St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1300–1380 Inntektskapittel: 4300–4380, 5611, 5618–5619, 5622–5624

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Overordna utfordringar og hovudmål

Regjeringa vil ta heile landet i bruk og føre ein samferdselspolitikk som legg til rette for næringsutvikling og busetnad. Noreg er eit land med store avstandar og spreidd busetnad. Gode transport- og kommunikasjonsløysingar er eit vilkår for å oppretthalde livskraftige lokalsamfunn. Regjeringa ønskjer å redusere avstandskostnadene. Utbygging av og tilrettelegging for ein tidsmessig infrastruktur er eit overordna mål.

Transportinfrastruktur er eit offentleg ansvar. Regjeringa vil leggje vekt på langsiktige investeringar for å byggje landet vidare. Transporttid, regularitet og transportkostnader er avhengig av infrastrukturen. Utbygging av transportinfrastruktur er derfor avgjerande for vekst og utvikling både i næringsliv og lokalsamfunn. I eit moderne kommunikasjonssamfunn må det også vere lagt til rette for gode og rimelege elektroniske kommunikasjonsløysingar over heile landet. Dette gjeld m.a. gode og likeverdige post- og teletenester, og breiband til alle.

Regjeringa sin samferdselspolitikk er forankra i Soria Moria-erklæringa. St.meld. nr. 24 (2003–2004) Nasjonal transportplan 2006–2015 og handsaminga av meldinga i Stortinget er ei viktig ramme for regjeringa sin transportpolitikk. I St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk foreslår regjeringa offensive mål og tiltak for å møte klimautfordringane, m.a. i transportsektoren. Klimameldinga og Nasjonal transportplan må sjåast i samanheng, og signala frå klimameldinga vil prege Nasjonal transportplan 2010–2019.

Klimaendringar som skriv seg frå menneskeleg aktivitet, er kanskje den største utfordringa for verda i dag. Regjeringa vil føre ein politikk som tek fatt i dei store klimautfordringane både globalt og nasjonalt. I St.meld. nr. 34 (2006–2007) er det foreslått sektorvise klimahandlingsplanar og mål for dei viktigaste utsleppssektorane i Noreg. Klimahandlingsplanane skal m.a. identifisere dei verkemidla som gir kostnadseffektive utsleppsreduksjonar for den einskilde sektor, men som med noverande verkemiddelbruk ikkje vert gjennomført.

Sidan transport er ein av sektorane med store klimautfordringar, har regjeringa no lagt fram ein klimahandlingsplan for transportsektoren. Klimagassutslepp frå transportsektoren utgjorde i 2005 om lag 25 pst. av dei samla utsleppa i Noreg. Om ikkje nye tiltak vert sette i verk, er det venta at veksten i CO2-utsleppa vil fortsette både frå landtransport og luftfart.

Sjølv om dei fleste transportmidla har vorte meir energieffektive, er det nær samanheng mellom veksten i klimagassutsleppa og transportveksten. Transportutviklinga heng òg saman med den økonomiske utviklinga. Økonomisk vekst aukar behovet for både person- og godstransport. Auka velstand aukar samstundes den einskilde si verdsetting av tid, noko som favoriserer raske transportmiddel som personbil og fly. Personbilen er det dominerande transportmiddelet med ein marknadsdel på om lag 80 pst. av persontransportarbeidet.

Regjeringa meiner det er nødvendig med ei sterkare differensiering i samferdselspolitikken mellom dei større byområda og resten av landet. I byområda må forholda leggjast betre til rette for at folk kan reise kollektivt, gå eller sykle. Dette må kombinerast med restriktive tiltak når det gjeld bruk av privatbil. Døme frå m.a. Stockholm og London viser at restriktive tiltak mot biltrafikken gir raske og gode resultat. I resten av landet er utbetring og utbygging av vegstandarden det viktigaste verkemiddelet.

Hovudmåla for transportpolitikken er knytt til framkomsttilhøva og inkluderer regional utvikling, trafikktryggleik, miljø og eit meir effektivt og tilgjengeleg transportsystem for alle. Nullvisjonen om at ingen skal verte drepne i trafikken må vere med i vurderingane av alle tiltaka ein gjer for transportsystemet.

Regjeringa ser klart behovet for å styrkje innsatsen på vedlikehald av transportinfrastrukturen. Store delar av både jernbanenettet og vegnettet er prega av mange år med utilstrekkeleg vedlikehald. Regjeringa har allereie styrkt innsatsen på vedlikehald monaleg samanlikna med nivået dei føregåande åra. Styrkinga av vedlikehaldsinnsatsen vert eit av dei viktigaste spørsmåla som må vurderast i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2010–2019.

