St.prp. nr. 20 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2004 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 630 Aetat (tidl. kap. 1590)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
01 Driftsutgifter 1 972 678 2 017 978 2 022 978 5 000

Post 01 Driftsutgifter

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 630 Aetat post 01 Driftsutgifter med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 634, post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak. Dette skal medverke til å styrke avklaringsarbeidet av yrkeshemma i Aetat, jf omtale under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak.

Kap. 3630 Aetat (tidl. kap. 4590)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreinntekt (-)
80 Innfordra misbruk av dagpengar 35 659 30 000 40 000 10 000
81 Innfordra feilutbetalte attføringsytingar 11 161 14 000 11 000 -3 000
Sum endringar 7 000

Post 80 Innfordra misbruk av dagpengar

For 2004 er det budsjettert med inntekter på 30 mill. kroner under kap. 3630 Aetat post 80 Innfordra misbruk av dagpengar. På bakgrunn av innbetalingar hittil i 2004, vert det foreslått å auke inntektsanslaget under kap. 3630, post 80 med 10 mill. kroner til 40 mill. kroner.

Post 81 Innfordra feilutbetalte attføringsytingar

For 2004 er det budsjettert med inntekter på 14 mill. kroner under post 81 Innfordra feilutbetalte attføringsytingar. På bakgrunn av innbetalingar hittil i 2004 vert det foreslått å redusere inntektsanslaget under kap. 3630, post 81 med 3 mill. kroner til 11 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak (tidl. kap. 1594)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
71 Spesielle arbeidsmarknads- tiltak for yrkeshemma 2 611 273 2 922 740 2 917 740 -5 000
74 Lønssubsidium for reaktivisering, overslagsløyving 6 734 38 751 15 751 -23 000
Sum endringar - 28 000

Post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak

For 2. halvår 2004 vil det verte gjennomført nokre færre tiltaksplassar enn 16 000 som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har mellom anna årsak i at det vart gjennomført noko fleire tiltaksplassar enn dei 17 500 plassane som vart planlagt under dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka i 1. halvår 2004, jf. omtale i St.prp. nr 63 (2003-2004). Det har vore krevjande å dekkje meirforbruket for fleire tiltaksplassar i 1. halvår 2004 samstundes som at ein skal nå måltalet på 16 000 tiltaksplassar i 2. halvår. Eit lågare tiltaksnivå i 2. halvår har også samanheng med at kostnadane ved gjennomføringa av enkelte tiltak har vore høgare enn venta. Samla for 2004 er det venta at nivået på dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka vil vere i tråd med måltala. Ein tek sikte på ein optimal utnytting av løyvinga til dei ordinære arbeidsmarknadstiltak mot slutten av året for å sikre best mogleg måloppnåing i 2004.

Post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma

Gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma vil i 2004 vere noko lågare enn tiltaksnivået på 22 550 som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har mellom anna samanheng med eit sterkt fokus på behandling av søknadar om attføring i samband med overføringa av vedtaksmyndigheit frå trygdeetaten til Aetat frå 1. juli 2004, samt den auka tilstrømminga av yrkeshemma som skal avklarast.

Å plassere yrkeshemma arbeidssøkjarar på gode arbeidsmarknadstiltak eller hos potensielle arbeidsgjevarar er ofte krevjande. Erfaringsvis har det vist seg vanskeleg med rask opptrapping av tiltaka for yrkeshemma. Departementet har bedt Aetat leggje vekt på å utnytte gjenstående løyving og tilsagnsfullmakter til å planlegge eit tiltaksnivå mot slutten av året som i størst mogleg grad sikrar ein optimal utnytting av løyvinga for 2004 og som sikrar god innfasing til den vesentlege tiltaksopptrappinga som er foreslått for 2005, jf St. prp. nr. 1 (2004-2005).

For å oppnå raskare avklaring og få yrkeshemma snøggare inn på arbeidsmarknadstiltak foreslår regjeringa at løyvinga under kap. 634, post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak vert redusert med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 630 Aetat post 01 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 630 Aetat.

