St.prp. nr. 15 (2001-2002)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2001 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

I statsbudsjettet for 2001 er det innført ei ordning der pårekna utgifter til meklarhonorar og annan nødvendig fagleg bistand ved aksjesal er lagt inn med øyremerkt beløp under kap. 900, post 21, jf. St.prp. nr. 1 for 2000-2001. Desse utgiftene (transaksjonskostnadene) er fastsett som ein prosentsats av brutto salssum for aksjane som budsjetterast som inntekt under kap. 3900, post 90. På dette grunnlaget vart det ført opp 10 mill. kroner både på utgifts- og inntektssida i budsjettet. Det vart streka under at beløpet var eit overslag, og at det måtte endrast når dei aktuelle aksjesala var gjennomført.

Det er gjennomført nedsal i A/S Olivin (til 51 pst.) og Arcus AS (til 34 pst.) i tillegg til sal av heile den statlege aksjeposten i Norsk Medisinaldepot ASA. Nedsala i A/S Olivin og Arcus AS vart gjennomført i vår for til saman ca. 741 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 84 og Innst. S. nr. 325 for 2000-2001.

Salet av aksjane i Norsk Medisinaldepot ASA er gjennomført i september etter fullmakt gitt av Stortinget ved handsaminga av St.prp. nr. 84 for 2001-2002, jf. Innst. S. nr. 325 for 2000-2001. Brutto salsbeløp på ca. 468,3 mill. kroner er føreslått løyvd som inntekt under kap. 3900, post 90.

Transaksjonskostnadene for dei tre aksjesala utgjer ca. 18,6 mill. kroner:

A/S Olivin4,1 mill. kroner
Arcus AS6,6 mill. kroner
Norsk Medisinaldepot ASA7,9 mill. kroner
Sum18,6 mill. kroner

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om auka løyving til transaksjonsutgifter ved sal av aksjar i 2001 under kap. 900, post 21 med 8,6 mill. kroner. Den samla løyvinga under kap. 900, post 21 aukar med dette frå 118,8 til 127,4 mill. kroner.

Kap. 911 Bedriftsretta kompetanseoverføring

Post 75 EU sitt SMB-program, kan overførast

I 2001 er det løyvd 6 mill. kroner for å dekke kostnader knytt til norsk deltaking i EU sitt nye Program for næringsliv og entreprenørskap som etterfølgde EU sitt program for små og mellomstore verksemder (SMB). Programmet starta opp 1. januar 2001 og skal avsluttes i 2005.

Fordi omfanget og budsjettet for programmet vart vesentleg utvida i desember 2000, fann Nærings- og handelsdepartementet det nødvendig å sette av 3,7 mill. kroner under handlingsplanen for små verksemder frå løyvinga under kap. 900, post 21 i tillegg til løyvinga under kap. 911, post 75 for å dekke meirkostnader til EU-programmet.

Utbetalinger til EU-program avheng av aktivitetsnivået i dei einskilde åra. Normalt er det låg aktivitet det første året. Nærings- og handelsdepartementet la derfor til grunn at det ville vere tilstrekkeleg med 9,7 mill. kroner i 2001 til å dekke etterslep i kontingentbetalinga for deltaking i EU sitt SMB-program som vart avslutta i 2000 og til deltakinga i Joint European Venture-programmet (tilleggsprogram til SMB-programmet).

Utanriksdepartementet har på bakgrunn av rekneskapen frå EU berekna Nærings- og handelsdepartementet si samla kontingentinnbetaling til 11,9 mill. kroner for 2001. I tillegg kjem kostnader til to nasjonale ekspertar og eit nasjonalt programsekretariat, slik at departementet sine kostnader knytt til SMB- og Joint Venture-programma og Program for næringsliv og entreprenørskap i 2001 aukar til 13,6 mill. kroner. Det er 3,9 mill. kroner meir enn det Nærings- og handelsdepartementet rekna med ved starten av året.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at meirforbruket på 3,9 mill. kroner i 2001 dels dekkjast ved intern omdisponering av ytterlegare 1,2 mill. kroner frå handlingsplanen for små verksemder under kap. 900, post 21, og dels ved overskriding/auking av programløyvinga for 2001 med 2,7 mill. kroner med tilsvarande innsparing/nedsett programløyving på statsbudsjettet for 2002. Regjeringa har i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 for 2001-2002 gjort framlegg om ein slik reduksjon av programløyvinga (under kap. 924, post 70) på statsbudsjettet 2002.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga under kap. 911, post 75, med 2,7 mill. kroner, frå 6 til 8,7 mill. kroner på statsbudsjettet 2001.

Resten av programutgiftene i 2001 (4,9 mill. kroner) blir dekka av avsette midlar frå handlingsplanen for små verksemder under kap. 900, post 21.

Kap. 922 Norsk Romsenter

Post 70 Tilskot, kan overførast

I budsjettet for 2000 er det lagt til grunn at dei årlege løyvingane til Norsk Romsenter skal justerast dersom Eurokursen har endra seg i høve til den kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett. For 2001 gjer ein på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga under kap. 922, post 70, med 7,2 mill. kroner frå 246,7 mill. kroner til 239,5 mill. kroner.