Det er viktig å syte for rasjonell og effektiv framdrift på alle veg- og jernbaneprosjekt som er sette i gang. Dette er god samfunnsøkonomi og sikrar at nytten av prosjekta vert tilgjengeleg for trafikantane så raskt som mogleg.

Vegnettet er avgjerande for samferdselstilbodet i heile landet, men kanskje meir for distrikta enn byområda. Stamvegnettet må halde ein gjennomgåande god standard. Regjeringa vil oppretthalde strategien med lengre samanhengande utbyggingar. Dessutan ønskjer regjeringa å satse meir offensivt på det sekundære vegnettet. Riksvegane er svært viktige for utviklinga i distrikta. Det er òg eit stort behov for opprusting av både fylkesvegnettet og det kommunale vegnettet. Regjeringa har lagt godt til rette for dette gjennom ei kraftig styrking av kommuneøkonomien.

Rassikring er eit særleg prioritert område for regjeringa, fordi dette aukar den daglege tryggleiken i mange lokalsamfunn.

Riksvegferjene er ein viktig og integrert del av vegnettet i mange lokalsamfunn utan alternative transportvegar. Regjeringa har som mål å redusere transportutgiftene for folk på stader som er heilt avhengige av ferjetilbodet, og foreslår ytterlegare auke i rabattane for storbrukarar. Ivaretaking av kvalitet og omfang på tilbodet kombinert med høgare oljeprisar har medverka til at riksvegferjebudsjettet er høgare enn nivået i Nasjonal transportplan 2006–2015.

Regjeringa ser det som svært viktig å leggje til rette for å overføre endå meir av godstrafikken frå veg til bane og sjø. Dette er viktig både med omsyn til miljøet og trafikktryggleiken og er ein politikk som heile Europa er oppteken av. Regjeringa gjennomfører no ei historisk satsing på jernbanen. Løyvingane til jernbaneinfrastruktur har aldri vore høgare i moderne tid. Gjennom tiltak som m.a. nye godsterminalar, kryssingsspor, profilutvidingar av tunnelar, fritak for el-avgift og forsøk med fritak for køyrevegsavgift for vognlast opp til 25 tonn legg regjeringa til rette for meir godstransport på bane.

I byar og område nær byane må kollektivtrafikken i større grad enn til no verte eit reelt alternativ til bruk av privatbil. Regjeringa meiner det er nødvendig å styrkje kollektivtrafikken og kombinere dette med restriksjonar på bruken av bil. Nært samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter er nødvendig for å få til den ønskte utviklinga, m.a. ved vurdering av tiltak som parkeringspolitikk og vegprising. Ansvaret for å vedta slike tiltak ligg lokalt.

Styrkinga av jernbanen vil halde fram. Størstedelen av den auka jernbaneinnsatsen vil verte kanalisert til strekningar der passasjerpotensialet er stort. Regjeringa har også sett i gang ei utgreiing som skal gi eit grovt bilete av kostnadene og effektane ved å byggje høgfartsjernbane mellom dei største byområda. Dette vil kunne verte eit alternativ til fly på trafikksterke strekningar.

Regjeringa ønskjer også at det skal vere eit godt kollektivtilbod i distrikta. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2007 vart det oppretta ei ordning med forsøk for å betre kollektivtransporttilbodet i distrikta. Formålet er å stimulere til ei betre samordning av ulike typar av transport med offentleg tilskot og å utvikle nye og betre kollektivtilbod i distrikta. Tilbringartenester og bestillingsruter med drosje koordinert med buss, båt og tog langs hovudtrafikkårene kan vere døme på slike løysingar. Ordninga vert styrkt i 2008.

Meir utbygging av gang- og sykkelvegar er eit satsingsområde for regjeringa. Det er eit mål at fleire arbeidsreiser skal skje med sykkel eller til fots, særleg i dei store byområda.

Biltransport vil alltid vere omfattande i eit langstrakt og spreidd bygd land som Noreg. Regjeringa ser det derfor som svært viktig å satse på tiltak som vil stimulere til at alt fleire vel miljøvennlege køyretøy. Regjeringa vil utgreie spørsmålet om å opprette eit Transnova som skal arbeide med å utvikle meir miljøvennleg transport. Det er foreslått eit introduksjonsprogram for biodrivstoff, med omsetnadskrav frå 2008. Det vil vidare satsast meir på å utvikle såkalla andregenerasjonsdrivstoff, og innblanding av dette i vanleg drivstoff. Omlegging til meir såkalla grøne avgifter er også viktige tiltak for å få folk til å velje transportformer og køyretøy som er minst skadeleg for miljøet.