Post 74 Lønssubsidium for reaktivisering, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er på 38,751 mill. kroner. På bakgrunn av lågare aktivitet på dette tiltaket så langt i år, vert det foreslått at løyvinga under kap. 634, post 74 reduserast med 23 mill. kroner til 15,751 mill. kroner. For statsbudsjettet 2005 er det foreslått ei ny forsøksordning for reaktivisering av uførepensjonistar for å styrke innsatsen av tilbakevending av uførepensjonistar til ordinært arbeid, jf. St.prp. nr 1 (2004-2005).

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak (tidl. kap. 4594)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)
02 Opplæringstenester 375 1 841 18 000 16 159
60 Refusjon, forsøk dagpengar 328 1 500 500 -1 000
Sum endringar 15 159

Post 02 Opplæringstenester

For 2004 er det budsjettert med inntekter på 1,841 mill. kroner under kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak post 02 Opplæringstenester. Løyvinga vert foreslått auka med 16,159 mill. kroner til 18 mill. kroner. Auken har samanheng med inntektene knytte til sal av kurs til Oppland fylkeskommune i samband med forsøket «Fritt Fram».

Post 60 Refusjon, forsøk dagpengar

For 2004 er det budsjettert med inntekter på 1,5 mill. kroner under kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak post 60 Refusjon, forsøk dagpengar. Dette gjeld prosjektet «Arbeid i sikte» i Verdal. På bakgrunn av at fleire deltakarar i prosjektet har andre ytingar enn sosialhjelp som er lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner til 500 000 kroner.

Kap. 3635 Venteløn (tidl. kap. 4595)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)
01 Refusjon 44 361 80 000 72 200 -7 800

Post 01 Refusjon

For 2004 er det budsjettert med refusjon frå statleg verksemd på i alt 80 mill. kroner. Som følgje av ein større tilstrømming enn venta av ventelønsmotakarar frå selskap som ikkje er refusjonspliktige, er omfanget av refusjonar noko lågare enn budsjettert for 2004. Det vert foreslått å setje ned løyvinga med 7,8 mill. kroner til 72,2 mill. kroner.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet (tidl. kap. 4570)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)
05 Tvangsmulkt 682 1 600 8 400 6 800

Post 05 Tvangsmulkt

Løyvinga for 2004 er 1,6 mill. kroner.

På posten ligg det no an til at inntektene kjem på 6,8 mill. kroner meir enn venta. Dette skuldast at Oslo kommune har betalt inn tidlegare pålagt tvangsmulkt.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga med 6,8 mill. kroner, frå 1,6 mill. kroner til 8,4 mill. kroner.

Kap. 0642 Petroleumstilsynet (tidl. kap. 1572)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
01 Driftsutgifter 122 808 122 283 -525
21 Spesielle driftsutgifter 12 590 17 290 4 700
Sum endringar 4 175

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2004 er 122,808 mill. kroner.

Etter å ha ført over personell frå Petroleumstilsynet til Oljedirektoratet gjerast det framlegg om å setje ned denne posten med 525 000 kroner. Overføringa er knytt til delinga pr. 1. januar 2004 der det var gitt høve til flytting/reversering av personell fram til 1. juli 2004. Olje- og energidepartementet vil føreslå at løyvinga til Oljedirektoratet under kapittel 1810 vert auka like mykje.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 525 000 kroner til 122,283 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2004 er på 12,6 mill. kroner.

Auka aktivitet i samband med tilsyn med petroleumsverksemda fører med seg auka utgifter på til saman 5,4 mill. kroner. Desse utgiftene refunderast av operatørselskapa, jf. forslag til auking under kap. 3642, post 03 Refusjon tilsynsutgifter.

Som følgje av mellom anna redusert omfang av oppdrag som Petroleumstilsynet utfører for Norad og Boris, vert utgiftene redusert med 700 000 kroner, jf. kap. 3642, post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 4,7 mill. kroner, frå 12,6 til 17,3 mill. kroner.

