Historisk arkiv

Særskilte tryggingstiltak i samband med genmodifisert langkorna ris frå USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Det er sett i verk særskilte tryggingstiltak i samband med import av langkorna ris frå USA som kan innehalde genmodifisert ris som ikkje er godkjend i Noreg eller EU.

Særskilte tryggingstiltak i samband med genmodifisert langkorna ris frå USA

Det er sett i verk særskilte tryggingstiltak i samband med import av langkorna ris frå USA som kan innehalde genmodifisert ris som ikkje er godkjend i Noreg eller EU.

Det er no krav om analysesertifikat for kvar sending av produktgrupper av langkorna ris med opphav i USA. Sertifikatet skal stadfeste at sendinga ikkje inneheld genmodifisert ris av typen LL 601.

Styremaktene i USA informerte 18. august om at det har komme innblanding av ikkje-godkjend genmodifisert (GM-) ris av typen LL 601 i matkjeda i USA. USA veit førebels ikkje i kva grad distribusjonsnettet er forureina og kor mykje GM-ris det totalt dreier seg om. GM-risen er ikkje godkjend i USA eller noko anna land.

Meir om saka på Mattilsynet sine nettsider