Luftfart er ein svært sentral del av transporttilbodet i eit land som Noreg med store avstandar og lite folk. Både kortbanenettet og stamrutenettet er ein viktig del av transportinfrastrukturen. Ordninga med at dei få flyplassane som går med overskot, finansierer dei mange ulønsame flyplassane er ein berebjelke i det godt utbygde norske lufthamnsystemet. Regjeringa ønskjer å behalde dagens flyplasstruktur, men opnar for endringar der det er ønske om det lokalt. Gjennom ordninga med statleg kjøp av flyruter vert det oppretthalde eit godt flytilbod til mange stader i heile landet der det ikkje er eit kommersielt grunnlag.

Posttenestene er ei avgjerande brikke for å sikre busetnad og næringsutvikling i heile landet. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Det inneber m.a. grunnleggjande banktenester, seksdagars omdeling av post og einskapsporto. Framsendingskvaliteten skal no rapporterast også på regionalt nivå.

Regjeringa skal også sikre at heile landet har tilgang til likeverdige og billige teletenester. Det er ei sentral oppgåve å sikre verksam konkurranse i marknaden. Foreslåtte endringar i ekomlova vil venteleg bidra til dette. Stimulans til betre mobildekning over heile landet er også ei viktig oppgåve. Regjeringa skal verkeleggjere den digitale allemannsretten. Målet om at alle husstandar i Noreg skal ha tilgang til eit framtidsretta høghastigheitsnett til rimelig pris ligg fast.

2 Oversikt over budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

148 833

145 300

151 400

4,2

1301

Forskning og utvikling mv.

