St.prp. nr. 13 (2003-2004)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Thailand, underskriven i Bangkok den 30. juli 2003

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 30. juli 2003 blei det i Bangkok underskrive ein avtale med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekter mellom Noreg og Thailand. Samtykke til underskriving blei gitt i Kronprinsregentens resolusjon av 23. november 2001. Avtalen blei på vegner av Noreg underskriven av ambassadør Ragne Birte Lund og på vegner av Thailand av utanriksminister Surakiart Sathirathai.

Avtalen vil tre i kraft på den dagen da begge statar har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.

Den gjeldande skatteavtalen er frå 1964, og det har i lengre tid vore ønskelig med ein revisjon av denne. Etter oppmoding frå norske styresmakter blei det i november 1999 og august 2000 ført forhandlingar med Thailand om å inngå ein ny skatteavtale mellom Noreg og Thailand. Etter andre forhandlingsrunde i Oslo blei eit utkast til avtale parafert den 25. august 2000. Ekspedisjonssjef Odd Hengsle, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeidd av OECD. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Thailand, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd av FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå desse mønsteravtalane.

Avtalen er inngått på engelsk. Den engelske avtaleteksten og ei norsk omsetjing følgjer som vedlegg.

Til forsida