St.prp. nr. 28 (2004-2005)

Endringar av løyvingar i 2004 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område

Til innhaldsliste

1 Endringar av løyvingar i 2004 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område

Kap. 1020 Havforskingsinstituttet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Havforskingsinstituttets utgifter knytt til eksterne oppdrag blir postert på kapitla 1020 og 1021 mot tilsvarande inntekter på kapitla 4020 og 4021. Begge utgiftskapitla har meirinntektsfullmakt gitt av Stortinget ved handsaminga av St.prp. nr. 1, som gir heimel til å overskride utgiftsløyvinga mot tilsvarande meirinntekter. Havforskingsinstituttet bereknar at instituttet ved årsskiftet 2004/2005 vil ha kontraktsfesta, fakturerte, men ikkje innbetalte oppdragsinntekter på inntil 30 mill. kroner. Havforskingsinstituttet følgjer kontantprinsippet for alle utbetalingar, og tilhøyraende utgifter vil såleis vere postert i 2004.

Det blir derfor fremma forslag om å auke løyvinga på kap. 1020 Havforskingsinstituttet, post 21 Spesielle driftsutgifter med 30 mill. kroner i 2004.

Forslag om tilsvarande auke av inntektssida i 2005 på kap. 4020 Havforskingsinstituttet, post 03 Oppdragsinntekter er fremma i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (2004-2005) Om omdanning av Kystverkets produksjonsvirksomhet til statlig aksjeselskap m.m.

Kap. 1021 Drift av forskingsfartøya

Post 01 Driftsutgifter

Prosjektering og bygging av forskingsfartøyet «G.O. Sars» i perioden 1999-2003 hadde ei samla utgiftsramme på 405 mill. kroner. Mindreforbruk på 2,116 mill. kroner i 1999 vart ikkje søkt overført til 2000. Den samla løyvinga til prosjektet vart såleis redusert til 402,884 mill. kroner.

Forskingsfartøyet skulle i følgje kontrakten overleverast 1. februar 2003, men levering skjedde først den 25. april 2003, dvs. nesten tre månader forseinka. På grunn av usemje mellom staten ved Havforskingsinstituttet (HI) og Flekkefjord Slipp & Maskinfabrikk (FSM), der betaling av dagbøter for forseinka levering var eitt av punkta det var usemje om, vart det gjennomført ei voldgiftssak i perioden 9.-11. mars 2004. Voldgiftsdom vart avsagt den 24. april 2004, med det resultat at FSM tapte på alle punkt og vart dømt til å betale om lag 7,1 mill. kroner i dagbøter og påløpte renter. Midla er innbetalte til staten, og vil ut frå vanlege prosedyrar bli postert på kap. 5309 post 29 Ymse inntekter.

Forseinkingane ved leveringa påførde Havforskingsinstituttet netto meirkostnader på om lag 2,3 mill. kroner. Det er rimeleg at Havforskingsinstituttet får kompensasjon for desse meirkostnadene, slik at forseinkinga ikkje går ut over vedlikeholdsløyvinga til dei andre fartøya.

Det blir derfor fremma forslag om å auke løyvinga på kap. 1021 post 01 med 2,3 mill. kroner i 2004.

Kap. 1023 Fiskeri-, havbruks- og transportretta FoU

Post 01 Driftsutgifter/post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvingane knytt til NIFES si oppdragsverksemd er budsjetteknisk handtert gjennom å bruttoføre utgifter og inntekter på kap. 1023 post 21 og kap. 4023 post 01. For å sikre fleksibilitet med omsyn til bruk av forskarar på oppdragsprosjekt, er det ofte nødvendig å bruke forskarar som er lønna over kap. 1023 post 01 i dei eksterne forskingsoppdraga. Det er derfor knytt meirinntektsfullmakt mellom kap. 1023 postane 01 og 21 mot kap. 4023 post 01, vedteke av Stortinget i samband med behandlinga av St.prp. nr. 1 for Fiskeridepartementet.