Kap 3642 Petroleumstilsynet (tidl. kap. 4572)

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)
02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd 1 300 600 -700
03 Refusjon tilsynsutgifter 52 200 57 700 5 500
06 Ymse inntekter/refusjonar 2 100 1 700 -400
Sum endringar 4 400

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga for 2004 er 1,3 mill. kroner.

Reduserte oppdrag knytt til mellom anna Norad og Boris fører med seg tilsvarande reduserte inntekter, jf. kap. 0642, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga under post 02 med 700 000 kroner, frå 1,3 mill. kroner til 600 000 kroner.

Post 03 Refusjon utgifter til tilsyn

Løyvinga for 2004 er 52,2 mill. kroner.

Inntektene under denne posten vil auke på grunn av meir aktivitet knytta til tilsyn, jf. kap. 0642, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Auka i inntektene ligg an til å verte noko høgare enn utgiftene. Dette kjem av at det er ein viss grad av overheng frå år til år knytta til betaling av refusjonar. Refusjon for tilsyn utført i 4. kvartal eit år vil ofte først verte betalt inn året etter. Anslaget for året er delvis basert på overheng av inntekter frå 2003.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 03 med 5,5 mill. kroner, frå 52,2 mill. kroner til 57,7 mill. kroner.

Post 06 Ymse inntekter/refusjonar

Løyvinga for 2004 er 2,1 mill. kroner.

Inntektene under posten er inntekter frå kantina og inntekter knytt til kopiering av artiklar m.v. I tråd med utvikling av elektronisk utveksling av informasjon er målet til Petroleumstilsynets at mest mogleg informasjon skal kunne finnast på nettet. Dette har ført til ein gradvis reduksjon av inntekter frå kopiering.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 06 med 400 000 kroner, frå 2,1 til 1,7 mill. kroner.

Kap. 0643 Statens arbeidsmiljøinstitutt

Post 21 Oppdrag

Det er gjort framlegg om at Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) frå 1. januar 2005 vert gitt unntak frå løyvingsreglementets § 4 og danna om til forvaltningsorgan med særskilte fullmaktar. Det trengs derfor full overføring av eventuelle meirinntekter som følgje av at instituttet får tilskott frå Noregs forskingsråd (NFR) til ulike forskingsprosjekt.

STAMI søker NFR kvart år om middel til forskingsprosjekt. NFR betaler ut midlar etter bestemte regler som kan føre med seg at instituttet nokre år får ei meirinntekt som fører med seg tilsvarande utgifter året etter. Overføring av løyving til neste år som følgje av meirinntektene, har vore grensa av til 5 pst. av løyvinga og såleis har det i enkelte år vore meirinntekter som har vorte ført tilbake til statskassa.

Når STAMI vert nettobudsjettert, er det viktig at forskingsprosjekt som har forplikting i 2005 og vidare, får med seg alle inntekter som er kome i 2004. Om ikkje kan dette føre til ei utilsikta svekking av likviditeten til instituttet i kommande periodar.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om at kap. 0643, post 21 Oppdrag gis stikkordet «kan overførast»i 2004, jf. romertalsvedtak.

Kap. 0660 Krigspensjon

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
71 Tilskott, sivile, overslagsløyving 661 810 666 000 645 000 -21 000

Post 71 Tilskott, sivile, overslagløyving

Løyvinga for 2004 er 666 mill. kroner.

Det vert lagt til grunn om lag like mange sivile invalidar og sivile enker som det som er lagt til grunn for løyvd beløp. Ein reknar med at gjennomsnittleg pensjon per år for sivile invalidar og til sivile enker vert noko lågare enn lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 21 mill. kroner til 645 mill. kroner.

Kap. 0664 Pensjonstrygden for sjømenn

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Tilskott 497 000 570 000 600 000 30 000

Post 70 Tilskott

For 2004 er det gitt løyving som tilskott til Pensjonstrygden for sjømenn på i alt 570 mill. kroner.

Tilskottet til Pensjonstrygden for sjømenn skal dekkje delar av utbetalingane til pensjon etter trygdelova for sjømannspensjon § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at reguleringsfondet er brukt opp.