173 925

174 500

182 000

4,3

Sum kategori 21.10322 758319 800333 4004,3

Luftfartsformål

1310

Flytransport

416 833

475 900

501 400

5,4

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

14 675

17 200

13 400

-22,1

1313

Luftfartstilsynet

211 311

148 400

149 200

0,5

1314

Statens havarikommisjon for transport

31 380

37 300

47 000

26,0

Sum kategori 21.20674 199678 800711 0004,7

Vegformål

1320

Statens vegvesen

14 259 814

14 849 500

15 425 000

3,9

1322

Svinesundsforbindelsen AS

26 503

Sum kategori 21.3014 286 31714 849 50015 425 0003,9

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

452 522

424 500

521 700

22,9

Sum kategori 21.40452 522424 500521 70022,9

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

4 771 767

5 466 900

5 802 100

6,1

1351

Persontransport med tog

1 572 722

1 598 500

1 673 400

4,7

1354

Statens jernbanetilsyn

29 856

34 800

35 600

2,3

Sum kategori 21.50

6 374 345

7 100 200

7 511 100

5,8

Sum programområde 2122 110 14123 372 80024 502 2004,8

Post og telekommunikasjoner

1380

Post- og teletilsynet

224 074

226 600

208 000

-8,2

Sum kategori 22.10

224 074

226 600

208 000

-8,2

Sum programområde 22

224 074

226 600

208 000

-8,2

Sum utgifter

22 334 215

23 599 400

24 710 200

4,7

Inntekter fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

4 187

2 200

2 300

4,5

Sum kategori 21.104 1872 2002 3004,5

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

388 824

388 800

388 800

0,0

4313

Luftfartstilsynet

102 706

97 100

101 300

4,3

4314

Statens havarikommisjon for transport

762

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

339 688

294 400

257 000

-12,7

5622

Aksjer i Avinor AS

339 000

398 000

17,4

Sum kategori 21.20831 9801 119 3001 145 1002,3

Vegformål

4320

Statens vegvesen

761 218

420 000

438 000

4,3

4322

Svinesundsforbindelsen AS

26 671

25 000

24 000

-4,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

23 519

30 000

38 000

26,7

Sum kategori 21.30811 408475 000500 0005,3

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

572 444

384 700

477 300

24,1

4354

Statens jernbanetilsyn

232

4355

Baneservice AS

38 300

5611

Aksjer i NSB AS

328 000

349 000

6,4

5623

Aksjer i Baneservice AS

5 055

4 400

200

-95,5

Sum kategori 21.50

577 731

717 100

864 800

20,6

Sum programområde 212 225 3062 313 6002 512 2008,6

Post og telekommunikasjoner

4380

Post-og teletilsynet

171 698

179 400

174 500

-2,7

5618

Aksjer i Posten Norge AS

471 000

506 000

7,4

Sum kategori 22.10

171 698

650 400

680 500

4,6

Sum programområde 22

171 698

650 400

680 500

4,6

Sum inntekter

2 397 004

2 964 000

3 192 700

7,7

Regjeringa foreslår eit samferdselsbudsjett for 2008 på om lag 24,7 mrd. kr, ein auke på om lag 1,1 mrd. kr eller 4,7 pst. frå saldert budsjett 2007.

Saldert budsjett 2007 innebar eit lyft for løyvingane til både veg og jernbane. Det var første gong ei regjering har følgt opp Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan for både veg og jernbane i eitt år. Noreg er inne i ein høgkonjunktur med stor aktivitet i mange sektorar, ikkje minst innan byggsektoren, men òg i anleggssektoren. Mangel på arbeidskraft og stor internasjonal etterspurnad etter viktige innsatsfaktorar som stål, betong, olje/asfalt etc., gir auka løns- og prisvekst.

Budsjettframlegget 2008 medfører eit aktivitetsnivå for veg og jernbane på om lag same nivå som i saldert budsjett 2007. Dette inneber at jernbanebudsjettet for 2008 som i 2007, ligg på eit historisk høgt nivå, medan vegbudsjettet også ligg på eit klart høgare nivå enn vegbudsjetta under regjeringa Bondevik II. Med budsjettframlegget har regjeringa som første regjering meir enn oppfylt Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan for to år av planperioden både for veg og jernbane. Såleis vert om lag 200 mill. kr av etterslepet frå 2006 teke att.

For både veg og jernbane har regjeringa funne det nødvendig å styrkje drift og vedlikehald monaleg utover premissa i Nasjonal transportplan. Også riksvegferjedrifta er styrkt samanlikna med Nasjonal transportplan, m.a. på grunn av høg oljepris.

Samla budsjettframlegg til administrasjon m.m. som m.a. omfattar Samferdselsdepartementets driftsbudsjett og departementet si satsing på forsking og utvikling mv., er på 333,4 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2007.

Til drifta av Samferdselsdepartementet er det avsett 107,6 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2007. Det er foreslått 20,4 mill. kr i tilskot til internasjonale organisasjonar, ein auke på 2 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Årsaka til auken er finansieringa av departementet si deltaking i to nye EU-program.

I tilskot til trafikktryggleiksformål mv. er det avsett 21 mill. kr, ein auke på 1,8 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Til Trygg Trafikk er det avsett 19,5 mill. kr, ein auke på 0,8 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Til Syklistenes Landsforening er det avsett 0,5 mill. kr, som er same beløp som for 2007. I 2008 er det vidare eit nytt tilskot til ITS Norge, som det er foreslått å avsetje 1 mill. kr til.

Det er avsett 2,4 mill. kr i tilskot til vernebuing på samferdselsområdet, om lag uendra frå saldert budsjett 2007.

Til Samferdselsdepartementets innsats på forsking og utvikling mv. er det budsjettert med 182 mill. kr, ein auke på 7,5 mill. kr eller 4,3 pst. frå saldert budsjett 2007. Departementet si forskingsinnsats har auka monaleg frå tusenårsskiftet. Det relativt høge nivået på forskingsinnsatsen vert vidareført i 2008.

Til utgreiingar mv. er det avsett 17,3 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2007. Det er budsjettert med 152,6 mill. kr til samferdselsforsking, ein auke på 6,3 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Den største delen av forskingsmidlane går til tele- og transportforsking gjennom ulike program i regi av Norges forskingsråd. Klima, miljø og trafikktryggleik er stikkord for transportforskinga, medan utvikling og utnytting av IKT er stikkord for teleforskinga.

Samla budsjettframlegg for luftfartsformål er på 711 mill. kr, ein auke på 32,2 mill. kr eller 4,7 pst. frå saldert budsjett 2007.

Til kjøp av flyruter er det budsjettert med 501,4 mill. kr, ein auke på 25,5 mill. kr eller 5,4 pst. frå saldert budsjett 2007. Auken utover venta prisstiging gjeld framlegget om auka CO2-avgift for innanriks luftfart som er kompensert i kjøpsordninga.