På grunn av langt høgare oppdragsverksemd i 2004 enn berekna og at løyvingane knytt til oppdragsverksemda ikkje har vore oppjustert i takt med aktiviteten, er det no berekna å bli meirutgift og meirinntekter på 30 mill. kroner i 2004.

Ut frå omsynet til realistisk budsjettering blir det fremma forslag om at løyvingane på kap. 1023 post 21 og kap. 4023 post 01 aukast med 30 mill. kroner. Samtidig blir det fremma forslag om at stikkordet «kan nyttast under post 21» tilføyast kap. 1023 post 01, og stikkordet «kan nyttast under post 01» tilføyast kap. 1023 post 21, jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 1062 Kystverket

Post 21 Spesielle driftutgifter

Fiskeri- og kystdepartementet fremmer forslag om å auke kap. 1062 Kystverket, post 21 Spesielle driftsutgifter med til saman 21,2 mill. kroner i 2004 knytt til meirkostnader til Rocknes-aksjonen og aksjonen knytt til Gudrun Gisladottir. Begge aksjonane vil bli evaluerte. Fiskeri- og kystdepartementet vil i samarbeid med Kystverket sørgje for at erfaringane frå aksjonane blir følgd opp på ein formålstenleg måte.

Auka kostnader knytt til Rocknes-aksjonen

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2004 vart det gitt ei løyving på i alt 91,5 mill. kroner til aksjonen etter forliset av M/S Rocknes. Det vart samtidig peikt på at kostnadsberekninga var svært usikker.

Den samla kostnaden for aksjonen er no kjent, og er berekna til 108,5 mill. kroner. Dette gjer at det er behov for ei tilleggsløyving på 17,0 mill. kroner knytt til Rocknes-aksjonen.

Fiskeri- og kystdepartementet fremmer derfor forslag om at løyvinga på kap. 1062 post 21 aukast med 17 mill. kroner for å dekkje meirkostnader knytt til aksjonen etter forliset av M/S Rocknes.

Auka kostnader knytt til tømming av Gudrun Gisladottir

I samband med revidert budsjett 2004 vart det gitt ei tilleggsløyving på 19 mill. kroner knytt til aksjonen etter forliset av Gudrun Gisladottir. I ny saldering av statsbudsjettet 2003 vart det løyvd 11 mill. kroner, slik at samla løyving til aksjonen er 30 mill. kroner.

Tilleggsløyvinga på 19 mill. kroner i samband med revidert budsjett 2004 var basert på anslag for kostnader ved tømming, m.a. basert på førespurnader til nokre aktuelle aktørar. Kostnadsberekninga var derfor noko usikker.

Det viser seg i ettertid at dei samla kostnadene knytt til forsøket på å heve Gudrun Gisladottir, tømminga av olje og oppreinsking i området blir om lag 34,2 mill. kroner.

Fiskeri- og kystdepartementet fremmer derfor forslag om at løyvinga på kap. 1062 post 21 aukast med 4,2 mill. kroner for å dekkje meirkostnader knytt til tømming av Gudrun Gisladottir.

Kap. 4023 Fiskeri-, havbruks- og transportretta FoU

Post 01 Inntekter NIFES

I tråd med forslaget om å auke løyvinga på kap. 1023 post 21 med 30 mill. kroner, jf. omtalen ovafor, blir det foreslått at løyvinga på kap. 4023 post 01 aukast med 30 mill. kroner i 2004.

Kap. 4062 Kystverket

Post 01 Gebyrinntekter

Som følgje av kompensasjon for lønnsoppgjeret for 2004 på gebyrfinansierte tenester på kap. 1062 Kystverket, post 01 Driftsutgifter, er det nødvendig å auke kap. 4062 Kystverket, post 01 Gebyrinntekter med til saman 10,16 kroner. Samtidig er det behov for å redusere same post med om lag 0,85 mill. kroner som følgje av at inntektsløyvinga var sett noko for høgt i saldert budsjett 2004.

Fiskeri- og kystdepartementet fremmer derfor forslag om å auke kap. 4062 Kystverket, post 01 Gebyrinntekter med 9,3 mill. kroner i 2004.

Til forsida av dokumentet