På bakgrunn av nye anslag ventar ein at utgiftene vert 600 mill. kroner for 2004. Dette er ei auke på 30 mill. kroner. Hovudårsaka er at pensjonsutgiftene aukar som følgje av at det er oppdaga at fleire enn før av dei som mottar krigspensjon og har rett til sjømannspensjon.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner til 600 mill. kroner for 2004.

Kap. 0666 Avtalefesta pensjon

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Tilskott 679 072 723 000 760 000 37 000

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2004 er 723 mill. kroner.

Statistikk og rekneskap viser at talet på pensjonistar og gjennomsnittleg pensjon vert høgare ved utgangen av 2004 enn lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 37 mill. kroner til 760 mill. kroner.

Kap. 2541 Dagpengar

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Dagpengar, overslagsløyving 11 105 334 10 606 000 10 900 000 294 000

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

I samband med Revidert nasjonalbudsjett vert dagpengeløyvinga for 2004 redusert med knappe 170 mill. kroner frå 10 770 til 10 606 mill. kroner. I lys av utviklinga i arbeidsløysa dei siste månadane, utbetalingane hittil i år og utsiktene på arbeidsmarknaden framover vil utbetalingane til dagpengar verte noko høgare enn det som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. På denne bakgrunn vert det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 2541, post 70 Dagpengar med 294 mill. kroner til 10 900 mill. kroner.

Kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Attføringspengar, overslagsløyving 7 198 549 8 780 000 9 000 000 220 000
71 Attføringsstønad, overslagsløyving 1 678 009 1 760 000 1 535 000 -225 000
Sum endringar -5 000

Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving

Løyvinga til attføringspengar vert ved trygdeoppgjøret for 2004 oppjustert til 8 780 mill. kroner. I lys av at utviklinga i talet på attføringspengemottakarar hittil i år har vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn, vil utbetalingane til attføringspengar verte høgare enn venta. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 2543, post 70 Attføringspengar med 220 mill. kroner til 9 000 mill. kroner.

Post 71 Attføringsstønadar, overslagsløyving

Løyvinga til attføringsstønadar vert ved Revidert Nasjonalbudsjett for 2004 redusert til 1 760 mill. kroner. Veksten i utbetalingane til attføringsstønadane har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn, mellom anna som følgje av at færre personar har delteke i tiltak finansiert over attføringsstønadane. Dette har samanheng med auka fokus på avklaring av dei yrkeshemma etter at vedtaksmyndigheita vert overført til Aetat frå 1. juli 2004, jf. omtale under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma. I tillegg kjem noko reduserte utbetalingar til skulemateriell. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 2543, post 71 Attføringsstønadar med 225 mill. kroner til 1 535 mill. kroner.

Kap. 2603 Trygderetten (jf. kap. 5702)

Post 01 Driftsutgifter

I Blå bok for 2004 står det skrive at Trygderetten har meirinntektsfullmakt på kapittel 5705 post 02. Dette er ein trykkfeil. Trygderetten har berre eitt inntektskapittel og dette er kap. 5702, ikkje kap. 5705.

Departementet gjer derfor framlegg om følgjande meirinntektsfullmakt, jf. utkast til vedtak:

«Stortinget samtykker i at Arbeids- og sosialdepartementets fullmakt i 2004 til å overskride løyvinga under kap. 2603 Trygderetten, post 01 Driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5705, post 02, endrast til fullmakt til å overskride nemnte utgiftsløyving mot meirinntekter under kap. 5702, post 02.»

Kap 2650 Sjukepengar

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Sjukepengar for arbeidstakarar, overslagsløyving 25 631 131 27 390 000 25 100 000 -2 290 000
71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving 1 789 514 1 900 000 1 695 000 -205 000
72 Omsorgs- og pleiepengar, overslagsløyving 261 477 400 000 320 000 -80 000
75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving 1 269 703 1 360 000 1 340 000 -20 000
Sum endringar -2 595 000

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 27 390 mill. kroner.