Det er foreslått 13,4 mill. kr i tilskot til regionale flyplassar, ein reduksjon på 3,8 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Årsaka til reduksjonen er avvikling av drifta på Farsund lufthavn, Lista. Som for 2006 og 2007 er det heller ikkje for 2008 foreslått statleg tilskot til Avinors regionale flyplassar. Økonomien i selskapet er for tida god, og det vert lagt til grunn at overskotet frå Avinors lønsame stamrutelufthamner vert nytta til å finansiere underskotet på dei regionale lufthamnene.

Til Luftfartstilsynet er det foreslått eit budsjett på 149,2 mill. kr, om lag same nominelle nivå som i saldert budsjett 2007. 2007 er siste år med eiga løyving til flyttekostnader i samband med flyttinga av tilsynet til Bodø. Luftfartstilsynets ordinære driftsbudsjett er foreslått styrkt med 9,6 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Dette er i hovudsak som følgje av nye og ressurskrevjande oppgåver i tiknyting til internasjonalt regelverk. Tilsynet vil framleis også ha driftsutgifter til eit mindre kontor i Oslo for tilsette som har særleg avtale om arbeidsstad i Oslo.

Til Statens havarikommisjon for transport er det foreslått eit budsjett på 47 mill. kr, ein auke på 9,7 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Auken heng i all hovudsak saman med at ansvarsområdet for kommisjonen frå 01.07.2008 vert utvida til også å omfatte ulykker og alvorlege hendingar i sjøfarten. Etter dette har kommisjonen ansvaret for å undersøkje ulykker og alvorlege hendingar i alle transportsektorane.

Til vegformål/Statens vegvesen er det foreslått eit budsjett på 15 425 mill. kr, ein auke på 575,5 mill. kr eller 3,9 pst. frå saldert budsjett 2007. Budsjettframlegget for 2008 ligg over nivået i Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan 2006–2009 for det samla budsjettet for Statens vegvesen.

Det er budsjettert med 7 061,5 mill. kr til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, ein auke på 291,1 mill. kr eller 4,3 pst. frå saldert budsjett 2007. I saldert budsjett 2007 vart vedlikehaldsinnsatsen auka med om lag 500 mill. kr eller 25 pst. frå saldert budsjett 2006. Spesielt vart innsatsen på dekkelegging/asfalt auka mykje, med om lag 50 pst. samanlikna med budsjettframlegget for 2006 i St.prp. nr. 1 (2005–2006). Det høge nivået på vedlikehaldsinnsatsen vert oppretthalde i 2008.

Tiltak med verknad for trafikktryggleiken vil særleg prioriterast. Dette gjeld m.a. vinterdrifta og tiltak retta mot delar av vegnettet som er særleg utsett for ulykker. Det vil verte nytta meir ressursar på vedlikehald av tunnelar og bruer enn i 2007. Innsatsen på føraropplæring og køyretøytilsyn vil også prioriterast.

Som vederlag til OPS-prosjekt er det avsett 285 mill. kr i samsvar med skyldnadene til staten for desse prosjekta. To av dei tre OPS-prosjekta som Stortinget tidlegare har vedteke å gjennomføre, er opna for trafikk. Det er inngått kontrakt for det tredje prosjektet, og utbygginga er godt i gang.

Det er for 2008 budsjettert med 6 531,1 mill. kr til ulike veginvesteringar (summen av postane 30, 31, 35 og 60), ein auke på 256,4 mill. kr eller 4,1 pst. frå saldert budsjett 2007. Det er samstundes lagt til grunn at bompengeselskapa vil stille til disposisjon om lag 4,9 mrd. kr til veginvesteringar i 2008. Samla sett inneber dette at aktivitetsnivået for utbygging av riksvegnettet truleg aldri har vore høgare enn i 2007 og 2008.

I budsjettet må post 30 Riksveginvesteringar og post 60 Forsøk vurderast samla. Budsjettframlegget er på 5 802,3 mill. kr, ein auke på 238,6 mill. kr eller 4,3 pst. frå saldert budsjett 2007. Det er lagt stor vekt på å sikre rasjonell framdrift for anlegga som er under bygging, både når det gjeld stamvegar og øvrige riksvegar. Store delar av investeringsbudsjettet er disponert for å ivareta dette. Det er planlagt nytta om lag 290 mill. kr meir til investeringar på øvrig riksvegnett enn i 2007.

