§ 32 nr. 1: Ny handsaming av avgjerd om kommunesamanslåing

Spørsmål om tolking av kommunelova § 32 nr. 1 - Ny handsaming av avgjerd om kommunesamanslåing 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til ditt brev 21. september 2016 om tolking av kommunelova § 32 nr. 1.

Departementet vil understreke at me ikkje tar stilling til den konkrete situasjonen i Jondal kommune, men vil gje nokre generelle kommentarar til reglane om sakliste til eit møte i et folkevald organ.
Det følgjer av kommunelova § 32 nr. 1 at eit møte i eit folkevald organ "skal holdes på de tidspunkter som er vedtatt av organet selv". I tillegg kan organets leiar eller minst 1/3 av medlemmene krevje at det skal haldast eit møte. I forarbeida til lova går det fram at denne retten til å krevje eit ekstraordinært møte også gjev ein rett til å krevje at ei bestemt sak skal handsamast. Når nokon har rett til å krevje eit ekstraordinært møte, vil det vere fordi dei har ei sak som dei ynskjer handsama. Saka må da setjast på saklista til møtet for at denne retten skal vere reell. Retten til å krevje ei sak på saklista vil naturlegvis òg gjelde dersom fleirtalet i organet krev det.

Som eit generelt, rettsleg prinsipp gjeld at eit folkevald organ har høve til å sjå på, og i enkelte høve også gjere om på, sine eigne tidlegare avgjerder. For eventuelt å kunne innskrenke fleirtalet si rett til ta avgjerder om organet si handsaming av saker, må det vere eit rettsleg grunnlag for det. Det gjeld også om nokon kan krevje at ei sak skal setjast på sakslista.

Når det gjeld spørsmålet om å få ei sak på saklista, i motsetning til å handsama ei sak som ikkje er på saklista, kan ikkje departementet sjå at lova gjev leiaren av organet eller andre eit høve til å stoppe eit slik krav frå fleirtalet. Utsegna i sak 11/1296 var tilpassa ei konkret sak og sakshøva er ikkje direkte samanliknbare. Uttala kan ikkje tolkast som at det generelt må ligge føre nye opplysningar for at saka skal setjast på saklista, eller at ei sak kan avvisast dersom leiaren vurderer kravet som ein "politisk omkamp".

Etter departementet si vurdering er det difor ikkje haldepunkt for at leiaren kan nekte ei sak på sakslista når vilkåret for å få ei sak på sakslista er oppfylt. Når fleirtalet ønskjer ei sak på sakslista er vilkåret i lova oppfylt, og leiaren kan på denne bakgrunnen ikkje nekte å setje ei sak på sakslista.
Etter lova er det ikkje naudsynt at kravet om å få ei sak på sakliste jf. § 32 nr. 1, må setjast fram i eit møte. Etter denne føresegna gjeld det ikkje formkrav til korleis eit slikt krav skal setjast fram. Føresegna er utforma slik at det ikkje skal vere noko ordskifte eller diskusjon om saka skal på saklista eller ikkje sjølv om møteleiaren eller minst 1/3 medlemmane krev det. Dersom fleirtalet likevel ikkje ynskjer å ta avgjerd i saka sjølv om den er på saklista, kan dei vedta å utsetje handsaminga etter § 34 nr. 1 første punktum.

Departementet gjer likevel merksam på at når det gjeld å gjere endringar i ei allereie utsendt saksliste, jf. § 34 nr. 1, må derimot eit endringskrav setjast fram i sjølve møtet.

Med helsing

Siri Halvorsen (e.f.)
avdelingsdirektør

Edvard Aspelund
seniorrådgjevar

Til toppen