Auken i talet på sjukepengedagar pr. sysselsett vert lågare enn venta i 2004.

I St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medregnet folketrygda 2004 vart det lagt til grunn føresetnader om 0,2 pst. vekst i sysselsettinga, 3,75 pst. vekst i grunnlaget for sjukepengar og vekst i frekvensen for sjukefråvær på 3 pst. Ein reknar no med ein vekst i sysselsettinga på 0,3 pst og ein nedgang i grunnlaget for utbetaling av sjukepengar på 2,5 pst. i 2004. Men den viktigaste årsaka til at vi no sett ned utgiftene på posten så mykje er at venta vekst i frekvensen for sjukefråvær vert endra frå ein venta vekst på 3 prosent til ein venta nedgang på 4,5 pst.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 2 290 mill. kroner til 25 100 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 1 900 mill. kroner.

Auken i talet på sjukepengedagar pr. sysselsett vert lågare enn venta. Ein reknar nå med ein reduksjon i 2004 samanlikna med 2003 på 9 pst., mot ei auke på 3 pst. som vart lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 205 mill. kroner til 1 695 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.v., overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 400 mill. kroner.

Utgiftene i 2004 vert mindre enn venta. Årsaka er at verknaden av at kravet til dagar på institusjon er sett ned, ikkje har vore like stort som venta.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 80 mill. kroner til 320 mill. kroner.

Post 73 Tilretteleggingstilskott og post 74 Refusjon bedriftshelsetenester

Tilføying av stikkordet «kan overførast» til løyvingane

I St.prp. nr. 63 (2003-2004) gjorde ein framlegg om at stikkordet «kan overførast» vart knytta til post 73 Tilretteleggingtilskott, men ved ein trykkfeil kom ikkje stikkordet med under vedtaksdelen i innstillingen. Det er ønskeleg at stikkordet «kan overførast»vert knytt til desse postane. Dette vil gjere det mogleg for trygdeetaten å vite at dei får dekkt desse utgiftene frå år til år sjølv om dei kan variere mykje frå eit år til det neste. Det gjeld særskilt dersom det setjast i gang tiltak på slutten av året kor ein ofte treng å føre middel over frå eit år til eit anna. I tillegg vil det gjere oppfølging av løyvinga i etaten enklare om middel som ikkje er bruka opp kan førast over frå eit år til eit anna.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer med utgangspunkt i dette framlegg om at stikkordet «kan overførast»vert knytt til løyvingane under kap. 2650, post 73 og post 74, jf. romertallsvedtak.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 1 360 mill. kroner.

Feriepengane er for det meste betalt ut når tre kvartal av året har gått. Utgiftsutviklinga t.o.m. september tyder på at utgiftene vert noko mindre enn venta.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 20 mill. kroner til 1 340 mill. kroner.

Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering m.v.

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving 8 284 107 8 397 000 8 870 000 473 000
71 Legeattestar m.v. 0 300 000 245 000 -55 000
Sum endringar 418 000

Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 8 397 mill. kroner

I 2004 er det sett i verk fleire tiltak på denne posten for at mottakarane ikkje skal gå på passive trygdeordningar for lenge og dermed redusere sine sjansar for å kome tilbake i arbeid. Skjerpinga i regelverket for å ta i mot rehabiliteringspengar utover 2 år og tidleg vurdering av attføring i rehabiliterings- og sjukepengefasen er tiltak som ein og trur vil gje lågare utgifter.

Utgiftene så langt i år er noko høgare enn lagt til grunn for løyvinga. Årsaka til dette er at nokre av tiltaka vil få lågare effekt i 2004 enn det som er lagt til grunn for løyvinga og at store delar av effekten først kjem i 2005. På same tid vil overføring av vedtak i samband med §11-5 saker frå 1. juli 2004 føre til auka utgifter under posten i 2004.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 473 mill. kroner til 8 870 mill. kroner.

Post 71 Legeattestar m.v.

Løyvinga for 2004 er 300 mill. kroner.