Investeringstiltak retta mot dei alvorlegaste ulykkene vil prioriterast høgt, likeins tiltak for å skjerme dei mjuke trafikantane. Regjeringa vil trappe opp innsatsen på gang- og sykkelvegar monaleg frå 2007.

I 2008 er det lagt opp til anleggstart på sju større prosjekt (kostnadsoverslag på over 100 mill. kr). På stamvegnettet er det lagt opp til anleggstart på:

  • Rv 7 Ramsrud – Kjeldsbergsvingene i Buskerud, med berre statleg finansiering.

  • E39 Stangeland – Sanved i Rogaland, statleg finansiert, men med forskottering.

  • E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, dersom det vert tilslutnad til delvis bompengefinansiering.

  • Rv 80 Røvika – Strømsnes i Nordland, med delvis bompengefinansiering.

På øvrig riksvegnett er det lagt opp til anleggstart på:

  • Rv 47 T-forbindelsen i Rogaland, dersom det vert tilslutnad til delvis bompengefinansiering.

  • Rv 567 Hauge – Lonevåg i Hordaland, dersom det vert tilslutnad til delvis bompengefinansiering.

  • Rv 169 Bogstadveien i Oslo, dersom reguleringsplan vert godkjend og det vert semje med Oslo kommune om kostnadsfordelinga.

Rassikring er eit område som regjeringa er særleg oppteken av. Det er lagt opp til stor aktivitet på rassikringsområdet både i 2007 og 2008. Det er ikkje mogleg å etablere eit skarpt skilje mellom prosjekt/tiltak som berre har rassikring som formål, og andre prosjekt/tiltak som også gir monaleg rassikringsgevinst. På posten for rassikring er det budsjettert med 329 mill. kr, medan det samla i 2008 er planlagt å nytte om lag 520 mill. kr til prosjekt/tiltak med rassikingsgevinst, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2007.

I 2008 er det budsjettert med 399,8 mill. kr til Bjørvika-prosjektet, som er i samsvar med samla finansieringsopplegg for prosjektet.

Til riksvegferjedrifta er det budsjettert med 1 547,4 mill. kr, ein auke på 83 mill. kr eller 5,7 pst. frå saldert budsjett 2007. Ei av dei første budsjett­endringane som vart gjort etter regjeringsskiftet hausten 2005, var å auke rabattane i riksvegferjedrifta. Regjeringa foreslår no å auke rabattsatsen på sonekort og verdikort ytterlegare frå 45 pst. til 50 pst. frå 01.05.2008. Departementet legg til grunn at rutetilbodet i 2008 skal oppretthaldast om lag som i 2007, medan det er lagt opp til ein takstauke på 4,3 pst. frå 01.01.2008.

Til særskilde transporttiltak er det foreslått eit budsjett på 521,7 mill. kr, ein auke på 97,2 mill. kr eller 22,9 pst. frå saldert budsjett 2007.

Det er avsett 233,8 mill. kr i særskilt tilskot til kollektivtransport. Av dette er 161,7 mill. kr avsett til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane, ein auke på 7,5 mill. kr frå revidert budsjett 2007, jf. St.prp. nr. 69/Innst. S. nr. 230 (2006–2007). I samband med revidert budsjett vart det også løyvd 8 mill. kr til forsøk med tiltak for å betre kollektivtransporten i distrikta. Regjeringa foreslår å utvide forsøka i 2008, og 20 mill. kr er avsett til formålet. Det er også foreslått å avsetje 52,1 mill. kr til betre tilgjenge i transportsektoren innanfor ansvarsområdet til kommunane (BRA-programmet), om lag same realnivå som saldert budsjett 2007.

Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det budsjettert med 287,9 mill. kr. Saldert budsjett 2007 og budsjettframlegget for 2008 er basert på ein teknisk vidareføring og prisjustering av kontrakten mellom staten og Hurtigruten ASA om trafikken på strekninga i perioden 2005–2012. I statsbudsjettet 2007 vart det innført ei NOx-avgift for m.a. innanlands sjøtransport. Samstundes vart ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift gjeninnført. Frå 01.07.2007 vart i tillegg tryggleiksbemanninga på skipa som betener strekninga teken inn under nettolønsordninga for sjøfolk. Staten og Hurtigruten ASA forhandlar om verknaden av dei nemnde endringane. Forhandlingane er ikkje avslutta. Stortinget vil verte orientert om resultatet av forhandlingane når det ligg føre.

