av dei nærmaste til den avlidne. Det skal då ikkje takast ut organ til transplantasjon, heller ikkje om dei nærmaste ytrar ønske om det.

Dersom det ikkje ligg føre noka viljesfråsegn frå den avlidne, skal dei nærmaste spørjast om dei trur at organdonasjon ville vere i strid med livssynet til den avlidne. Om så er tilfellet, må den holdninga ein meiner den avlidne hadde, respekterast. Dersom dei nærmaste gir uttrykk for at dei ikkje veit kva holdning den avlidne hadde, og dei etter å ha fått grundig informasjon ikkje uttaler seg mot organdonasjon, bør donasjon kunne setjast i verk.

Dei nærmaste til den avlidne skal alltid informerast og spørjast om organdonasjon når dei medisinske forholda ligg til rette for det

Det følgjer av pasientrettslova § 3-3 at dei nærmaste pårørande til pasienten skal ha informasjon om helsetilstanden til pasienten dersom forholda tilseier det. Dei nærmaste pårørande har også rett til innsyn i journalen til den avlidne etter pasientrettslova § 5-1. Departementet legg til grunn at dersom desse reglane skal etterlevast, må dei nærmaste også få informasjon og spørsmål om organdonasjon når dette er aktuelt. Informasjonen skal givast på ein omsynsfull og tillitsfremjande måte, og helsepersonellet skal så langt råd er sikre seg at dei pårørande har forstått innhaldet i informasjonen og skjønar kva det inneber.

Helsepersonell skal ta opp spørsmålet om organdonasjon av omsyn til den avlidne, for å sikre at eit eventuelt ønske frå den avlidne om å donere organ blir respektert. Med utgangspunkt i den store mangelen på organ og dei mange pasientane som ventar på eit livreddande organ, skal spørsmålet om donasjon stillast med det målet for auget å få eit positivt svar. Helsepersonell som får ei slik oppgåve overfor pårørande, må ha stor evne til empati og kommunikasjon. Ikkje minst er det viktig at dei nærmaste til den avlidne får spørsmålet om organdonasjon stilt på ein måte som viser at holdninga deira blir respektert, same kva svaret blir. Leiinga ved helseinstitusjonen har ansvar for at det er lagt opp system og rutinar som sikrar at plikta til å informere og spørje pårørande blir følgd opp i einskildtilfelle.

Den/dei nærmaste til den avlidne

Den/dei nærmaste til den avlidne er den/dei som den avlidne nemnde som sin eller sine nærmaste då vedkomande var i live. Dersom den avlidne ikkje opplyste om nokon nærmaste då han/ho var i live, vil det vere den/dei som i størst omfang har hatt varig og jamleg kontakt med den avlidne. Ein skal ta utgangspunkt i denne rekkjefølgja: ektemake/partnar, born, foreldre, sysken, besteforeldre, eventuelt andre familiemedlemmer som stod den avlidne nær, jf. pasientrettslova § 1-3b. Er det fleire som stod den avlidne like nær, er det nok at éin av dei er imot inngrepet for at det ikkje skal gjennomførast. Dersom ein får samtykke frå den/dei som stod den avlidne nærmast, treng ein ikkje ta omsyn til eventuelle innvendingar frå andre nærståande.

Uttak av organ til transplantasjon ved sakkunnig likundersøking

Det kan vere aktuelt å ta ut organ for transplantasjon også i tilfelle der sakkunnig likundersøking (t.d. rettsmedisinsk obduksjon) skal gjennomførast. Det skal då takast kontakt med det lokale politiet før organuttak blir sett i verk. 1Jf. Rundskriv av 22. september 1999 frå Kriminalpolitisentralen til politimeistrane.

Helsing

Kari Sønderland e.f.

ekspedisjonssjef

Anne Sofie von Düring

rådgivar

Rundskrivet finst på Internett: www.odin/hd/norsk/publ/rundskriv/