Ved utgangen av september 2004 har utgiftene til legeattestar gått ned med 42,1 mill. kroner eller 20 pst., samanlikna med same tid i fjor. Nye reglar for sjukemelding frå 1. juli 2004 ser så langt ikkje ut til å auke utgiftene noko særleg. Totalt vart det betalt ut 286 mill. kroner til legeattestar i 2003.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 55 mill. kroner til 245 mill. kroner for 2004.

Kap 2655 Uføre

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Grunnpensjon, overslagsløyving 15 256 681 16 493 000 16 410 000 -83 000
71 Tilleggspensjon, overslagsløyving 22 456 412 23 820 000 23 920 000 100 000
74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving 0 617 000 665 000 48 000
75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving 101 056 121 000 105 000 -16 000
Sum endringar 49 000

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 16 493 mill. kroner.

Av samla tilgang til uførepensjon og tidsavgrensa uførestønad er det venta at den tidsavgrensa uførestønaden aukar frå 20 pst., som er lagt til grunn for løyvinga, til 27 pst.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 83 mill. kroner, til 16 410 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 23 820 mill. kroner.

Det at ein høgre del er venta å få tidsavgrensa uførestønad, trekkjer på same måte som for grunnpensjon i retning av lågare utgifter til tilleggspensjon. Men i og med at veksten i gjennomsnittleg tilleggspensjon er venta å verte 2,0 pst. mot 0,5 pst. som ligg til grunn for løyvinga, vil utgiftene samla sett likevel auke.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga med 100 mill. kroner, til 23 920 mill. kroner.

Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 617 mill. kroner.

Utgiftene vil auke som følgje av at ein større del av mottakarane av uførestønad vil få tidsavgrensa uførestønad, jf. tekst under post 70 og 71.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 48 mill. kroner, til 665 mill. kroner.

Post 75 Ménerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 121 mill. kroner.

Det er rapportert inn færre saker enn venta til trygdeetaten.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 16 mill. kroner, til 105 mill. kroner.

Kap 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.v.

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
71 Hjelpestønad, overslagsløyving 1 509 254 1 556 000 1 515 000 -41 000
73 Hjelpemiddel m.v. under arbeid og utdanning 112 335 137 700 145 000 7 300
74 Bilstønad 821 504 955 000 755 000 -200 000
75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel 2 407 090 2 551 000 2 590 000 39 000
78 Høyreapparat 348 333 392 000 385 000 -7 000
Sum endringar -201 700

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er på 1 556 mill. kroner.

Både utviklinga i volum og i rekneskapen til no i år er lågare enn det som var venta tidlegare i år. Nedgangen i volumet dei siste 9 månadene i år har vore på 2,1 prosent.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 41 mill. kroner til 1 515 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel m.v. under arbeid og utdanning

Løyvinga for 2004 er 137,7 mill. kroner.

På denne posten finn ein mellom anna hjelpemiddel og tilrettelegging for funksjonshemma på arbeidsplass, tolkehjelp for døve og døvblinde i utdanning og arbeid, lese- og sekretærhjelp for blinde i utdanning og arbeid. Utgiftene til alle desse formåla aukar, spesielt utgifter til hjelpemiddel. Fokuseringa på eit inkluderande arbeidsliv, og sysselsetting av personar med redusert funksjonsevne, kan forklare noko av veksten. Den delen arbeidsgivar betalar (½ G) for hjelpemiddel og tilpassing på arbeidsplassen har falle bort, og dette har ført til auka utgifter.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på denne posten med 7,3 mill. kroner til 145 mill. kroner.

Post 74 Stønad til bil

Løyvinga for 2004 er 955 mill. kroner.

På denne posten har det vore langt mindre utgifter enn venta. Dette skuldast for det meste at det har vore mangel på gruppe 2-bilar, og dermed små utgifter knytte til desse bilane og til å bygge om bilen for brukarane. Vi får dermed ein skyving av utgifter frå 2004 til 2005.