Til jernbaneformål er det samla foreslått å budsjettere med 7 511,1 mill. kr, ein auke på 410,9 mill. kr eller 5,8 pst. frå saldert budsjett 2007.

Som budsjett for Jernbaneverket er det avsett 5 802,1 mill. kr, ein auke på 335,2 mill. kr eller 6,1 pst. frå saldert budsjett 2007. Jernbaneverkets budsjett for 2007 ligg på eit høgare nivå enn nokon gong i nyare tid. Budsjettet for 2008 inneber ei ytterlegare opptrapping av innsatsen på infrastrukturen for jernbanen. Budsjettframlegget for 2008 ligg klart over nivået i Stortingets vedtak om Nasjonal transportplan 2006–2009 for det samla budsjettet for Jernbaneverket.

Til Jernbaneverkets drifts- og vedlikehaldsbudsjett er det avsett 3 389,6 mill. kr, ein auke på 213,8 mill. kr eller 6,7 pst. frå saldert budsjett 2007. Samanlikna med 2007 er driftsbudsjettet styrkt monaleg, medan vedlikehaldsbudsjettet er vidareført uendra. Driften er styrkt for å sikre at toga er punktlege og har god regularitet.

Til investeringar i lina er det budsjettert med 2 339,1 mill. kr, ein auke på 119,5 mill. kr eller 5,4 pst. frå saldert budsjett 2007. Regjeringa legg stor vekt på å gjennomføre igangsette jernbaneprosjekt med rasjonell framdrift. Det er for 2008 m.a. avsett:

  • 660 mill. kr til nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker – Sandvika

  • 570 mill. kr til nytt dobbeltspor på strekninga Sandes – Stavanger

  • 243 mill. kr til fjernstyring av strekninga Mosjøen – Bodø og

  • 230 mill. kr til Lysaker stasjon

Det er avsett høvesvis 134 mill. kr, 30,5 mill. kr og 42 mill. kr til sluttfinansiering av prosjekta ny togradio, GSM-R, Ganddal godsterminal og fjernstyring av strekninga Grong – Mosjøen.

Det er innanfor Jernbaneverkets budsjett for 2008 avsett om lag 450 mill. kr til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar m.a. midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru, midlar til kryssingsspor m.a. ved Berg på Østfoldbana, Fauske stasjon og Røkland på Nordlandsbana og mellom Alnabru og Roa på Gjøvikbana, og fleire mindre tiltak på jernbanenettet.

Det er òg avsett midlar til planlegging av m.a. Alnabru godsterminal, dobbeltspor Eidsvoll – Hamar, Horten – Holmestrand – Nykirke og Farriseidet – Porsgrunn (Eidangertunnelen).

Til persontransport med tog er det avsett 1 673,4 mill. kr, ein auke på 74,9 mill. kr eller 4,7 pst. frå saldert budsjett 2007. Av dette beløpet er 15,8 mill. kr avsett som kompensasjon for mellombels overføring av ansvaret for lokaltog mellom Geilo og Oslo (Vøgne) og togtrafikken på Bratsbergbanen frå fylkeskommunane Buskerud og Telemark.

Det er budsjettert med 1 657,6 mill. kr til kjøp av persontransport med tog, ein auke på 59,1 mill. kr eller 3,7 pst. frå saldert budsjett 2007. Dette er i samsvar med den inngåtte rammeavtalen for perioden 2007–2010 om kjøp av persontransport med tog mellom NSB AS og Samferdselsdepartementet, og avtalen med NSB Anbud AS om persontogtilbudet på Gjøvikbanen. Departementet vil at togtilbudet i 2008 skal styrkjast innanfor avsett kjøpsbeløp.

Frå 2007 vart skinnegåande transport friteke for el-avgift. For å sikre at mineralolje og elektrisitet for skinnegående transport vert behandla likt, foreslår regjeringa no fritak frå grunnavgift på fyringsolje for skinnegåande transport. Fritaket vil ha noko å seie for godstrafikken på Nordlandsbana, Rørosbana og Raumabana.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått eit budsjett på 35,6 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2007.

Samla budsjettforslag for post og telekommunikasjonar på 208 mill. kr er det same som budsjettforslaget for Post- og teletilsynet. Budsjettframlegget inneber ein reduksjon på 18,6 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Reduksjonen har samanheng med at 2007 er siste år med eiga løyving til flyttekostnader etter at tilsynet no har flytta til Lillesand.

Det er som for 2006 og 2007 heller ikkje for 2008 foreslått løyving til statleg kjøp av posttenester.