Kap. 956 (nytt) Norsk Jern Eiendom A/S

Post 70 Refusjon for miljøtiltak

På statsbudsjettet for 1991 fekk Næringsdepartementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) knytt til avfallsprodukt som Norsk Koksverk A/S hadde grave ned på tomta til NJE.

Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2002 i statsbudsjettet for 2000, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 65 for 2000-2001.

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 2001 vart gitt av Stortinget 6. desember 2000, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2000-2001, vedtak VII, 2.

Ved utgangen av 2000 var det samla utbetalt om lag 2,9 mill. kroner under refusjonsordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 2001 vil bli utbetalt ca. 2,1 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere nær 5 mill. kroner pr. 31. desember 2001.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 2,1 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 2001.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

Post 91 Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving

Post 92 Lån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, overslagsløyving

Då Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det lagt til grunn at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp innlån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsportefølja ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5320, jf. nedanfor. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2001 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar frå SND på innlån og avdrag ut året under dei ulike låneordningane.

Samanlikna med saldert budsjett for 2001 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91 med 185 mill. kroner, frå 5,5 til 5,315 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning under kap. 2420, post 92 reduserast med 1,64 mrd. kroner, frå 38,5 til 36,86 mrd. kroner.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Post 90 Sal av aksjar

I mai 2001 gjorde Nærings- og handelsdepartementet (NHD) avtale med det tyske legemiddelkonsernet GEHE AG om sal av staten sin gjenverande aksjepost på 80,99 pst. i Norsk Medisinaldepot ASA (NMD). Stortinget ga fullmakt til gjennomføring av aksjesalet 15. juni 2001 ved handsaminga av St.prp. nr. 84 for 2000-2001 om revidert budsjett, jf. Innst. S. nr. 325 for 2000-2001.

NHD brukte meklarfirmaet Fondsfinans og juridisk bistand for å legge til rette og gjennomføre aksjesalet. Utgiftene til sakkunnig bistand (transaksjonskostnadane) utgjorde ca. 7,9 mill. kroner, jf. under kap. 900, post 21.

På grunnlag av fullmakta og retningslinene i St.prp. nr. 84 vart aksjane overført til GEHE AG 10. september 2001 for ein brutto salssum på kr 468 347 520.

I samsvar med aksjekjøpsavtalen mellom NHD og GEHE AG skal den endelege oppgjerssummen for transaksjonen fastsetjast på grunnlag av revidert rekneskap for NMD pr. 30. september 2001. Etter avtalen har både kjøpar og seljar rett til å krevje justering av kjøpesummen dersom rekneskapen viser klart (signifikant) avvik i bokført eigenkapital og påkomne pensjonsforpliktingar samanhalde med det estimatet som vart lagt til grunn på tidspunktet for overdraging av aksjane (10. september 2001). Pr. dato er det uvisst om rekneskapsavslutninga pr. 30. september vil gi grunnlag for justering av kjøpesummen.

På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 468,3 mill. kroner som inntekt frå salet av aksjane i Norsk Medisinaldepot ASA under kap. 3900, post 90. Dette salsbeløpet fører til at løyvinga under budsjettposten aukar frå 741 til 1 209,3 mill. kroner.

Kap. 3958 (nytt) Kapital, ymse ventureselskap

Post 90 Sal av aksjar

I St.prp. nr. 61 for 1999-2000 Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 2000, er det under kap. 3958 gjort greie for salet av Venturefondet. Nærings- og handelsdepartementet selde i 2000 fem av dei seks gjenverande eigardelane i Venturefondet for 85 mill. kroner til SND Invest AS. Den siste eigardelen, i Amerscan Partners AS, gjekk ikkje inn i salet fordi det på ei ekstraordinær generalforsamling i desember 1999 vart gjort vedtak om at selskapet skulle bli avvikla. Avviklings-rekneskapen vart godkjent av generalforsamlinga i juni 2001, og eigenkapitalen vart delt ut til aksjonærane. Venturefondet sin del av eigenkapitalen, 8,9 mill. kroner, er tilbakeført til statskassa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 8,9 mill. kroner som inntekt under kap. 3958, post 90 på statsbudsjettet 2001.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga

Post 93 Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga

Ein syner til omtale ovanfor under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning med 210 mill. kroner, frå 5,45 til 5,24 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning reduserat med 6,23 mrd. kroner, frå 38,5 til 32,27 mrd. kroner. Årsaka til reduksjonane både under kap. 2420 og 5 320 er at SND har tatt opp lån med lengre løpetid og dermed færre forfall og opptak av nye lån. For avdrag under grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga skuldast reduksjonen i tillegg feilberekning ved konvertering av landbrukslån til ny innlånsordning. Ein del av avdraga som vart budsettert i 2001, vil først forfalle i 2002.

Kap. 5620 Renter og utbyte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 81 Renter, risikolåneordninga

Post 86 Renter, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga

Som nemnt under kap. 2420 kan SND ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvingane.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga aukast med 18 mill. kroner, frå 175 til 193 mill. kroner. Vidare kan renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga reduserast med 56 mill. kroner, frå 715 til 659 mill. kroner. Sistnemnde endring har samanheng med at SND har tatt opp lån med lengre løpetid og lågare renter enn budsjettert. Tidspunktet for når lån fell til betaling er og utslagsgivande, mellom anna vil innlån med renteinnbetaling på ca. 35 mill. kroner forfalle tidleg i 2002.

Til forsida