Ny ordning med stønad til bil vart satt i verk 1. april 2003 og har ført til at tilskotet for gruppe 1-bilar er lågare enn før endringa i regelverket. Dette har først fått særleg effekt i 2004, og har og ført til lågare utgifter.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på denne posten med 200 mill. kroner til 755 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2004 er 2 551 mill. kroner.

Fleire av dei store hjelpemiddelgruppene har til no i år hatt ein noko større auke i volumet enn i 2003, og enn kva ein har føresett tidlegare. Frå 1. september 2003 vart satsane for tilskott til standard datautstyr sett ned. Dette har i nokon grad hatt ein innsparingseffekt i 2004, men ikkje nok til å veie opp for auken i volumet, fordi det er kjøpt inn færre dataanlegg enn det som vart lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på denne posten med 39 mill. kroner, til 2 590 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2004 er 392 mill. kroner.

Rekneskapen til nå i år viser at utgiftene til høyreapparat kan justerast ned.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å setje ned løyvinga på denne posten med 7 mill. kroner, til 385 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Grunnpensjon, overslagsløyving 30 680 932 32 204 000 32 320 000 116 000
71 Tilleggspensjon, overslagsløyving 41 245 047 43 689 000 44 020 000 331 000
73 Særtillegg, overslagsløyving 5 268 056 5 097 000 5 130 000 33 000
Sum endringar 480 000

Hovudårsaka til endringane på kapitlet er at dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at forventa levetid for befolkninga er høgare enn venta. Talet på alderspensjonistar som ligg til grunn for løyvinga må derfor aukast. Dette vil føre med seg ei auke i utgiftene på kapitlet.

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 32 204 mill. kroner.

Det ventes at det gjennomsnittlege talet på alderspensjonistar vert 624 800 i 2004. Dette er om lag 3 100 fleire enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 116 mill. kroner til 32 320 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 43 689 mill. kroner i 2004.

Det ventes at det gjennomsnittlege talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon vert 563 400 i 2004. dette er om lag 3 800 fleire enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 331 mill. kroner til 44 020 mill. kroner. Løyvinga for 2004 er 43 689 mill. kroner i 2004.

Post 73 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er 5 097 mill. kroner i 2004.

Det ventes at det gjennomsnittlege talet på alderspensjonistar vert 204 130 i 2004. Dette er om lag 340 færre enn det som er lagt til grunn for løyvinga. På same tid har særtilleget vorte høgare.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 33 mill. kroner til 5 130 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Grunnpensjon, overslagsløyving 1 196 457 1 227 000 1 217 000 -10 000
71 Tilleggspensjon, overslagsløyving 1 020 329 1 053 000 1 043 000 -10 000
Sum endringar -20 000

Løyvinga på kapitlet er på 2 360 mill. kroner.

Ny statistikk viser at talet på etterlatne vert færre enn kva som er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes viser rekneskapen at gjennomsnittleg grunnlag for utbetaling av stønad og kan justerast ned. Endringa er fordelt med 10 mill. kroner på post 70 og 71 jf. tabell.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga på kapitlet med 20 mill. kroner til 2 340 mill. kroner.

Kap. 2683 Stønad til einsleg mor eller far

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Overgangsstønad, overslagsløyving 2 125 718 2 248 000 2 275 000 27 000
72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving 666 226 645 000 595 000 -50 000
73 Utdanningsstønad 91 699 101 000 85 000 -16 000
76 Forskottering av underhaldsbidrag 1 534 273 1 320 000 1 105 000 -215 000
Sum endringar -254 000

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er på 2 248 mill. kroner.

Nye tal for 2004 viser fleire mottakarar enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes, noko som verkar i motsett retning, viser det seg at det i snitt er noko lågare stønad enn kva som er lagt til grunn. Dette gjer eit auka behov på 27 mill. kroner til føremålet.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 27 mill. kroner til 2 275 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er på 645 mill. kroner.

Nye tal for 2004 viser færre mottakarar og om lag same nivå på stønaden samanlikna med det som ligg til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 50 mill. kr til 595 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2004 er på 101 mill. kroner.