Det er foreslått eit driftsbudsjett for Post- og teletilsynet på 170,7 mill. kr, medan det er avsett 13,8 mill. kr til større utstyrskjøp og vedlikehald. Driftsbudsjettet er om lag uendra frå 2007. Budsjettet til større utstyrskjøp mv. inneber ein reduksjon på 6,6 mill. kr frå saldert budsjett 2007. Til tilsynet sitt arbeid med teletryggleik og –vernebuing er det budsjettert med 23,5 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2007.

I tråd med regjeringas utbyttepolitikk er det budsjettert med inntekter på om lag 1,2 mrd. kr i utbytte frå selskap som er eigd av Samferdselsdepartementet. Dette er fordelt med 398 mill. kr i utbytte frå Avinor AS, 349 mill. kr i utbytte frå NSB AS og 506 mill. kr i utbytte frå Posten Norge AS. Det er ikkje lagt opp til å ta ut utbytte frå Banesevice AS.

3 Diverse tabellar

Garantiordningar og -fullmakter

(i 1000 kr)

Dato siste St.vedtak

Ansvar pr. 31.12.2006

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2007

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2008

Lån til ferjer i riksvegsamband

07.12.2004

618 428

950 000

750 000

Drift av øvingsbaner for motorvognførarar

03.06.1981

3 000

3 000

3 000

AS Fastlandsfinans

10.06.1988

62 500

35 000

0

Sum

683 928

988 000

753 000

Det har aldri vore utbetalingar (tap) under nokon av garantiordningane.

Bestillingsfullmakter

(i mill. kr)

Kap.

Nemning

Fullmakt

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

1350

Jernbaneverket

Materiell

700

700

1380

Post- og teletilsynet

Materiell

4

4

Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Betegnelse

Overført til 2007

Forslag 2008

1301

50

Samferdselsforskning

2 991

152 600

1301

71

Tilskudd til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemmede

16 232

12 100

1310

70

Kjøp av innenlandske flyruter

20 767

501 400

1311

71

Tilskudd til ikke-statlige flyplasser

2 662

13 400

1320

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehold av riksveger m.m.

65 683

7 061 500

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekter

36 968

285 000

1320

60

Forsøk

51 908

17 000

1320

72

Kjøp av riksvegferjetjenester

0

1 547 400

1330

60

Særskilt tilskudd til kollektivtransport

0

233 800

1350

23

Drift og vedlikehold

79 706

3 389 600

1350

25

Drift og vedlikehold av Gardermobanen

20 513

73 400

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

0

1 657 600

For kap. 1301, postane 50 og 71, kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvingar over desse postane, går over fleire år. Tilskot vert i hovudsak utbetalt etter framdrift. Løyvinga på kap. 1311, post 71, er overførbar, fordi delar av dette tilskotet vert utbetalt på etterskot. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for reforhandlingar og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde år.

For kap. 1320, postane 23, 29, 60 og 72, og kap. 1350, postane 23 og 25, er årsaka til stikkordet at løyvingane heilt eller delvis vert nytta til bygg- og anleggsarbeid som går over fleire år, og/eller materiellinnkjøp. Innanfor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane. Det er derfor naturleg at også postar utover 30-postane er gjort overførbare.

Når det gjeld BRA-programmet på kap. 1330, post 60, vert halvdelen av tilskota til bykommunar og/eller fylkeskommunar utbetalt ved prosjektstart og resten når prosjektet er ferdig. Dette medfører at siste utbetalinga ikkje finn stad før året etter prosjektstart.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som vert utbetalt etterskotsvis, noko som ikkje alltid skjer i budsjettåret.

Budsjettendringar på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2007

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsjett 2007

Endring

Revidert budsjett

1311

71

69

230

17 200

7 000

24 200

1320

23

69

230

6 770 440

55 000

6 825 400

1320

30

69

230

4 696 700

305 200

5 001 900

1320

72

69

230

1 464 400

20 000

1 484 200

1322

92

69

230

0

680

680

1330

60

69

230

157 200

55 000

212 200

1350

30

69

230

2 219 600

15 000

2 234 600

1351

70

69

230

1 598 500

4 000

1 602 500

Budsjettendringar på inntektskapittel etter saldert budsjett 2007

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsjett 2007

Endring

Revidert budsjett

5622

85

69

230

339 000

-14 500

324 500

5611

85

69

230

328 000

52 000

380 000

5618

85

69

230

471 000

17 000

488 000