Utviklinga i plantala for 2004 viser ein større nedgang i både talet på mottakarar av stønad og gjennomsnittleg stønad enn venta.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 16 mill. kroner til 85 mill. kroner.

Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2004 er på 1 320 000 mill. kroner.

Statistikk til no i år viser ei svak auke i talet på barn som har rett til forskot. Fleire private oppgjer og ein lågare sats for forskot enn lagt til grunn for løyvinga, gjer at utgiftane likevel vil verte lågare enn venta.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 215 mill. kroner, frå 1 320 mill.kr til 1 105 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
70 Gravferdsstønad, overslagsløyving 104 030 96 000 105 000 9 000

Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2004 er på 96 mill. kroner.

Ny statistikk viser at talet på mottakarar av behovsprøvd stønad vert noko høgare enn lagt til grunn for løyvinga. Rekneskapen viser og at gjennomsnittleg stønad har auka noko. Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner til 105 mill. kroner.

Kap. 2690 Diverse utgiftar

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
77 Pasientar frå land med innbyrdes avtale 55 211 52 000 60 000 8 000

Post 77 Pasientar frå land med innbyrdes avtale

Løyvinga for 2004 er på 52 mill. kroner.

Utgiftene på posten varierer mykje frå månad til månad og er derfor vanskeleg å rekne ut. Etter 9 månader er det ført utgifter på om lag 84 pst av løyvinga, mens det er venta at fleire krav/saker, som ennå ikkje er ferdigbehandla, vil gi store utgifter resten av året.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 8 mill. kroner til 60 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)
03 Hjelpemiddelsentralar m.v. 51 714 43 000 53 000 10 000
73 Refusjon bidragspliktige 679 019 555 000 520 000 -35 000
74 Refusjon medisinsk behandling 1 936 1 000 1 600 600
75 Refusjon overskytande bidrag 153 182 41 000 30 000 -11 000
Sum endringar -35 400

Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.v.

Løyvinga for 2004 er på 43 mill. kroner.

Dei hovudsaklege inntektene er sal av bilar som det har vore gitt stønad til, og som er bytte inn og av sal av hjelpemiddel. Inntektene i 2003 var på 51,7 mill. kroner. Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2004 vert litt høgare enn venta.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner til 53 mill. kroner.

Post 73 Refusjon bidragspliktige

Løyvinga for 2004 er på 555 mill. kroner.

Overslaget for utgifter til forskot er redusert mellom anna som følgje av at satsane gjekk ned frå 1. juni 2004. Det vert føreslått å redusere løyvinga på kap. 2683, post 76 til 1 105 mill. kroner for 2004.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned inntektene med 35 mill. kroner til 520 mill. kroner.

Post 74 Refusjon medisinsk behandling

Løyvinga for 2004 er på 1 mill. kroner.

Rekneskapen til no i år viser ein auke i inntektene. Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 600 000 kroner til 1,6 mill. kroner.

Post 75 Refusjon overskytande bidrag

Løyvinga for 2004 er på 41 mill. kroner.

Regelen om refusjon til folketrygda for utbetalt overgangsstønad vart ved innføring av nye reglar for bidrag oppheva frå 1. oktober 2003. Ein stor del av grunnlaget for inntekter under denne posten er såleis falle bort. Innbetalingar på posten er derfor knytte til saker der det er restgjeld. Restgjeld per august 2004 er 215 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned inntektene med 11 mill. kroner til 30 mill. kroner.

Kap. 5705 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs, dagpengar

(1000 kr)

Post Namn Rekneskap 2003 Løyving 2004 Forslag 2004 Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-)
01 Refusjon dagpengar 84 588 50 000 65 000 15 000

Post 01 Refusjon dagpengar

For 2004 er inntektene under post 01 Refusjon dagpengar tidlegare berekna til 50 mill. kroner. På bakgrunn av gjennomsnittleg innbetalingar hittil i år er inntektene for 2004 no berekna til 65 mill. kroner. Løyvinga under kap. 5705, post 01 vert derfor foreslått auka med 15 mill. kroner til 65 mill. kroner.

Til forsida av dokumentet